Lovnad og profeti 23. Kva er globalt i Bibelen og i vår tid?

Bilde: Urtehagen ved Biologibygget ved Universitetet i Oslo.

Kva er globalisme.

Evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag, då blir det klart at Jesu kyrkje er noko anna enn den Store Skjøkje.  Sions dotter skal frigjere seg frå trældomen i Babylonia og gå ut i dansen med dei glade, for Jesus er Herren hennar brudgom og ektemann.

Korleis har det seg at det har vorte så mykje snakk om globalisme i det siste? I Noreg har vi mykje eksportindustri, olje og gass, sjømat, møblar og kva meir? Til det trengst internasjonal marknadsføring og så har private og nasjonale selskap vorte internasjonale. Dei kalla det internasjonalisering.

Mange politikarar ser det tydeleg vis som ei utfordring å henge med, som konkurrentar til både kristendomen og den økonomiske utviklinga og prøver derfor å definere ein global politikk. Men det verkar fort kunstig til samanlikning med avgudane. https://www.apollon.uio.no/artikler/2008/verdensregjering.html

Kva er globalt i følgje Bibelen.

Det levande vatnet og livsens Ande.

Vi har profetiane, så då kan vi vel prøve å forstå denne globalismen utifrå dei. Ja, men då bør vi starte med det som Bibelen seier er mest fundamentalt, det er også mest globalt. Det er skapingssoga. I 1.Mos.2 er det fortalt om kjelda som vella opp og vatna jorda, det er symbol på det levande vatnet. Gud bles livsens ande i nasa på mannen, så han vart ei levande sjel. Det er altså symbol på Guds Ande. For Israelsfolket var det viktig å finne vatn når dei vandra i øydemarka, Moses slo på harde fjellet med staven, då kom der ut vatn, så dei fekk drikke. Det er symbol på kjelda med det levande vatnet. Herren var kjelda med det levande vatnet, det var frelseskjelda og det var viktig for dei å komme til den og drikke, med glede skulle dei ause av frelseskjelda, Guds bekk vart aldri tørr.

Daniel fekk sjå at dei fire vindane sette havet i opprør, så fire dyr steig opp or havet, det var fire store rike, det eine etter det andre. Guds Ande vert kalla dei fire vindane, dei skulle fare inn i landet og blåse på dei tørre beina, så dei livna opp att (Esekiel 37). Sakarja fekk sjå dei som fire hestar som for ut over jorda (Sakarja 6).

Dei fire vindane møter vi igjen i Johannes Openberring 7. Men i Op.6 er det fortalt at der kjem ein hest for kvar av dei fire første segla som Lammet bryt.

Op.6, 1 I synet såg eg Lammet bryta det fyrste av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med torerøyst: «Kom!» 2 Då såg eg ein kvit hest, og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra.

3 Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen seia: «Kom!» 4 Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre; og det vart gjeve han eit stort sverd.

5 Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen seia: «Kom!» Då fekk eg sjå ein svart hest, og han som sat på hesten, hadde ei vekt i handa. 6 Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»

7 Då Lammet braut det fjerde seglet, høyrde eg den fjerde skapningen ropa: «Kom!» 8 Då fekk eg sjå ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket fylgde han. Dei fekk makt over fjerdeparten av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest, og med hjelp frå villdyra på jorda.

Dei også fer ut over jorda, den siste får makt over ein fjerdedel av jorda, elles ser det ikkje ut til at det vert sett grenser for dei. Den første likna på dei fire vindane med sitt oppdrag, dette er forkynninga av evangeliet. Den andre tok freden bort frå jorda, eg tenker meg at dette er med klassekampen. For den tredje er det tale om pengesystemet, at pengane symboliserer verdiar, målt med litermål. Men kvifor er det tale om akkurat bygg, olje og vin. Det er brukt symbols i det Gamle testamentet, la oss til dømes sjå kva samanheng profeten Joel brukte det i.

Joel.1,8 Klag som ei syrgjekledd møy

klagar over sin ungdoms brudgom!

9 Grødeoffer og drikkoffer

kjem bort frå Herrens hus.

Prestane, Herrens tenarar, syrgjer.

10 Markene er herja, jorda sturer.

For kornet er øydelagt, vinen innturka,

og oljen er borte.

11 Bøndene er vonbrotne,

og vindyrkarane klagar

over kveiten og bygget;

for det finst ikkje grøde på marka.

12 Vintreet turka, fikentreet visna.

Granatepletre, palme og apal,

kvart tre på marka har turka bort;

all glede er kvorven mellom menneska.

Joel.2, Då vart Herren fylt

med brennhug for sitt land

og viste medkjensle med sitt folk.

19 Og Herren svara sitt folk:

Eg sender dykk korn og vin og olje,

så de kan mettast.

Aldri meir skal eg gjera dykk

til spott mellom folka.

20 Fienden frå nord

vil eg driva langt bort frå dykk

og jaga han til eit turt og øyde land,

hans fortropp til havet i aust,

hans baktropp til havet i vest.

Tev og vond lukt skal stiga opp frå han,

for han sette seg føre å gjera storverk.

21 Ver ikkje redd, du åkerjord,

fagna deg og ver glad!

For Herren gjer storverk.

22 Ver ikkje redde, de dyr på marka,

for beita i øydemarka grønkast,

og trea gjev si frukt,

fikentre og vintre ber rikt.

23 Fagna dykk, de Sions søner,

gled dykk i Herren dykkar Gud!

