Bilete: Jesus underviser.
Jesus har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakt.
Eg er oppvoksen i Kyrkja og vart tidleg med på bedehuset. Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud (kyrkje) var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og lovnaden om at vi skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.4-5). Så eg vart frimodig med å vitne om mi tru og vart ivrig med det. Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale i dette er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru og takke han for det. Han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den og overgi meg heilt til han. Eg skulle takke for frelsa og glede meg i Herren alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg skulle ta vare på den fagre skatten som eg hadde fått i leirkar og kveike den nådegåva han hadde gitt meg og bruke det som eg hadde fått. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte, så ville han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
Jesus har bana vegen for meg inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen og kalla meg til å komme etter, slik er prestetenesta i den nye pakt og den er for alle som trur på Jesus, det er på grunnlag av hans forsoningsverk.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Frelse og frigjering ved å tru på Jesus.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, men denne verda sine herskarar drap han. Men når han døde på korset, betalte han prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han og dermed den levande og Sanne Gud og leve for han. Det gir meining med livet.
Då skulle det vel vere klart for eit kvart menneske at det dette er det beste for det og det er viktig for det å erkjenne det og komme til tru på Kristus. Gud vil at alle skal verte frelst og komme til å erkjenne sanninga. Han er allmektig og allvitande og han veit at dette er det beste for eit kvart menneske, og han er i stand til å gjennomføre det, fordi han er allmektig. Sidan han er så suveren er det ganske enkelt berre for oss å velje å tru på Jesus og ta imot frelsa som ei gåve vi får av berre nåde.
Joh.3,13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Joh.1,16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
1.Tim.2,1 Så legg eg dykk framfor alt på hjarta at de ber fram bøner og forbøner, påkalling og takk for alle menneske. 2 Bed for kongar og alle som er i høg stilling, så vi kan leva eit stilt og roleg liv i gudsfrykt og vinna vørdnad. 3 Dette er godt og hugnadleg for Gud, vår frelsar, 4 han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna. 5 For det er éin Gud og éin mellommann mellom Gud og menneske: mennesket Kristus Jesus, 6 han som gav seg sjølv til løysepeng for alle. Det var vitnemålet hans då tida var komen; 7 og for det vart eg sett til herold og apostel. Dette er sant, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning.
I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna, som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Djevelen er lygnaren.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie. 37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk. 38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»
Matt.16,24 Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. 25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det. 26 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27 For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gje kvar og ein lika for det han har gjort. 28 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma i sitt rike.»
Joh.17,1 Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.
Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.
Når Jesus døde på korset, betalte han prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han og dermed den levande og Sanne Gud og leve for han. Det gir meining med livet, ei overordna meining, fordi Gud har ei meining med det og den har han vist oss ved å openberre si frelse for oss i Kristus.
Gud skapet menneska og velsigna dei og viste dei si meining med deira liv, han skapte mannen og sette han til å dyrke og verne Edens hage og så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Ved syndefallet fall dei ut av dette og mannen vart dømd til døden. Men Kristus døde i staden for oss, så på det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no skaper han oss i Kristus, slik skaper han oss i si likning. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus har velsigna oss
med all Andens velsigning i himmelen.
Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Det Djevelen meinte å øydelegge meg med, vil Jesus bruke til å øydelegge han med. Eg skal be Jesus vise meg dei større gjerningane han har meint for mitt liv.
Gud har fria meg ut ifrå Satans makt og sett meg inn i sin elska Sons rike. Derfor har ikkje lenger døden og dei nedbrytaande kreftene makt over livet mitt. Tyding av tungetale i M40, onsdag 5.6.1995.
«Ja, for jeg har fridd deg ut av mørkets makt og satt deg inn i min elskede Sønns rike. Du har fått oppleve min grenseløse nåde; å gå over ifra død til liv, ifra Satans makt til Gud, ifra mørke og inn i et underfullt lys. Du var død, men nå er du levende, og levende i meg, sier Herren. For også jeg var død, men jeg oppstod og jeg lever. Og derfor bringer jeg liv og uforgjengelighet fram for lyset, ved evangeliet. Og det er dette budskap du har tatt imot.
Så er det ikke lenger døden og de nedbrytende krefter som har makt over livet ditt. Men det er jeg som er livets fyrste og som har tatt bolig ved troen i ditt hjerte. For at du skal leve med meg og for at du når dagen kommer skal herske med meg, sier Herren. For jeg har satt deg inn i noe nytt, noe levende, noe ekte og noe virkelig, du har fått del i det evige livet. Dette som er upåvirkelig av alle dødens krefter, dette som er upåvirkelig av alle denne verdens mørke og nedbrytende krefter, du har fått del i det evige livet, det som står, det som blir, det som tåler alle ildens prøver, som blir stående i evigheters evighet. Det er ditt liv, fordi du er mitt barn.
