Biletet: Elon Musk sa at Charles Kirk vitna om lyset, derfor vart han drepen av mørket.
Innleiing.
Kor mange er det i kyrkja som veit kva dåpen er for noko?
Når det vart strid i den kristne kyrkjelyden, spurde Paulus kven dei var døypte til, var det Paulus, Kefas, Apollos eller Kristus? Det må vel vere eit svært så aktuelt spørsmål, når vi no ser all denne striden i den kristne kyrkja og som heng saman med strid i samfunnet og mellom nasjonar.
Eg har fått inntrykk av at det er mange i kyrkja som enno ikkje har forstått kva dåpen er for noko, sjølv om dei har konfirmasjon, konfirmantane vert ikkje spurde og dei kjem ikkje med noko vedkjenning. Kor mange i kyrkja er det som veit at det symboliserer gravlegging av den gamle vonde naturen og at den nye naturen vert oppreist i oss i kraft av Jesu oppstode frå dei døde. At det betyr frelse og å gå over frå mørket til lyset?
1.Pet.3,21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode –
1.Pet.3, 21 det som no og frelser oss i motbiletet sitt, dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda,
Men det har seg altså slik at vi vert opplyste av Guds Ord.
Mi bøn, mi sak og mi presteteneste.
Eg har bed Jesu gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ein liten gutunge og eg trur han har høyrt mi bøn og vil gi meg det, så for meg er det ein frigjerande bodskap både til meg sjølv og henne og den same glade bodskapen har vi å forkynne til andre også. Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/06/09/ny-tid-23-gud-skaper-noko-nytt-fra-generasjon-til-generasjon-og-har-ein-svaert-sa-langsiktig-plan-med-det-for-tid-og-aeve-han-sa-til-israels-folket-sja-eg-gjer-noko-nytt-merkar/ :
Mor mi brukte å be kveldsbøna i lag med meg og bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for bygdafolket, ja, heile folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
………
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svar meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru. Han er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Jesus sa eg skulle overgi meg heilt til han og eg forstår det slik at eg skal la han ta seg av mi sak fullt og heilt og gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt han om.
SITAT SLUTT.
Framstille kyrkjelyden som Jesu blodkjøpte og salvevigde brud. Sions dotter er Jesu brud, det er identiteten til kyrkja som er hans brud.
Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Det er Gud som gjer sitt verk og det er fullkome, Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så vi må ære og takke Gud og Lammet for det.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har sagt han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg sjølv heilt til han. Javel, så soleis gjer eg felles sak med han og innstiller meg på å framstille både henne og kyrkjelyden for Kristus, som ei rein møy. Hans sak er at hans kyrkje er og skal vere hans blodkjøpte og salvevigde brud og verte framstilt for han som ei rein brud. Då er det og blir det også ho som framstiller seg sjølv for han slik.
Kristus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han lever i oss, så når han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone er og blir det han som lever i meg og som elskar henne som si brud gjennom meg.
Vi skal framstille kvinna og Jesu kyrkje for Kristus som ei rein brud. Og han kalla Sions dotter til å frigjere seg frå lenkene om halsen og komme ut av mørkret, til å komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Så slik skal ho følgje opp med å framstille seg sjølv for Kristus som ei rein brud, det er identiteten til hans kyrkje. Dette har eg skrive om her:
Joh.Op.19,4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Samfunn omtala som mann og kvinne.
I den andre skapingssoga, 1.Mos.2, er det tale om det personlege forholdet Gud og menneske, mellom mann og kvinne, der Gud skapte kjærleiksforholdet mellom dei. Men det er også samfunnet som er omtala som mann og kvinne, skapt av Gud. Dette ser vi seinare i Bibelen også, eit samfunn vert omtala som ættefaren, ein konge eller ei kvinne. Kvinneidealet er ei velkledd kvinne som har omsorg for heimen og familielivet, ektemann og borna. Ja, for familien er då den naturlege og mest grunnleggande sosiale eininga i samfunnet.
Vi ser døme på dette både når det gjeld Israel, Assyria og Babylonia.
Statsvitenskap, «samanliknande politikk», det finn vi i filosofihistoria og i Bibelen også.
