Ein profet som Elia eller den falske profet?
Her har skrive om bodskapen til Johannes døyparen, at eg sjølva har teke imot den og gjort til min eigen bodskap. https://faith-and-entropy.com/2023/10/20/ein-profet-som-elia-eller-den-falske-profet/ . Mesteparten av det eg skriv her er henta frå dette dokumentet.
Døyparen Johannes forkynte at Jesus er Messias (Den Salvevigde, der salvinga er symbol på den Heilage Ande), han har bruda og døyper med den Heilage Ande. Det ser ut som Paulus overtok den stafettpinnen ved at han forkynte at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Denne bodskapen er ånd og liv, fordi Kristus er brødet som kom ned for å gi verda liv, det ordet han har tala er ånd og liv (Joh.6).
Jesus sa at den gjerninga vi skulle gjere var å tru på han (Joh.6,29), elske han og ta vare på hans ord og elske kvarandre (Joh.14,15-26). Då ville han openberre seg for oss, han og Faderen ville komme og ta bustad hos oss. Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg vart glad i, Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og for henne. Først for ei kristen jente som eg møtte når eg gjekk på gymnaset, henne kallar eg Virtuella. Så ei jente som eg oppdaga når eg studerte realfag ved Universitetet i Oslo. Henne kallar eg Reella. Eg har fortsett å hugse på dei i bøn og når der kjem bodskap til meg gjennom tyding av tungetale, hender det eg forstår det som svar på mi bøn for ei av dei. Fordi Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
I den siste tida har det vore motstand mot denne læra, då må vi vite å kle oss i Guds fulle rustning. Sjå Gal 1,1-9, 2.Kor.11,1-5, Ef.6,10-20, til forsvar for den einskilde og for kyrkjelyden.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Open dør på realfag ved UIO og i Maranata Oslo.
Biologen Glenn-Peter Sætre skreiv boka «To Kjønn» og inviterte meg til boklanseringa på Bikuben på Biologibygget ved UIO. På eit møte på Sion Åheim var der ein gammal mann som kviskra ein bodskap i øyret mitt om at Jesus hadde sett fram for meg ei opna dør, så eg skulle gå inn der.
Jesus sa vi skulle sjå til at vi ikkje hadde noko uoppgjort med nokon.
Profetisk bodskap 1 ved Magnor Myklebust:
«Ja, sier Herren, dere undrer dere komme, når jeg kommer, alt er ferdig, jeg kan komme i dag, i dette nu, på eit vink ifra min Far, jeg vil hente (min brud?). Ver dere ferdige, ved morgen, middag og ved natt. For nokre skal vere ute på markene, nokre skal vere om morgonen (eller ved middag)? mens andre ligger og sover. Men jeg kommer. Sjå til at du ikkje har noko uoppgjort med noko menneske. Ver reiseklar. Det einaste du trenger når du står i «gaten» på Gardemoen, er eit adgangskort. Alt som har med din bagasje å gjere, som er på flyet det trenger…, du trenger berre eit adgangsbevis. Gå inn, gå inn til min Faders herlegdom. Amen.»
Profetisk bodskap 2 ved Magnor.
MM kom og kviskra ein profetisk bodskap i øyra mi, den vart litt svak i innspelinga:
«Eg har satt foran deg ei open dør, gå (først?) inn den døra, for der er opning, der skal du gå inn. Der skal du vere med og bruke gavene, den profetiske gave som skal vere til styrke og velsigning for mange. Ver berre du frimodig. Du er ikkje åleine, eg går med deg. ….. Amen.
Då tenkte eg både på dette og Maranata, så eg reiste til Oslo og var på bok-landserings-festen torsdag 14.9.2024, på slutten kom eg med eit innlegg med eit spørsmål, sidan delte eg det på FB og viste at Jesus talte om nettopp den problemstillinga når han varsla om at ulven kom for å slakte sauene og spreie dei.
Søndag kveld, 17.9 var eg på møte i Maranata. Etter møtet helste eg med forstandard Austnes, det var 6 år sidan eg flytta frå Oslo, men var fortsatt medlem av kyrkjelyden, for der kom så mange bodskapar gjennom tyding av tungetale, som eg tok som lovnadar til meg, spesielt ein som klart var lovnad til kyrkjelyden også.
