Lovnad og profeti 8. Du er innboden til bryllaup i himmelen.

Å forkynne evangeliet om Guds rike er å invitere til bryllaupet til Son hans. Då må vi kle oss i bryllaupsklednaden.

Den vesle steinen som knuste biletstøtta.

Slik profeterte Daniel om Guds rike:

Daniel.2,34 Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei. 35 Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.

44 Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid. 45 Du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med menneskehender, og han krasa jernet, koparen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no kunngjort kongen det som heretter skal henda. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»

Denne steinen er Kristus og hans rike, den vart riven laus når han vart fødd.

Jes.51,1 Høyr på meg,

de som jagar etter rettferd,

de som søkjer Herren!

Sjå på det fjellet de er hogne utor,

det steinbrotet de er tekne frå!

2 Sjå på Abraham, far dykkar,

og på Sara, som fødde dykk!

Han var berre éin då eg kalla han,

men eg velsigna han

og gav han ei talrik ætt.

3 Ja, Herren skal trøysta Sion,

trøysta alle hennar aude tufter.

Han gjer hennar øydemark lik Eden,

hennar aude hei lik Herrens hage.

Der skal fryd og glede råda,

der skal takkesong og jubeltonar lyda.

Verte fødd inn i Guds rike.

 Dette riket skulle berre vekse til dess det fylte heile jorda. Han og disiplane hans forkynte evangeliet om Guds rike.

Matt.18,2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

Joh.3, 3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»

Matt.6, 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.

Når det sidan er tale om Guds rike, må vi forstå det på grunnlag av dette og slik må det vere grunnleggande for vår forståing av Johannes Openberring. Jesus kom med Guds rike og dei som tok imot han tok imot det. Det er eit evig rike og det vert grunnleggande for tusenårsriket, når den tid kjem.

Gud har ikkje forkasta folket sitt.

Gud har ikkje forkasta folket sitt. Han sa dei skulle kalle han «EG ER» (JAHVE), for han er den han er. Men dei sa han var ein annan enn den han er og så avviste dei han.

Jesaja.49, 14 Men Sion seier:

«Herren har forlate meg,

min Gud har gløymt meg.»

15 Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,

har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?

Og om ei mor kan gløyma,

så gløymer ikkje eg deg.

16 Sjå, eg har teikna deg i mine hender,

dine murar har eg alltid for auga.

17 Dei som skal byggja deg, skundar seg hit,

og dei som reiv ned og la deg i øyde,

fer bort ifrå deg.

Joh.Op.12,3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol.

Gud har ikkje vraka folket sitt, det er Paulus eit døme på, men han måtte sjå det slik at han var krossfesta med Kristus og det lærer han oss også. Til samanlikning med ein som hang på eit kors ved sida av Kristus, altså, men han fekk ein stor lovnad då.

Luk.23, 39 Den eine av brotsmennene som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» 40 Men den andre tala han til rettes og sa: «Har du ikkje age for Gud, endå du er under same domen? 41 For oss er han rettferdig; vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» 42 «Jesus,» sa han, «kom meg i hug når du kjem i ditt rike!» 43 Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis.»

Paulus sitt vitnemål.

Når Paulus vart ført fram for kong Agrippa fortalde han først at han var oppvoksen som jøde og så forfølgde han dei kristne. Så vitna han om korleis han vart frelst.

Ap.gj.26,12 Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og løyve frå overprestane. 13 På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit ljos, klårare enn sola; det kom frå himmelen og stråla rundt ikring meg og dei som var i lag med meg. 14 Vi stupte alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å stampa mot brodden!» 15 «Kven er du, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer. 16 Men reis deg opp og stå på føtene dine! Eg har synt meg for deg fordi eg vil kåra deg til tenar og til vitne, både om det du har sett av meg og om det du sidan skal få sjå. 17 Eg skal fria deg ut frå folket ditt, og frå alle folkeslag som eg sender deg til. 18 Du skal opna augo deira, så dei vender om frå mørker til ljos, frå Satans makt til Gud; då skal dei få tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.»

Her vart tydeleg vis det åndelege lyset fysisk synleg for Paulus og heile følgjet hans. Men når evangeliet vert forkynt, så menneske vender om frå mørker til lys, skjer det sjølv om lyset ikkje er fysisk synleg.

