Ny Tid 55. Endetidssyn 30. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 13. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 3. Salomo vart forførde av kvinnfolk. Folket vart gjennomsyra korrupt, dei fall ifrå Herren og vart straffa for det. Men han ville vende lagnaden deira.

Biletet: Salomos tempel var kledt med gull på innsida, det symboliserer trua på Gud.

Innleiing; Når Salomo vart konge, fekk han fred på alle kantar, men han etterlet seg eit dårleg grunnlag for fred. Men Kristus hadde større visdom og la eit godt grunnlag for fred.

Når Salomo vart konge etter David, far sin, fekk han fred på alle kantar og fekk bygt tempelet. Med det kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane, men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket. 

Når keisar Augustus kom til makta i Romarriket, kom det ei fredeleg tid, så folk snakka om å starte ei ny tidsrekning ved han, men den kom ved Jesu fødsel og det med god grunn. Han hadde større visdom enn Salomo og la grunnlaget for varig fred, for Gud forsona verda med seg ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget får vi fred med Gud. Jesu frelseverk var fullført og fullkome og den nyfødde kristne kyrkja vart bygd på det grunnlaget. 

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød, som kom ned som manna frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre han og sende oss den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er framleis berre for oss å ta imot i tru, han gir oss seg sjølv som livsens brød, slik det er symbolisert i nattverden og det er berre for oss å ta imot i tru og leve av det.

Når tempelet var bygt ferdig, bad Salomo over det og fekk bønnesvar.

Når tempelet var bygt ferdig og vart innvia og vigsla for Herren, bad Salomo over det, Gud bur i himmelen og treng ikkje noko hus å bu i, men Salomo bad om at han ville la sitt namn bu i det, slik at folk kunne vende om til han ved å vende seg til dette huset, han hadde møtte dei i møteteltet, så då kunne han vel møte dei i tempelet også. Her er eit lite utdrag av Salomos bøn.

1.Kong.8,22 Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden. Han breidde ut hendene mot himmelen 23 og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn mot dei vara ved, når dei ferdast heilhjarta for ditt åsyn.  24 Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag. 25 Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg til meg, som du har gjort.»  26 Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, far min, tenaren din!

27 Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt!  28 Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre, min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg i dag! 29 Vak over dette huset natt og dag, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden!  30 Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, med augo vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!

Gud svarde Salomo med å gjenta lovnaden, men kom også med ei åtvaring.

1.Kong.9,1 Då Salomo hadde fullført Herrens hus, kongsgarden og alt det andre som han hadde hug til å gjera,  2 då synte Herren seg for han andre gongen, som han hadde synt seg for han i Gibeon, 3 og sa til han: Eg har høyrt den inderlege bøna som du bar fram for meg. Eg har helga dette huset som du har bygt, og vil la namnet mitt bu der til evig tid. Augo mine og hjarta mitt skal alltid vera vende mot det.  4 Ferdast du no for mitt åsyn med heilt hjarta og ærleg hug, som David, far din, gjorde, gjer du alt det eg har sagt deg, og held du boda og lovene mine, 5 så skal eg tryggja kongsstolen din i Israel til evig tid, så som eg lova David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.  6 Men vender de dykk bort frå meg, de og borna dykkar, og ikkje held dei bod og føresegner som eg har lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og kasta dykk ned for dei,  7 då vil eg rydja israelittane ut or det landet eg gav dei. Og det huset som eg har helga for namnet mitt, vil eg føykja bort frå mitt åsyn, og Israel skal verta eit ordtak og eit spottord mellom alle folk.  8 Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, fæla og spotta og spørja: «Kvifor har Herren fare så med dette landet og dette huset?»  9 Då skal folk svara: «Fordi dei vende seg bort frå Herren sin Gud, han som førte fedrane deira ut or Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka, difor har Herren ført all denne ulukka over dei.»

Dei framande kvinnene klarde å vende Salomos hjarte bort frå Herren.

I Høgs.4,8 kallar han si brud til å komme med han frå mange ulike plassar, kva skal det bety? 

Høgs.4,8 8 Kom med meg frå Libanon, mi brur,

kom med meg frå Libanon!

Stig ned frå Amanas tind,

frå toppen av Senir og Hermon,

frå løveheimar, frå panterfjell.

Vi veit at han fekk seg mange koner, frå mange plassar, så det kan bety at han tenkte same leis om dei, i det minste prøvde, men i så fall veit vi i ettertid at han prøvde litt for mykje på, det gjekk for langt. Når han var ung, hadde han bedt Herren gi han eit høyrsamt hjarte, så han kunne styre rett, men når han vart gamal, klarde dei framande kvinnene å vende hjarta hans bort frå Herren.