Ved universitetet i Bergen er det eit samfunnsfag som vert kalla «Samanliknande Politikk». Ved Universitetet i Oslo vert det kalla Statsvitenskap. Det går ut på å samanlikne statar altså og den fundamentale politikken deira over lang tid.
I filosofien og historia vert statar karakteriserte med kva slags filosofi som slo igjennom, spesielt i grunnlova og elles i lovverket og dernest i praktisk politikk.
Eit personleg Guds-forhold for mann, kvinne og familie, som samanliknings-grunnlag for folk, samfunn og stat.
Vi finn mykje samanliknande politikk i Bibelen også, her vert staten samanlikna med ein mann og ei kvinne, med ekteskap og familieliv, så det kan vi godt kalle ei naturfagleg tenking. Samtidig har det med Gud å gjere, som om han er både Fader og ektemann og folket er borna og kona hans, slik skulle det rett nok vere, så det er rett å samanlikne med det og justere etter det. Slik blir det gjort klart at det biologiske livet er fundamentalt for samfunnet og samfunnslivet.
Men det vert også sagt at Jesus er Guds Ord, han var i opphavet hos Gud og han er Gud, i han er liv og livet er lyset til menneska, så då er dette livet mest fundamentalt. Han sa at han var døra inn til sauene, dei som var komne før han, var tjuvar og røvarar, ulven var komen for å stele, slakte og øydelegge, men han var den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene, han var komen for å gi dei liv og overflod av liv og det er han framleis. For oss vert det då viktig å samanlikne for å sjå denne skilnaden.
13.1.2024 Du har gått gjennom mykje smerte, men no skal det snu. Di løn vil bli stor. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»
2025.02.06. Torsdag. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten: «Ikkje samanlikn din prosess med andre. Du er heilt unik.»
Ho var ute og køyrde bil og då fekk ho ein bodskap frå Herren, han sa ho skulle stoppe bilen og seie bodskapen, så ho las den inn på telefonen, så har ho lagt ut videoen på youtube seinare, den er redigert med teksting. Det vesentlege var nok at ho tok imot den når den kom, sa bodskapen og lagra den og brakte den vidare til andre seinare. Det vart litt oppstykka, også ved at ho gjentek det same, så eg skal gjengi det ved å vise til tidspunkt i videoen:
0:19 «Ikkje samanlikn deg med nokon andre, for eg har skapt deg heilt unik og heilt spesiell.» Det ordet berre kom til meg og eg har hatt det ordet liggande på hjertet mitt lenge. Eg har hatt det som ein prosess i fleire månadar eigentleg, der Gud har talt dette. Og så høyrde eg han tale i går også. Og plutseleg kom det eit profetisk ord som sa akkurat dette igjen. Og då berre traff det igjen og den Heilage Ande berre tok tak og sa at dette ordet trengst å delast til mitt folk. Og han berre la det på hjertet mitt at eg skulle dele det med deg. Og så fekk eg dette også, når eg køyrer no, så kjenner eg at Gud berre legg dette på hjertet mitt, at han legg berre meir og meir ord på hjertet mitt. Og eg fekk desse ord også, at du skal ikkje samanlikne din prosess med nokon andre. Du skal ikkje samanlikne den tid du er i og kva Gud gjer med andre og samanlikne det med ditt liv. ……… 1:30 Men du skal ikkje samanlikne din prosess med Gud. Du er heilt unik. Og det du lever i er heilt unikt. Dine bøner til Gud er heilt unike. Altså alt med deg er heilt unikt. Og derfor kan du ikkje samanlikne din prosess og ditt liv med Gud. Og deg og ditt liv generelt, ditt kall, med nokon andre. Det kan vere nokre andre som har noko liknande som du har, men uansett om det er liknande, så vil det aldri vere det same. For du er heilt unik. Og Gud berre la det på hjertet mitt at eg skulle seie det til deg, at du er unik, du er spesiell og du er viktig. Og sjå opp til meg, seier han, sjå opp til meg. Ikkje sjå på folket rundt deg. Ikkje sjå på nokon av dei. Ikkje sjå på kva eg gjer i deira liv, ikkje sjå på kva ord dei får. Ikkje sjå på nokon av deira sin prosess, sjå berre opp til meg og min prosess med deg, seier din Gud. Og han har store planar for deg, han har så store planar for deg. Du er viktig for han, du er sett, du er høyrd og han har deg i si hand. Du skal berre stole på den prosessen han tek deg gjennom. For han veit kva han gjer med ditt liv. Så ikkje samanlikn deg med nokon som helst andre, ikkje bruk di tid og sløs bort di dyrebare tid på å sjå på alle andre og prøve å tilfredsstille alle andre sine behov over ditt liv. Berre sjå til Gud. I Jesu namn. Amen.