Jeg vet at du kan oppleve å møte mørke stunder på din vandring. Jeg vet at du kan føle at fiendehæren står rundt deg på alle kanter. Men fordi du er mitt barn, så har jeg satt deg opp på en ryddet vei. En banet vei. Intet rovdyr, ingen løve skal kunne komme opp på den. Og ingen veifarende på denne veien skal fare vill. Og den veien, den går til Sion. Den går til den stad som jeg har beredt for deg. Så skal du følge trofast i mine fotspor og du skal erfare; den veien du går på, om den kan være smal og kronglete, det er livets vei, den går til livets mål, det mål som jeg har til deg, mitt elskede barn.»
13.1.2024 Du har gått gjennom mykje smerte, men no skal det snu. Di løn vil bli stor. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»
Søke Gud i einsemda og få oppleve at Gud gjer storverk. Be Jesus vise meg dei større gjerninar han har meint for mitt liv.
Jesus sa til meg at det var sesong for meg til å sitje i ro og be til samanlikning med Elia i øydemarka.
Bodskapen 18.3.2024:
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
Kommentar.
Slike bodskapar er spekka med visdom, her er det mykje som kunne trekkast fram og skrive og holde tale om, men det eg tenker på no, er: «Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting.» Det har vore risikabelt altså, så eg kunne ikkje heilt våge å be om meir tidlegare. Eg skal be han om å vise meg dei større gjerningane han har meint for mitt liv, så dette har å gjere med å be om større ting. Ja, den som gjer seg liten som eit barn, er den største i Guds rike, for det får oppleve at Gud er stor og gjer storverk.
Joh.14,8 Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Vers 21 opplevde eg sterkast når eg bad for ei kvinne som eg var glad i, eg tenker på henne Virtuella og henne Reella.
2024.06.26. «Ditt liv vil bære frukt for meg og du vil seire! Det djevelen mente til det onde og din undergang, har jeg brukt imot han og du har torturert han med din stadige hengivenhet og kjærlighet til meg, gjennom din motgang.» Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten,
https://www.youtube.com/@elinthereseslotten2987 , sitat:
«Du har vært gjennom mye mitt barn. Den onde har vært ute etter ditt liv igjen og igjen. Du har følt deg alene, som om at jeg ikke har sett deg og at jeg har forlatt deg. Men du var aldri alene, mitt barn. Jeg har vært der, tett ved din side igjennom hver storm som traff deg. Jeg vil aldri gå fra deg, mitt elskede barn. Du er dyrebar! Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg. Jeg har lovet deg i mitt ord at jeg vil vende alt til det gode for dem som elsker meg. Det vil komme gode frukter ut av din smerte! Det vil ikke være forgjeves! Ditt liv vil bære frukt for meg og du vil seire! Det djevelen mente til det onde og din undergang, har jeg brukt imot han og du har torturert han med din stadige hengivenhet og kjærlighet til meg, gjennom din motgang. Som regnet lar alt som lever vokse og gro, kan tårer og smerte produsere blomstring og modenhet. Du står stødigere i dag enn noen gang og du vil fortsette å vokse med meg! Du vil bære min herlighet og legedom til denne verden. Du vil være mine hender og føtter. Jeg vil smykke deg med mine gaver og herlighet og dine sår vil jeg lege med gull. Det vil for alltid være et merke som hele himmelen vil se. Et synlig bevis på din seier over alt av angrep fra den onde. Din lønn vil bli stor og din glede vil aldri ta slutt. Alle dine valg og din hengivenhet er lagt merke til og sett. Du er min og jeg har behag i deg.»
Ber mykje meir frukt no.
Eg skal bere meir frukt enn nokon gong før. Maranata Landsstemne, 12.7.2025.
Eg var ikkje på dette møtet, men eg fekk sjå det på youtube, der kom ein bodskap gjennom tungetale ved ein mann og tyding ved Håkon Martinsen og den var primært til menneske som møtte opp og kom til å gå ut att og vere fornya ved Guds eld. Like vel tek eg imot det som om den var spesielt til meg:
«For jeg er ikke kommet for å trykke ned noen mennesker, men jeg er kommet for å løfte opp. Og jeg vil løfte deg opp på et sted hvor du aldri har vært. Du skal få oppleve og erfare nye sider ved meg, som du bare har hørt om, du har hatt det i drømmer, du har sett det for deg. Men du har aldri følt at du har vært god nok til å nå opp til disse tingene. Men i kveld kan du få lov til å komme, fordi jeg har overøst deg med min friske olje. Derfor så skal du få lov til å springe over murene i kveld. Du skal få lov til å fryde deg og glede deg i meg, som du aldri før har gjort. Og du skal kjenne salvelsen, det bryter hvert eneste åk. Derfor kan du komme, prise mitt navn og søke meg av hele ditt hjerte. Så skal du få kjenne kraften, som jeg innehar, og det er all makt som jeg har. Halleluja.