Paulus fekk meir syner og openberring og vitna om det slik:

2.Kor.12,1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. 6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Han kalla tornen i kjøtet ein Satans engel, ein engel er ein bodberar, men det betyr ikkje at det var ei vond ånd, den var då i kjøtet. Han eigen kropp, hans eige kjøt, slik var den også i folket hans, slik var det ein brodd det vart hardt for han å stampe imot. Men Guds nåde var nok for han, for ved trua på Kristus fekk han den Heilage Ande av berre nåde.

 Dei fleste kristne vil nok kjenne seg igjen i dette, same kva folk dei er av. Men Gud utgyt sin Ande over alt kjøt. Då er det berre for den einskilde å ta imot i tru, så dei får kjenne og erkjenne at han utgyt den over mitt kjøt, så den råder over mitt kjøt og slik er det berre å la den råde i min døyelege kropp, slik Paulus seier i Romarbrevet. For Gud er ånd og har makt over den naturen han har skapt.

Slik må vi kle oss i Guds fulle rustning (Ef.5,10-20), til forsvar for oss sjølve, den einskilde, våre næraste, ekteskap og familieliv og sjølvsagt kyrkjelyden, slik må vi også kle oss til bryllaupet i himmelen.

Matt.12,28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 29 Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

Invitere til bryllaupet til Guds Son.

Evangeliet skal forkynnast for alle folkeslag og det er å invitere til bryllaupet til Guds Son. Ved å tru på Kristus og ta imot han, ta imot den nåden Gud gir oss i han, tek vi imot den Heilage Ande og slik kler vi oss til å verte med på å feire bryllaupet til Prinsen. Så kjem Faderen inn og oppdagar at der er ein som ikkje er bryllaupskledd og spør korleis han er komen inn. Men han teier. Han vedkjende ikkje Jesus namn og sa ikkje at Jesu fullførde frelseverk var grunnlaget for å få bryllaupsdrakta og komme inn og vere med på festen. Faderen seier dei skal binde hender og føter på han og kaste han ut. Så han ikkje skulle få bruke fysisk makt med hender og føter og bruke vold for å komme inn.

Kvar finn vi dette i Johannes Openberring? Her:

Joh.Op.20, 1 Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje. 2 Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år. 3 Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund.

Men der har vore mykje krig før det, så då finn vi vel det også i likninga om bryllaupet til Prinsen.

Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

Når vart alt ferdig til bryllaup (v8)? Når Jesus døde for oss på korset, han betalte prise for oss med sitt eige blod, han betalte prisen for bruda si med sitt eige blod. Når Jesus sende disiplane sine den Heilage Ande, var det for dei berre å ta imot, kle seg i bryllaupsdrakta og verte med på festen. Og fest vart det for alle dei andre som også tok imot i tru.

Bryllaupet til denne prinsen er det fortalt om i Jes.33,15… og Salme.45 også, men sidan vende dei seg bort frå han og det finn vi igjen i Matt.22,3-7. Noko liknande finn vi igjen i Johannes Openberring.

Dei som forkynner evangeliet skal altså invitere til dette bryllaupet! derfor må vi fyrst og fremst sjå til at vi tek imot hans kjærleik, så vi får denne kjærleiken og gleda i hjertet.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

Forsoninga.

Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus den bort og med det har han gjort dei fullkomne som vert helga.

Rom.5, Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Heb.7,24 Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, av di han vert verande til evig tid. 25 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.

26 Ja, ein slik øvsteprest var det vi måtte ha: heilag, god og rein, utskild frå syndarar og opphøgd over himlane. 27 Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, fyrst for sine eigne synder og så for syndene åt folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv.

Heb.10,8 Fyrst seier han: «Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,» endå det er slike offer som vert framborne etter lova. 9 Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.» Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre. 10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.

11 Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder. 12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. 14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

15 Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren:

16 Såleis er den pakta eg vil gjera

med dei i dagar som kjem.

Og så seier han:

Eg vil leggja mine bod i hjarto deira

og skriva dei i hugen deira.

17 Og syndene og misgjerningane deira

vil eg aldri meir koma i hug.

18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

Heilaggjeringa.

Med heilaggjeringa (Heb.10,14) skal mannen vite å vinne seg si eiga kone, slik at Kristus er hovudet for mannen, mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

2.Tess.4, 1 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

2.Kor.11, For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

Syng ein ny song for Herren, han gir ikkje si ære til nokon annan.

Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.

