Contact

Eg har trutt på Jesus samtidig som eg har vore realist, sidan eg var ein gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbelrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men når eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Eg har allsidige interesser og vidsyn og du er velkommen til å kommentere artiklane mine. Eg håpar berre du vil vere ærleg og tenke konstruktivt, konstruktiv kritikk kan vere verdifull, når ein får tenkt seg om.

Eg må likevel innrømme det er noko eg ikkje er villig til å diskutere, på annan måte enn å prøve å få betre forståing av det. Ja, slik er det vel med den realfaglege søkinga etter betre forståing og kunnskap, men no tenker eg også på mi tru på Jesus. Og kvifor det? Jau, Gud lova Abraham at i han skulle alle folkeslag velsignast, den som velsigna han skulle verte velsigna. Denne lovnaden får vi oppfylt ved trua på Jesus og eg har positiv erfaring av å verte velsigna ved å tru på han, ta imot han og velsigne han. Det er ei subjektiv innstilling som soleis har vorte verdifull for meg, så det vil eg berre halde fram med. Han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning, så den skal nå andre menneske. Han talar til meg og seier velsigninga og då vil eg berre seie det som han seier, slik at eg seier den velsigninga. Om andre ikkje vil ta imot den velsigninga, så får dei svare for det sjølve. Eg vil berre halde fram med å vende meg til han og få oppleve at han velsigner meg og andre med meg. Men Gud skaper ved sitt Ord det som det nemner. Eg har sjølv fått oppleve at Gud gjer sitt verk i mitt liv ved sitt Ord og sin Ande, og det vil eg ære og takke han for. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Dette seier eg berre ja og amen til.

På menyen Sivert’s Speakers’ corner (tsivert.com) finn du referat frå kristne møte der det har kome bodskap gjennom tyding av tungetale. Eg får oppleve det som svar på bønn og seier med glede takk for dei svara eg får.