Ny Tid 48. Endetidssyn 23. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 6. Kongetida.

Biletet: David var berre ein liten gjætargut då han vart salva til konge. Men sidan han var salva, var han modig nok til å gå til strid mot Goliat med enkle våpen og han vann.

I dag om du høyrer Guds røyst, så forherd ikkje hjartet ditt.

Kong David sa til folket at dersom dei i dag høyrde hans røyst, så måtte dei ikkje forherde hjartet sitt. For å komme inn til Guds kvile, måtte dei tru på Gud med hjartet, så dei høyrde på kva han sa. Vakta på hjarta ditt framfor alt det du vaktar, for livet går ut ifrå det, så dei måtte søke han av heile sitt hjarta. Salomo fekk fred på all kantar og han skulle bygge Guds tempel og han kledde det innvendig med gull. Gullet er symbol på trua på Gud og no veit vi at kroppen er eit tempel for den Heilage Ande, så gullet som kledde tempelet innvendig er symbol på trua vi har i hjartet, soleis har den stor verdi.

Når Israelsfolket sidan fall ifrå Gud, sa han til dei at sølvet deira ikkje var reint, så han ville smelte det og skilje ut slagget og ta vare på det reine sølvet, slik som var vanleg. Men her har det ei symbolsk tyding, det har å gjere mellom rett og urett, sanning og løgn. Men det gjekk nord og ned med dei til dess Babylonarane hærtok heile landet, Jerusalem fall og tempelet vart nedrive og folket bortførde til Babylonia (587 f.Kr). Det gjekk slik som det var profetert, også at dei skulle få komme attende og då var det viktig for di å byrje å bygge oppatt tempelet, for då ville Gud velsigne. Den åndelege velsigninga må komme først, slik at det også vert materiell velsigning og så vert det materielle brukt som symbol på den åndelege velsigninga.  Sakarja profeterte (520 f.Kr) om at øvstepresten Josva og byggherren Serubabel var førebilete på den nye pakta som skulle kome, ved Guds tenar «Rennig» (Sak.3-4,), ein profeti om Kristus altså.

Malakias var profet 460-430 f.Kr og han refsa prestane fordi dei ikkje gjorde prestetenesta på rette måten. Han ville sende engelen for pakta, for å reinse dei som gull og sølv. 

Malaki.3,1 Sjå, eg sender min bodberar,

han skal rydja vegen for meg.

Brått kjem han til sitt tempel,

Herren som de leitar etter.

Sjå han kjem, engelen for pakta

som de stundar etter,

seier Herren, Allhærs Gud. 

2 Men kven kan tola den dagen han kjem,

kven kan stå seg når han syner seg?

For han er lik elden som smeltaren brukar,

lik luten som vaskarane reinsar med. 

3 Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.

Han skal reinsa levittane,

reinsa dei som gull og sølv,

så dei kan bera fram for Herren

offergåver på rett vis.  

4 Då skal Herren gleda seg

over offergåvene frå Juda og Jerusalem

som i eldgamle dagar, i framfarne år.

Kanskje det er same engelen som tala til Josva i Sak.3? Men eg tenker meir på det som Johannes Døyparen, for det var han som skulle rydje veg for Kristus.

Israelsfolket ville ha seg ein konge.

I dommartida hadde Israels-folket ingen konge og måtte gong på gong be Gud om nåde og hjelp mot fienden, då reiste han opp ein dommar som leia dei i striden.  Men så ville dei ha seg ein konge, slik som dei andre folka. Gud svarde Samuel at han var kongen deira, men når dei ville ha seg ein konge slik som dei andre folka, vart det ein annan slags konge, det starta bra, men så gjekk det dårleg, for Saul gjorde ikkje som Gud hadde sagt til han gjennom Samuel, han vraka Guds Ord, derfor vraka Gud han som konge. Når Samuel kom og refsa han, sa han like vel at han hadde gjort slik som han sa, sjølv om det som dei såg og høyrde viste at så ikkje var tilfelle. Så logikken svikta fordi han var for stolt. 

Så ville Gud gi dei ein slik konge som han ville ha, David var ein mann etter Guds hjerte og Gud let Samuel salve han til konge i staden for Saul. David vart ein hærførar i Sauls hær, men så vart Saul misunneleg på han, så David måtte flykte med ein liten hær. Det vart ei vanskeleg tid for dei, så David måtte audmjuke seg Gud og satse på Guds nåde, så han fekk oppleve at Gud var med han og leia han med sitt råd. To gongar kunne David ha drepe Saul, men gjorde det ikkje, han venta til dess Saul tapte mot fienden. Då først valde folket han til sin konge. 

Dette er det skrive om i Samuels-bøkene og David har skrive mange salmar der han takkar Gud for det, han profeterte om Messias, Guds Son, som sin konge. 

Salme.110,1 Ein Davids-salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter!»  

2 Frå Sion retter Herren ut

din mektige kongsstav.

Ver herre mellom dine fiendar! 

3 Ditt folk møter viljug fram

den dagen du mønstrar din hær.