Kommentar.
Dette viser då så tydeleg at kvar einskild av oss har eit personleg forhold til Kristus og dermed til Faderen. Å samanlikne med andre for at vi skal likne ein standard er ei meiningslaus avsporing i motsetnad til hans kall til den einskilde. Gud skaper oss i Kristus og slik skaper han oss i si likning. Derfor skal kvar einskild av oss sjå på han.
2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Eg skal ta fram att den draumen Jesus gav meg og drøyme stort med han.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, 17.7.2024:
«Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker. Verden har laget seg et egent system hvor noen passer inn og andre ikke. Men jeg ønsker å bruke det som denne verden ikke ser. Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. Du har en stor rolle i mitt rike og jeg ønsker å bruke deg mektig. Ikke i egen kraft, med min herlighet, sier Herren. Du er kalt mitt barn og du er sett! Du er viktig og du har en oppgave. En stor oppgave! Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre! Du har lenge nok sett ned på deg selv og tenkt du er ubrukelig. Men i dag mitt barn kaller jeg deg til å ta et steg i tro. Stå den onde imot og han vil fly fra deg. Ta min hånd og stol på meg. Er det noe som er for vanskelig for meg? Sier Herren. Er det noe som er for vanskelig for meg å bruke? Nei! La meg lede deg ut steg for steg, i ditt nye liv med meg. Du er kalt og viktig og du er elsket! Åpne din munn, så skal jeg fylle den! Jeg vil vise deg store og ufattelige ting, ting du ikke kjenner til.»
2024.08.31. Jesus gav meg draumar og lengslar i mitt hjerte, han gav meg visjonar om si hensikt og sin plan for mitt liv og vil gjennomføre det.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ung og når eg gjekk på gymnaset, tenkte eg meg at eg skulle få ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med Matt.18,1-5&10-11.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Så draumen var å få ta imot henne og omfamne henne og gi henne ein klem og så sjå på det som ei velsigning. Ved at eg såg på Kristus, innsåg eg at det hang saman med å ta imot han. Så eg fekk sjå det slik at eg også gjorde meg liten, som eit slikt lite barn som han tok i sin famn. Vi var fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd, så det vare in åndeleg røyndom som eg opplevde og soleis var det ein draum som Jesus gav meg. Eg tenkte meg at det var den nytestamentlege versjonen av skapingssoga i 1.Mos.2 og soleis drøymde eg stort med Jesus. Og han vil at eg skal ta fram att den draumen og drøyme stort med han, han vil realisere draumen.
Det er nok mange som forfører og som vert forførde i samsvar med 1.Matt.18,6-9 og det er nok mange som meiner dei vert frelste til slutt like vel, ved at dei erkjenner si synd, at dei tok feil og angrar. Men kva er vitsen med det då? Det må vel vere om å gjere å erkjenne kva som er rett med det same og velje det, dess før dess betre. Uansett skal eg då i alle fall ikkje samanlikne med det, for Jesu prosess med meg er at eg skal ta fram att den draumen han gav meg og drøyme stort med han.
Ta imot Guds rike som små born.
Jesus sa at vi må vende om og verte som born, ja, fødast på nytt av livsens vatn og Guds Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Og det som er født av Anden er ånd. Den som gjer seg sjølv liten som eit barn som han tek i sin famn, er den største i Guds rike og den som tek imot eit slikt barn i hans namn, tek imot han (Matt.18,1-5).
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
………..
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Klart at dette var fysisk berøring, men Gud er ånd og det var Son hans også, så det var å verte berørt av Gud som er ånd, så dei fekk oppleve at Gud gav dei den åndelege velsigninga. Den er ikkje avhengig av den fysiske berøringa, men Gud har gjort seg avhengig av menneske som går ut og møter andre menneske, Jesus vil vere med dei for å møte fleire menneske (.