1.Kong.11,1 Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet.  2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.» Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei.  3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg. 4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore. 5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane. 6 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort. 7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane.  8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.

9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger  10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine.  12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå.  13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»

Herren talte til Salomo direkte og vi har fått vite kva han sa, det var ikkje så rart, for det var gode lovnadar, men dette var profeti om at det skulle gå dårleg med riket hans, vart det kjent fordi det var ein profets om kom og sa det til han, eller fordi han sjølv fann at det var best å gjere det kjent?

Kva skulle Salomo med så mange koner? Han trengde ikkje så mange koner for å tilfredsstille si kjønnslyst og kva elles skulle han med dei, skulle dei liksom vere til hjelp for han med å tene Herren? Han kunne umogleg klare å tilfredsstille kjønnslysta deira, om så han hadde samleie kvar natt og tok dei etter tur, så ville det gå nesten tre år før kona fekk ligge med han. Var det kanskje fordi dei var så gudlege at dei ikkje levde etter lystene sine og derfor ikkje trengde noko meir, liksom. Nei, dette var avgudsdyrking som var avspora seksualitet (Rom.1). Men kva med han sjølv då, var han så gudleg at han berre kunne ture fram på sitt gode namn og rykte, endå til ture fram på Guds gode namn og rykte, sidan han hadde lete namnet sitt bu over tempelet. Nei, han elska dei utanlandske konene sine, så dei fekk vendt hjarta hans bort frå Herren, til avgudane. 

Salomos framande kvinner verka slik som når Moabitt-kvinnene kom inn i Israels-leiren og lokka mennene til å drive hor med dei. Det vart til forbanning, men det kom til eit rettsoppgjer, så det vart orden i leiren igjen. Men Salomo tok ikkje eit rettsoppgjer med seg sjølv og sitt eige liv og desse framande kvinnen og med desse offerhaugane som han hadde sett opp, han tok ikkje eit oppgjer med sin eigen politikk og forandra den ikkje. Det var avgudsdyrking, synd som vart til forbanning for folket og landet, ein øydande styggedom, den øydde landet til dess riket gjekk under og folket vart bortførde. Då var det slutt på kongetida. 

Men Messias-profetiane hadde dei framleis.

Gud ville vere far for Salomo og tala han til rettes, men var det noko hjelp i? Det vart til at han tukta han ved å tukte etterkomarane hans og folket han var konge over.

David fall i synd, men profeten Natan kom og tala han til rette, så han vedkjende si synd og bad om nåde og tilgjeving og fekk det, så han slapp å døy for si synd. Derfor kalla Gud han framleis ein mann etter sitt hjerte, slik som når han valde han ut til konge. Like vel fekk han og hans hus lide for det. Når han sette son hans på trona etter han, så skulle han få bygge tempelet, til bustad for hans namn. Med det skulle han få trygge makta si. Gud ville vere far for han, om han ikkje gjorde rett, så ville han komme til å tukte han, men han ville ikkje ta frå han sin nåde, slik som han gjorde mot Saul. 

For oss synest det heilt utruleg at Salomo kunne finne på å bygge opp desse offerhaugane for avgudane og vere med på avgudsdyrkinga der. No hadde Herren tala til Salomo og refsa han for at han ikkje hadde gjort rett og han ville straffe han ved at son hans ikkje skulle få ta over heile riket, men mindre enn halva fordi David hadde vore ein mann etter hans hjarte. Men kvifor vende han då ikkje om og vedkjende si synd og angra. No reiste Gud opp fiendar mot Salomos styre, Hadad i Edom (1.Kong.11,14….) og Jeroboam i Israel, han sende ein profet som sa til Jeroboam at han skulle ta over som konge over ti av ættene i Israel, når Salomo var borte. Dette fekk Salomo vite, så han prøvde å ta livet av Jeroboam, så han måtte flykt, men når Salomo var død, gjekk det slik som det var profetert, Rehabeam, son til Salomo, vart konge i Juda og Jeroboam vart konge i «rest-Israel».

1.Kong.11,26  Jeroboam Nebatsson frå Sereda i Efraim var ein av Salomos menn. Mor hans heitte Serua og var enkje. Han gjorde opprør mot kongen.  27 Såleis gjekk det til då Jeroboam reiste seg mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans.  28 No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at denne ungguten gjorde godt arbeid, sette han han til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs-ætta laut gjera.