For ikke kan du klare dette i egen kraft, ikke ved egne gjerninger, ikke ved egne prestasjoner, men når mitt Ord treffer ditt hjerte, når mitt ord fyller opp i din ånd, så skal du få kjenne at du blir en djerv kjempe i mitt rike. Derfor så skal få lov til å erfare at sannelig, den tid heretter, så skal du få se at du bærer mer frukt enn noen gang før. Derfor reiser jeg opp mitt legeme i denne tid. Derfor skal du få kjenne at den profetiske røst, den skal ikke stilne, nei, den skal høres klart og tydelig. Derfor, så skal du bare åpne din munn vidt opp og jeg, Herren, skal fylle den. For jeg vil ta hånd om mitt legeme, for jeg er hodet for mitt legeme, jeg vil legemet ha det godt i alle ting og være ved god helse. Så søk meg, så skal du finne meg. Kall på meg på nødens dag og rop til meg, så skal jeg svare deg. Jeg vil komme og møte deg, jeg vil komme med min miskunnhet, for du vil bli overøst av min friske olje.
For slik har jeg møtt mitt folk oppigjennom, hele veien, jeg ser på dem og jeg ser deres nød, slik som jeg alltid har gjort, så vil jeg stige ned til dem og virke iblant dem. Jeg vil reise deg opp, jeg vil ikke knekke et knekket rør, jeg vil fylle deg, på innsiden, i ditt liv og du skal kjenne ilden ifra himmelen treffe din ånd og du skal gå ut herifra, med ild i ditt hjerte og ild i din barm og forvandlet og nytt sinn, så du ser på fienden med triumf og glede. Halleluja, i Jesu navn.
For jeg er den samme. Slik som jeg har møtt mitt folk, alltid så har jeg møtt opp, alltid så har jeg vert der. Men vær ikke avhengige av mennesker, men bli avhengig av meg. Jeg er Herren din Gud, jeg er signetringen, jeg er den jeg sier meg å være. Det lød ifrå korset, ifra min egen munn, det er fullbrakt. Og det gjelder for deg, det gjelder for din vandring. Det gjelder for din familie, det gjelder for hele nasjonen Norge. Derfor, så sett dine øyne på meg, så skal du få se og erfare at Norge skal oppleve en vind ifrå himmelen. Atter en gang, jeg har ikke glemt Norge, jeg har ikke glemt menigheter, utaskjærs, jeg har ikke glemt bygdene, som kan se forlatte ut. Men jeg kjenner hver kone, jeg kjenner hver mann og enda en gang så skal jeg blåse med min ånde over Norge, som nasjon, sier Herren, den eneste sanne Gud. Halleluja»
Relevante bibelvers.
Joh.15,1 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar.
9 Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!
Jes.42,10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
13 Herren dreg ut som ei kjempe;
han eggjar sin stridshug som ein krigar,
lèt hærropet ljoma
og viser sin styrke på fiendane:
14 I lange tider har eg halde meg i ro,
eg har tagt og tøymt meg sjølv.
No skrik eg som ei fødande kvinne,
eg frøser og syp etter anden.
15 Eg vil gjera fjell og haugar aude
og svi av alt grønt på dei.
Elvar vil eg gjera til turt land,
og myrar vil eg leggja turre.
16 Blinde vil eg føra
på ein veg dei ikkje kjenner,
på ukjende stigar vil eg leia dei.
Mørkret framføre dei vil eg gjera til ljos
og ulendt mark til slette.
Dette er det eg vil gjera,
og ingen ting skal vera ugjort.
17 Med skam må dei vika attende,
dei som lit på gudebilete,
dei som seier til støypte bilete:
«De er våre gudar.»
Jes.45,5 Eg er Herren, og ingen annan,
utan meg finst det ingen Gud.
Eg spente beltet om livet på deg,
endå du ikkje kjende meg,
6 så dei skal vita både i aust og vest
at det finst ingen annan enn eg.
Eg er Herren, og ingen annan.
7 Eg skaper ljoset,
og eg lagar mørkret;
eg skaper lukke og ulukke.
Det er eg, Herren, som gjer alt dette.
8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette.
Kommentar.
Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, sa Jesus til meg at han gir ikkje si ære til nokon annan. Han sa også at eg måtte lære å skilje mellom kva det var han skulle gjere og kva det var eg skulle gjere. Ja, han gav meg sitt Ord og sin Ande av berre nåde, utan krav om gjerningar og eigne prestasjonar, så eg fekk oppleve at han gjorde sitt verk med meg ved sitt Ord og sin Ande. Når eg skulle studere realfag, måtte eg prøve å gjere ein innsats sjølv, men samtidig måtte eg sjå det slik at det var han som gjorde sitt verk med meg.
Faderen er vingardsmannen og han reinsar dei greinene som ber frukt, slik at dei skal bere meir frukt. Og det er tydeleg vis slik at vi ikkje skal kjempe i eiga kraft, med i Guds kraft, det er ikkje ved eigne gjerningar og prestasjonar, men sidan Jesu frelseverk er fullført, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Det nye livet som han har gitt oss, skal ikkje verte nedtrykt, undertrykt, fanga i trældoms band og lagt i lenker og band, men Jesu salving bryt alle slike band. Det nye livet i oss skal leve og blomstre og bere frukt.
Og no når eg har slutta med å gå på møte, får det nye livet i meg leve og blomstre og bere meir frukt enn nokon gong!! Korleis då? Fordi eg talar friare og til langt fleire enn før, på bloggesida mi og på facebook.