Sitat frå bodskapen i Maranata 29.3.2015 https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ :
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Pinsebål, ja, dette er ein stor lovnad til meg og til kyrkjelyden og det er om å gjere at vi får oppleve at lovnaden går i oppfylling. Døyparen Johannes forkynte at Jesus er den som døyper med den Heilage Ande og eld (Matt.3,11) og Jesus sa han var komen for å kaste eld utover jorda
Luk.12,49Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata! 50 Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført!
Og no vil han rake glørne saman, så det skal verte eit stort pinsebål. Eg har no litt å bidra med eg også, men noko som skulle vere så viktig? Det minna meg om ein bodskap gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40 hausten 1985, der Jesus sa til meg:” Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve”. Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset, det var ei takkebøn. Ho song lovsongar og vart soleis ein lovsong i mitt hjarte.
Sidan kom eg i hug at omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.
Vi er vande med at dei som tyder tungetale eller kjem med profetiske bodskap brukar uttrykket «seier Herren». Men eg talar ikkje slik. Paulus sa vi skulle streve etter dei største nådegåvene og han skulle vise dei ein betre veg. Så byrja han å tale om kjærleiken frå Gud (1.Kor.13). Han skreiv også at den som talar profetisk, talar til oppbygging, av einskildmenneske og kyrkjelyden. Han lovpriser Gud med vitet og brukar vitet når han talar, så det vert fruktbart dei som høyrer på, det vert fruktbart for vitet deira.
1.Kor.13,1Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. 2Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. 3Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
4Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
8Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
Vi kan vise kjærleik ved å prate venleg med andre menneske og prate godt om dei, ynskje dei vel. Men det er ikkje dermed sagt at vi talar profetisk. Men Jesus har sagt eg skal sjå på han og snakke med han og så har han svart meg gjennom tyding av tungetale og profetisk tale. Det overgår min forstand, men når eg legg vinn på å forstå det med hjertet, ved at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for meg, så kan det verte til ein profetisk bodskap. Når vi velsignar Jesus, vert vi velsigna og vert til velsigning for andre, spesielt dei vi møter i kvardagen og på kristne møte. Derfor seier vi velsigninga. Jesus har sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning.
Korleis skulle eg kunne tale profetisk i Maranata?
Korleis skulle eg kunne tale profetis i Maranata? Som i så mange andre kyrkjelydar har det vorte mindre vanleg å opne for frie vitnemål. Dersom eg hadde innvia meg med å vere med på bønnemøte i kyrkjelyden, så hadde det vel vore meir sannsynleg at eg såg ei open dør for det.
Åndsdåp med tungetale til teikn.
I Maranata forkynner de dåpen med den Heilage Ande, med tungetale som teikn. De er klar over Paulus sine ord om kor viktig det er å få tydinga også og eg er glad for å ha fått oppleve at detter verkar mellom dykk, så eg har spelt inn og skrive ned slik bodskapar og teke vel var på dei. Men kva er det teikn på og kven er det teikn for?
1.Kor.14,19 Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger. 20 Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne. 21 Det står skrive i lova:
Gjennom folk med anna språk
og med framandt tungemål
skal eg tala til dette folket;
men endå vil dei ikkje høyra på meg,
seier Herren.
22 Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande. 23 Om no heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller vantruande menneske, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet? 24 Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle. 25 Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: «Gud er sanneleg mellom dykk!»
Det er til teikn for dei som ikkje trur, men sidan dei ikkje forstår kva som vert sagt, vert dei ikkje vitugare av å høyre på det. Er det teikn på at nokon er åndsdøypt? Ja, men det kan også vere enkle strofer som dei har fått med seg og som dei hugsar, fordi dei høyrde det eller talte det sjølv, drivne av den Heilage Ande. Sjølv om det er enkle strofer som vert gjentekne, kan det likevel vere drive av den Heilage Ande, det blir i alle fall klart når nokon kjem med tydinga.
Til samanlikning har eg også gjenteke det same i dette skriveriet mitt og kvifor det? Det er som nattverden, til minne om Jesus og det han har gjort for meg og oss. Men dersom eg ikkje talar i tunger, betyr det då at eg ikkje er åndsdøypt. Eg har faktisk høyrt somme seie til meg at dersom eg ikkje talar i tunger, så er eg ikkje skikkeleg åndsdøypt. Og så var der endåtil ein som kom med ei slik strofe, for å vise at han var skikkeleg åndsdøypt, til skilnad for meg altså. Det var ikkje vanskeleg å skjøne at har låg det maktinteresse bak, for å gjere skilnad på folk (Jak.2,1-7).
Profetisk tale er som tyding av tungetale.
