Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.
Jesus kjem og har med seg evig løn.
Det lønner seg å få livets vatn gratis.
Jesus kjem og har med seg løn. Kva er det? Når er det? Det må vel vere både når han kjem og hentar si brud og når han kjem og opprettar tusenårs-riket.
Op.22,10 Så sa han til meg: «Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær. 11 Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging. 12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. 15 Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn.
16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
Det løner seg å bruke talentane.
Jesus gir oss noko å forvalte og ventar at vi brukar det og då fordoblar det seg, så vi vert sett over dobbelt så mykje som forvaltarar.
Matt.25, Likninga om talentane
14 Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. 15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.
16 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. 17 Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. 18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.
19 Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.» 21 Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!» 22 Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: «Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.» 23 «Det var rett, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»
24 Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.» 26 Då sa husbonden til han: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. 30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»
Det løner seg å ta si tilflukt hos Herren.
David tok si tilflukt hos Herren og det lønte seg i lengda. Det gjorde Jesus også og det lønte seg for æva.
Salme.59, 1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset og freista drepa han.
2 Fri meg, Gud, frå mine fiendar,
vern meg mot dei som reiser seg mot meg!
3 Fri meg frå folk som fer med vondskap,
og frels meg frå drapsmenn!
4 For sjå, dei ligg og lurer på meg,
sterke menn går til strid imot meg.
Utan at eg har forbrote meg, Herre,
5 utan at eg har synd eller skuld,
stormar dei fram og fylkar seg til strid.
Vakna, kom til meg og sjå!
6 Herre, Allhærs Gud,
du er då Israels Gud.
Vakna og krev alle folk til rekneskap,
ver ikkje nådig mot trulause nidingar! Sela
7 Dei kjem att kvar kveld;
dei hyler som hundar
og fer ikring i byen.
8 Høyr, kor dei brukar munn,
lippene deira er som sverd.
Er det nokon som høyrer?
9 Men du, Herre, ler åt dei,
du spottar alle folkeslag.
10 Eg vil akta på deg, min styrke;
Gud er mi faste borg.
11 Min Gud møter meg med si miskunn,
han lèt meg sjå at mine fiendar fell.
12 Drep dei ikkje,
så mitt folk ikkje gløymer det!
Bruk makt, så dei må flakka ikring,
og støyt dei ned, Herre, du vårt skjold!
13 Kvart ord dei tek i sin munn, er synd.
Lat dei fangast i sitt eige hovmod
fordi dei fer med forbanning og lygn.
14 Gjer ende på dei i din harme,
gjer ende på dei, så dei vert til inkjes.
Då skal folket skjøna
at det er Gud som rår i Jakob,
ja, radt til heimsens ende.Sela
15 Dei kjem att kvar kveld;
dei hyler som hundar
og fer ikring i byen.
16 Dei flakkar om, vil finna mat,
og knurrar når dei ikkje vert mette.
17 Men eg vil syngja om di makt
og jubla kvar morgon over din truskap.
For meg har du vorte ei borg,
ei tilflukt den dag eg er i naud.
18 Eg vil syngja for deg, min styrke;
for Gud er mi faste borg,
min Gud som viser miskunn.
Det løner seg å tru på Kristus og lide med han.
Jesaja.53, 1 Kven trudde
det bodet vi høyrde,
og kven fekk sjå Herrens makt?
2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,
som ein renning or turr jord.
Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,
det var ingen hugnad å sjå han.
3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
vi rekna han for inkje.
4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
og våre pinsler bar han.
Vi trudde han var heimsøkt,
slegen av Gud og ille plaga.
5 Men han vart såra for våre brot
og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
og ved hans sår har vi fått lækjedom.
6 Vi fór alle vilt som sauer,
vi vende oss kvar til sin veg.
Men Herren lét råka han
det vi alle var skuld i.