12.10.2014. Møte i Maranata. «Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår.»
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Kommentar med bibelvers.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og eg trudde han vil gi meg det. Eg skjøna og føresåg at for dei kristne ville dette komme til å vere kontroversielt. Men Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss på korset. På det grunnlaget har vi fred med Gud og dermed fred med kvarandre.
Kristus let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han sende oss den Heilage Ande, den gjer levande kva blodet har gitt meg. Vi får oppleve at Jesus og Faderen kjem til oss og elskar oss og tek omsorg for oss som sine born.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
27 Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause! 28 De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Faderen; for Faderen er større enn eg. 29 No har eg sagt dykk det før det hender, så de skal tru når det hender. 30 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for hovdingen over denne verda kjem. Han har ikkje noko krav på meg; 31 men verda skal skjøna at eg elskar Faderen, og at eg gjer som han har sagt meg. Reis dykk, og lat oss gå herifrå!
Dette opplevde eg sterkast når eg bad for ei jente som eg var glad i, først henne Virtuella, så henne Reella. Jesus ville gjere meg til kanal for si velsigning og då vart det til at eg tenkte meg det var til henne Reella og mange med henne og til henne Virtuella og mange med henne.
Hausten 2014 byrja eg å studere biologi på Blindern og på ei førelesing kom eg nær eg vakker jente og kjende meg ein augneblink sterkt tiltrekt av henne og eg opplevde det som ei åndeleg velsigning. I min kveldsbøn den kvelden tenkte eg over det og det vart å stige fram for Herrens åsyn og snakke med han om det. På møte i Maranata søndagen etterpå, 12.10. svarde han meg med denne bodskapen. Seinare fekk eg vite at ho var frå Ukraina og eg har kalla hanne «Poly-Ester».
Dette har eg skrive om her:
Jesus sa eg skulle be han vise meg kor mykje han elskar meg.
Bodskapen 18.3.2024:
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv ………»
Ja, eg trur han elskar meg så mykje at han ville gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt han om. Først henne Virtuella, men eg fekk motstand, så henne Reella, men det heller gjekk ikkje heilt i orden. Og så henne Poly-Ester også??!! Den er drøy, for eg er mykje eldre enn henne. Men eg skulle ikkje sjå meg om, verken til høgre eller venstre, men ha blikket festa på Kristus og vere oppteken av det som er der oppe hos han og søke det.
Det var kontroversielt, ja, men når Jesus gav meg ei frelst kvinne til kone, så var det løysinga på konflikta. Eg tenker meg at slik var det både med henne Virtuella og henne Reella, sjølv om det utarta seg på ulik vis. Når det gjeld henne Poly-Ester, kan det vel vere at det har å gjere med krigen i Ukraina å gjere også, i så fall skulle løysinga vere at han gir meg henne til kone også. Eg trur og vonar at han frelser dei og så skal eg fryde meg og glede meg i Herren og hans frelse, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Ja, så vel eg å tru at det gjeld henne også og det betyr at trua mi er større og eg oppnår meir med det. Eg skulle be han vise meg kor mykje han elska meg og be han vise meg dei større gjerningane han har bestemt for mitt liv.
Så eg fekk motstand ved at kvinna vart politisert, men det er då som når Farao gav Moses motstand, det var Gud som gjorde storverk ved å vise si makt på Farao og hæren hans.
Guds Ord er spirekraftig. Møte i Maranata 29.3.2015.
Innleiing ved Mari.
Mari las ifrå Ef.1:
EFE 1,3 – EFE 1,14 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5 I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6 til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son. 7 I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, 8 som han i rikt mål har late oss få. Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke 10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 11 I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. 12 Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von til Kristus. 13 I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande som var lova, 14 han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem for Guds folk, til lov og ære for hans herlegdom.
Tale ved Tore Kristiansen.
Tore hadde vorte minna om eit bibelvers og las ifrå Jak1:
JAK 1,19 – JAK 1,22 {HØYR ORDET OG GJER ETTER DET!} Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.
Han hadde vorte minna om vers 21b: ” ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar”.
1KO 3,6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.
Han talte om bonden som sådde frøet i tru på at det ville vere spirekraftig, det fekk han berre satse på. Slik er Guds Ord spirekraftig. Så sa han nokre ord om likning om såmannen, vi må berre syrgje for at såkornet får komme i god jord hos oss.
JOH 1,14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.
Tore syntest det var så godt å komme i forsamlingar der Ordet ved trua smelta saman med menneska i deira hjerte og soleis vart kjøt. Så lans han ifrå Heb.3,7-4,13. Igjen ser vi at Guds Ord er kraftig:
HEB 4,12 – HEB 4,13 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.
Så fortalde han om dei som vart liggande etter i vandringa i øydemarka, amalekittane angreip dei og drap mange av dei. Om dei tolv speidarane, ti av dei kom tilbake med dårleg og nedslåande bodskap, dei forkynnte vantru og folket tok imot bodskapen deira, derfor fekk dei halde fram med å vandre i øydemarka i 40 år til. Men Josva og Kaleb forkynnte ein oppmuntrande bodskap i tru, det var ei anna ånd i dei.