Det er to ulike roller, men det må vel vere om å gjere for kristen å sjå seg sjølv i begge desse to rollene. Vi tek imot andre og har omsorg for dei og får oppleve at vi får omsorg frå andre også.
Vi får oppleve at Faderen elskar oss og har omsorg for oss, som sine born og at Kristus elskar og har omsorg for si kyrkje som si brud. Ekteskap og familieliv vert innretta etter dette, fordi Guds kjærleik er mellom oss og den vert fruktbar for kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Jesus er det sanne vintreet, vi er greinene og skal verte verande i han, slik at vi ber god frukt (Joh.15).
Slik skal kan vi og bør vi sikre at vi står på den rette sida, når Jesus kjem og dømmer nasjonane.
Matt.25,31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.
34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» 37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»
41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv. Samanliknande politikk ved å samanlikne filosofi.
Samanliknande politikk på grunnlag av filosofien, eventuelt «religionen».
Sofistane, Sokartes, Platon, totalitære politiske filosofiar og ateisme.
I antikkens Aten var det eit avgrensa demokrati, sofistane var den lærde overklassa, som var lærarar, journalistar, advokatar og pratmakarar, men dei vart korrupte og det var ikkje lengre lett å hevde kva som var rett og sant. Sokrates gjekk ut og prata med folk og han hevda at sanninga vart integrert i han gjennom slike samtaler og den gjorde han lykkeleg. Aten tapte krigen mot Sparta og etterpå kom det til eit rettsoppgjer som gjekk ut over sofistane. Der vart ført klagemål mot Sokrates på liknande vis og stelt i stand eit opprør mot han, men han meinte sanninga gjorde han så lykkeleg at han skulle tåle flammane frå bålet, så han vart ein martyr for sanninga som han trudde på.
Men Platon meinte det var eit justismord og trekte seg attende og filosoferte. Han meinte der var ei usynleg ideverd, med fullkomne idear, inkludert det godes ide. Dette kan vi godt samanlikne med jødane si på Gud, hans Ord og hans himmel, jau, antikk kultur var påverka av jødedomen. Men det vondes problem var eit problem for både samfunnet og filosofien hans. Han meinte menneska før fødselen var i ideverd, med innsikt i den, men når dei kom til verda mista dei mykje av den innsikta, inkludert innsikta i det godes ide. Men med lang utdanning kunne dei vinne att mykje av den og derfor skulle ei lærd elite styre med diktatorisk makt.
Platonismen finn vi igjen i mange totalitære politiske ideologiar, både på høgresida og på venstresida og vi finn den igjen i kyrkja. Men ateistar trur ikkje på dette og dei er det mange av, spesielt på venstresida. Like vel kan det synast som mange av dei, også sosialistar, trur på det godes ide. Det såg til dømes ut til at ansiktet til Mikael Gorbatsjov lyste opp i trua på det godes ide. Men sidan har mange ateistar påstått at dersom der er ein allmektig gud, så må han vere vond. Dei argumenterer for det, men argumentasjonen er ikkje haldbar. Ateisme er filosofi, mange ateistar har prøvt å definere det som vitskap, men då er det heller religion og i Storbritannia har høgsterett definert den som religion.
Nyplatonisme, Augustin og kyrkja.
Nyplatonismen var ein religiøs lengsel som evangeliet om Kristus gav eit godt svar på, for ved å komme til Kristus, fekk dei drikke av kjelda med det levande vatnet.
Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
Joh.4,14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.»
Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Når Augustin vende om til kristendomen hang det slik saman med nyplatonisme og platonisme, for han var det å avvise mørkret og komme til lyset og slik kan vi seie at han fekk han ei svart-kvitt-tenking.
Augustin las i Bibelsk skrifter, men kom til at dei ikkje heldt mål, han vart grepen av «manikeismen» fordi den syntest å ha ei forklaring på problemet med det vonde. Men han braut med manikeismen, fordi den filosofiske skepsisen og den greske forståinga av verda som eit ordna kaos overvann den østerlandske forestillinga av verda som dominert av mørkets krefter. I staden forklarde han det vondes problem som mangel på innsikt, som i platonismen altså. Og så fann han at nyplatonismen høvde bra med kristendomen.
