Mor mi, til samanlikning med enka med salvekrukka.
På eit møte i Sion Åheim, las eg Op.3,7 og såg det på bakgrunn av Joh.10,1… og Ef.2, så kom eg med eit personleg vitnemål om mi barnetru:
Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og bror min som var eitt år og 5 mnd. eldre enn meg, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. På den tida vi gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag. Når han byrja på storeskulen, fortalde han om stygg mobbing på skulen og det hadde med kjønn og seksualitet å gjere. Dette problemet vart eit bønne-emne i kveldsbøna vår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet.
På ungdomsskule vart det mykje erting med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, det var visst spennande og underhaldande, men vart dumt og kjedeleg i lengda og så gjekk det over i stygg mobbing. Men på den tida eg kom opp i 6. klasse eller byrja på ungdomsskulen, kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen. Eg sa dette på ein måte som om eg erkjende at sjølv vart med på mobbinga, ei syndserkjenning altså. Då fekk eg beskjed om at der var andre som ville sleppe til, så eg avrunda og det viste seg at der var ei kvinne som hadde tungetale og predikanten tyda det.
«… glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.»
«Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.»
Så eg kan samanlikne mor mi med enka med salvekrukka.
2.Kong.4,1 Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.» 2 Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.» 3 Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»
5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»
Det var rart med denne ertinga og mobbinga i barneskulen og eg hevdar det hadde seg slik at den Lovlaus står imot den evangeliske forkynninga og er så tidleg ute for å prøve å komme Kristus i forkjøpet. Men han kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn, gjennom den kristen og karismatiske vekkinga altså.
Tru som kan flytte fjell?
På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen.
Når eg gjekk på ungdomsskulen viste det seg at eg hadde gode evne i matematikk og eg likte naturfag også. Eg visste at det tradisjonelt vart rekna for å vere ein motsetnad mellom trua på Gud og realfag, men eg trudde og meinte at den motsetnaden var kunstig, likevel var det to ulike tenkemåtar som med tida vart som ei dobbelrolle som eg ikkje var heilt komfortabel med, men eg har meint at i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Når eg gjekk på ungdomsskulen opplevde eg det som eit kjempedigert fjell framfor meg, som eg ikkje kom til å makte å komme over. No kan eg forklare det med desse bibelversa.
Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
Matt.21,18 Om morgonen, medan Jesus var på veg inn til byen, vart han svolten. 19 Han fekk sjå eit fikentre attmed vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet. 20 Læresveinane undra seg då dei såg det og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?» 21 Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de trur og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Men om de seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, så skal det henda. 22 Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få, når de bed med tru.»
Vedkjenne Jesu namn; Sanninga som set oss fri.
Eg visste at det var viktig å vedkjenne mi tru på Kristus for dei andre, det torde eg ikkje, men eg sa det til Jesus og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta. Når eg gjekk i 8. klasse, hadde det det kristen skulelaget andakter i langfriminuttet og eg byrja å gå på dei. Då vart eg forelska i ei kristen jente og skreiv brev til henne og fortalde det. Ho svarde ho ikkje følte noko for meg og at ho ikkje var kristen likevel og slutta å gå på andaktene. Då fortalde eg henne at eg trudde på Jesus og yngste ho ville komme tilbake til han. Ho vart heilt forbausa over mitt vitne om mi tru på Jesus og vende tilbake til han. Dette vart den laglege tid for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus og det var fullstendig utan menneskefrykt. Og kvifor det? Fordi det stemte med den trua Gud hadde gitt meg i hjertet ved sitt ord og den kjærleiken han hadde gitt meg i hjertet ved sin Ande.
Slik fekk eg frimod til å vitne om mi tru på Jesus og når eg gjekk på gymnaset, vart eg ivrig med det. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at han svarde meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og for meg var det fantastisk å få oppleve at han som eg vart kjend med som min beste venn når eg var ni år, talte til meg frå himmelen. Det har han helde fram med sidan og det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre for meg å ta imot i tru og takke for det. Eg ser det slik at sidan eg vedkjende hans namn for menneska så vedkjenner han meg for Faderen og hans englar, dei er hans bodberarar, dei tener Kristus og dei som han frelser, no talar Gud til oss gjennom han (Heb.1-2). Det har også å gjere med at englane til hans minste små får sjå Faderens åsyn (Matt.18,10).
Mi sak og mi presteteneste.