Det eg har høyrt av profetisk tale er som tyding av tungetale, men utan tungetale. MM har til dømes talt slik i kyrkjelyden, også når han kviskra meg i øyret. Men i år har Elin Therese Slotten kome med profetiske bodskap på Facebook, som eg har fått ta imot som bodskap til meg.
Eg ser det på bakgrunn av at i 2011 kalla Jesu Sions dotter ut i fridomen, ut i dansen med dei glade, for han var Herren hennar brudgom og ektemann. Vi såg ikkje mykje av det, det var i alle fall ikkje det som prega nyhenda i massemedia i den tida som kom. Men for nokre år sidan kalla Jesus Elin Therese Slotten til å gå ut og be for sjuke, sjølv om ho sjølv var så sjuk at det var berre så vidt ho orka og når ho kom ut, var ho lækt.
Døyparen Johannes var ein profet som Elia og gjekk fram i Elias ånd og kraft. Noko av det han sa finn vi i Joh.1&3. Men profeten Elia talte endå meir menneskeleg enn dette i møte med menneske, men opplevde tydeleg vis Guds ånd og kraft sterkare enn dei fleste andre profetar, så Gud tok han endåtil bort.
Eg skal bidra med det Gud har gitt meg i hjertet og bruke det eg har fått.
Løft blikket og sjå kva du har og bruk det.
Jesus har sagt eg skal sjå på han og det verk han har gjort for meg, i meg og gjennom meg, eg skal ikkje sjå på det eg ikkje har, men sjå på det eg har og bruke det som talentane, altså. Eg forstår det som både nådegave og naturgave, men i det eg ser på han, forstår eg det som alt av nåde. Her er ein bodskap der han minna meg om dette, bodskapen i Filadelfia Ulsteinvik 22.8.2021:
«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.
Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Ta vare på den fagre skatten og kveik nådegåva.
Gud skaper oss i Kristus, sjå Kristi herlegdom.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, då må eg fyrst og fremst takke han for at han frelser henne, gjenføder henne, av vatn (det levande vatnet) og Ande og det som er født av Anden er ånd.
I 1.Mos.1 er det sagt at jorda var aud og øyde, men Guds Ande sveiv over vatnet, då sa Gud at det skulle verte lys, så vart det lys. Og Paulus sa at han som sa at lys skulle skina fram or mørket, han har lete det skina i våre hjerte.
1.Kor.4,3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. 12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. 14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.
Då er det ein dyrebar skatt som eg skal ta vare på og ei nådegåve som eg skal kveike og bruke.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
1.Tim.4,14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom. 8 Du skal ikkje skjemmast ved vitnemålet om vår Herre, og heller ikkje ved meg, som er fange for hans skuld. Men lid vondt for evangeliet, du òg, med den kraft som Gud gjev. 9 Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde. Det er den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå æva av, 10 og som no har vorte openberra då vår frelsar, Kristus Jesus, kom til jord. Han har gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet.
Ta vare på den fagre skatten. Maranata, 16.9.2013.
https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-09-16-m-ta-vare-pa-den-fagre-skatten/ tyding av tungetale ved John Miland:
Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.
Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.
Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.
Enka med salvekrukka.
Eg er glad for at eg fekk sjå møte frå Maranata sitt landsstemne 2023 på youtube og her tek eg med meg dette:
Laurdag kveld 15.72023. Halvard Hasseløy.
Innleiing ved ei kvinne som heiter Mella:
2.Kong.4,1 Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.» 2 Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.» 3 Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»
5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»
Kva har vi i huset? Jesus har salva oss med den Heilage Ande, om det er berre som ei lita krukke med salve, så ta den fram og bruk den.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-12-08-m-enka-med-oljekoppen/ :
«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.
Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»
Jesus har sett fram for meg ei open dør og invitert meg, så eg kom med mitt vitnemål.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/01/29/2024-01-28-jesus-kjem-for-a-hente-berre-si-blodkjopte-brud/ :
Mitt Vitnemål.
Når ein kjem med eit vitnemål, bør det vere om ein skriftstad som ein opplever har vorte viktig for seg sjølv, ved at det har vorte til liv for seg sjølv. Då er det vel på sin plass at ein seier litt om seg sjølv, men det primære og viktigaste er då bibelverset. Og Jesus har mange gangar minna meg om at han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn. Så eg har tenkt ein del på det. Det refererer til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia. Pinsevennar likar godt å kalle kyrkjelyden sin for Filadelfia, for det verka som engelen for denne kyrkjelyden kom best ut av det. Men når eg opplever at det er ein bodskap til meg, så må eg få lov til å seie litt om meg sjølv og om korleis eg opplever at det er ein bodskap til meg og komme med min bodskap. Då er det ikkje ein kvan annan som skal svare i staden for meg.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.