Sitat frå https://snl.no/Augustin_av_Hippo :
Litterære studier vakte trangen til intellektuell klarhet også i religiøse spørsmål. Bibelske skrifter holdt ikke lenger mål. I stedet ble Augustin grepet av manikeismen, ikke minst fordi den tilsynelatende hadde en forklaring på det ondes problem. Da han i 383 dro til Roma og derfra til Milano, hadde Augustin derimot brutt med manikeismen. Den filosofiske skepsisen (representert blant annet av Ciceros Hortensius) og den greske forståelsen av verden som et ordnet kosmos, overvant den østerlandske forestillingen om det materielle som dominert av mørkets makter.
Under prekestolen til biskop Ambrosius av Milano fikk Augustin et helt nytt syn på den kirkelige kristendommen. Av Ambrosius synes han å ha lært å tolke de hellige skriftene i nyplatonsk ånd, å søke innover i skriftene etter en dypere, åndelig mening og å søke innover i seg selv etter sitt vesens innerste grunn i Gud. Han oppdaget at han hadde en delt vilje. Hans ufullstendige religiøse erkjennelse skyldtes at han egentlig ikke ville erkjenne. I den dypeste fortvilelse leste han en dag fra Romerbrevet 13,13, og den helhjertede overgivelsen til sannheten i apostelens ord ble ham gitt i år 387. Kort etter ble han døpt og vendte tilbake til Nord-Afrika. Monica opplevde hans dåp, men døde før hjemreisen. Med dette slutter Confessiones.
Kort etter hjemkomsten ble Augustin prestevigd. Som biskop i Hippo i 395 grep han gjennom mer enn 100 skrifter inn i det meste av det som skjedde gjennom 35 år.
SITAT SLUTT.
Augustin forkynner her at mennesket vert løyst og frigjort frå den gamle vonde naturen, løyst frigjort ifrå det fundamentale klagemålet som gjorde menneska til trælar under synda og avgudsdyrkinga. Dette høver med Johannes Openberring 12,7-12.
Når vi les om Augustin i Store Norske Leksikon, han vi merke oss uttrykket «værens metafysikk» og «viljens metafysikk», det er ontologi altså, lære om kva som eksisterer. All «væren» har sin grunn i Guds nåde. Dette høver med at vi har fått den Heilage Ande ved trua på Kristus av berre nåde. Det høver med at Gud frelser oss ved trua på Kristus og gir oss evig liv av berre nåde. Soleis er vår evige eksistens heilt avhengig av Guds nåde. Dermed er det den evige eksistensen det er snakk om! Men der er då også noko som eksisterer, sjølv om det ikkje er evig.
Kor mange er det i kyrkja som veit kva dåpen er for noko?
Når det vart strid i den kristne kyrkjelyden, spurde Paulus kven dei var døypte til, var det Paulus, Kefas, Apollos eller Kristus? Det må vel vere eit svært så aktuelt spørsmål, når vi no ser all denne striden i den kristne kyrkja og som heng saman med strid i samfunnet og mellom nasjonar.
Eg har fått inntrykk av at det er mange i kyrkja som enno ikkje har forstått kva dåpen er for noko, sjølv om dei har konfirmasjon, konfirmantane vert ikkje spurde og dei kjem ikkje med noko vedkjenning. Kor mange i kyrkja er det som veit at det symboliserer gravlegging av den gamle vonde naturen og at den nye naturen vert oppreist i oss i kraft av Jesu oppstode frå dei døde. At det betyr frelse og å gå over frå mørket til lyset?
1.Pet.3,21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode –
1.Pet.3, 21 det som no og frelser oss i motbiletet sitt, dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda,
Men det har seg altså slik at vi vert opplyste av Guds Ord.
Vende om frå mørket til lyset.
For Platon var ideane fullkomne og var ideal, spesielt med det godes ide, men han fekk problem med å forklare det vondes problem. Manikeismen hadde ei forklaring på det vondes problem, men Augustin braut med den, Den filosofiske skepsisen og den greske forforståinga av verda som et ordna kosmos, overvann den austerlandske førestillinga om det materielle som dominert av mørkets makt. Han vende om til kristendomen og då vart det også klart at det var eit val å gå over frå mørket til lyset og vandre i lyset ved å vende seg til Kristus og følgje han.
