Lovnad og profeti.

Korleis forstå profetiane?

Verte som born, for å komme inn i Guds rike.

Jesus sa til jødane at dei måtte vende om og verte som born for å komme inn i det, ei far gir gode gaver til borna sine, kor mykje meir skal ikkje Faderen gi den Heilage Ande til dei som ber han. Det er ikkje lite, slik gir Gud oss seg sjølv, ja, så vi skal verte fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd (Matt.18,1-3, Johannes.3,3-5, Luk.11,13). Då skal vi ikkje kalle nokon på jorda for far. Her er det ikkje jordiske fedre det er tale om, men Gud er ånd og han er far til åndene.

Matt.21,8 Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken. 9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. 10 Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus.

Heb.12,9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet?

Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile.

Når Gud førde folket sitt ut frå Egypt, hadde han ein plan A, å føre dei til det lova landet, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk, han ville føre dei inn til si kvile. Vandringa i øydemarka i 40 år, vart ein plan B, men han var med dei like vel. Men så hadde han ei bok som han skreiv i, han skriv opp namna deira i livsens bok, men så vart mange av dei utstrokne, sidan dei gjorde opprør mot han. Gud stilte han dei på val, om dei ville velje døden eller livet og anbefalte dei å velje livet. Slik er det framleis, har du fått høyre den galde bodskapen er det ditt eige ansvar om du vil ta imot og vert frelst eller ikkje.

Dersom du har teke imot Guds rike som eit lite barn, så er profetiane om Guds rike først og fremst lovnadar om det livet som er planta i deg ved Guds Ord, at det skal leve, vekse og blomstre (Jak.1,21 Esekiel.16.6-7). Når ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile.

Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:

Så svor eg i min vreide:

Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:

I dag, om de høyrer hans røyst,

så gjer ikkje hjarto dykkar harde.

Misjonsbefalinga.

Misjonsbefalinga er:

Matt.28,18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Så lenge verda står altså. Kvar finn vi verdens undergang i Johannes Openberring? Her:

Joh.Op.21, 1 Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir.

Eg har ofte stussa på kvifor der står skrive at havet ikkje var meir, betyr det at der ikkje er hav på den nye jorda? Men det er ei misforståing. Det er havet på denne jorda som ikkje er meir. No veit vi at slik kjem det til å gå med denne jorda, når solsystemet er dobbelt så gammalt som no, kjem sola til å æse opp som ei supernova, så den rekk heilt hit ut, alt vatn vil fordampe og vert blåst bort av solvinden, før jorda vert slukt av sola.

Men kvifor trengst denne presiseringa då? Jau, fordi ofte er det fastlandet som vert kalla verda, Guds lov og rett (Guds Ord, evangeliet) skulle nå like til verdens ende og til øyane langt borte. At «denne verda går sin undergang i møte» kan også forståast slik at denne sivilisasjonen går under (jfr. Joh.18-19). Men evangeliet om Kristus er eit evig evangelium og endåtil i siste kapittel i Joh.Op.22 vert det sagt at vi skal sjå at Jesus kjem snart.

Joh.22,12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen. 15 Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn.

16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Eg hevdar dette er rett i alle generasjonar som har vore sidan Jesus gav misjonsbefalinga, fordi våre liv på denne jorda er kort.

Gud gjer noko nytt, også i vår tid. Korleis komme inn i det og verte med på det?

Frå leirklump i pottemakarens hand, til Guds medarbeidar.

I det gamle testamentet er det fortalt at Israel var i Guds hand som ein leirklump som pottemakaren forma slik han ville. Leirklumpen kunne ikkje seie til meisteren: «kvifor skaper du meg slik». Sidan dei var gjenstridig, fekk han det ikkje heilt slik som han ville ha det og derfor knuste han det og byrja på nytt. Sidan dei var så gjenstridige, vart dette brutalt, men det same gjaldt for dei andre folka.