Vi må verte som born for å sjå Guds rike og komme inni det, ja, i mi barnetru fekk eg oppleve at livet var planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. Jesus sa eg skulle komme til han med mi sak, han er den som tek seg av den. Det gjer eg ved å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, både heime med meg sjølv og i kyrkjelyden. For Jesus gjekk inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen med sitt eige blod og vann ei evig forløysing.
Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus har velsigna oss
med all Andens velsigning i himmelen.
4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,
så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.
5 I kjærleik og av eigen fri vilje
har han føreåt etla oss
til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus,
6 til lov og ære for hans herlegdom
og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.
7 I han har vi utløysinga
som vart vunnen ved hans blod,
forlating for syndene.
Så rik er hans nåde,
8 som han i rikt mål har late oss få.
Han gav oss all visdom og alt skjøn,
9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje,
den frie avgjerd han hadde teke
10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:
å sameina alt i Kristus,
både det i himmelen og det på jorda.
Han bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så vi får komme etter og stige fram for nådens trone.
Heb.4,16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Det er det også han har kalla meg til, så eg får komme fram for han med den same bøna som eg bad når eg var ni år, eg påkalla Kristus som min frelsar og Herre og bad han frelse menneske, som først prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet.
Dette til samanlikning med den levittiske øvstepresten som først bar fram eit syndeoffer for seg sjølv, men no er altså Kristus Guds Lam syndeofferet for meg.
Deretter bar den levittiske øvstepresten fram eit syndeoffer for folket, men for oss er Kristus Guds Lam det syndeofferet også. Så på det grunnlaget kan eg be for mine næraste og mitt folk. Ja, naturleg nok tenker eg først og fremst på min familie, slekt og venner, lokalmiljøet, dei som eg studerte saman med og møtte på Blindern.
Barnekåret og studiane, hjertet og forstanden.
Forstå med hjertet og hjerna.
Når eg studerte realfag sa Jesus til meg at eg måtte lære å skilje mellom kva han skulle gjere og kva eg skulle gjere. Han var den som tok seg av mi sak, sjå, dette skulle eg hugse. Han gjorde sitt verk i mitt hjarte ved sitt Ord og sin Ande og eg skulle sjå på han som var trua sin opphavsmann og fullendar, ja, då måtte eg berre i tru takke han for det han hadde gjort og i tru sjå på han, i von om at han ville fullføra det.
Når eg studerte realfag, var det ein jobb eg hadde å gjere ved å bruke forstanden, det verkar som det er ei anna avdeling i vår bevisstheit og mentale aktivitet enn hjertet og det kan forklarast med ulike avdelingar i vår hjerne. Forstanden har vi i storehjerna, språksansen på venstre side og sansen for matematikk har vi i pannelappen.
I poesien og i kommunikasjonen mellom menneske talar vi om hjerte og hjerne, vi skal tru med hjertet, så vi lærer å forstå med hjertet. Og eg meiner det er fruktbart for forstanden også og då talar eg om å forstå med hjerna. Desse omgrepa har noko å gjere med dei biologiske organa hjerte og hjerne. Det kan vi godt få vite noko meir om.
Hjertet.
Når vi talar om hjertet, talar vi om kjenslelivet og den mentale aktiviteten har vi i ryggmargsforlenginga er sentral i hjerna og delar av hjerna som ligg inntil den, det har seg nok slik at desse delane av hjerna kommuniserer med hjerte og nyre både gjennom nervane og hormonsystemet.
Salme.26,2 Prøv meg, Herre, gransk meg nøye,
prøv hjarta og nyrer som med eld!
Jeremia.17, 5 Så seier Herren:
Forbanna er den mann
som set si lit til menneske,
som stør seg til vesale skapningar
og vender seg bort frå Herren.
6 Han er lik ein busk i øydemarka;
han får ikkje sjå at lukka kjem,
men held til på dei turraste vidder,
i eit saltlende, der ingen bur.
7 Velsigna er den mann som lit på Herren
og set si von til han.
8 Han er lik eit tre som er planta attmed vatn
og tøyer røtene bort åt ein bekk.
Det reddast ikkje når heten kjem,
men står der med lauvet grønt.
Det sturer ikkje i turketider
og held ikkje opp med å bera frukt.
9 Hjarta er meir svikefullt enn noko anna,
det kan ikkje lækjast.
Kven skjønar seg på det?
10 Eg, Herren, er den
som granskar hjarta og prøver nyrer.