Sidan det er tale om den austerlandske førestillinga, minner det meg om at Kain busette seg aust for Eden. Apostelen Johannes talte om den vonde Kain-naturen, den nye naturen som Jesus gir oss blir då som Abel-naturen.
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
1.Joh.3,11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. 12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.
Etter syndefallet vart Adam dømd til døden, jorda skulle vere forbanna for hans skuld, torn og tistel skulle ho bere, med sveitte i andletet skulle han ete sitt brød, til dess han for i jorda igjen, mold var han og til molda skulle han attende. Han og kona hans vart utestengde frå Edens hage, så dei ikkje skulle få ete av livsens tre, for dei skulle døy altså.
Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, så Gud velsigna han og lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Så det nye kom allereie ved Abraham, sidan profeterte Jesajas om at Guds skapte noko nytt, merka dei det ikkje? Seinare kom Jesus med det nye, så vi vert opplyste av Guds Ord.
Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.
9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
Dåpen, hjerte-omskjering i Anden.
Men Gud forsona verda med seg, ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på korset i staden for oss. På det grunnlaget vert vi forsona med Gud, ved å tru at Gud vekte han oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han. Han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er livsens brød som kom ned frå himmelen, for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Slik er han den nye naturen som Gud gir oss, frå himmelen og det er i den nye naturen vi ein gong får komme inn i Guds himmel, han er sjølv det evige livet som frelser oss for æva og gir oss evig liv. Det livet er lyset for menneska, så vi går over frå mørket til lyset.
Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.
Når det vart usemje i kyrkjelyden, spurde Paulus dei kven dei vart døypte til og så sa han at Jesus sende han ikkje ut for å døypa, men for å forkynne evangeliet. Ja, hans kall var eigentleg litt annleis enn til dei tidlegare apostlane og han vart spesielt apostel for heidningane. Han sa at trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi Ord. Og det er den trua som frelser, det er Guds Ord som frelser vår sjel.
1.Kor.1,12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
Guds visdom og menneskevisdom
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
Barnedåp.
Ved barnedåpen i kyrkja refererer presten til at Jesus velsigna småborna og så spør han foreldra og fadderane om dei vil at barnet skal opplærast i den kristne trua. Dei svarar ja og så «døyper» han barnet, men dåpen betyr eigentleg neddukking.
Matt.19,13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.
Dersom foreldra, fadderane og presten trur på Jesus og velsignar han, tek imot han, så er dei velsigna og då er dei til velsigning, så då fungerer barnedåpen som barnevelsigning. Og eg meiner dei burde la det vere med det og ikkje prøve å gjere noko meir ut av det. For Kristus stod oppatt frå dei døde og lever og det er han som frelser oss, så i tru og tillit til han, har vi berre med å overgi oss til han og la han gjere det.
Her er noko historikk om barnedåpen, sitat frå https://snl.no/dåp :
Med kirkens utbredelse til de germanske landene ble navngivningen forbundet med dåpen. I Norge gjelder dåpen som innmeldelse i et trossamfunn, for eksempel Den norske kirke. Det har det lenge vært stor oppslutning i befolkningen om kirkens dåp, som har fungert som en viktig overgangsrite. De siste årene har oppslutningen vært synkende. Av alle nyfødte i Norge i 2019 ble 51 prosent døpt i Den norske kirke.
Ifølge evangeliene i Det nye testamentet ble Jesus døpt i Jordanelven av døperen Johannes, noe som viser at det innenfor jødedommen ble praktisert dåp før kristendommen. Jesus regnes å ha innstiftet den kristne dåpen med dåpsbefalingen (misjonsbefalingen) som står i Matteusevangeliet kapittel 28, vers 16–20.
Ved misjon er det alltid dåpen som er det avgjørende skillet mellom ikke-kristen og kristen. Senest fra 500-tallet ble dåp av barn vanlig. På 1500-tallet innførte de mest radikale kirkelige reformatorene voksendåp og gjorde den avhengig av personlig tilslutning til kirken. Man ønsket at dåpen skulle være en omvendelseshandling og et uttrykk for personlig trosoverbevisning og den som var døpt som barn, måtte døpes igjen når hen var gammel nok til å velge det selv. Disse ble kalt gjendøpere.