For i rettferd gjev han dykk haustregn,

han sender dykk regn,

haustregn og vårregn som før.

Kornet er symbol på Guds Ord, når det ved trua smeltar saman med oss i vår hjerte, får vi komme inn til Guds kvile. Det veks og gir grøde. Då blir vi som korn som Gud sår i landet, så det også skal vekse opp og gi grøde. Vinen er symbol på kjærleiken, spesielt kjærleiken frå Gud, som skal vere mellom oss. Oljen er symbol på den Heilage Ande.

Sidan kornet kan selgast, betyr det då at menneske kan selgast som slavar. Men ikkje kjærleiken og ikkje Guds Ande.

Den fjerde hesten er døden. Det kan få oss til å tenke på at den løn som synda gir, er døden. Lova sin bokstav slår i hel, men Anden gjer levande. Den slår i held det åndelege livet i samfunnet med Gud. Det neste blir biologisk død, om ikkje dei finn Guds nåde då og tek imot den. Det er tale om dødsriket, som om nokon fekk makt ved døden altså? Men her er tale om fire måtar Gud hadde å straffe menneska på, sverd, hungersnaud, pest og villdyra på marka (Esekiel 14, 12-17). Menneska har ikkje kontroll på dette. Dei har kontroll på sverdet, men Gud har kontroll på menneska.

Guds rike.

Daniel profeterte om Guds rike slik.

Dan 2, 34 Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei. 35 Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.

…….

44 Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid. 45 Du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med menneskehender, og han krasa jernet, koparen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no kunngjort kongen det som heretter skal henda. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»

Ja, Gud sende sin einborne Son til vår jord.

Joh.3,16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Han forkynte evangeliet om Guds rike. Han velsigna småborna og sa vi skulle la dei komme til han for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born, ja verte fødde på nytt av vatn og Ande, for å sjå det og komme inn i det. Det som er født av Anden er ånd, så dei er som vinden. Slik er også dei fire vindane, det er Guds Ande og dei som er fødde av Anden. Soleis er Guds rike meir fundamentalt enn til dømes dei fire rika som dei fire vindane var årsak til (Daniel 7,2-3).

Han var Israels konge allereie før dei fekk seg ein verdsleg konge. Men dei skjøna det ikkje og skjøna det heller ikkje når han kom til sine eigne og forkynte evangeliet om Guds rike. Hans rike var ikkje av denne verda, han vart henretta, men stod oppatt frå dei døde. Han lever i all æve og hans rike er eit evig rike. Sjølv om det ikkje var av denne verda, skal det likevel oppfylle heile verda og det som erstatning for Romarriket.

Globalt, men ikkje haldbart.

Det som er sagt om Dyret og den falske profet i Op.13/19 og om den Store Skjøkje i Op.17-18 er globalt og det merkast i vår tid. I Op.13 er det sagt at Draken gav Dyret si kraft, sin kongsstol og stor makt (2.Tess.2,9). Det baserer makta si på det fundamentale klagemålet mot mennesket, baserer seg på det vondes problem, altså. Men det er då dette problemet evangeliet er løysinga på.

I den siste tid har det vorte meir filosofering om ei verds-regjering og det merkast i det politiske liv, sjølv om det ikkje vert sagt eksplisitt. Det ber preg av moralfilosofi, som motsetnad til både kristendomen og realfag. Så det høver best med den politiske linja til Dyret med merket og den falske profet og den Store Skjøkje. Det vil seie at det ikkje er haldbart.

Realfag, moderne teknologi og Guds Ord.

I Op.17 er det fortalt om Dyret som steig opp or avgunnen og dei ti horna, som gjer revolusjon mot den Store Skjøkje. Dette er renessansen med utvikling av den nye naturvitskapen og politikken med nasjonal frigjering og demokratisering i Vest-Europa. I vesten har realfag og moderne teknologi vorte vidare-utvikla, det er fundamentalt og globalt. I Op.17,14 er det sagt at Kristus og dei som han har kalla og valt ut og som er trufaste, skal sigre over dei. Ja, for ved tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege (Heb.11,3). Derfor er naturen forståeleg, så vi kan granske den og lære å forstå korleis den verkar.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og han er også mektig nok til å skape noko nytt ved sitt Ord. Jesus er Guds Ord og i Op.18-19 får vi sjå at det er Gud som dømmer den Store Skjøkje og så regjerer Jesus gjennom si brud, slik blir Gud konge på jorda.

Tusenårs-riket.

Der kjem eit tusenårs-rike der prestetenesta i den nye pakta kjem til sin rett. Eg tenker meg at menneske får makt ved å utføre den prestetenesta. Dei søker samfunn med Faderen og Sonen på evangeliets grunnvoll, dei søker Sanninga som er Kristus og tener Gud og hans himmel med den. Dei representerer seg sjølve og sine næraste, folket sitt og landområdet sitt overfor Gud og ber for folket og landet i «sitt område», det lokale miljøet.

Eg meiner dette er sameinleg med å søke sanning ved å studere realfag og teknologi og bruke det til på dyrke og verne naturmiljøet som Guds hage. Men vi treng Faderens kjærleik og omsorg, så vi kan søke råd og vegleiing hos han, for han har omsorg for sine barn og slik har han omsorg for sine henders verk.

Tusenårsriket er globalt, men ikkje evig. Guds rike er evig og det blir tydeleg vis fundamentalt i tusenårsriket.


Leave a comment