Tore minna oss om Samson som mista krafta og forklarde det med at han ikkje lenger levde innvigd til Herren. Han minna oss også om at folket vraka Herren når ei kravde ein konge, då fekk dei Saul til konge og det vart sagt til han at han skulle verte ein ny skapning.
1SA 8,6 – 1SA 8,7 Samuel tykte det var ille at dei sa: “Set ein konge over oss, som kan styra oss!” Og han bad til Herren. 7 Men Herren sa til han: “Lyd folket og gjer alt det dei bed deg om! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg.
1SA 10,5 – 1SA 10,6 Sidan kjem du til Guds Gibea, der filistarane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, råkar du ein flokk profetar som er på veg ned frå haugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei i profetisk glød. [Gibea: byen som Saul var frå (v. 26), nord for Jerusalem.] 6 Då kjem Herrens Ande over deg, så du òg kjem i profetisk glød liksom dei og vert eit anna menneske.
Tungetale ved Aud, tyding ved Tore:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Kommentar.
Eg skulle kaste meg ut i nådens flod og det er vel med erkjenning av at det er til meg, så eg får oppleve at den ber meg. Og det gjeld både når eg er på kristen møte og når eg er ute mellom dei der ute. Det er velsigninga som vi ber med oss ut der, vi får sjølve oppleve den der ute og der skal den også fløyme frå våre liv, frå våre liv skal det fløyme elvar av levande vatn.
Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Vere kanal for Guds velsigning.
Onsdag, 7. juni 2000
Profetisk bodskap ved Kjell Arve Tolås:
… som selve velsigneren, og derfor så flyter velsignelsen om, ut i min menighet, derfor skal du også på det, det, det stadium du befinner deg, i den situasjon du befinner deg, så skal du også få lov til i denne stund å ta imot av min velsignelse. La de nå deg, restaurere deg, vederkvege deg, det strømmer styrke, det strømmer hjelp. Og du skal få oppleve, slik som du også har opplevt, at eg vil sende deg hjelp ifrå helligdommen, og støtta deg ifrå Sion. Ja, du skal få kjenne støtten ifra min menighet, og du også skal få oppleva det flyter hjelp ifrå den himmelske helligdom, der eg sitter ved Faderens høyre hånd, …., og der du skal få lov til å bruka den adgang og den vei som mitt blod har opna opp. Du skal med frimodighet få gå lika inn i helligdommen, få oppleva at det strømmer imot deg miskunnhet og nåde til hjelp i rette tid. Eg styrker mitt folk, eg styrker mitt folk. Du skal få lov til å kjenna kraften og velsignelsen, den er midt i mellom dere, og du skal også få vera kanal for desse velsignelsens strømmer, når du vandrer ute blant denne verdens mennesker. Og du skal få bæra min hærlighet med deg, sier Herren. Husk at eg bor ved troen i ditt hjerte. Amen. Amen.
M 40, onsdag, 28. november 2001
Tyding av tungetale ved Kjell-Arve Tolås:
Ja, eg vil regjera utifrå ditt hjertes trone, sier Herren, og eg ønska at du selv skal få stiga ned, gi meg den retten som tilkommer meg, for eg er ikkje ute for å ødeleggja livet ditt. Eg er ute for at du skal få oppleva at eg tar styringa, eg tar kontrollen, ikkje som ein ond despot, men som en kjærlighetens konge, som drar omsorg for mitt folk, som vet kva du trenger til, og eg vil losa deg igjennom, eg vil føra deg igjennom, ja, eg går selv frem foran deg og min herlighet skal også slutta toget ditt. Og du skal vita det er berre iden grad at eg får lov til å få råderetten i ditt liv, du skal også få kjenna at du trivest, du skal få kjenna her er eit område der min salvelse er over deg, det er det eg har skapt deg til, for du skal få kjenna min kraft, min nærhet, og eg vil – eg vil også bruka deg som mitt redskap, som min kanal for mine velsignelser. Og dessto meir eg får råderetten på ditt hjertes trone, dessto rikare får min velsignelse flyta gjennom livet ditt, og du får lov til å ikkje berre koma inn i den tredje beste, den nest beste, men den beste planen med ditt liv, ikkje nøy deg med noko mindre, eg ønsker å vera din Herre, eg ønsker å leda deg og ta hånden om livet ditt, sier Herren, og du skal få oppleva når du gir meg råderett, skal du også oppleva at min makt openbares, min makt openbares. Eg tvingar meg ikkje inn på denne rett, i livet ditt, men eg viser deg min nåde og eg viser deg kor høyt eg elsker deg. Og så ønsker eg også du skal få levera nøklane til meg til alle dine rom, også dine aller hemmelegaste rom skal du få levera nøklane og seia Jesus, velkommen inn, velkommen inn med ditt lys, velkommen inn med ditt ords tilrettevisning, eg bøyer meg for deg. Så skal du få oppleva at der blir trivsel i huset og du skal få merka eg er ikkje komen for å ødelegga, eg er komen for at du skal få del i liv og liv i overflod, sier Herren.