Eg såg dette på bakgrunn av likninga om den Gode Hyrdingen i Joh.10. Eg har ei dobbeltolkinga v det liksom skapingssoga i 1.Mos.2, det handlar både om den fysiske realiteten, ein fysisk og biologisk hage og det åndelege samfunnet med Gud som er ånd, å dyrke hjertets jord. Det er slik som det står skrive i Ef.1 at Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus og i Ef.2 står det skrive at der har han sett oss. Sidan ei og same likning handlar om begge deler er det ikkje alltid så lett å forstå. Jesus er døra inn til sauene, likevel handlar det om å gå inn gjennom døra for å samlast fysisk i ein kristen kyrkjelyd og så gå ut att gjennom same døra. Og faktisk bryja denne likning med at Jesus leia dei ut gjennom døra. Dei samlast i tempelet i synagogne og i heimane og sidan i nye heimar. Jesus lei a dei ut og leia dei gjennom landet til samanlikning med David når han og flokken hans var utstøytt og David sa at Herren var hans hyrding, det vanta han ingen ting, han leia han til dei grøne grasgangane og til vatn der han fann kvile.
Jesus sa at dei som var komne før han, var tjuvar og røvarar som hadde klive over ein annan stad, i staden for å gå inn gjennom døra og sidan kom ulven og spreidde dei, men då var han den Gode Hyrdingen som sett livet til for sauene og så samla han dei igjen. Han gav dei misjonsbefalinga og sa dei skulle få sjå at han var med dei alle dagar. Når dei då gjekk ut og forkynte evangeliet på nye plassar, fekk dei sjå at han var døra dei hadde å gå inn gjennom for å samlast i nye kyrkjelydar.
Jesus har sett framfor meg ei open dør, som ingen kan lukke, for hans frelseverk er fullført og fullkome. Ingen kan stenge den døra for meg. Han har bana vegen for meg inn i den himmelske heilagdomen, så eg får stige fram for nådens trone. Eg tenker på det som å bøye meg for Jesu kors og så tenker eg på nådestolen over pakt-kista. At der får eg openberring. Men heime med meg sjølv løfta eg blikket opp til Jesus, der han sit ved Faderens høgre hand, der sit han også på nådens trone og så sa eg til han at eg elskar han, ja, for det er no ved at vi elskar han at vi får openberring. Då oppdaga eg at eg byrja å få svar på internett.
Så byrja eg på eit personleg vitnesbyrd om korleis kom til tru når eg var ein liten gutunge og det var ikkje lenge for John Willy sa eg måtte avrunde, for der var andre som også ville seie noko. Men eg tok meg tid til å minne eg om at der kom ein profetisk bodskap når Oddleif var her, der Herren sa at endå ein gong sender eg min tenar til deg og ditt distrikt for å vende fedrane sine hjarte til borna og borna sin hjarte til fedrane. Det handla også om å verne ekteskap og familieliv. Det er bodskapen til Johannes Døyparen, han forkynte at Jesus er den som har bruda og det er han som døyper oss med den Heilage Ande. Den bodskapen har eg teke imot og gjort til min bodskap og den vil eg gå inn gjennom døra med.
Tungetale ved Ingelin, tyding ved John Willy.
John Willy sa her var ei dame som hadde ein bodskap og så kom Ingelin med tungetale. Eg prøvde å ta det opp på video, men så oppdaga eg at den hadde ikkje starta likevel, så eg fekk ikkje med meg byrjinga, det vart litt klipping også, før eg var sikker på at den var på. Men eg hugsa han sa noko om at eg skulle glede meg i Herren heime med meg sjølv. Opptak:
«… glede deg over og fryde deg over at jeg på grunn av (Golgata kors?) på grunn av jeg … for deg, til en evig himmelsk herlighet.»