29 Så hende det ein gong på den tid at Jeroboam gjekk ut or Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Sjilo, og han var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka.  30 Då tok Akia den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke 31 og sa til Jeroboam: Ta ti av desse stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut or hendene på Salomo og gje dei ti ættene til deg. 32 Berre den eine ætta skal han få ha for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut i alle Israels-ættene.  33 Det gjer eg fordi Salomo har vendt seg bort frå meg og tilbede Astarte, gudinna åt sidonarane, Kamosj, guden åt moabittane, og Milkom, guden åt ammonittane. Han har ikkje gått på mine vegar og ikkje gjort det som rett er i mine augo. Han har ikkje halde lovene og boda mine, som David, far hans, gjorde. 34 Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste så lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min, han som eg valde ut, og som heldt seg etter boda og lovene mine.  35 Men eg vil ta riket frå son hans og gje dei ti ættene til deg. 36 Ei ætt vil eg gje son hans, så David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe som lyser for mitt åsyn i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt.  37 No set eg deg til å rå over alt det du ynskjer; du skal vera konge over Israel. 38 Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, held du boda og lovene mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som står støtt, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel. 39 Davids-ætta vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all framtid.

40 Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam tok ut og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.

Men heller ikkje Jereboam var trufast mot Herren, for å sikre makta si, i staden laga han to kalve-statuer, som dei skulle ha til gudar i Israel. Dette var i 926-7 f.Kr. og med tida gjekk det slik at Assyria tok Samaria i 722 f.Kr og i 587 f.Kr fall Jerusalem også, for babylonarane tok heile greia. Sjølv om der hadde vore nokre gudlege kongar i Juda tidlegare, var det først då dei vart nedlagde, desse offerhaugane som Salomo hadde sett opp til avgudane.

I Forkynnaren skreiv Salomo at det var ei tid til å bygge opp og ei tid til å rive ned, men Gud skaper like vel noko som står til evig tid (Fork.3,1-15). Ja vel, så kvifor reiv han ikkje ned desse offerhaugane og gjorde slutt på denne avgudsdyrkinga, når Gud refsa han for det? I staden ville han gjere ei synd til, ved å drepe Jeroboam. Det betydde då å herske som ein lovlaus og urettferdig konge. Det også skreiv han om i Forkynnaren.

Fork.3,16  Elles såg eg under sola:

Der retten skulle rå, var vondskap,

på rettferds stad var gudløyse. 

17 Då tenkte eg med meg:

Det er Gud som skal døma

både rettferdige og vonde.

Han har fastsett ei tid

for kvart tiltak og kvar gjerning.

Gud ville vende lagnaden til folket sitt.

David var ein gudleg og rettferdig konge ved at han ikkje dyrka avgudane, men vende seg til den sanne og levande Gud og tok sin tilflukt hos han. Han venta at Gud skulle frelse han frå fienden, ved å gi han siger, slik vart det, så han takka Herren som sin frelsar. Slik venta folket og dei gudlege kongane at Gud framleis skulle frelse dei og dei fekk oppleve det som Guds under.

Men det skifta mellom gudlege og ugudlege kongar, så det vart eitt steg fram og to tilbake, samfunnet vart meir og meir ugudeleg og urettferdig. Derfor gjekk det under og folket vart bortførde til Babylonia. Men han ville vende lagnaden deira ved å la dei komme attende til landet sitt. Dei skulle verte løyste frå trældomen i Babylonia, løyste frå bandet om halsen, så ordet frelse kjem av å verte”frihalsa”. Jesaja profeterte om at dei skulle få komme attende under persarkongen Kyros, det same gjaldt dei små nabofiolka deira. Gud kalla han for sin salvevigde, ja, så dette vart eit førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Avgudane , laga av stokk og stein, vart kalla Lygna, som motsetnad til den, er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

Profeten Mika.

Mika var profet på 700-talet f.Kr, samtidig som Hoseas om Amos i Nord-riket og Jesajas i Jerusalem. 

MIK 1,1   Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem. [Moresjet: by i Juda (= Moresjet-Gat, v. 14).]  

Jotam (744-736) og Hiskia (715-696) var gudelege kongar, men Akas (736-715) var ein av dei mest ugudlege og innførde grusom heidensk praksis, inkludert barneofring.

Utspekulert vondskap, korrupsjon og svik.

Mika refsa folket fordi dei spekulerte ut vondskap, både herskarane og profetane var korrupte.