Eg løner kvar og ein etter hans ferd,
etter frukta av hans gjerningar.
Binyrene produserer adrenalin og det treng vi når vi skal ta eit krafttak eller reagere raskt. Det treng vi ikkje mykje av når vi skal kvile. Så desse bibelsitata vitnar om at Gud visste det, sjølv om folket ikkje visste det.
Op.2,20 Men det har eg imot deg at du lèt kvinna Jesabel halda på, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer. 21 Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeliv. 22 Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, skal koma i stor naud, om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar; 23 og borna hennar vil eg la døden riva bort. Då skal alle kyrkjelydane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarto, og som løner kvar og ein av dykk etter det han har gjort. 24 Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje fylgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk. 25 Hald berre fast på det de har, til dess eg kjem.
Leve i barnekåret, samtidig som eg studerte.
Slik la eg vinn på å leve i barnekåret, samtidig som eg studerte realfag. Så eg kom til at denne kunnskapssøkinga ikkje var som å ete av frukta på kunnskapstreet (2.Kor.11,2-3), men av dei andre trea i Guds hage, men livsens tre var livet som var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Det fekk næring ved Guds Ord, Guds Ande og livets vatn, slik levde det og vaks både i meg og i den kristne kyrkjelyden.
Den Lovlause som konkurrent og rival.
Når ein gut kjem opp i den alderen at han vil finne seg ein kjæraste og med tida ei kone er det mange lærde, også mellom dei kristne, som held han for å vere for dum og for dum til å snakke med ei jente om det, spesielt den jenta som han har huglagt. Og sjølv om han trur på Jesus og kjennest ved han for menneska, vert han møtt med den haldninga hos dei kristne også. Det kan nok forklarast med at brørne til den unge jenta ville verne henne mot friarane til dess ho var voksen og moden nok, slik vi såg i Høgsangen 8, men så viser det seg for mange av dei, at det har seg slik at dei søker kunnskap ved å ete av kunnskapstreet, så dei med den kunnskapen vert ein konkurrent til den unge mannen, når han vil prøve å finne seg ei kone, sjølv om han legg vinn på å finne seg og vinne seg ei kone i helging. Slik for han motstand frå den Lovlause, så det er kva gutungen har i vente når han veks opp. Om han trudde og vona på at han skulle få seg ei kone ved å leve i barnekåret hos Gud og be til han som arving, så syter dei for at ein annan skal få henne til kone i staden. Slik står den Lovlause han i mot, for å erstatte han, enn om han soleis kan sette seg inn i Gud hus og gjere seg sjølv til gud. Jesus sa han var døra inn til sauene, dei som kliv over ein annan plass er tjuvar og røvarar, dei var komne før han, men han var den gode Hyrdingen. Slik prøver tydeleg vis den Lovlause å komme inn i Guds hus, for å prøve å komme den Gode Hyrdingen i forkjøpet, men når Jesus kjem att, skal han tyne den Lovlause med pusten frå sin munn.
No er eg 66 og eit halvt år og eg kjem framleis til Kristus med den same bøna som eg bad når eg var 9 år, til tross for at eg må rekne med at dei har sytt for at ein annan skulle få henne til kone i staden. Men eg skal feste blikket på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skulle eg snakke med han, han pustar på meg og snakkar med meg, eg pustar inn hans Ande og pustar inn og ut når eg snakkar med han. Han kjem for å tyne den Lovlause med pusten frå sin munn. Han har bestemt at i hans kyrkjelyd skal livet, vekkinga og fornyinga vere. Den Lovlause står imot, kva er det så som skal til? At Jesus kjem og tyner den Lovlause med pusten frå sin munn, slik at vekkinga bryt laus.
Det var då som David, Batseba og den Lovlause.
John Miland brukte konsekvent å be Herren om å vise han kva bibelvers han skulle tale over og tre gangar tala han om at David gjorde ei synd og prøvde å skjule den, men då gjorde han ei ny synd. Profeten Natan kom og tala han til rettes, då vedkjende hans i synd og bad om nåde og tilgiving. Det fekk han så han slapp å døy for si synd, men han og hans hus vart likevel straffa for det.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-02-16-m-david-matte-vedkjenne-si-synd/ :
Tungetale ved Mari, tyding ved John:
«Ja, seier Herren, eg er den som kan frelse og eg kan fullkome frelse. Eg er den som tilgjev synder, eg er den som reinsar deg og gjer deg kvit som snø. Derfor skal du komme til meg og vedkjenne dine synder. Og du skal få oppleve at eg er ein god Gud. Eg er ein som vil at alle skal verte frelst og kome til erkjenning av Sanninga. Men du må komme til korset, seier Herren. Der må du knele ned og vedkjenne, seier Herre. For sjå, dersom du vedkjenner, då er eg rettferdig, eg er trufast og eg reinsar ifrå all urettferd.
