Ny Tid 51. Endetidssyn 26 Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 9. Messias, det daglege offeret og den øydane styggedomen i Dan.8-12.

Biletet: Zevs-altaret i Pergamun (Joh.Op.2,13). Det var ein styggedom for dei kristne, like vel vart kyrkja infiltrert.

Slaktoffer og gåve ville du ikkje ha, men at eg skulle høyra på deg og gjera din vilje.

David måtte audmjuke seg for Gud og be om tilgjeving og nåde, så han fekk oppleve at Gud frelste han og takka han for det, slik la Gud ein ny song i hans munn. Gud ville ikkje ha offer eller gåve, men at han høyrde etter kva han sa og gjorde hans vilje. Det vart til ein Messias-profeti. Han forkynte bodskapen om frelse og den forkynte David også, som ein Messias-profeti.

Salme.40,1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2 Eg venta og vona på Herren.

Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.

3 Han drog meg opp or den tynande grav,

opp or den djupe gjørma.

Han sette mine føter på fjell

og lét meg gå med faste steg. 

4 Han la ein ny song i min munn,

ein lovsong til vår Gud.

Mange skal sjå det og ottast

og setja si lit til Herren. 

5 Sæl er den mann

som set si lit til Herren,

og ikkje held seg til dei stolte,

til dei som fell frå i lygn. 

6 Herre, min Gud,

mange under har du gjort,

og mange tankar har du til vårt beste;

ingen kan mæla seg med deg.

Vil eg tala og fortelja om dei,

er dei reint uteljande. 

7 Slaktoffer og gåve har du ikkje hug på,

– du har opna mitt øyra;

brennoffer og syndoffer krev du ikkje. 

8 Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.

I bokrullen er det skrive om meg. 

9 Å gjera din vilje, Gud, er mi lyst,

eg har di lov i mitt hjarta.»

10 Eg forkynte bodskapen om frelsa

i den store samling.

Eg lét ikkje att mine lipper;

det veit du, Herre. 

11 Di rettferd heldt eg ikkje for meg sjølv,

eg tala om din truskap og di frelse.

Di miskunn og di sanning forkynte eg ope

i den store samling.

12 Herre, du vil ikkje

ta di miskunn frå meg.

Di miskunn og di sanning

skal alltid verna meg. 

13 Eg har tallause trengsler på alle kantar,

mine misgjerningar tek meg att,

– eg kan ikkje lenger lyfta augo;

dei er fleire enn håra på mitt hovud.

Eg har reint mist motet. 

14 Herre, gjer vel og fri meg ut!

Skund deg og hjelp meg, Herre! 

15 Lat alle som står meg etter livet,

verta til spott og spe!

Lat dei som vil tyna meg,

dra seg tilbake med vanære. 

16 Dei som spottar meg og ropar «ha-ha»,

skal stivna av redsle og skam. 

17 Men lat alle som søkjer deg,

fegnast og gleda seg i deg!

Lat dei som elskar di frelse,

alltid seia: «Stor er Herren!» 

18 Eg er hjelpelaus og fattig,

men Herren har omsut for meg.

Du er min hjelpar og bergingsmann;

dryg ikkje lenger, min Gud!

….

Heb.10,1 Lova har berre ein skugge av dei gode ting som skulle koma, ikkje tinga sjølve som dei verkeleg er. År etter år vert det bore fram offer som støtt er dei same, men med dei kan ikkje lova gjera dei som ofrar, fullkomne.  2 Elles hadde dei vel halde opp med å ofra? For hadde dei som er med i gudstenesta, vorte reinsa éin gong for alle, hadde dei ikkje lenger vore medvitne om synd. 3 Men offera er kvart år ei påminning om synd. 4 For blod av oksar og bukkar kan umogeleg ta bort synder.

5 Difor seier Kristus når han stig inn i verda:

Slaktoffer og gåve ville du ikkje ha,

men ein lekam laga du til meg;

6 brennoffer og syndoffer hadde du ikkje hug på.

7 Då sa eg: Sjå, her kjem eg

og vil gjera din vilje, Gud.