Takk og lov. Du skal glede deg i meg, du skal fryde deg i meg. For at jeg døde på Golgata kors for deg. Og når jeg døde på Golgata kors for deg, så tok jeg alle dine synder og alle dine plager på meg, for at du skal få lov å slippe å plage deg over din synd. Du skal fryde deg i min frelse, du skal juble over det jeg har gjort for deg på Golgata. At der har jeg dødd for deg, jeg har tatt all din synd. Og du som har lyttet i kveld, jeg har gitt deg dette budskapet for at det skal løfte deg gjennom hverdagen. Og for at du skal løfte dine øyne og du skal se på meg, at snart kommer jeg for å hente min blodkjøpte brud og det er bare min blodkjøpte brud som jeg henter. Og du kan få lov, midt i hverdagen, å juble og glede deg over det i ditt hjerte, at du har fått lov, på grunn av korset, tatt imot frelsen og du er på vei til himmelens herlighet.
Mitt personlege vitnemål med utviding.
Barnetru og mobbing på skulen.
Her vil eg skrive litt om mitt personlege vitnemål og då tilføyer eg ein god del. John Willy har ein spesiell stil, ved at han kallar seg amcar-prest og stadig slår over til engelsk, tydeleg vis for å gi uttrykk for glede over at Gud gjer noko nytt, det gir oss eit intrykk av at mykje av dette nye kjem frå Amerika og det er ikkje til å komme forbi at den amerikanske kulturen (USA og Canada) har vore pionerar her også. Men eigentleg får vi alle det nye frå himmelen og det er det som er så viktig å lære å forstå, når det kjem frå den amerikanske kulturen, så er det vel og bra.
Så eg byrja mitt personlege vitnemål med å fortelje foreldra mine budde i Chicago i USA før eg var fødde, eg vart laga der og var der før eg var fødde. Når dei flytta tilbake hit og var kledde som amerikanarar og hadde med seg noko amerikanske ting som vart oppfatta som det nye. Dei hadde mykje nytt å fortelje og det var litt spesielt at sonen (8) og dottera (6) kom med amerikanske gloser. Klart det var stas. Sonen, Arvid, var fødd der borte og var eitt år når dei kom hit.
Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og Arvid, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. På den tida gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag. Når Arvid byrja på storeskulen, fortalde han om stygg mobbing på skulen og det hadde med kjønn og seksualitet å gjere. Dette problemet vart eit bønne-emne i kveldsbøna vår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
Dette siste gløymde eg å ta med i vitnemålet mitt, men det hadde også med at det kunne ikkje vere for langt. I storeskule vart det mykje erting på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det gjekk også over i stygg mobbing. Det var i grunnen rart heile greia, men dette også kan vel forståast ut ifrå filosofihistoria og kyrkjehistoria. På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen. (Då fekk eg beskjed om å avslutte for der var andre som ville seie noko også).
Ikkje fornekte Jesus namn, men vedkjenne han som Sanninga som set oss fri.
Eg kjende til Jesu ord om at den som fornektar han for menneska, vil han fornekte for Faderen og englane, men den som kjennest ved han, vil han kjennast ved for Faderen og englane. Eg torde ikkje kjennast ved han, seie til dei andre at eg trudde på han og kvifor det? Fordi då ville det verte forventa eg eg skulle vere på ein bestemt måte, som om eg måtte prøve å gi meg ut for å vere noko anna enn eg var. Og så kunne eg ikkje kunne forsvar meg om eg vart angripen. Kanskje eg kom til å verte utfordra på det med krav om at eg ikkje var slik likevel, med krav om at eg skulle fornekte han i staden altså. Men det ville eg då slett ikkje. Så det var best berre å ligge lavt og ha trua og vedkjenninga i hjertet. Mor mi hadde lært meg å gå til han med alle ting, alle problem som eg møtte, så eg gjekk til han med dette også og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta, for eg visste at han var Sanninga som skulle sette oss fri. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Kristus. Då var eg ikkje redd for det i det heile tatt. Og kvifor det? Fordi det stemte med trua og kjærleiken i mitt hjerte. Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at dette høvde med Paulus si lære. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det var ufatteleg stort for meg å få oppleve at han som vart min beste venn når eg var ein liten gutunge, talte til meg frå himmelen, der han sat ved Faderens høgre hand. Han har fortsett å tale til meg slik sidan og det sentrale poenget er at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var berre for meg å ta imot i tru og takke for det. Han gjer sitt verk i mitt indre menneske, ved sitt Ord og sin Ande. Derfor skulle eg ikkje sjå på meg sjølv eller det som var rundt meg eller bekymre meg for det, men eg skulle sjå på han og det ver han hadde gjort for meg, i meg og gjennom meg og takke han for det.
Mor mi til samanlikning med enka med salvekrukka.