7 Ille medfaren vart han,
men bar det audmjukt;
han lét ikkje opp sin munn,
som lammet dei fører til slakting,
og sauen som teier når han vert klypt;
han lét ikkje opp sin munn.
8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.
Men kven i hans samtid vørde vel det?
Bortriven vart han or levandelandet,
for sitt folks brot laut han døy.
9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,
hjå ein rikmann, då han var død,
endå han ikkje hadde gjort nokon urett,
og det ikkje fanst svik i hans munn.
10 Det var Herrens vilje
å knusa han med sjukdom.
Men fordi han gav sitt liv til soning,
skal han få etterkomarar og leva lenge,
og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
11 Etter all si møde og sjelenaud
skal han sjå ljos og mettast.
Og når dei kjenner han,
skal han, min rettferdige tenar,
gjera dei mange rettferdige;
for han har bore deira synder.
12 Difor gjev eg han dei mange til del,
og dei sterke skal han få til hærfang,
fordi han gav sitt liv i døden
og vart rekna mellom brotsmenn.
Han tok på seg synda åt dei mange
og bad for brotsmenn.
Matt.10,31 Vedkjenning og etterfylging
32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen. 34 Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.
35 Eg er komen for å setja skilje:
Son står mot far,
dotter mot mor,
sonekone mot vermor,
36 og ein manns husfolk er hans fiendar.
37 Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg. 38 Og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39 Den som vinn livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det!
Løna for å ta imot ein læresvein
40 Den som tek imot dykk, tek imot meg; og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. 41 Den som tek imot ein profet fordi han er profet, skal få ein profets løn, og den som tek imot ein rettferdig mann fordi han er rettferdig, skal få ein rettferdig manns løn. 42 Og den som gjev ein av desse små, om det så berre er ei skål kaldt vatn fordi han er læresvein – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn.
Matt.16,23 Å fylgja Jesus
24 Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. 25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det. 26 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27 For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gje kvar og ein lika for det han har gjort. 28 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma i sitt rike.»
Heb.12, 1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Korleis få vekk snyltarane?
Frelse frå forføringa og domen. Korleis blir det for norske menn?
Det er mange «lærde» også mellom dei kristne som vanvørder dei desse «små» og held dei for å vere dumme og ulærde, så dei meiner at dei må tale for dei og så vert det til at dei taler i staden for dei. Endåtil som om dei ikkje kan be rett sjølve, så andre må be for dei og då vert det lett til at dei ber i staden for dei, som i den Katolske Kyrkja. Slik verkar det enkelt å rydje vekk noko, så den Lovlause kan stå fram i staden. Slik viser den Lovlause seg i dagens samfunn. I det siste har det vorte tydeleg at norske politikarar ikkje lengre representerer det norske folk slik som før og slik som vi ventar at demokratiet skal fungere. Dei seier noko anna i staden for det som vi naturleg vis, sjølvsagt, ærleg og oppriktig ville ha sagt. Det verkar som om dei er ei synagoge for både jødar og muslimar, til tross for den skarpe motsetnaden mellom dei, som om dei har omskjeringa og med den er dei opphøgja over andre folk. Og sidan norske menn ikkje er omskorne, har dei ikkje noko dei skulle ha sagt og er ikkje heilt velkomne lenger i “det nye samfunnet”. Det verkar ufatteleg, men her prøver eg å forklare det:
Det er i grunnen rart om norske menn tenker seg at dei skal få noko att av å ta parti med den eine sida i konflikta mellom muslimar og jødar. Det einaste vi har å satse på er kristendomen overfor jødane, for den kom frå dei.
Problemet er ei misforståing av kva dåpen er for noko. Derfor meiner eg småbarnsforeldre bør byrje å bere småborna sine til barnevelsigning i staden for barnedåp. Lære dei opp i den kristne trua, det er den som kan frelse dei og bevare dei frå det vonde her i denne verda, ja, frelse dei for æva.