I bokrullen er det skrive om meg.

8 Fyrst seier han: «Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,» endå det er slike offer som vert framborne etter lova. 9 Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.» Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre. 10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.

11 Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder.  12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid.  13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans.  14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

15 Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren:

16 Såleis er den pakta eg vil gjera

med dei i dagar som kjem. 

Og så seier han:

Eg vil leggja mine bod i hjarto deira

og skriva dei i hugen deira.

17 Og syndene og misgjerningane deira

vil eg aldri meir koma i hug.

18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

Det daglege offeret i den nye pakt.

Livet vart planta i oss ved Guds Ord og det skulle vekse til frelse for vår sjel.

Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast.  20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.  22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.  23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus.  27 Ei rein og rett gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å hjelpa enkjer og foreldrelause born i deira naud, og halda seg sjølv uflekka av verda.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!  15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.  16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Heb.10, Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen.  20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam.  21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus,  22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.

23 Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden.  24 Og lat oss ha omtanke for kvarandre, så vi oppgløder kvarandre til kjærleik og gode gjerningar.

Sidan vi trur at Kristus døde i staden for oss, skal vi tenke som so at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, så vi skal vende hugen opp til han og ta imot det livet og den Anden han gir oss frå himmelen. Når vi vert fylte av den Heilage Ande, får vi oppleve at kroppen er eit tempel for den Heilage Ande og at den gjer kroppen levande (Rom.8,10-11). Då skal vi bere kroppen fram for Gud som eit levande heilagt offer. 

Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.  4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.  5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.  6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;

Heb.13,15 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn.  16 Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud.

Den øydande styggedomen.

Jesus profeterte om den øydande styggedomen som Daniel profeterte om, som om den var der framleis.

Matt.24,15 Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –  16 då må dei som er i Judea, røma til fjells; 17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;  18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta.  22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.

Og det var ikkje lenge før dei måtte røme, nokre rømde til Massada, fjellborga til Herodes og forskansa seg der, så dei heldt seg i live litt lengre.

Jesus var med Paulus og leia han, så når han la saka si fram for kong Agrippa og keisaren, var det som om Jesus søkte hjelp hos Agrippa og keisaren. Det var ikkje mykje hjelp å få hos Nero, nei, tvert om starta han med ei fæl kristendomsforfølging, slik som øvsteprestane i Jerusalem yngste, kallar vi det for øyding, så vart det til at øydinga strøymde ned over øydaren sjølv.

Dan.8,23 Ved slutten av herredømet deira, når brotsmennene har fylt syndemålet sitt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og sleip tunge.  24 Han skal få stor makt, men ikkje ved eiga kraft. Han skal gjera uhyggjeleg skade og ha lukka med seg i det han tek seg føre. Han skal gjera ende på mektige menn og folket av dei heilage. 25 Fordi han er klok, skal svikarferda lukkast for han. Han skal vera stor i eigne tankar og rydja ut mange når dei minst ventar det. Han skal reisa seg mot hovdingen over hovdingane og verta knust, men ikkje ved menneskehand. 26 Det er sant, dette synet om kveldar og morgonar som her er fortalt. Du skal gøyma på synet, for det peikar langt fram i tida.»

Dan.9,26 Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til.

Byen og heilagdomen skal øydeleggjast

av hæren åt ein fyrste som kjem.

Han skal enda sine dagar i ein flaum.

Den fastsette øydelegging

skal vara til krigen er slutt.

27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,

midt i veka gjer han ende

på slaktoffer og grødeoffer.

På styggedoms venger

kjem det ein som herjar,

heilt til den fastsette øydelegging

strøymer ned over øydaren sjølv.»

I Dan.11 er det profetert om Antiokus 4. Epifanes, at han sette opp den øydande styggedomen (v 31).

Dan.11,29 Til fastsett tid dreg han mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist. 30 For skip frå vest kjem mot han. Då misser han motet, snur om og lèt harmen sin gå ut over den heilage pakta. Så vender han tilbake og merkar seg dei som har svikta denne pakta.  31 Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen.  32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning. 33 Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring.  34 Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege. 35 Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida. For enno er det ei stund att til den fastsette tid.

