På grunnlag av Jesu fullførde frelseverk, har vi fått oppleve at Gud gjer sitt verk med oss i vår tid, ved sitt Ord og sin Ande. Det må vi ære og takke Gud og Lammet for.
Jesus lækte ti spedalske menn, ein var samaritan og kom attende og gav Gud æra.
Ti spedalske menn bad Jesus lækje dei og han sa berre at dei skulle gå og vise seg fram for prestane.
LUK 17,11 – LUK 17,19 {DEN TAKKSAME SAMARITANEN} Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. 12 Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna 13 og ropa: “Jesus, meister, miskunna deg over oss!” 14 Då Jesus fekk sjå dei, sa han: “Gå og vis dykk for prestane!” Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. 15 Ein av dei kom attende då han såg han var lækt. Han lova Gud med høg røyst, 16 kasta seg ned for Jesu føter og takka han. Denne mannen var ein samaritan. 17 Då sa Jesus: “Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? 18 Var det ingen annan enn denne framande som kom attende og ville gje Gud æra?” 19 Og han sa til mannen: “Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.”
I følgje lova måtte dei vise seg for prestane, for dei skal avgjere om hudsjukdomen betyr at den sjuke er urein (3.Mos.13). Så når Jesus sende dei til prestane, gjorde dei som han sa og som lova sa. På vegen såg dei at dei vart reine og då var der ein som snudde for å takke Jesus for det. Det var ein samanritan. Då spurde Jesus om ikkje dei ni andre også vart reine, ville ikkje dei også gi Gud æra? Ja, skal tru korleis det gjekk når dei kom til prestane, ville dei seie at det var Gud og Jesus som hadde lækt dei? Ville prestane godta den forklaringa? Men no sa han noko meir til denne samaritanen: «Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.»
Eg samanliknar dett med den kristne ungdomsvekkinga eg kom inn i. Vi vart reinsa i Jesu blod og fyllte av den Heilage Ande og æra og takka Gud og Lammet for det. Skal tru korleis det gjekk med dei som gjekk til prestane og andre lærde autoritetar med det. Ville dei godta den forklaringa?
Eg skal i alle fall vere glad for at Jesus har sett fram for meg ei open dør og bana vegen for meg inn i heilagdomen. Dit vil eg framleis gå med mi bøn og mi takk, i tru på at han sopm byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.
Gud gir ikkje si ære til nokon annan.
Gud har lagt lovsongen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og det er ein nye song.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.
Jesaja.42, 1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
GLEDA I HERREN ER DIN STYRKE. MØTE I MARANATA 20.5.2012.
Bjørn Bogen talte over likninga om den barmhjertige samaritanen.
I slutten av møtet kom Oddbjørg med tungetale og John Miland tyda det:
Ja, eg har sagt i mitt ord, seier Herren, gled deg i meg, så eg skal gi deg kva ditt hjerte attrår. Og du skal vite at gleda i meg, det er din styrke. For sjå, seier Herren, når du frydar deg og gleder deg i mi frelse, ja, sjå då vert du oppteken med det som høyrer mitt rike til, seier Herren. Derfor vil eg at du mitt kjære barn, skal vende deg bort og sjå bort ifrå det som skjer i denne verda. Men du skal vere oppteken med det som er der oppe og søke meg, seier Herre. For sjå, det som skjer på jorda no i denne tida, det har eg føresagt i mitt ord. Og då har eg sagt at de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til, seier Herren. Eg kjem snart, eg kjem snart, derfor ver ikkje opptatt av det som skjer her nede.
Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg skal reinse og eg skal reinse dei nidkjært til gode gjerningar, det er eit folk som eg har heilaggjort hjertet, det er eit folk som vandrar i lyset. Og sjå, det er eit folk som søker meg og vert fylt av den Heilage Ande, for sjå, når du er fylt av den Heilage Ande, seier Herre, då kan ingenting stoppe deg. Men då (har du å) gå på og du skal få oppleve at kvar du går, så vinn du meir enn siger, for sjå, den kraft og den Ande som bur i deg, seier Herren, den er sterkare enn den som er i verda. Du har ingen ting å frykte mitt barn, derfor søk meg, vert fylt av min Ande, seier Herren, og du skal få kjenne at den kraft som kjem frå meg, den overvinner alt, seier Herren, både frykt og redsel, for sjå, seier Herren, min kjærleik, min kraft, den bringer frykta ut, seier Herren, derfor skal du vere frimodig i denne tida og bruke det som eg har gitt deg. Amen.