MIK 2,1 – MIK 2,5 {VEROP OVER DEI MEKTIGE}  Ve dei som tenkjer ut urett  og emnar på vondt  medan dei ligg på si lege!  Dei set det i verk når det ljosnar av dag,  fordi det står i deira makt. 2   Dei trår etter marker og røvar dei,  etter hus og tek dei.  Dei slår under seg mann og hus,  bonden og hans eigedom. 3   Difor seier Herren:  Eg tenkjer ut ei ulukke mot denne ætta,  den kan de aldri fria dykk frå.  De skal ikkje lenger gå stolte ikring,  for det vert ei vond tid. 4   Den dagen skal dei syngja ei nidvise  og setja i med ein klagesong over dykk.  “Det er ute med oss,” skal dei seia,  “vi er herja og øydelagde!  Jorda åt folket mitt skifter eigar.  Å, han har teke markene frå oss  og delt dei ut til fråfalne!” 5   Då skal det ikkje finnast nokon i Herrens lyd  som kastar lodd og deler ut jord til andre.  

MIK 2,8 – MIK 2,10   Lenge har folket mitt bore seg fiendsleg åt.  De dreg kappa av fredelege folk;  dei som ferdast trygt, vert krigsfangar. 9   De driv kvinnene i folket mitt bort  frå heimane dei var glade i.  De har for alle tider  teke mi ære frå borna deira. 10   Stå opp og far bort herifrå!  Dette er ingen kvilestad,  for her er ureinskap  som valdar skade og tyning.

MIK 3,1 – MIK 3,12 {MOT DEI GRISKE HOVDINGANE}  Eg sa: Høyr, de Jakobs hovdingar,  de styresmenn i Israel!  Skulle ikkje de vita  kva som er lov og rett? 2   Men de hatar det gode og elskar det vonde.  De flår skinnet av folk  og riv kjøtet av knokane. 3   Dei et kjøtet av folket mitt,  flår skinnet av og knuser beina deira.  Dei breier det ut som i ei gryte,  som kjøtet i ein kjel. 4   Når dei så ropar til Herren,  svarar han ikkje.  Han løyner sitt åsyn for dei  for deira vonde åtferd skuld.  5 {MOT DEI FALSKE PROFETANE}  Så seier Herren om dei profetane  som fører folket mitt vilt,  som forkynner fred og lukke  berre dei får noko å tyggja på,  men lyser heilag krig mot dei  som ikkje gjev dei munnen full: 6   Difor skal det koma over dykk  ei natt utan syner  og mørker utan spådom.  Sola skal gå ned for profetane  og dagen svartna ikring dei. 7   Då skal sjåarane verta til skammar,  spåmennene stå der med vanære.  Dei skal løyna skjegget, alle saman,  for det kjem ikkje svar ifrå Gud. [løyna skjegget: teikn på sorg og skam.] 8   Men eg, eg er full av styrke,  av Herrens Ande, av rett og kraft,  så eg kan tala til Jakob om hans brot,  til Israel om hans synd.  9 {JERUSALEM OG TEMPLET SKAL FALLA}  Høyr dette, de hovdingar i Jakobs ætt,  de styresmenn i Israel,  de som styggjest ved rettferd  og krøkjer det som er rett, 10   som byggjer Sion med bloddåd  og Jerusalem med urett! [byggjer Sion med bloddåd: Dei fine bygningane er reiste for midel som er vunnen med underkuing og urett. Sml. Am 3, 10. 15.] 11   Der dømer hovdingen for betaling,  presten tek løn for å læra,  og profeten spår for pengar.  Likevel stør dei seg til Herren og seier:  “Er ikkje Herren midt imellom oss?  Det hender ikkje oss noko vondt.” 12   Difor skal Sion – for dykkar skuld –  pløyast som ein åker.  Jerusalem skal verta ei steinrøys  og tempelberget ein skogkledd ås.  

Vers 3 minner oss om den Duglause Hyrdingen;

SKR 11,16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som  ikkje ser etter dei som går seg bort,  ikkje leitar etter dei som går seg vilt,  ikkje lækjer dei som er skadde,  ikkje syter for mat til dei friske,  men et kjøtet av dei feite dyra  og riv klauvene av dei.”  

Og så minner det oss om dei tørre beina i Esekeil.37, men der vert det profetert om at Gud ville vendelaganden deira.