Eg har sagt i mitt Ord, at det skal ikkje vende tomt tilbake. Sjå, mitt Ord som er sått ut, seier Herren, det gjer sin verknad no. Og eg Herren, eg skal la mange komme og dei skal oppleve at det Ord som eg har talt, det er kraftig og det er verksamt. Dei skal få oppleve, seier Herren, å verte fødde på ny, ved sannings ord, som lever og blir. Derfor mitt barn, ver frimodig, haldt fram mitt Ord. Forkynn mitt Ord og sei det står skrive og det står atter skrive. For sjå, det er mitt Ord som skal utføre det eg sender det til.
Ja, eg vil prise deg og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du frelste meg i unge år, eg har opplevd at du har vore med meg i alle ting. Eg har opplevt deg som ein trufast Gud forutan svik. Derfor vil eg opphøye deg og prise deg midt i kyrkjelyden. Hjelp meg du, Herre, til å gå dine vegar (som du leier?). Og eg elskar deg Herre, eg vil fryde meg i di frelse. For du har i Sanning lagt ein ny song i mitt hjerte. Amen.»
Salme 32, 1 Av David. Ein læresalme.
Sæl er den
som får si misgjerning tilgjeven
og si synd tildekt!
2 Sælt er det menneske
som Herren ikkje tilreknar skuld,
og som er utan svik i si ånd.
3 Så lenge eg tagde, tærtest eg bort,
eg stunde heile dagen.
4 For dag og natt
låg di hand tungt på meg.
Mi livskraft kvarv
som i sommarens hete.Sela
5 Då sanna eg mi synd for deg
og dulde ikkje mi skuld.
Eg sa: «Eg vil sanna
mine synder for Herren.»
Og du tok bort mi syndeskuld. Sela
Salme.51, 1 Til korleiaren. Ein salme av David, 2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.
3 Ver meg nådig, Gud, i din truskap,
stryk ut mine brot i di store miskunn!
4 Gjer meg rein og fri for skuld,
og reinsa meg for mi synd!
….
8 Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta,
så lær meg visdom i hjartedjupet!
9 Reinsa meg for synd med isop,
vaska meg, så eg vert kvitare enn snø!
10 Lat meg kjenna fryd og glede,
lat dei bein du knuste, jubla!
11 Løyn ditt åsyn for mine synder,
og stryk ut all mi skuld!
12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,
gjev meg ei ny og stødig ånd!
13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,
ta ikkje frå meg din Heilage Ande!
14 Lat meg atter få fryda meg over di frelse,
hald meg oppe med ei viljug ånd!
15 Så vil eg læra brotsmenn dine vegar,
og syndarar skal venda om til deg.
16 Fri meg, Gud, frå blodskuld,
– du Gud som er min frelsar!
Så skal eg jubla over di rettferd.
17 Herre, lat opp mine lipper,
så min munn kan lovprisa deg.
18 For slaktoffer har du ikkje hug på;
kjem eg med brennoffer, vil du ikkje ha det.
19 Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd.
Eit sundbrote og knust hjarta,
det vanvørder du ikkje, Gud.
Nokre av desse bibelversa er velkjende i kristne, evangeliske kyrkjelydar. På alle desse møta kom der bodskap gjennom tyding av tungetale og då brukar eg å skrive eit lite referat og kommentere bodskapen. Kvar gang skreiv eg at vi alle er syndarar og slik må vi komme til korset med vår synd, same kva det er. Det er først og fremst i eit personleg forhold til Gud, dernest blir det i kyrkjelyden ei sosial sak, for det skal resultere i at vi saman får oppleve samfunnet i Anden.
Men for David vart det også ei politisk sak, med tragiske konsekvensar, heldig vis for både han og folket og landet fekk han si sak oppgjord med Gud, så ulykka vart redusert. I det eg bøyer meg for korset og vedkjenner mi synd for Kristus, slik som andre kristne, blir det då klart at eg blir som Uria, men politikarane, inkluderte Krf-politikarane, blir som David medan han skjulte si synd. Og det var då som den Lovlause.