Dei ortodokse jødane ventar framleis på at Messias skal komme og stå på oljeberget, slik vi ser i Sak.14 og at han då skal opprette Israel som eit storrike. Dette er det mange kristne som også trur. Men det gjorde han då han døde på korset, vart gravlagd og stod oppatt. Det var som når Moses slo på berget og der strøymde fram ei kjelde med vatn. Neste gang dei kom der skulle han tale til berget, men han gjorde den feilen at han i staden slo på berget ein gang til, derfor fekk ikkje Moses komme inn i det lova landet, han fekk berre sjå inn i det. Derfor må vi tru at denne profetien allereie er oppfylt og det vi skal gjere no er ikkje at vi skal slå på berget ein gong til, men at vi skal tale med berget. Vatnet er symbol på det levande vatnet og når vi talar med han, så pustar han på oss og vi pustar inn hans Ande, vi pustar inn og vi pustar ut hans Ande og det held vi fram med også når vi møter andre menneske. Så forkynner vi hans Ord i von om at den Heilage Ande vil openberre det for dei som høyrer det. Den Lovlause kan ikkje stå seg mot den pusten eller mot sanninga i Guds Ord. Jesus har gitt oss sin Ande og med den står vi den Lovlause imot (Ef.6,10-20) og Jesus skal tyne den Lovlause med sin Ande.
Gud ville fordrive snyltarane.
Gud lova å fordrive snyltarane, grashoppene og gnagarane og det er om å gjere for oss å få den lovnaden oppfylt.
Joel.2, Fagna dykk, de Sions søner,
gled dykk i Herren dykkar Gud!
For i rettferd gjev han dykk haustregn,
han sender dykk regn,
haustregn og vårregn som før.
24 Kvar treskjevoll fyllest med korn,
pressekummane fløymer med druesaft og olje.
25 Eg gjev dykk att for dei år
då grashoppesvermen herja,
og larva, gnagaren og åma,
min store hær som eg sende mot dykk.
26 De skal eta og mettast
og prisa namnet åt Herren dykkar Gud.
For han steller underfullt med dykk,
og folket mitt skal aldri verta til skammar.
27 De skal merka at eg er hjå Israel.
Eg og ingen annan er Herren dykkar Gud,
og folket mitt skal aldri verta til skammar.
Malaki.3, 11 Eg vil skræma grashoppene bort frå dykk,
så dei ikkje øydelegg grøda på marka;
frukta skal ikkje slå feil
på vintrea i hagen,
seier Herren, Allhærs Gud.
Gjere seg liten, men gjere større gjerningar.
Gjere seg liten som eit barn.
Verte frelst.
Vi må verte som born, ja, fødast på nyt, av vatn (livets vatn) og Ande og det som er født av Anden er ånd, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Og den som gjer seg liten som eit barn, er den største i Guds rike.
Matt.18, 1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
Forføringar og freistingar
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Gjere storverk, ved at Faderen gjer sitt verk.
Den som gjer seg liten som eit barn er den største i himmelriket, det er heilt avhengig av Faderens kjærleik og omsorg og vil derfor søke inn til han med alle sine behov og be han om gode gåver.
Luk.11, 9 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.
11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»
Jesus gjekk her på jorda og gjorde storverk ved at Faderen var med han og gjorde sitt verk med han og gjennom han. Han sa at den gjerninga vi skulle gjere var å tru på han og vi skulle gjere større gjerningar enn han gjorde, fordi han gjekk til Faderen og ville sende oss den Heilage Ande. Dette har eg skrive om her:
Gjere større gjerningar.
Den som soleis gjer seg liten, kan gjere større gjerningar med si bøn til Faderen, fordi han er stor og kan gjere storverk. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/31/2024-3-18-ets-jesus-lengtar-etter-at-du-skal-be-han-om-storre-ting-maranata-2-7-2023-ver-himmelvendt/ :
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024.