Døpemåten var opprinnelig hel eller nesten hel neddykking i vannet (immersjon), noe som fortsatt praktiseres i den ortodokse kirken. I Vesten var det i middelalderen vanlig å nøye seg med å øse vann over barnets hode (infusjon). Det var først med kirkens utbredelse til de germanske landene at navngivningen ble forbundet med dåpen. Fadder-institusjonen finner vi omtalt første gang hos kirkefaderenTertullian (cirka 200), men den er sannsynligvis eldre. Fadderens oppgave er å være vitne til at dåpen er utført på rett måte, å understøtte kirkens arbeid med å oppdra barnet i kristen tro samt å be for barnet.
Konfirmasjon.
Opphavleg var konfirmasjonen stadfesting av dåpspakta. Sitat frå https://snl.no/konfirmasjon :
Konfirmasjon er et ritual som markerer overgangen fra barndom til voksenliv. Det er opprinnelig et kristent ritual. Både konfirmasjonsalderen og hva ritualet går ut på, varierer mellom de ulike kirkesamfunnene. I Norge finnes også flere ikke-kristne konfirmasjonsritualer, blant annet humanistisk konfirmasjon og holistisk konfirmasjon.
Opprinnelig var konfirmasjonen en bekreftelse av dåpen der konfirmanten avga et løfte eller en bekjennelse om å fortsette å være kristen. I dag avlegges det ikke lenger noe løfte. Konfirmasjonen regnes heller som en forbønn for konfirmanten der presten ber om at konfirmanten vil bli bevart i den kristne troen.
Rundt 32 570 unge ble konfirmert i Den norske kirke i 2023. Dette utgjør rundt 48 prosent av alle 15-åringer bosatt i Norge. Antall konfirmanter i Den norske kirke er synkende. Prosentandelen i 2005 var 66 prosent, i 1990 81 prosent og i 1960 93 prosent.
Det største ikke-religiøse konfirmasjonsritualet i Norge er den humanistiske konfirmasjonen som arrangeres av Human-Etisk Forbund. Inntil 2005 het den borgerlig konfirmasjon. I 2022 ble nesten 13 800 ungdommer konfirmert humanistisk, altså litt over 21 prosent av alle norske 15-åringer. Meditasjonsorganisasjonen Aceminnførte i 1994 et «overgangsstudium» som alternativ til konfirmasjon. Flere nyåndelige trossamfunn har også etablert et konfirmasjonstilbud, blant annet Holistisk Forbund og Norsk Spiritualistisk Trossamfunn.
I Den norske kirke er det bare de døpte som kan konfirmeres. Presteneller kateketen leder konfirmasjonsundervisning som omfatter klasseundervisning, gruppesamlinger, leirer og gudstjenester. Selve konfirmasjonen er en forbønnshandling som ikke forutsetter noen bekjennelse fra konfirmantens side. I Den norske kirke understrekes det at det er Gud som bekrefter sine løfter. Det blir derfor bare bedt for hver enkelt konfirmant.
Historikk
Martin Luther (1483–1546) forkastet konfirmasjonen som sakrament, men en evangelisk konfirmasjonshandling ble mange steder vanlig. Den kom til å bestå av katekismeforhør og håndspåleggelse. I Danmark-Norge ble konfirmasjonen innført som «en almindelig Regel og skyldig Pligt» for alle i 1736, og konfirmasjon var tvungen frem til 1912. Det ble også utarbeidet en egen lærebok til bruk i konfirmasjonsundervisningen. Boken Sandhed til Gudfrygtighed forelå i 1737 og var skrevet av hoffprest i København og senere biskop i Bergen, Erik Pontoppidan. Den var en forklaring til Luthers lille katekisme og bestod av til sammen 759 spørsmål og svar.