Jesus har gitt meg noko som eg skal ta imot i tru og bruke, til tross for at den vonde stadig prøver å ta det ifrå meg.
Her følgjer nokre bodskap som kom i Maranata og som viser at det er noko Jesus har gitt meg, som eg skal ta imot i tru og bruke som ei nådegåve, til tross for at den vonde stadig prøver å ta det ifrå meg. Det er vel nettopp slik eg får motstand frå den Lovlause.
I tru på Jesus skal eg gå den vegen han stakar ut for meg, sjølv om det ser vanskeleg og umogleg ut.
Tyding av tungetale ved John Miland:
«Ja, seier Herren, dersom du er villig til å høyre på mi røyst og gjere kva eg seier til deg, da skal du få oppleve å ete av landets gode ting, seier Herren. Og du skal vite det, seier Herren, at eg har berre det som er godt for deg. Eg vil ditt eige beste. Men føresetnaden for det, det er at lyder meg og går den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. Sjølv om det kan sjå vanskeleg ut, det kan sjå umogleg ut, då skal du vite det, seier Herren, at ingen ting er umogleg for meg. For eg har sagt i mitt ord at eg vil gå fram føre deg. Bommar av jern vil eg hogge sund og haugar vil eg slette, sånn at du skal gå på ein bana og rydda veg. Derfor gå i tru, seier Herren, og du skal få oppleve at du kjem ikkje på skam.
Du skal vite at eg er rik nok for alle som påkallar meg, sjå, den som opnar seg for meg og vil ta imot det eg har å gje, han skal få oppleve at han får eit godt og stappa, rista måltid i fanget, seier Herren. For sjå, eg er ingen karrig Gud, men eg ynskjer å velsigne deg og du skal vere til velsigning, mitt barn. Derfor ver frimodig, ver ikkje beskjeden, men gå fram på dei lovnadane som eg har gitt deg, seier Herren. For eg står bak mitt ord og eg har då sagt i mitt ord at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.
Ja, eg prisar deg og lovsyng deg, min frelsar og Herre, fordi du har gjenløyst meg, du har fylt meg med glede og fred i hjertet. Derfor vil eg prise deg og opphøye deg midt i kyrkjelyden. Og eg takkar deg fordi eg kjenner at du leier meg kvar ein dag. Og eg har no sagt at eg vil tene deg og gjere din vilje. Då skal du hjelpe meg og du skal gje meg råd med ditt auge. Og snart så kjem du for å hente meg heim til herlegdomen. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, min frelsar og Herre. Amen.»
Siste avsnittet forstår eg slik at den Heilage Ande hjelpte meg og oss i vår takkebøn.
Frelsevisse; vere sikker på at du tilhøyrer Kristus. Då skal du løfte blikket opp til han, for frå han kjem di forløysing, frelse og hjelp.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-06-07-m-jesus-var-gjenloysar/ :
Tungetale ved ein mann, tyding ved Arne.
«Ja, eg vil at du skal vite, mitt barn, at du tilhøyrer meg. At eg har kjøpt deg fri med mitt blod, at du er dyrt kjøpt, du er betalt. Fordi eg elskar deg, fordi eg har utvalt deg før verda sin grunnvoll vart lagt, til å vere mitt barn, min son og mi datter. Og eg vil at du skal vere trygg, og eg vil at du skal ha denne vissa og denne gleda i ditt hjerte, om at du tilhøyrer meg, og at du er på veg til himmelen og til eit evig liv saman med meg, seier Herren. Så at du kan løfte opp hovudet ditt, at du kan sjå opp til meg. For frå meg kjem di forløysing, frå meg kjem di frelse og di hjelp, seier Herren. Så frykt ikkje, men set di lit til meg, eg som er din gjenløysar.
Ja, eg lova då eg drog herifrå at eg ville komme og vere nær hos deg ved min Heilage Ande. Og eg bor i ditt hjerte, ved min Ande, seier Herren. Eg er nær hos deg kvar dag, du behøver berre rope på meg, så er eg der og eg vil svare deg og eg vil hjelpe deg, fordi du er mitt barn og eg er din far, seier Herren. Og eg ynskjer at du skal oppleve mi hjelp, eg ynskjer at du skal oppleve min nærleik. Så ver frimodig og strekk deg ut og ta imot av det som eg har gitt deg. For eg er nær hos deg og eg vil gi deg av mi kraft. Eg vil fylle deg med min nærleik, med mi velsigning, sånn at du ikkje skal vere i tvil, men vite det at eg er nær hos deg og eg hjelper deg og eg held deg oppe med mi rettferds høgre hand, seier Herren. Amen.»