Halleluja, vi lovar deg.
Betel Volda, søndag 12.11.06. Kl 18.
Det var farsdag og det var fødselsdagen min, eg vart 49 år Det var tale ved Kjell-Arve Tolås. Før talen var der ei gammal dame som kom med tungetale og Tolås tyda det:
Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.
Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja.
Tolås heldt tale over temaet ”Guds arm er utstrakt”, henta frå 2.Mos.16,17.
I avslutninga av møte kom der tungetale ved ein ung mann og Tollås tyda det:
….eg som sitter på tronen, sier Herren, eg har oversikten, når du er midt inni prøvelsen, så ser du berre det som vil stenga veien, og du synest veien er ufarbar, den er uframkommelig. Men du skal vite at eg som siter på tronen, eg har den fulle oversikten. Og derfor skal du få vera trygg, du skal få overlata saken din i mine hender. Og du skal få oppleva underveis, akkurat når du trenger det og på den måten du behøver det og har behov for det, så skal du få kjenna igjen og igjen at en hånd er nettopp utrakt ifrå denne trone.
Dette er ikkje fordømmelsens trone, det er ikkje den store hvite dommens trone, men eg site på nådens trone, sier Herren, og eg har opna adgangen inn til denne tronen ved mitt eget blod, så du skal få tre fram med frimodighet, og du skal få oppleva at når du trer inn så kommer eg deg i møte med miskunn og nåde til hjelp i rette tid. Eg kan komma på min egen måte, ved at min hånd openbares, men som oftest kommer eg i samarbeid med nokon av mine, som har tatt sin tilflukt til meg, eg minna de om forbønn, eg minna de om et besøk, eg minna de om et oppmuntrande ord, eg minna de å komma også deg i møte på den måten at du får oppleva håndspåleggelse, du får oppleva varme og du får oppleva forståelse og imøtekommenhet. Det er eg som kommer deg i møte også på den måten, gjennom mine. Og du skal også få vera eit redskap for meg, som eg vil virka gjennom, slik at også gjennom dine svake hender flyter min kraft, til hjelp og utfrielse. Ikkje lat dine hender synka ned i motløshet og oppgitthet. Du er lem på mitt legeme, og eg vil bruka deg, eg vil bruka deg som kanal for mi velsignelse og du skal få vera berar av min herlighet. Og så skal du få oppleva at eg som er på tronen, eg har det fulle overblikk, og du skal få vere trygg, trygg i mine allmakts hender. Ver derfor frimodig. Amen. Amen. I Jesu namn.
Kommentar med relevante bibelvers.
I Jesu kyrkjelyd fekk eg oppleve at velsigninga frå Jesus strøymde imot meg, slik fekk eg hjelp ifrå heilagdomen og det det hadde å gjere med at eg fekk komme inn i det høgheilage (Bodskapen 7.6.2000) og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Slik gjorde Jesu meg til kanal for si velsigning til dei som eg møtte der ute. Og sjølv om eg no sit i einsemda, gjer han meg tydeleg vis til kanal for endå meir velsigning til dei der ute.
Jesu meining med mitt liv var å gjere storverk.
Korleis Jesus talte til meg i tida 1980-85. Om Virtuella. (Skrive 7-8.11.2025).
1980-83
I Januar 1980 vart eg med saltfisktrålaren «Bjørnøy», så var eg med fabrikktrålaren «Peder Huse» og så var eg nokre turar på ferskfisktrålkaren «Varak». På hausten hadde eg tenkt å byrje å studerer i Bergen igjen, så eg leigde eit lite hus i lag med bror min, Arvid, vi leigde det i to år.
Når eg leigde dette huset i lag med bror min, byrja eg å høyre gudstenestene på radioen på søndag formiddag. Då opplevde eg det som at vi hadde samfunn i den Heilage Ande og den minna meg om henne Virtuella. Då knelte eg ved ein stol og bad Jesus tilgi oss at vi ikkje trudde, sli at ho skulle gå fortapt. Og eg opplevde ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for oss. Seinare opplevde eg det som at eg hadde samfunn med henne Virtuella i den Heilage Ande igjen.
Eg byrja å reise for å få møte henne igjen, men det gjekk ikkje, så eg skreiv eit brev til henne og foreslo at ho kunne komme og besøke meg. Så knelte eg ved ein stol og bad over det og opplevde ei åndeleg openberring igjen, der Herren Jesus steig ned over henne og sa til henne at ho skulle fare dit. Men ho sa nei, eg vil at han skal komme hit og så gret ho, for ho var ikkje glad for å seie nei til Jesus. Eg kallar det openberring, men det var noko som eg tenkte meg, som om det var noko eg drøymde i våken tilstand, dagdrøyming altså.