Formålet med konfirmasjonen var å sikre offentlig kontroll av de unges kunnskap og en offentlig bekreftelse av dåpspakten. Forordningen forutsatte en todelt konfirmasjonsundervisning: Først skulle det gis undervisning i offentlig skole, men der det ikke fantes skole, fikk klokkeren eller en annen ansvaret for undervisningen. Minst tre måneder før selve konfirmasjonen overtok sognepresten og holdt undervisning to ganger i uka. Konfirmasjonsforberedelsen ble avsluttet konfirmasjonsdagen med overhøring i kirken. Selve konfirmasjonen fant sted som en liturgisk handling ved alteret i kirken, hvor konfirmantene med håndslag gav løfte om å fastholde sin dåpspakt.
Konfirmasjonen innebar en viktig statusendring. Den markerte overgangen fra barn til voksen, og dermed inntrådte endringer i klesdrakt, livsstil og arbeidsmuligheter. Det var også en betingelse for å inngå ekteskap at man var konfirmert.
Charles Kirk.
Evangeliet skal forkynnast for alle og sidan vert det opp til Kristus å sortere i kven som vert med i hans rike og kven som ikkje vert med. Han er Guds Ord og vi skal prøve alt på Guds Ord. No tenker eg på oss som ein kristen kyrkjelyd, Krf og Dagen er noko anna. Men de prøver å framstille dykk som leiarar for dei kristne. Skal vi då ikkje lengre ha lov til å prøve det på Guds Ord?????
Jakob sa vi skulle velvillig ta imot det Guds Ord som var planta i oss og som hadde kraft til å frelse sjelene våre (Jak.1,21). Jesus er Ordet, i han er liv… (Joh.1). Ein plante treng vatning, så den veks og ber frukt. Jesus er den gode hyrdingen, han kjenner sine på namn og dei kjenner stemma hans (Joh.10). Slik får dei eit personleg forhold til Gud, så dei som hans born kan komme til han og snakke med han og be til han. Når faren høyrer at barnet hans byrjar å tale, vil han verte glad og prøve å forstå kva det seier og framleis forstå kva det treng. Kva slags far ville vel seie til barnet sitt at det du seier er feil, så berre kjeft. Når barnet ber om noko vil han ikkje berre svare at det er egoistisk, men han forstår betre kva det treng og vil gi det. Prester i kyrkja likar å bruke Freuds psykoanalyse, fyrst og fremst med ordet “egoisme” og dei venstreradikale har gjort psykoanalyse til religion, så til de grader at det strir mot biologien. I ein vitskapleg rapport i realfag skal vi ikke bruket ordet “eg”, men “vi”, men det er ei heilt anna sak, det er fordi vi er fleire om å gjere eksperimentet og så er det repterbart, så fleire kan gjere det.
Kirk brukte demokratiske metode og satsa på å få folk i tale, til samanlikning med Sokrates, skilnaden er at no kan vi sjå det på video og at han vart drepen på flekken, medan han brukte demokratriske metode, fordi han brukte demokratiske metode, altså. Det er realiteten. Der var ein prosess mot Sokrates for å få han dømd og henretta, men Platon meinte det var eit justismord. Der har tydeleg vis fore ein liknande stille prosess mot Kirk som argument for å drepe han og det ser vi tydeleg i massemedia. Platon foreslo mottiltak mot det vondes problem, men no skulle vi med evangelisk kristendom vere betre rusta til det. Paulus forkynte evangelisk kristendom, men han sa også at styresmakta ber ikke sverdet for inkje, men for å straffe uretten.
Når eg studerte realfag vart eg begeistra for rasjonalistane. Eg har hatt ei levade tru på Jesus i mitt hjere sidan eg var ung og måtte audmjuke meg for han og då innsåg eg at realfag og/med den rasjonalistiske filosofien var sameinleg med å tru på han. Han bur framleis I det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd å ånda, for å gi oss ånd og liv og gjøre våre hjerte levande. Med trua kan vi lære å forstå både med hjertet og forstanden, så vi får harmoni mellom hjerte og forstand, vara hjertet sitt framfor alt vi vakter, for livet går ut ifrå det.
Kant og Hegel hadde ei personleg protestantisk tru, filosofien deira var ei litt anna sak, men den vart gjort til protestantisk filosofi og teologi. Og no prøver så tydeleg dei venstreradikale på å gjere marxismen også til religion, til erstatning for kristendom altså. Og det med voldelege metode.