MIK 6,5   Mitt folk, kom i hug kva planar han hadde,  Balak, kongen i Moab,  og hugs det svaret han fekk  av Bileam, son til Beor,  på vegen frå Sjittim til Gilgal,  så du kan skjøna  Herrens frelsesgjerningar.  

MIK 6,8   Herren har då sagt deg, menneske,  kva godt er, og kva han krev av deg:  At du skal gjera rett,  visa trufast kjærleik  og ferdast audmjukt med din Gud.  

MIK 6,12   Rikmennene dine gjer valdsverk,  borgarane dine fer med lygn,  ei svikefull tunge har dei i munnen. 

MIK 6,15 – MIK 6,16   Du skal så, men ikkje hausta,  pressa oliven, men ikkje salva deg med olje,  pressa druer, men ikkje drikka vin. 16   Du har fylgt Omris skikkar  og bore deg åt som Akabs ætt.  Etter deira råd har de vandra.  Difor vil eg leggja deg i øyde  og gjera borgarane dine til spott,  og vanæra over folket mitt må de bera.  

MIK 7,3   Dei er glupe til å gjera vondt.  Hovdingane kjem med krav,  og domarane vil ha betaling.  Stormannen set fram sine ynske,  og så snur dei saka som dei vil. 

MIK 7,5 – MIK 7,6   Tru ikkje på frenden din,  set ikkje lit til venen din!  Vakta munnen for henne du tek i famn! 6   For ein son vanvørder far sin,  ei dotter set seg opp mot mor si,  ei sonekone mot vermor si.  Og ein manns husfolk er hans fiendar.  

Messias-profeti.

Mika kom også med Messias-profeti.

MIK 2,12 – MIK 2,13 {HERREN VIL SAMLA ISRAELS REST}  Eg vil samla dykk alle, Jakob.  Eg vil samla Israels rest,  føra dei saman som sauer i ei kve,  som ein bøling på beite,  – ein ståkande flokk av menneske.  13   Han som brøyter veg, går føre dei;  dei bryt seg gjennom porten og fer ut.  Kongen deira går føre dei,  Herren sjølv går i brodden for dei.  

Dette liknar på Joh.10,1……

MIK 4,1 – MIK 4,5 {FREDSRIKET}  I dei siste dagar skal det henda  at Herrens tempelberg skal stå  grunnfest høgt over alle fjell  og lyfta seg opp over alle haugar.  Dit skal folkeslag strøyma. 2   Mange folk skal gå av stad og seia:  “Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,  til huset åt Jakobs Gud,  så han kan læra oss sine vegar,  og vi kan ferdast på hans stigar!  For frå Sion skal lovlære gå ut,  og Herrens ord frå Jerusalem.” 3   Han skal døma mellom mange folk,  skifta rett for mektige folkeslag langt borte.  Då skal dei smida sverda sine om til plogjern  og spyda sine til vingardsknivar.  Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk  og ikkje lenger læra å føra krig. 4   Men alle skal sitja trygt,  kvar under sitt vintre og sitt fikentre,  og ingen skal skræma dei.  For Herren, Allhærs Gud, har tala. 5   Alle folka ferdast,  kvart i sin guds namn;  men vi skal evig og alltid  ferdast i Herren vår Guds namn.  

Vi kan samanlikn vers 4 med Sak.3,10. 

SKR 3,9 – SKR 3,10   Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,  på denne eine steinen med sju augo  ritar eg den innskrift som skal stå,  lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.  På ein einaste dag vil eg ta bort  den skuld som kviler på dette landet. 10   Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,  skal de be kvarandre til gjestebod  under vintre og fikentre.  

Moses skulle seie til folket at Abraham, Isak og Jakobs Gud hadde sendt han, dei skulle kalle han ”Eg Er” (Jahve), for han er den han er. Så dei skulle ikkje seie at han var ein annan enn den han var. Hans plan med Israel var å gjere namnet sitt kjent mellom folkeslaga. Sidan kalla han seg også Allhærs Gud, ja, for sidan han var den einaste sanne Gud, var han den rettmessige Gud for heidningane også. Då ser det ut til at han er tolerant med dei andre folka, sjølv om dei framleis ferdast i sine gudars namn, for han er Gud over alle ”gudar”. 

Her har det vorte klart at Jesus er Guds Messias, han har stått oppatt frå dei døe og har sett seg ved Faderens høgre hand i himmelen. Han er kongars konge og herrars Herre. Han er øvsteprest til evig tid etter Melkisedejks vis og sendt disiplane sine den Heilage Ande. Slik har Herrens tempelberg vorte løfta opp.