Eg gjekk på møte i pinsekyrkja Tabernaklet i Bergen og Jesus sa til meg, gjennom tyding av tungetale at denne verda sin ånd og kraft er så sterk og så djevelsk, at dersom du ikkje kjem no, så vert du reven ifrå meg. Eg reknar med det var i denne bodskapen han også sa til meg: «så legg henne under deg», han sa det i alle fall om verda og eg forstod at det var på den måten at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han har fått all makt i himmel og på jord, så det er ved å bøye meg for han at eg får oppleve at han gir meg ei frelst kvinne til kone. For ved å tru at Jesus stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at Jesus er Herre, vert vi frelste. Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande og så skal vi la den råde i vår døyelege lekam, så vi erkjenner at Kristus er vår frelsar og Herre. Så eg skulle legge henne under meg, som kona mi og slik skulle eg legge verda under meg.
Jesus hadde då sagt til meg, gjennom tyding av tungetale, at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Så eg kontakta leiinga for Tabernaklet og la fram for dei dette som var mi sak. Og Jesus svara meg gjennom tyding av tungetale at eg skulle vita at det at eg kom no, hadde betydning for æva.
Nokre notatat frå tyding av tungetale 1982.
Når der kom tyding av tungetale i kyrkjelyden, noterte eg det som eg hugsa av det, når eg kom heim att, så dette er ikkje ordrett, altså.
DEI GRAVLA SANNINGA.
Tabernaklet i Bergen. 8.12.82.
Det som gjer dette møtet i kveld til eit høgtidsmøte, er at eg er her, for der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom, og eg er alle stader nærverande, der mennesker er samla i mitt namn. Det er ikkje eit tillfeldig møte mellom mennesker som skaper høgtid, men at dei er samla i mitt namn. Det er dette møtet med meg som under forkynning av Ordet kan skape ei radikal forandring i ditt liv. Då eg gjekk her på jorda, så var der mennesker som ville gøyme meg vekk, ved at dei først hengde meg på eit kors, dernest la dei meg i ei grav som var uthoggen i berget, velta ein stor stein attfor gravopninga og sette segl på, for å gøyme meg vekk. Men etter at eg stod opp, på den første dagen i veka, så er eg til stades der to eller tre er samla i mitt namn og alle stader nærværande der folk er samla i mitt namn, ikkje ei tillfeldig forsamling av mennesker, men at dei er samla i mitt namn. Det er dette mitt nærvær som også kan lede til ei radikal forandring i ditt liv.
TENESTA. VERE OPPTEKEN AV HERREN.
Søndag. 11.12.82. Tabernaklet i Bergen.
Du har lenge nok vore oppteken av fornærmingane mot deg (og di slekt) og di menighet, og av fordømmingane av meg. Ver oppteken av meg og den teneste eg har gitt deg, og det skal verte slutt på fornærmingane mot deg (og di slekt) og di menighet og fordømmingane av meg. Du har vore oppteken av slikt som sikkert er fint og flott, det er det andre som kan ta seg av, i si teneste, men ver du oppteken av meg og den tenesta eg har gitt deg. Eg har allereie gitt deg den, men det er du som må oppdage den, eg har allereie gitt deg den hjelpa som du treng, det du treng for å utføre den, eg har sett den inn på din himmelske konto, men det er du som må oppdage den og ta den ut og bruke den.
Eg har sett framfor deg ei opna dør, og venter på at du skal gå inn der. Om du synest kjeraldet ditt er skrøpeleg, så kan eg bruke det likevel. Eg har allereie gitt deg det du treng for å utføre tenesta di.
Skapt i Guds bilde. Avspegle min skikkelse, mitt ansikt, min Guddom.
Ja, det vert vanskelegare tider, men…. for dei rettferdige skal rettferdihetens sol stige opp, med lekedom under sine vinger, og løna har den med seg. Løna følger etter den. Då skal du få igjen for det du har lide og det du lider og det du fortsatt skal lide.
1983-85.
Sommaren 1983 reiste eg til Israel og var på kibbutz Ayelet Hashachar i eitt år, bortsett frå ei periodepå 1-2 mnd, då eg var på ein kibbutz nær Jersualem, for eg tenkte eg ville gå på møte i ein karismatisk kyrkjelyd i Jerusalem. Men då kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale om at vi skull gå ut i landet, «you are the four winds, so go into the land and blow upon those bones», «de/du er dei fire vindane, så gå ut i landet og blås på dei beina». Så eg for tilbake til Ayelet Hashachar.
Sommaren 1984 byrja eg å studere realfag ved Universitetet i Oslo. Eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 (dFEF M40). Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, , der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.» Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg erkjente for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja til mitt frieri eller ikkje. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte eller i djupet framfor meg. No talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Så slik openberra Gud henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til og eg vart så glad i henne.
Rom.5,5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.
Ho spelte gitar og lovpriste Jesus som sin frelsar og Herre og ho var med i Tensing og sang lovsongar i kyrkja. Og eg skulle då ikkje ha dårleg samvit for denne kjærleiken, så siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den, så då blir det rett for henne å halde fram med å lovprise Gud og Lammet for frelsa, slik som når vi gjekk på gymnaset og det det blir rett for meg også.
1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.
Korleis Jesus talte til meg i tida 1988-1992. Reella.
