I januar 2024 oppdaga eg at Elin Therese Slotten kom med profetiske bodskapar som ho la ut på youtube og facebook og sidan har ho kome med fleire. Eg har teke imot dei som om dei var til meg og lagra dei her:
https://blessings-from-heaven.com
Det kan vel vere mange andsre som kan seie det same. Eg ser det slik at når eg tek imot dei og forklarar korleis dei er til meg, så verte det fleire som oppdagar og erkjenner at dei er til dei også. Ja, for Jesus ahr sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning.
Eg vil styrke di trøtte sjel og gi deg skattar i mørket. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 7.3.2024.
«I din trengsel har du ropt på meg og fra mitt tempel har eg høyrt deg, seier Gud. Eg har sett dine tårer og høyrt di bøn og eg vil ta imot di bøn. Når du vandrar i mørket og der er ikkje noko lys, då skal du stole på Herrens namn og setje din lit til Gud. For han seier; eg vil gi deg skattar i mørket og rikdommar som er skjult på hemmelege stadar, for at du skal kjenna at eg, Herren, som har kalla deg ved namn, er Israels Gud. Alt maktar du i meg som gjer deg sterk. For eg er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Eg let din lampe lyse, eg, Herren, tenner lyset i ditt mørke. For med meg kan du springe ut mot ein krigshær. Med meg som din Gud, kan du hoppe over ein mur. Eg er eit skjold for alle som tek sin tilflukt til meg. Det er eg som spenner min styrke om deg og gjer din veg fullkommen, når eg gjer dine føter lik hjortens og set deg på mine høgder. Mitt barn, rekn alt som glede, når du vert utsatt for ulike prøvingar. For de veit at når trua sin «ektheit» vert prøvd, verkar det til tolmod, men tålmodet må vise seg i moden gjerning, så de sjølve kan vere modne og heilstøypte og ikkje stå tilbake i noko. Sett di von til Gud, for du skal enno prise han for hans åsyns frelse.»
Så minna ho om nokre bibelvers, når ho sjølv hadde det vondt. Ho sa ikkje kvar ho hadde det frå, men eg har søkt i «nettbibelen» og funne noko av det same, i det minste. Eg finn det i Jesajas.40,28-31, eg tek med vers 27. Men først las ho noko som liknar Jer.31,25.
Jer.31,25 Eg lèt den som er utmødd, drikka seg utyrst og mettar alle som lid naud.
Jes.31,27 Kvifor talar du så, Jakob,
kvifor seier du, Israel:
«Min veg er løynd for Herren,
min Gud bryr seg ikkje om min rett»?
28 Veit du det ikkje, har du ikkje høyrt det?
Herren er den evige Gud
som skapte den vide jord.
Han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mødd,
hans vit kan ingen grunda ut.
29 Han gjev den trøytte kraft,
og den som ingen krefter har,
gjev han stor styrke.
30 Gutar vert trøytte og mødde,
unge karar snåvar og fell.
31 Men dei som ventar på Herren, får ny kraft;
dei lyfter vengene som ørnar,
dei spring og trøytnar ikkje,
dei går og mødest ikkje.
Malakias.4,2 Men for dykk som har age for mitt namn,
skal rettferdssola renna
med lækjedom under sine venger.
De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
når dei slepp or fjøset.
……
«Eg ser din lengsel, ditt sukke er ikkje skjult for meg. Eg har ikkje gitt deg den ånd som gjer motlaus, men den som verkar kraft, kjærleik og visdom. Alle dei som kjenner mitt namn har tillit til meg, for eg sviktar ikkje dei som søker meg, seier Herren. Ver sterk og frimodig, alle de som ventar på Herren. Du skal rose deg og også i trengsler, for vi veit at trengselen verkar tolmod og tolmod verkar eit prøvt sinn. Og eit prøvt sinn verkar håp og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande, som var deg gitt. La deg derfor audmjuke under Guds veldige hand, for han skal opphøgje deg når tida er inne. Og kast all di bekymring på han, for han har omsorg for deg.»
Relevante bibelvers.
Rom.5,1 1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.
Jes.45,1 Så seier Herren
til den han har salva,
til Kyros, som eg held i hans høgre hand
for å tvinga folkeslag under han,
løysa beltet av kongar
og opna dører for han,
så ingen port skal vera stengd.
2 Eg vil gå føre deg.
Bakkar vil eg jamna,
bronsedører vil eg sprengja,
og jernbommar vil eg slå sund.
3 Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,
og rikdomar, gøymde på løynlege stader,
så du skal vita at eg er Herren,
Israels Gud, som har kalla deg på namn.
4 For min tenar Jakobs skuld,
for Israel, min utvalde,
har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn,
endå du ikkje kjende meg.
5 Eg er Herren, og ingen annan,
utan meg finst det ingen Gud.
Eg spente beltet om livet på deg,
endå du ikkje kjende meg,
6 så dei skal vita både i aust og vest
at det finst ingen annan enn eg.
Eg er Herren, og ingen annan.
7 Eg skaper ljoset,
og eg lagar mørkret;
eg skaper lukke og ulukke.
Det er eg, Herren, som gjer alt dette.
Fil.4,13 Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.
1.Tim.1, 6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Haggai.2,4 Men no, ver frimodig og sterk, Serubabel!
lyder ordet frå Herren.