Ideal et for dei kristne då er å vere som ein mjuk leirklump i meisterens hand, som han får forme slik han vil, så det vert eit kar til hans ære. Derfor må vi bøye oss for korsets fot og vedkjenne vår synd for Kristus, så hans blod reinsar oss frå all synd, slik bøyer vi oss frå han som stod opp att frå dei døde og frå oppleve at han gir oss ånd og liv frå himmelen.  Med det livet han gir oss frå himmelen lever vi for han og med fylden av den Heilage Ande vert vi utrusta til å tene han. Slik blir vi hans medarbeidarar, med å plante og vatne, men Gud gir vekst. Vi bygger på grunnvollen og då er det om å gjere å bygge med noko verdifullt som varer, som tåler elden, gull, sølv og edle steinar. Som Guds medarbeidarar får vi oppleve at Gud skaper noko som står til evig tid. Då tenker vi vel først og fremst på at han frelser menneskesjeler og gir dei evig liv. Dei er som dyrebare edelsteinar for Gud, som han vil ha frelst i si hand.

Forstå profetiane ved å få oppleve at lovnadane vert oppfylte i våre liv.

Ja, korleis skal vi forstå profetiane, korleis skal vi forstå den tida vi lever i? Er det så viktig då, kvifor skal vi prøve å forstå dei? Leiren kan ikkje seie til meisteren: «kvifor skaper du meg slik» så då må vi no berre la han få gjere slik som han vil og ferdig med det?! Javel, men poenget var at vi ikkje må vere gjenstridige, men tvert om innstille oss på å la han gjere sitt verk med oss.

Jesus sa at vi må verte som born, ja, fødast på nytt av vatn (livsens vatn) og Ande for å sjå Guds rike og komme inn i det. Jesus kom for å oppfylle lova og profetiane, ved å velsigne han ert vi velsigna, så vi vert til velsigning, derfor seier vi velsigninga. Det er nøkkelen til å oppleve lovnadane og få innsikt i profetiane. Vi finn det ved Jesu kors, ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur.

Om vi berre held oss til dette, kan det vel vere vi finn fleire nøklar som opnar opp profetiane for oss, så vi forstår dei betre.

Frå Daniel til apostelen Johannes.

Overengelen Mikael.

I Daniel.12 får vi vite korleis det skal gå med Guds folk i endetida.

Dan.12,1 På den tid skal Mikael,

den store fyrsten, stiga fram,

han som vernar dine landsmenn.

Det skal koma ei trengselstid

som det ikkje har vore maken til

heilt sidan folkeslag vart til.

Men på den tid skal folket ditt verta frelst,

alle som er oppskrivne i boka.

2 Og mange av dei som søv i molda,

skal vakna opp,

somme til evig liv,

andre til skam og evig avsky.

3 Då skal dei vituge skina

som himmelkvelven skin;

og dei som har ført dei mange til rettferd,

skal skina som stjernene, evig og alltid.

4 Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka.

Sjå også Joh.Op.12.

Kor lenge varer endetida.

Daniel spurde kor lang tid det skulle gå før dette underfulle har hendt og kva som var enden på det

Dan.12,5 Då fekk eg, Daniel, auga på to andre som stod der, ein på kvar side av elva. 6 Ein av dei sa til mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva: «Kor lenge varer det før alt dette underfulle har hendt?» 7 Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.» 8 Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er endelykta på dette?» 9 Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. 11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»

Dette finn vi igjen i Johannes openberring, først der Lammet som var slakta bryt segla på profetboka, så Johannes får nye profetiar om endetida.

Joh.Op.5, Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda ætt, Davids rotrenning, han har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»

6 Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.

7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:

Verdig er du til å ta imot boka

og bryta segla på henne.

For du vart slakta

og har med ditt blod frikjøpt for Gud

menneske av alle ætter og tungemål,

av alle folk og folkeslag.

10 Du har gjort dei til eit kongerike,

til prestar for vår Gud,

og dei skal råda på jorda.

11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:

Verdig er Lammet som vart slakta,

verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,

ære og pris og takk.

13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:

Han som sit på kongsstolen,

han og Lammet skal ha all takk og ære,

pris og makt i all æve.

14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Daniel skulle gå endetida i møte, sjølv om han måtte kvile i grava, før den kom til endes. Det er det sikkert mange andre som også har gjort, også i den nye pakt. Dei skulle vente på Jesu gjenkomst som om han kunne komme og hente dei kva tid som helst, det gjorde dei rett i, sjølv om dei ikkje fekk oppleve det i si levetid. Dersom nokon meiner at då vart dei skuffa og vart til skamme, så må det vere ei misforståing som er ute og går, også i korleis profetien vert forkynt. Dei skulle leve som om Jesus kunne komme att kva tid som helst og slik skulle dei få eit godt og verdifullt liv her på jorda, sjølv om det bleiknar mot den himmelske herlegdomen dei har i vente.