36 Kongen skal fara fram som han vil. Hovmodig som han er, opphøgjer han seg over alle gudar, og mot Den Høgste Gud talar han uhøyrde ord. Han har framgang til dess forbanninga tek slutt. For det som er fastsett, må fullførast.  37 Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar og heller ikkje om grumguden åt kvinnene eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle.  38 I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting.  39 Folket åt ein framand gud gjer han til mannskap i borgene. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og skifter ut jord til dei som løn.

40 I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og hestfolk og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer over dei som ein flaum. 41 Han dreg inn i det fagre landet, og mange tusen skal falla. Men desse skal sleppa unna hans hand: Edom og Moab og dei fremste av ammonittane.  42 Han retter handa ut mot land etter land, og heller ikkje Egypt skal gå fri. 43 Han får makt over alle løynde skattar, gull og sølv og alle dyre eigneluter i Egypt. Jamvel libyarane og nubiarane må fylgja han. 44 Då skal rykte frå aust og frå nord skræma han, og han tek ut i stor harme, vil rydja ut mange og via dei til døden. 45 Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det fagre, heilage fjellet. Men så ber det mot slutten med han, og det er ingen som hjelper han.

Dan.12,11 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna.  11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar.  12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»

At det daglege offeret vart teke bort, refererer til Dan.9,27. Øydinga strøymde ned over øydaren sjølv, over Antiokus 4. Epifanes. Men det var ikkje slutt med det, for det var andre som heldt fram med ein liknande politikk. Etter 69 årsveker (Dan.9) kom Aleksander Janneus, sitat frå https://snl.no/Aleksander_Janneus :

Aleksander Janneus var konge av Judea og yppersteprest. Han regjerte cirka 103–76 fvt. Aleksander var sønn av Johanan Hyrkanus og var som sine forgjengere av makkabeerslekten opptatt av å utvide landets grenser. Ifølge den jødiske historikeren Josefus Flavius erobret Aleksander Janneus hele kystområdet fra Dor (dagens Caesaria) til Gaza, samt deler av Negevørkenen og store deler av Moab. I nord innlemmet han både Golanhøydene og Gilead, et område på østsiden av elven Jordan. Flere angrep fra nabolandene ble avverget.

I religiøse anliggender samarbeidet Aleksander Janneus med saddukeerne, mens fariseerne ble motarbeidet og tvunget ut av ledende posisjoner. Hans hensynsløse oppførsel og hans åpenhet for hellenistisk innflytelse førte til sterk motstand fra både folket og fra de fariseiske rabbinerne. Ifølge Josefus ble Aleksander direkte mobbet av sine motstandere under feiringen av løvehyttefesten (sukkot). De skal ha bombardert ham med små sitrusfrukter, etrogim. Motstanden førte til en borgerkrig, der begge parter søkte hjelp hos utenforstående.

Mot slutten av sitt liv inngikk Aleksander Janneus flere avtaler med fariseerne, men først under hans enke og senere dronning Salome Aleksandra, fikk fariseerne sin makt tilbake, og landet fikk en periode med fred.

Vi kan lese om slaktofferet i 3.Mos.7. Det kan vere eit skuldoffer, måltidsoffer, lovnadsoffer, friviljugt offer eller takkeoffer.

3.Mos.7,11 Dette er lova om måltidsofferet, som vert ofra til Herren:  12 Ber nokon det fram som takkoffer, skal han saman med slaktofferet bera fram usyrte kaker med olje i, usyrte brødleivar, smurde med olje, og kveitemjøl som er blanda med olje og knatt til kaker. 13 Det er dei offergåvene han skal bera fram saman med takkofferet og måltidsofferet sitt, og attåt det skal han ha med seg syrte kaker. 14 Av offergåvene skal han gje ei av kvart slag i avgift til Herren. Det skal presten ha, han som skvetter blodet av måltidsofferet på altaret. 15 Kjøtet av dette offeret, som er eit takkoffer, skal etast same dagen som det vert frambore. Ikkje noko av det må verta liggjande til morgons.