2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa

og ikkje bruka mælet på gata.

3 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik.

Med truskap skal han føra retten ut.

4 Han skal ikkje trøytna

og ikkje bryta saman

før han har breitt ut retten på jorda.

Øyar og strender ventar på hans lære.

5 Så seier Herren Gud,

han som skapte himmelen og spente han ut,

og breidde ut jorda med alt som der gror,

han som gjev livspust til folket på jord

og ånd til dei som ferdast der:

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga.

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet.

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete.

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei.

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der!

Eg skal ære og prise Jesus og opphøgje hans namn, så vil han legge ny pris til min pris. Møte i Maranatha 22.5.2016.

Tyding av tungetale:

Eg fekk ikkje med byrjinga, men det var noko om at det var Jesus som valde meg ut, Så sitat: ”Det var eg som tok deg ut av synda og eg plasserte dine føter på fast grunn, på klippen, som er meg. Derfor skal du prise meg, du skal ære meg og opphøye mitt namn. Så skal eg gi ny pris til din pris. Og du skal oppleve at du skal vandre i ferdiglagde gjerningar. Og eg skal gå føre deg og eg vil gjere store ting for deg, seier Herren.

Gud hadde lagt ein lovsong ned i meg, som ved å takke han for at han frelste henne Virtuella. Han ville legge ny pris til min pris, slik tenkte eg om henne Reella.

Jesus har sett framfor meg ei opna dør, eg får komme som eg er, han vil røre ved meg. Han har planta livet i meg og vil at det skal verte openberra i meg og gjennom meg. Møte i Maranata 18.9.2016.

Tale ved Håkon Martinsen.

Håkon talte om Hanna som bad til Gud: 1.Samuelsbok.1. Nyleg har Elin Therese slotten kome med ein profetisk bodskap om Hannas bøn, så eg tek med link til det.

Tungetale ved John Miland, tyding ved Håkon.

”For om du ser opp til meg, så vil du stråle av glede og du vil ikkje raudne av skam. For eg er Herren, som ropte ut for deg, det er fullbrakt. Og mitt fullbrakte verk, det gjeld nettopp for deg, i denne kveldsstund, så kan du få komme som du er. Og eg Herren vil røre ved deg og eg vil løfte deg opp på ein klippe som (er så/elles er for)? høg for deg, slik at du vert løfta inn i nye dimensjonar i min Ande, for eg er Herren, som er Anden og der Anden er, der er det fridom. Eg har kalla deg til fridom, så la deg ikkje atter ein gong bli lagt under for trældomens åk, men sett deg fri, i mitt namn, for eg Herren har sett deg fri.

For åpne din munn vidt opp og eg, Herren, skal fylle den. Eg skal ikkje fylle den til randen, men det skal flyte over. For som skrifta har sagt, (ifrå ditt indre)?, så skal det flyte straumar av levande vatn. Og det er mitt eige liv eg har planta ned i deg, eg har født deg på nytt, du er ein ny skapning i meg. For eg, Herren, har gjort det og eg, Herren, skal fullføre min plan i deg. Om du er villig til å gi deg over heilt og fullt til meg, så skal eg, Herren, eg vil forme og danne deg til eit ærens kar, for mitt namns skuld. Ikkje for nokon bevegelsar, ikkje for noko kyrkjesamfunn, for det er eg som i alle ting skal vere den fremste, det er eg, Herren, det er eg som har talt. Derfor kom til meg, du som strevar og har tunge byrder og eg Herren vil gje deg kvile.

Fryd deg og gled deg i meg. For gleda i meg, det skal vere din styrke. Derfor, meg skal du (opent bekjenne?), for eg er Herren, som har kalla deg, det er eg Herren, som har bestemt, for at mitt liv skal verte openberra i deg og gjennom deg. Derfor, frykt ikkje mitt barn, for eg er Herren, som har gjort det, alle ting, og det er eg Herren, som all ære skal ha. Derfor, pris meg og lov meg og opphøy mitt namn, så skal eg Herren, dra menneske til meg. Halleluja. i Jesu namn.”

Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.