Tungetale og tyding ved ein mann.
«Ja, min Ande (er utgytt over) alle menneske…. Min Ande skal fungere i hjertet ditt, dersom du held deg tett til meg, heile tida. Ha din relasjon til meg, ……. Ikkje la noko menneske forstyrre dine tankar, ditt sinn. Og ikkje la andre menneske påføre deg tankar som ikkje er frå meg. (Men at eg døde for deg på)? Golgata kors. Så la min Ande virke 100 % i deg. For min Ande vert sorgfull og skuffa når ilden i ditt hjerte vert slukka, når du påfører ditt eige sinn tankar som ikkje er ifrå meg, seier Herren. Amen.»
Eg hugsa at spurde meg sjølv om det hadde noko hensikt å tenke noko meir på henne Reella og opplevde at Jesus svarde meg slik: «For min Ande vert sorgfull og skuffa når ilden i ditt hjerte vert slukka, når du påfører ditt eige sinn tankar som ikkje er ifrå meg,»
Jesus har bane vegen for meg inn i heilagdomen, der skal eg få nåde og hjelp i rette tid.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/category/kristne-mote/kristne-mote-2017/ :
Profetisk bodskap ved Kai.
«På din lange ferd, så har du vorte trøytt. Men du gav ikkje opp, men du fann vissa for din fot, for eg har gått føre deg. Bakkar skal eg jamne og kvar ein port skal eg sprenge. Og eg har gått føre deg, for eg har bana veg for deg like inn i heilagdomen, der du kan få nåde og hjelp til rette tid. Eg har sett din motgang og den prøvinga du har gått gjennom. Men den prøvde tru er kostelegare enn …… gull. Og når du er skrøpeleg, då skal du vite at du er sterk. Og når du ingen krefter har, då skal eg gje deg stor styrke. For eg som har byrja den gode gjerning i deg, eg vil fullføra den inntil Jesu Kristi dag. Eg slepp deg ikkje og eg forlet deg ikkje. Og før beina dine vart danna i mors liv, så såg eg dine dagar, før dei vart talde. Og eg har lovnad om at du skal gå på mitt Ord og eg skal bere deg på mine armar. Og eg vil aldri sleppe deg. Så kast alt på meg, som er tungt å bere, så skal eg gje deg kvile. For eg har omsorg for deg.»
Tungetale ved Mari, tyding ved Kai.
«Eg er Herren din lækjar, eg er Herren din styrke, eg er Herren di kraft, eg er Herren som har lova å vere med deg. Og eg har tala inni ditt hjerte her i kveld, at du skal ta imot mitt Ord i eit vakkert og godt hjerte og det vil skape det det nemner. For mitt Ord, det vender ikkje tomt tilbake, men det skal ha framgang til det eg sender det til. Derfor skal du opne din munn vidt opp og eg vil fylle den.
Ja, det som ikkje oppkom i menneskehjerte, det har eg beredt for den som trur. For eg har gitt deg mitt Ord, for at det skal vere ei lykte for din fot og eit lys på din sti. Og du skal få oppleve at ingen av dei våpen som vart smidde mot deg, skal ha framgang. Det er den retten som mine tenarar har fått. Derfor skal du gå fram med alt det frimodet som eg har gitt deg. Frimodet må du ikkje kaste bort, for det har stor lønn. Og du skal få kjenne at eg skal vere med deg og styre dine steg og gjere dine trinn faste. Og når du kastar alt på meg, som er tungt å bere og set din veg i mi hand, så skal eg gjere det.»
Ta vare på den fagre skatten som er dykk overgjeven ved den Heilage Ande. Den vonde prøver stadig å røve det ifrå deg det som Jesus har gitt deg.
John Milan brukte å spørje Herren om å få eit ord, når han skulle tale og denne gongen samanlikna hen det med David, når han vann over filistarane i krig. Han var salva til kong og spurde til råds før neste gang han fekk strid mot dei og då svarde Herren at hans skulle legge om strategien. Og der kom bodskap gjennom tyding av tungetale i dette møtet også. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-09-16-m-ta-vare-pa-den-fagre-skatten/ :
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
«Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.
Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.
Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.»