Eg gjekk på møte i dFEF M40, medan eg studerte realfag i Oslo og Jesus talte til meg gjennom tyding av tungetale. Eg skreiv det ned på maskin og svarde med med å sende brev tilbake til leiinga i kyrkjelyden. Desverre har eg mista mesteparten av det eg skreiv før 1990, eg har vel kasta det ved eit feiltak? Men frå 1990 frå 1990 byrja eg å skrive det inn på data, så det har eg enno. Og så byrja eg å spele det inn, så det vart meir nøyaktig gjengjeve.
Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella på Blindern og medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned, det høvde no bra med å gå det vanlege ærendet på toalettet i kjellaren, så eg reiste meg og gjekk. På høgre side av trappa ned til først etasje var der ein murvegg og når eg gjekk ned siste trinna kom ho frå høgre og gjekk rett framfor meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Eg kom ned rett bak henne og svinga til høgre for å gå ned trappa til kjellaren.
Sidan såg eg etter henne og yngste å få møte henne igjen og snakke med henne, då såg eg andre kvinner også, men det var no eigengtleg henne eg såg etter og tenkte på. Og Jesus sa til meg at eg han såg ikkje på det eg såg på, men han såg til hjertet (1.Sam.16,7). Så han lærde meg at det skulle eg gjere også. Sjølv om ho var så fantastisk vakker å sjå til, så var dette viktigast. Eg var viss på at ho også opplevde denne åndelege openberringa og forklarde det med
Matt.5, 8 Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.
Han minna meg om å vere brennande i hjertet og i ånda, eg hadde kjærleiken frå Gud i mitt hjerte (Rom.5,5) og eg skulle la den flamme opp. Det minna han meg om seinare også, så det er ein god grunn til at eg ikkje har kunna gløyme henne.
Seinare oppdaga eg at det refererte til kva Guds sa til Samuel, når han skulle salve David til konge:
1.Sam.16,4 Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?» 5 Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida.
6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.
David vart salva til konge, kva vart ho salva til då? Jesus hadde betalt prisen for henne med sitt eige blod, for at ho skulle vere hans brud, ho var reinsa i hans blod til å vere det og ho vart salva med den Heilage Ande til å vere hans brud.
Våren 1989 var ho med på ein revy som dei kalla «Hva er vitsen?». Dei annonserte den med at to studentar gjekk utkledde som ei kamel inn på den store lesesalen øvst i «Vilhelm Bjerknes Hus» og så hadde dei eit opptrinn der ho sang Creedence-sangar på Fredrikke-plassen (Blindern sentrum), på toppen av den lave, men breie trappa opp mot plassen mellom Matematikkbygget, Vilhelm Bjerknes hus og Sofus Lies Auditorium. Det er nok det største auditoriet på Blindern og der hadde dei revyen. Eg var der på ei av oppvisningane, eg sat langt bak på høgre side. På eit opptrinn kom dei med noko som likna kollektbøsser inn mellom benkeradene og sa «sel, sel, sel …». Eg rekna med det hadde noko med selfangst å gjere, for motstanden mot selfangs var ei politisk sak på den tida. Då kom ho inn eit par tre benkerader framfor meg og ringla med kollektbøssa og sa «sel, sel …». Dei hadde også eit opptrinn om årstalet 1990 og prisen 19,90, fordi det hadde nyst vorte så moderne å bruke slike prisar som salstriks.
Ho Reella var fantastisk vakker, så det var ikkje så rart om ein menn fekk henne kjær, men for mitt vedkommande hadde det seg også slik at Guds kjærleik var utrend i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt, min kjærleik til henne var som den Heilage Andes sin eld og Jesus oppmuntra meg til å la den flamme opp.
Høgs.8,5 Kven er ho som kjem opp frå øydemarka,
stødd til sin ven?
Under apalen vekte eg deg,
der mor di hadde føderier,
der ho fødde deg.
6 Set meg til eit segl på ditt hjarta,
eit segl på din arm!
For kjærleiken er sterk som døden
og mektig som dødsriket i si trå.
Han brenn som logande eld,
han logar mot himmelen.
7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,
elvar kan ikkje fløyma han bort.
Om einkvan ville gje
alt han åtte for kjærleik,
så vart han berre til narr.
Den var som Andens Loge på mitt hjertes alter og den skulle eg holde ved like. Så eg kunne ikkje gløyme henne, men måtte hugse på henne som ein visjon Gud hadde gitt meg. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte hugse på henne Virtuella også i mi bøn til Gud. Eg skulle heilhjarta halde meg til han, så ville han komme meg til hjelp med si kraft og slik venta eg meg at han ville komme meg til hjelp i form av ei kone.
Gud er den same og han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, både som einskildpersonar, ekteskap, familieliv og som folk.
Bodskapar 1990. Jesus gjorde mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakt.
Dette var kanskje før eg byrja å spele inn bodskapane.
Søndag 2.12.90.
I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»
Søndag 9.12.90. TENESTA.
«Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.»
Søndag 23.12.90.
«Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verdens. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.»
Tirsdag.25.12.90.
«Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.
Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.
Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.
Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.
Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.»