16 Er slaktofferet eit lovnadsoffer eller eit friviljug offer, skal det etast same dagen som det vert frambore. Men det som vert att, kan etast dagen etter.  17 Det som enno er att av offerkjøtet tredje dagen, skal brennast. 18 Dersom nokon et av måltidsofferkjøtet tredje dagen, vil Gud ikkje ta imot han og offeret hans, og det gagnar ikkje han som bar det fram. Det er ein styggedom, og den som et av det, fører skuld over seg. 19 Offerkjøt som kjem nær noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast. Elles kan alle som er reine, eta av kjøtet. 20 Men den som et kjøt av Herrens måltidsoffer medan han er urein, han skal rydjast ut or folket sitt. 21 Når ein mann kjem nær noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske, eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og avstyggjeleg, og han så et kjøt av Herrens måltidsoffer, då skal den mannen rydjast ut or folket sitt.

I 4.Mos.28 kan vi lese om det daglege offeret.

4.Mos.28,1 Herren sa til Moses: 2 Gjev israelittane dette påbodet: Til fastsett tid må de syta for å bera fram for meg offergåvene mine av mat, eldoffer som angar godt for meg. 3 Sei til dei: Dette er det eldofferet som de skal bera fram for Herren kvar dag: to årsgamle, lytelause lam. Det er det daglege brennofferet.  4 Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad. 5 Som grødeoffer skal du bera fram ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven. 6 Dette er det daglege brennofferet, som fyrst vart frambore ved Sinai-fjellet, eit eldoffer til godange for Herren. 7 Drikkofferet som høyrer til det fyrste lammet, skal vera ein fjerdedels hin, eit offer av sterk drikk, som du ber fram for Herren i heilagdomen. 8 Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad, og det same grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren.

Antikrist.

Jesus var Guds Messias, Guds salvevigde. Han vart rydja or vegen. Men han stod oppatt frå dei døde og for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand, Så sende han den Heilage Ande til disiplane sine. Så då var dei Guds salvevigde. Her passar det å få med seg kva apostelen Johannes sa om salvinga.

1.Joh.2,1 Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen.  19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss.  20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap.  21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga.  22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.  23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg.  24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen.  25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.

26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

1.Joh.4,1 De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.  2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.  3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda.

4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.  6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sannings-ånda frå villfarings-ånda.

2.Joh.1,7 For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Det er forføraren, det er Antikrist! 8 Ta dykk i vare, så de ikkje misser det de har vunne med arbeidet dykkar, men får full løn.

Herodes Agrippa 2 og den første jødisk-romerske krigen.

Eit svært så interessant spørsmål blir då korleis det gjekk med Herodes-dynastiet. Det er berre å slå opp i leksikonet igjen, sitat frå https://snl.no/Herodes_Agrippa_2. :

Herodes Agrippa 2. var konge over ulike områder nord og øst for Judea fra 48 evt. til sin død cirka 93 evt. Han het egentlig Marcus Iulius Agrippa og var oldebarn av Herodes den store, sønn av kong Herodes Agrippa 1 og bror av Berenike (Titus‘ elskerinne). Herodes Agrippa 2 regnes som den siste herskeren av slekten Herodes, men romerneutnevnte ham aldri til konge over Judea.

Agrippa 2 er også den «kong Agrippa» som Paulus ifølge Apostlenes gjerninger 25, 13–27 skal han ha møtt i Caesaria, sannsynligvis i år 59 evt.

Apostelen Paulus skal ifølge Apostlenes gjerninger 25, 13–27 ha møtt Herodes Agrippa 2 i Caesaria, sannsynligvis i år 59 evt. 

Som de fleste andre sønner av slekten Herodes ble også Herodes Agrippa 2 oppdratt ved keiserhoffet i Roma. Han var derfor fortrolig med romersk kultur og tenkesett. Ved farens død i år 44 evt. var Herodes Agrippa bare 17 år, og keiser Claudius valgte å legge Judeaunder direkte romersk styre. Stattholderen og administrasjonen ble flyttet til den hellenistiske byen Caesaria ved Middelhavet.