MIK 4,8 – MIK 4,14 {ISRAELS FRELSE FRÅ FANGENSKAPET}  Du Sions gjætartårn og vakthaug,  til deg skal det ein gong koma,  det herrevelde du hadde før,  kongemakta i Jerusalem. 9   Men no, kvifor skrik du så sårt?  Er det ingen konge hjå deg?  Er han som rår over deg, komen bort  sidan du vrid deg som i fødselsrier? 10   Skrik og vrid deg, Sions dotter,  som ei fødande kvinne,  for no lyt du bort frå byen  og bu i villmarka.  Du skal koma til Babel,  men der vert du berga.  Der vil Herren løysa deg ut  or handa på fiendane dine. [Sions dotter: folket i Jerusalem.]  11   No har mange folkeslag samla seg mot deg.  Dei seier: “Sion er vanæra,  vi ser på henne med lyst.” 12   Men dei kjenner ikkje Herrens tankar  og skjønar ikkje hans plan:  å samla dei som korn på treskjevollen. 13   Stå opp og tresk, du Sions dotter,  for eg vil gje deg horn av jern  og klauver av kopar.  Du skal knusa mange folk  og vigsla deira hærfang til Herren,  deira gods til han som er herre over all jorda.  14   No risp deg opp, du kringsette dotter!  Dei har kasta opp ein voll imot oss.  Med stav slår dei Israels herre på kinnet. [risp deg opp: -> Hos 7, 14.]  

MIK 5,1 – MIK 5,3 {FREDSFYRSTEN FRÅ BETLEHEM}  Men du, Betlehem, Efrata,  den ringaste mellom ættene i Juda!  Frå deg skal eg få meg ein mann  som skal vera herre over Israel.  Han har sitt opphav i gamal tid,  han er frå eldgamle dagar. [Efrata: -> 1 Mos 35, 16.] [herre over Israel: David var av Efrata-ætta i Betlehem (1 Sam 17, 12), og frå Davids ætt skulle frelsarkongen (Messias) koma.]  2   Så lèt Gud dei gå sine eigne vegar  til dess ho som skal føda, har født.  Då kjem resten av brørne hans  heim att til Israels søner. [ho som skal føda: mor til frelsarkongen.]  3   Han skal stå og gjæta i Herrens kraft,  med makt og mynd frå Herren sin Gud.  Og no skal dei sitja trygt,  for hans velde når til heimsens endar.

Balak og Bileam. 

Mika minna dei om planen til Moab-kongen Balak og svaret han fekk av profeten Bileam. Balak ville betale Bielam for å forbanne Israels-folket, han satsa på korrupsjon altså. Men Bileam svarde at han kunne ikkje svare anna enn det som Gud sa til han og det vart å velsigne Israels-folket i staden.

Sidan la dei ein utspekulert plan, dei sende kvinner inn i Israels-leiren og lokka mennene til hor. Det var synd som førde forbanning med seg. Men der kom til eit rettsoppgjerd i leiren og så vart det orden i leiren igjen. Balak satsa på at no skulle han vinne over dei og Bileam vart med han i krigen mot dei, men dei tapte og begge fall i krigen.

Dette vert kalla Bileams villfaring, det var som om han sjølv vart narra av ein falsk profeti. Eg tanker meg at det kan vere slik den Falske profet tener Dyret (Joh.Op.13&19).

JUD 1,9 – JUD 1,11 Men då overengelen Mikael låg i strid med djevelen om lekamen åt Moses, våga han ikkje å spotta djevelen og døma han, men sa: “Herren straffe deg!” 10 Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; og det dei skjønar med sansane sine, liksom vitlause dyr, det tener berre til å tyna dei sjølve. 11   Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne.

Salomos ”framande kvinner” verka som strategien til Balak og Bileam.

Salomos framande kvinner verka slik som når Moabitt-kvinnene kom inn i Israels-leiren og lokka mennene til å drive hor med dei. Det vart til forbanning, men det kom til eit rettsoppgjer, så det vart orden i leiren igjen. Men Salomo tok ikkje eit rettsoppgjer med seg sjølv og sitt eige liv og desse framande kvinnen og med desse offerhaugane som han hadde sett opp, han tok ikkje eit oppgjer med sin eigen politikk og forandra den ikkje. Det var avgudsdyrking, synd som vart til forbanning for folket og landet, ein øydande styggedom, den øydde landet til dess riket gjekk under og folket vart bortførde. Då var det slutt på kongetida. 

Men Messias-profetiane hadde dei framleis.


Leave a comment