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for det til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måner. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
Å be han om å la riket sitt kome og la sin vilje skje på jorda slik som i himmelen, er å be om noko stort. Det er både å be om vekking, slik at hans kyrkje vert oppbygd og be om at han let tusenårsriket komme. Desverre har den kristne vekkinga for ein stor del spora av og resultert i politiske vekkingar som fører folk på avvegar, både frå kyrkjelydsoppbygging og utvikling mot tusenårsriket.
Dess viktigare vert det då for meg på prøve å gjere dei større gjerningane ved å be Faderen gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, si salving og si kraft, gi oss visdom og openberring ved salvinga av den Heilage Ande.
Jesus sa at den gjerninga Faderen vil at vi skal gjere, er å tru på den som han sende (Joh.6,29). Ved å tru på han tenker vi på han og det er ei gjerning altså. Ja, slik vender vi hugen mot han, som om vi har hug på han og slik tek vi imot han som manna frå himmelen, livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Slik får vi oppleve at Faderen gjer sitt verk gjennom oss, slik han gjorde sitt verk gjennom Kristus. Og han sa at vi skulle gjer større gjerningar enn han gjorde, for han går til Faderen og sender oss den Heilage Ande frå himmelen.
I tru på Jesus tenkte eg meg at ho Reella steig fram for han, som hans brud. Det var ynskjetenking, men ikkje som å fantasere heilt vilt, eg opplevde det som at eg tenkte rett og at det var ein åndeleg røyndom. Og eg trur Jesus svarde meg på det i denne bodskapen slik:
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for det til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måner. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer.»
Dette var no ein fantastisk bodskap for meg. Eg har snakka med Berget og skreve det ned og reknar det for verdifullt og det gjer visst han også. Eg skreiv slik som eg nyst gjorde om henne Reella eg er overtyda om han han svarde meg slik på det: «Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for det til å tørre å be meg om mer.» Han elskar meg ufatteleg høgt, men det er sjølvsagt ikkje berre meg, han elskar henne Reella også ufatteleg høgt, det heng saman. Javel, så no er tida inne for meg å be om endå større ting, å tørre å be om meir. Det er også hensikta med det som eg no skriv.
Eg skal lyde han ved å tru på han og halde meg til hans ord, som motsetnad til Saul.
1.Sam.15, 22 Då sa Samuel:
«Trur du Herren har hugnad
i brennoffer og slaktoffer
så som i lydnad mot Herrens ord?
Nei, lydnad er betre enn slaktoffer,
og viljug hug er betre enn verefeitt.
23 Trass er jamgodt med spådoms-synd,
og stridlynde er som avgudsdyrking.
Fordi du har vraka Herrens ord,
har han vraka deg som konge.»
Jesus salva henne Reella til samanlikning med korleis Samuel salva David til konge i staden for Saul.
1.Sam.16, Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.
Gud har fortruleg samfunn med dei som fryktar han og han vil vise dei si pakt.
Op.11, Den sjuande basunen
15 Den sjuande engelen bles i basun. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt:
Vår Herre og hans salvevigde
har fått herredøme,
og han skal vera konge i all æve.
16 Dei tjuefire eldste som sit på tronene sine for Guds åsyn, kasta seg ned på andletet, tilbad Gud 17 og sa:
Vi takkar deg, Herre Gud, du Allmektige,
du som er og som var,
fordi du har teke di store makt
og vorte konge.
18 Heidningfolka vart harme,
men no er din vreidedag komen,
og tida då dei døde skal dømast.
Då skal du løna tenarane dine
profetane, dei heilage
og dei som har age for ditt namn,
små og store,
og øyda dei som øyder jorda.
19 Då vart Guds tempel i himmelen opna, og kista som er teiknet på pakta hans, vart synleg der inne. Og det kom lyn og drønn, torebrak og jordskjelv og store hagl.
(Op.19,1-9).