Veien mot makt

Allerede i år 48 evt. fikk den unge Herodes Agrippa 2 retten til å føre overoppsyn med tempelet i Jerusalem, samt retten til å utnevne yppersteprester. Dette ga ham stor makt, både over Judeas offisielle jødiske religionsutøvelse og over det jødiske religiøse livet i diasporaen. Byer som Aleksandria i Egypt hadde på denne tiden en stor jødisk minoritet.

Da onkelen, Herodes av Kalkis (Chalkis), døde i 48 evt. fikk Herodes Agrippa 2 to år senere overta dennes lille lydkongedømme (tetrarki) i Sør-Libanon, nord for det egentlige Judea. I 53 evt. ble han fratatt styringen av Chalkis, og keiser Claudius ga ham tittelen konge over Filippus‘ tidligere tetrarki i de nordlige delene av områdene øst for elven Jordan, inkludert Golanhøydene. I år 55 evt. utvidet keiser Nerohans område med flere byer i ved Genesaretsjøen i Galiea, samt en mindre by og flere landsbyer i Perea. Selv valgte Herodes Agrippa 2 likevel å bo i Caesaria og Jerusalem.

Som de fleste andre av kongeslekten Herodes var også Herodes Agrippa 2 opptatt av å igangsette store byggeprosjekter og av å utsmykke Jerusalem. Etter mange tiårs byggearbeider ble kong Herodes den stores nye tempel ferdig, og Jerusalems hovedgater ble dekket med marmor.

Både Herodes Agrippa 2. og hans familie hadde tette bånd til de romerske herskerne, samtidig som de forsøkte å bedre jødenes kår. Han skal likevel ikke ha hatt samme tilknytning til jødisk tradisjon som sin far. Forholdet mellom de romerske prokuratorene og Judeas jødiske befolkning ble stadig dårligere. Det var ofte sammenstøt mellom landets ulike befolkningsgrupper og religiøse grupperinger. Avstraffelser og korsfestelser hørte til dagsordenen i denne tiden, som ledet frem til den første jødiske krigen mot romerne (66–70 evt).

Den jødisk-romerske krigen

Den jødiske oppstanden begynte i Caesaria i år 66 evt., som et oppgjør mellom byens greske og jødiske befolkning og en samtidig oppstand mot den romerske prokuratoren i Jerusalem. Agrippa 2 skal først ha forsøkt å hindre at det skulle bryte ut full krig, men da han ikke lyktes, valgte han romernes side og støttet den romerske generalen Vespasianmed tropper. I

år 68 evt. valgte han, sammen med sin søster Berenike, å reise til Roma der han ble godt mottatt. Han ble også venn med den rundt ti år yngre jødiske historikeren og forfatteren Josefus, som etter tempelets brann og Jerusalems ødeleggelse også valgte å bosette seg i Roma. Under både Vespasian (som ble keiser i år 69 evt.) og hans etterfølger Titus ble Herodes Agrippa 2s landområder utvidet, men det er uklart om han selv vendte tilbake til Midtøsten. Tempelet i Jerusalem lå i grus, presteskapet hadde mistet sin betydning, byen var ødelagt og de områdene han var konge over hadde få jødiske innbyggere.

Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Den_første_jødisk-romerske_krig :