Når eg bad slik når eg var 9 år, merka eg at Jesus var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjend med han som min beste ven. Livet var planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. Eg har aldri fornekta han og han har aldri forlete meg. Men i mange høve kunne og burde dette livet ha fått betre vekst-vilkår.
Sjølv om det framleis er som oljekrukka, er det om å gjere å komme til Jesus med den og med dei tome kara. Eg har to søsken å be for og to kvinner som eg har bedt for i lang tid, ho Virtuella og ho Reella.
Jesus vil stige ned og befrukte min kjærleik frå han. Bodskapen som kom på mitt første møte i Maranata, 10.5.2009.
I denne tida vert mørkets rike akseptert i verda, men sjølv om det er berre nokre få som finn vegen til å sjå Kristus i hans herlegdom, er det nok for han til å gjere storverk.
Tyding av tungetale:
«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Igjen møter vi uttrykket «sjå kongen i hans herlegdom». Han vil stige ned og befrukte min kjærleik frå han. Til kven? Først og fremst henne som han gir meg til kone, så han elskar henne gjennom meg, som si brud! Då er klart at eg oppfattar og opplever det som kjærleik til meg også, eg elskar fordi han elska meg først, ja, så han elskar gjennom meg.
Og i 2011 kalla Jesus Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann.
https://blessings-from-heaven.com/…/2011-02-12-m40-jesus…
Eg står fram for ei ny tid, som Jesus vil hjelpe meg inn i. Eg skal ta i bruk nye gaver.
På eit møte i pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik vitna eg om korleis eg bad for henne Reella og fekk bønnesvar ved at Gud leia meg slik at eg møtte henne og fekk ei åndeleg openberring der Gud openberra si frelse i Kristus, for meg og for henne. Då kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale, der Jesus svarde meg slik:
«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.
Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»
Når han sa «du er min hjerteskatt», forstod eg det som svar på mi bøn for henne, ho er hans hjerteskatt og slik er ho min hjerteskatt også. Slik er eg hans hjerteskatt. Men her har eg altså fått eit oppdrag med å ta vare skatten som er meg overgitt og det skal den Heilage Ande hjelpe meg med. Då er eg ikkje åleine om det, vi vel fleire som saman tek vare på den fagre skatten som er oss overgitt i kyrkjelyden og vi treng at den Heilage Ande hjelper oss med det.
Eg har mange gangar løfta blikket opp til han i forventning til at han vil stige ned og befrukte min kjærleik frå han, slik som han sa 10.5.2009, men kven er det til? Det må vel vere til ein kvan som tek imot og det frivillig, for han tvingar ikkje sin kjærleik på nokon, det er som eit frieri, slik vi ser i Høgsongen. Uansett skal eg vende hugen opp til han for å ta imot.
Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
I det eg no vender hugen opp til han, tenker eg meg at ho Reella stig fram for han, som hans brud. Sjølv om eg «berre» tenker meg det, verkar det for meg som at slik vert min lengsel tilfredsstilt. For den Heilage Ande legg sin kjærleik inn i mine tankar.
Bodskapen 24.6.2023 https://blessings-from-heaven.com/2023/06/26/2023-06-24-husmote-hald-fast-pa-det-du-har-du-skal-bli-frelst-med-heile-ditt-hus/ :
”Himmelen er åpen, han har sett til deres hjerter. Og han fryder seg over sitt folk, han fryder seg over dere. Han vil la dere vandre inn i hans vilje og han vil gå med deg og lære deg og fullbyrde sitt Ord over og i deg, i deres liv, ved den Hellige Ånd. Den Hellige Ånd skal komme over på en ny og mektig og herlig måte over ditt hus. Den skal frigjøre dine tanker, den skal legge sin kjærlighet inn i dine tanker. Den skal gjennomsyre hele ditt vesen. For jeg har behag i deg. Jeg har behag i deg.
Jeg skal forevige denne pakt, denne stund, den er lukket i mitt hjerte. Ingen kan ta det ifra deg. Ingen kan komme inn og rive det ut av ditt hus. Ingen kan hente deg bort fra mitt åsyn. Jeg, Herren, er nær, jeg er beskyttende, jeg er din fred, jeg omslutter deg. Jeg sender engler for deg, for framfor din fot. Du skal ikke snuble, du skal ikke snuble. Mennesker skal ikke rådføre deg, jeg er Herren din Gud. Jeg skal vise deg vei.”