«For himmelen er open og eg har sett framfor deg ei opna dør. Og der er ingen som kan lukke den igjen. For det er eg Herren, som sprenger bommar og sprenger dører. Eg er Herren, som har gjort det for deg. For at du ikkje lenger skal leve i di fortviling. Men du skal gå inn gjennom den døra og finne nåde, trøyst og hjelp, no nettopp i denne tid. For eg har utvalt deg, nettopp for ei tid som dette, nettopp i ei tid som dette, der verda forgår, med all dens synd og elende, så vil eg Herren, reise opp eit folk, midt i dette, som lys og salt, som forhindrar at mørket skal øydelegge fleire menneske og forhindre at forrotning skal spreie seg, men det er eg Herre, det er eg som har gjort det alt, og eg har sett framfor deg ei opna dør, der du er kalla for å komme inn. Amen.»

Jesus vil at hans liv skal verte openberra i meg og gjennom meg. Ja, slik får eg vel gå framover mot det fullkomne og det fulle barnekåret.

Fil.3,12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

Rom.8, 18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

Profetien om å få komme inn til Guds kvile er lovnad for den som trur.

Guds born kallar han for far.

Jesus sa til jødane at dei måtte vende om og verte som born for å komme inn i det, ei far gir gode gaver til borna sine, kor mykje meir skal ikkje Faderen gi den Heilage Ande til dei som ber han. Det er ikkje lite, slik gir Gud oss seg sjølv, ja, så vi skal verte fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd (Matt.18,1-3, Johannes.3,3-5, Luk.11,13). Då skal vi ikkje kalle nokon på jorda for far. Her er det ikkje jordiske fedre det er tale om, men Gud er ånd og han er far til åndene.

Matt.21,8 Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken. 9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. 10 Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus.

Heb.12,9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet?

Jesus sa vi skulle sjå at han er med oss heilt til verdens ende. Kor lenge er det?

Misjonsbefalinga er:

Matt.28,18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Så lenge verda står altså. Kvar finn vi verdens undergang i Johannes Openberring? Her:

Joh.Op.21, 1 Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir.

Eg har ofte stuss på kvifor der står skrive at havet ikkje var meir, betyr det at der ikkje er hav på den nye jorda? Men det er ei missforståing. Det er havet på denne jorda som ikkje er meir. Kvifor trengst denne presiseringa då? Jau, fordi ofte er det fastlandet som vert kalla verda, Guds lov og rett (Guds Ord, evangeliet) skulle nå like til verdens ende og til øyane langt borte. At «denne verda går sin undergang i møte» kan også forståast slik at denne sivilisasjonen går under (jfr. Joh.18-19). Men evangeliet om Kristus er eit evig evangelium og endåtil i siste kapittel i Joh.Op.22 vert det sagt at vi skal sjå at Jesus kjem snart.

Joh.22,12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. 15 Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn.

16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Eg hevdar dette er rett i alle generasjonar som har vore sidan Jesus gav misjonsbefalinga, fordi våre liv på denne jorda er kort.

Splid i kyrkjelyden? Kven vart vi døypte til?

Når det vart splid i kyrkjelyden, spurde Paulus kven dei vart døypte til.

1.Kor.1, 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.

Guds visdom og menneskevisdom

17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

Døypte til den Heilage Ande og døypte med den Heilage Ande.

Kristne tenker vel av og til på at dei (i det minste liksom) vart døypte til Faderen og Sonen, men kor mange tenker på at dei vart døypte til den Heilage Ande. Kristus døyper dei med en Heilage Ande, ja. Men kva betyr det at dei også vart døypte til den Heilage Ande? Den er også Gud og vi må audmjuke oss for Gud. Vi må høyre på kva Anden talar til kyrkjelydane og la den hjelpe oss i vårt bønneliv og styrke oss med si kraft. Verken kyrkjefedre eller pave kan erstatte den Heilage Ande i våre liv. Vi må vere førebudde på at der framleis er dei som vil prøve seg, men då mi vi forsvarsposisjon ved å kle oss i Guds fulle rustning (Ef.6).

Heb.12,25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.

Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile.

Dersom du har teke imot Guds rike som eit lite barn, så er profetiane om Guds rike først og fremst lovnadar om det livet som er planta i deg ved Guds Ord, at det skal leve, vekse og blomstre (Jak.1,21 Esekiel.16.6-7). Gud stilte folket sitt på val, om dei ville velje døden eller livet og anbefalte dei å velje livet.

Når ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile.

Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:

Så svor eg i min vreide:

Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:

I dag, om de høyrer hans røyst,

så gjer ikkje hjarto dykkar harde.

…..


Leave a comment