Her er ei todeling mellom dei vituge og dei uvituge, det finn vi igjen mange plassar, til dømes i likninga om brurmøyane. Dei fem vituge hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, dei gjekk brudgomen i møte. Slik skal vi gå endetida i møte. Det er ein profeti som går i oppfylling i alle generasjonane, sjølv om Jesu enno ikkje har kome attende og henta si brud.

Ein profet som Elia.

 Det skulle gå ei tid, tider og ei halv tid til dette kom til endes. Det er milt sagt ei svært diffus tid. Men det refererer sikkert til at der var tørke i Israel i tre og eit halvt år, før Elia steig fram på Karmel og bad om regn (Luk.4,25 & Jak.5,17). Han er førebilete på døyparen Johannes og så ser det ut til at der skal komme ein profet med ein liknande bodskap, eg tenker på det som ein bodskap som skal forkynnast i denne siste tida og det skjer allereie.

Matt.11,9 Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! 10 Det er om han dette er skrive:

Sjå, eg sender min bodberar føre deg,

han skal rydja vegen for deg.

11 Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han. 12 Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg. 13 For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom. 14 Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma. 15 Den som har øyro, han høyre!

16 Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:

17 Vi bles på fløyte for dykk,

men de ville ikkje dansa.

Vi song syrgjesongar,

men de ville ikkje klaga.

Det kan vel vere at ein mann vert sentral i dette, ved at han går fram i same ånd og kraft som Elia. Men hugs at fordum talte Gud gjennom profetane, men i den siste tid talar han til oss gjennom Sonen.

Tre år er 1095 dagar, om vi adderer eit halvt år, 182 dagar, får vi 1277. Det høver ikkje med tre og eit halvt år, men er ikkje så langt unna. Det går litt lenger. Den øydande styggedomen er årsak til forbanning, åndeleg tørke, det går litt meir enn tre og eit halvt år før enden på det kjem. Det er tale om dagar og kva så? «Så gå du endetida i møte». Det er individuelt, det handlar om den einskilde sitt liv og åndelege utvikling. Den beste forklaringa finn eg ved å samanlikne med likninga om brurmøyane. Her også er det tale om nokre som er vituge og nokre som ikkje er vituge. Dei vituge er dei som vert ståande lengst på sin plass, så dei når fram til 1335 dagar. Sjølv om detter skulle vere dagar på ein prosess som skjer i samfunnet, så får det uansett ei slik individuell betydning.

Døyparen Johannes var «ein profet som Elia», han forkynte at Jesus har bruda og at han døyper med den Heilage Ande. Dette har eg skrive om her.

Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2023/10/20/ein-profet-som-elia-eller-den-falske-profet/

Høgsongen fortel om kjærleiksforholdet mellom kong Salomo og hans brud og det er førebiletet på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud. Han har kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er herren hennar brudgom og ektemann.

Apostelen Johannes tek over stafettpinnen etter Daniel.

Eg tenker meg at det også er ein profeti om at apostelen Johannes skulle ta over. Daniel møte med Herren liknar på apostelen Johannes sitt møte med Kristus.

Joh.Op.1,12 Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.

17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:

Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.

Vi må sjå Johannes Openberring på grunnlag av tidlegare profetiar og det er ikkje lett. Daniel fekk vite at profetboka var forsegla til endetida, så han fekk ikkje vite meir. Men apostelen Johannes fekk ta over stafettpinnen etter Daniel, for Lammet som var slakta, var verdig til å ta imot profetboka og opna det eine seglet etter det andre, så Johannes fekk nye profetiar om endetida. Så Johannes Openberring gir oss betre innsikt i tidlegare profetiar og blir ein fasit.

Det viser også at vi må audmjuke oss for Kristus slik som Johannes (Op.1) og lovprise Gud og Lammet slik som vi ser i Op.4-5, for å få openberring og innsikt i det.

Gled deg i Herren og gå framover mot det fullkomne.

Paulus lærde oss av vi skulle glede oss i Herren og gå framover mot det fullkomne.

Fil.3,1 Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve.

….

8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.

12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

20 Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar. 21 Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.

Fil.4, 4 Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.


Leave a comment