AKTUELLE BIBELVERS.
GLED DEG I HERREN.
FIL 3,1 {Å VINNA KRISTUS} Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk.
FIL 4,4 – FIL 4,6 Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.
NEH 8,10 Så sa Esra til dei: “Gå no heim, et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til dei som ingen dukar bord for. For denne dagen er helga til vår Herre. Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.”
JES 29,19 Dei hjelpelause skal atter gleda seg i Herren, og dei fattige skal jubla over Israels Heilage.
JES 61,10 Eg vil gleda meg storleg i Herren, mi sjel skal jubla i min Gud. For han har kledt meg i frelsesskrud og sveipt meg i rettferds kappe, lik ein brudgom som pryder sitt hovud, lik ei brur som tek på seg sine søljer.
LØFTE HOVUDET, FOR VÅR FORLØYSING STUNDAR TIL.
LUK 21,25 – LUK 21,36 {MENNESKESONEN KJEM} Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. 26 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. 27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær. 29 {LÆR AV FIKENTREET!} Så fortalde han dei ei likning: Sjå på fikentreet og alle andre tre. 30 Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 31 Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 34 {VAK OG BED!} Ta dykk i vare, og lat ikkje hjarta dykkar tyngjast av svir og drikk eller verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk 35 som ei snare. For han skal koma over alle som bur på heile jorda. 36 Vak kvar tid og stund, og bed om styrke så de kan koma velberga frå alt dette som skal henda, og stå dykk for Menneskesonen.
VINNE MEIR ENN SIGER.
RMR 8,35 – RMR 8,39 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive: For di skuld vert vi drepne dagen lang, vi vert rekna som slaktesauer. 37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
HAN SOM ER I MEG ER STØRRE ENN HAN SOM ER I VERDA.
1JO 4,1 – 1JO 4,6 {PRØV ÅNDENE!} De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda.
DEN FULLKOMNE KJÆRLEIKEN DRIV FRYKTA UT.
1JO 4,16 – 1JO 4,21 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.
I ei kristen forsamling skal Andens frukter vere, Andens nådegaver og tenester fungere.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-06-17-maranata-andens-frukter-nadegaver-og-tenester/ :
Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen i Maranata Oslo 17.3.2012:
«Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut. Sjå til at ikkje embeta forsvinn. Men ver med å be om at Andens frukter, Andens nådegåver og dei åndelege embet og tenester, at dei må komme fram igjen, i ei kvar forsamling. For utan mine frukter, utan den Heilage Ande sine gåver, utan den Heilage Ande sine embet, så vil menigheter stoppe opp, stagnere og forsvinne. Det er ikkje ved menneskeleg styrke mi menighet skal gå fram, men det er ved den Heilage Ande si kraft, det er ved mitt ord, seier Herren. Menneskelege anstrengelsar kan ikkje utrette kva min Ande kan gjere. Derfor legg dei menneskelege anstrengelsane til side og vert fylt av min Heilage Ande. Og du skal vere med og du skal kunne be og du skal få kjenne at det byrjar å skje noko i den åndelege verda.
La ikkje trua verte broten ned av alt det du ser, av alt det du leser. Så bevar ditt hjerte framfor alt det som bevarast kan. La trua sin løyndom vere til stades i eit reint samvit og du skal få kjenne du skal leve under inspirasjon og salving. La trua sin løyndom i eit reint samvit, som er reinsa i blodet og som vandrar i lyset. Då skal du få oppleve at det skal fungere, det som eg har lova. Nemleg at den som ber, han skal få, den som leitar, han skal finne. Ver derfor meg undergjeven i alle delar og la ikkje den vonde overrumple deg med sine kunstgrep, men vert fylt av min Ande og eg skal vise deg den beste vegen du skal gå. Halleluja.»