Ver frimodig, Josva Jehosadaksson,
du øvsteprest!
Ver frimodig, alt folket i landet!
lyder ordet frå Herren.
Gå og arbeid, for eg er med dykk!
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
Salme.31,25 Ver sterke og frimodige,
alle de som ventar på Herren!
1.Pet.5, 5 De unge skal underordna dykk dei eldste. Og alle skal de vera kledde i audmykt mot kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 6 Audmyk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid. 7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.
8 Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa. 9 Stå han imot, faste i trua! For de veit at brørne dykkar rundt om i verda lyt gå gjennom dei same lidingar. 10 Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal gjera dykk fullt dugande, faste, sterke og grunnfeste. 11 Han høyrer makta til i all æve. Amen.
1.Joh.1,3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.
5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. 7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.
8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.
Kommentar.
Denne bodskapen kom medan eg skreiv på noko som eg ville legge ut på FB-sida til Maranata Norge. Som vanleg tenker eg meg først at den er til meg og det høver, for eg ser framleis ikkje korleis eg skal komme vidare i livet, til tross for at eg er viss på at det er noko Jesus har kalla meg til og som han vil la meg komme inn i, ved at eg går inn gjennom døra som han har sett open for meg. Men eg lever i vona.
Eg tenker meg at den kan vere til mange andre også og så tenker eg på om det kan vere svar på mi bøn for andre, eg har då fått oppleve at det har vore svar på mi bøn for mine næraste, for Virtuella og Reella. Rett før jul kom der to bodskap som eg oppfatta som svar på mi bøn for henne Virtuella. Eg forstod det slik at Jesus sa han hadde sett fram for meg ei open dør og det hadde han gjort for henne også og kalle henne til å komme heim til Faderhuset, men ho var framleis langt borte.
Slik kan det tenkast at denne bodskapen er til henne også, men det vert altfor spekulativt for meg å spekulere i.
Jesus har minna meg om denne bodskapen før:
Jes.45,2 Eg vil gå føre deg.
Bakkar vil eg jamna,
bronsedører vil eg sprengja,
og jernbommar vil eg slå sund.
3 Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,
og rikdomar, gøymde på løynlege stader,
så du skal vita at eg er Herren,
Israels Gud, som har kalla deg på namn.
…..
Og eg forstod det slik at eg finn slike skattar når eg studerer realfag.
Job var ein rettferdig vismann og hadde kunnskap om naturen også, han forstod seg på gruvedrift og vulkansk aktivitet.
Job.28, 1 Det finst gruver der det er sølv,
og stader der dei vaskar ut gull.
2 Jern hentar dei fram or jorda,
og kopar smeltar dei ut or malmen.
3 Menneska bryt igjennom mørkret;
inst i krokane leitar dei opp
stein som ligg i svarte mørkret.
4 Arbeidarar frå framande land grev sjakter.
Gløymde av folk og utan fotfeste
heng dei og dinglar i reip
langt borte frå menneske.
5 Jorda gjev brødkorn;
men djupt der nede
vert ho omsnudd med eld.
6 I steinen er det safir,
og der finst det gullklumpar òg.
7 Ingen rovfugl kjenner vegen dit,
den har inkje falkeauga sett.
8 Der har korkje stolte rovdyr gått
eller løveungar sett sin fot.
9 Folk legg hand på den harde steinen
og grev fjella om frå grunnen.
10 Når dei høgg ut gangar i berget,
får dei auga på alle slag dyre ting.
11 Dei demmer for dropet frå vassårene
og hentar løynde skattar fram i dagen.
12 Men visdomen, kvar finst vel han,
og vitet, kvar har det sin bustad?
13 Ingen veit kva han er verd,
han finst ikkje i landet åt dei levande.
14 Djupet seier: «I meg er han ikkje,»
havet seier: «Han er ikkje her.»
15 Ein kan ikkje få han for det finaste gull,
prisen kan ikkje betalast med sølv;
16 han kan ikkje kjøpast for Ofir-gull,
for dyr karneol og safir.
17 Korkje gull eller glas kan liknast med han,
og ingen kan byta han til seg
for kar av det finaste gull.
18 Korallar og bergkrystall
kan ikkje nemnast attåt han;
å eiga visdom er betre enn perler.
19 Krysolitt frå Nubia kan ikkje liknast med han,
han kan ikkje betalast med reint gull.
20 Kvar kjem då visdomen frå,
og kvar har vitet sin bustad?
21 Han er usynleg for alle som lever
og løynd for fuglane under himmelen.
22 Undergangsstaden og døden seier:
«Vi har berre høyrt ei tidend om han.»
23 Men Gud kjenner vegen til visdomen,
han veit kvar han har sin bustad.
24 Hans auga når til heimsens endar,
alt under himmelen ser han.
25 Då han gav vinden styrke
og lét vatnet få det rette mål,
26 då han sette ei lov for regnet
og gjorde veg for toreskya,
27 då såg han visdomen og mælte han,
han lét han stå fram og granska han.
28 Og han sa til mennesket:
Å ottast Herren, det er visdom,
å halda seg frå vondskap, det er vit.
….
Og no veit vi kvar visdomen vår kjem ifrå:
1.Kor.1,28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