Det store opprøret begynte i 66 og hadde sin opprinnelse i etniske og religiøse spenninger mellom romere og jøder.[2] Krisen eskalerte grunnet protester mot skatter og angrep på romerske borgere.[3] Den romerske guvernøren, Gessius Florus, svarte med å plyndre det jødiske tempelet under påskudd av at pengene var til keiseren. Det utløste et bredere og storstilt opprør, og den romerske militære garnisonen i Judea ble raskt overkjørt av opprørerne, mens den pro-romerske kong Herodes Agrippa II, sammen med romerske myndighetspersoner, flyktet fra Jerusalem. Da det ble åpenbart at opprøret var kommet ut av kontroll, brakte Cestius Gallus, den romerske legaten i Syria, inn den syriske hæren, basert på Legion XII Fulminata, og forsterket med hjelpetropper, for å slå ned opprøret, gjenopprette orden og romersk kontroll. Til tross for innledende framgang og erobringen av Jaffa, ble den syriske legionen overfalt og beseiret av jødiske opprørere i slaget ved Beth Horon. Rundt 6 000 romere ble drept og legionens aquila gikk tapt. I løpet av 66 ble den judeiske frie regjeringen opprettet i Jerusalem og de tidligere yppersteprestene Ananus ben Ananus, Joseph ben Gurion og Joshua ben Gamla ble valgt som ledere. Yosef ben Matityahu ble valgt til opprørernes kommandant i Galilea og Eleazar ben Hanania som kommandant i Edom. Senere feilet et forsøk i Jerusalem av Menahem ben Yehuda, lederen av en radikale gruppe kalt sikariere, i å ta kontrollen over byen. Han ble henrettet og de gjenværende sikarierne ble forvist fra byen. Simon bar Giora, en bondeleder, ble også forvist.

Romernes angrep

Keiser Nero ga oppgaven med å knuse opprøret i Judea til den erfarne generalen Vespasianus. Hans sønn, Titus, ble samtidig utnevnt til nestkommanderende. Med fire romerske legioner og med støtte fra styrkene til konge Agrippa II invaderte Vespasianus Galilea i 67

Dyret i Op.17. Renessansen og evangeliet.

Eg meinar Dyret i Joh.Op.17  er Vespasian og politikken han, det er også tale om eit av hovuda og det meiner eg er Cæsar, for politikken deira liknar. 

Joh.Op.17,1  Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: «Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn.  2 Kongane på jorda har drive hor med henne, og horelivet hennar har vore som sterk vin for dei som bur på jorda.»

3 I Anden førte han meg ut i øydemarka, og der fekk eg sjå ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud, og det hadde sju hovud og ti horn.  4 Kvinna var kledd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perler. I handa hadde ho eit gullstaup fullt med heidensk styggedom og allslags ureinskap frå hennar utukt.  5 På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: «Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.» 6 Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.

Eg vart full av undring då eg såg henne.  7 Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn. 8 Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att.

9 Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar: 10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. 11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte.  12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time.  13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål.  16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld.  17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»

Dei skal føra krig mot Lammet, men det skal sigre over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste. Då vert det slik at dei hjelper Kristus, til samanlikning med Mikael i Daniels bok. Mikael og englane hans er englemakt som får betydning for politikken. Eg meinar dette er profeti om renessansen med den nye naturvitskapen, dei store oppdagingane og rasjonalistane. 

Renessansen er gjenføding av antikk gresk kultur. Då er det først og fremst filosofien vi tenker på, det er naturfilosofien og matematikken som er verdifull. Så vi kan seie at Vesten er bygd på den analytiske tenkinga frå Aten og på Bibelen frå Jerusalem. Den analytiske tenkinga har vi først og fremst i forstanden, trua på Guds ord har vi i hjertet. Korleis kan vi få det til å fungere godt i hop? Det kan verke umogleg, men det som var umogleg for menneska, det gjorde Gud. 

Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.  3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.  4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til. 6 For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred.  7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller.  8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til.  10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud.  11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den.  13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.  17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.


3 responses to “Ny Tid 51. Endetidssyn 26 Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 9. Messias, det daglege offeret og den øydane styggedomen i Dan.8-12.”

  1. Ny Tid 58. Endetidssyn 33. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 15. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 51. Endetidssyn 26 Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han se… Ny Tid 50. Endetidssyn 25. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 8. Mikael og den øydande styggedomen i Dan.9-12. […]

    Like

  2. Ny Tid 58. Endetidssyn 33. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 15. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 51. Endetidssyn 26 Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han se… Ny Tid 50. Endetidssyn 25. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 8. Mikael og den øydande styggedomen i Dan.9-12. […]

    Like

  3. Ny Tid 58. Endetidssyn 33. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 15. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 51. Endetidssyn 26 Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han se… Ny Tid 50. Endetidssyn 25. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 8. Mikael og den øydande styggedomen i Dan.9-12. […]

    Like

Leave a comment