I heilagt skrud kjem din ungdom til deg

som dogg ut or morgonrodens fang. 

4 Herren har svore og angrar det ikkje:

«Du skal vera prest til evig tid

på Melkisedeks vis.»  

5 Herren er ved di høgre side,

han knuser kongar på sin vreidedag. 

6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,

hovdingar knuser han vidt over jord. 

7 Kongen drikk or bekken ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.

I vers 7 er det tale om ein gudleg konge på denne jorda, det må vere seg sjølv han tenker på og det er neppe veg-grøfta han talar om. Der kunne vel vere ein bekk med friskt vatn ved vegen, men det er nok brukt symbolsk for kjelda med det levande vatnet, det fekk han av Guds Messias.

Og så sa han at i dag om dei høyrde Guds røyst, så måtte dei ikkje forherde sitt hjarte, slik som ved Meriba-kjelda.

Salme.95,1 Kom, lat oss jubla for Herren

og ropa høgt for vårt frelsande berg!

2 Lat oss gå fram for han med lovsong

og hylla han med song og spel!

3 For Herren er ein mektig Gud,

ein stor konge over alle gudar. 

4 Han har jord-djupnene i si hand

og fjelltoppane i si eige.

5 Havet er hans, for han har skapt det,

det faste landet har hans hender forma.

6 Kom, lat oss bøya oss og tilbe,

bøya kne for Herren, vår skapar!

7 For han er vår Gud, vi er folket han gjæter,

den hjord han leier med si hand.

Å, ville de høyra på han i dag! 

8 Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba,

som den dagen ved Massa i øydemarka,

9 då fedrane eggja meg

og sette meg på prøve,

endå dei såg kva eg gjorde!

10 I førti år hadde eg uvilje mot denne ætta,

og eg sa om dei:

«Dei er eit folk som fer vilt i sitt hjarta,

dei kjenner ikkje mine vegar.»

11 Så svor eg i min vreide:

«Dei skal aldri koma inn til mi kvile!»

På sine gamle dagar var ikkje David med hæren ut i krigen. Det var då han vart freista til å drive hor med Batseba, ho vart gravid og for så skjule synda, sveik han mannen hennar, så han fall i krigen. Profeten Natan skulda han for både hor og mord, då audmjuk han seg og bad om Gud om nåde og tilgjeving. Derfor slapp han å døy for si synd, men han fekk ei mildare straff. Han skreiv takkesong for at han fekk tilgiving og den vert ofte brukt i evangelisk forkynning.

Salme.32,1 Av David. Ein læresalme.

Sæl er den

som får si misgjerning tilgjeven

og si synd tildekt! 

2 Sælt er det menneske

som Herren ikkje tilreknar skuld,

og som er utan svik i si ånd.

3 Så lenge eg tagde, tærtest eg bort,

eg stunde heile dagen.

4 For dag og natt

låg di hand tungt på meg.

Mi livskraft kvarv

som i sommarens hete. Sela

5 Då sanna eg mi synd for deg

og dulde ikkje mi skuld.

Eg sa: «Eg vil sanna

mine synder for Herren.»

Og du tok bort mi syndeskuld. Sela 

6 Difor skal alle trugne

be til deg i trengselstider.

Om det kjem ein veldig flaum,

skal vatnet ikkje nå dei. 

7 Hjå deg finn eg livd,

du vernar meg mot trengsle

og lèt frelsesjubel lyda ikring meg. Sela

8 Eg vil læra deg og visa deg

den vegen du skal gå.

Eg vil la mitt auga kvila på deg

og gje deg råd. 

9 Ver ikkje lik hest og muldyr,

som ikkje har vit!

I sin villskap må dei tvingast med taum og beisel,

elles kjem dei ikkje til deg. 

10 Den gudlause har mange plager;

men den som set si lit til Herren,

kransar han med miskunn. 

11 Gled dykk i Herren!

Bryt ut i jubel, de rettferdige!

Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!

Når David var gammal og skrøpeleg, let dei han få ei ung vakker jente til å halde han varm og stelle for han.

1.Kong.1,1 Då kong David var gamal og langt oppi åra, greidde han ikkje halda seg varm lenger, jamvel om dei breidde teppe på han.  2 Difor sa mennene hans til han: «Lat dei finna ei ung jente til deg, herre konge, ei møy som kan stå til teneste og stella om deg. Når ho ligg i armane dine, vert du nok varm, herre konge.» 3 Så leita dei i heile Israels-landet etter ei ven jente; og då dei fann Abisjag frå Sjunem, kom dei til kongen med henne. 4 Det var ei ovven jente, og ho stelte om kongen og tente han. Men han låg ikkje med henne.

Salomo vart konge.

Sonen som han fekk med henne på denne måten, fekk ikkje leve. Men han fekk ha henne som kona si og fekk sonen Salomo med henne og han bestemte at han skulle ta over trona etter han. Natan hadde profetert at det kom til å verte strid i hans hus, og slik gjekk det, han måtte røme for eldste son sin Absalom. At Jesus til sist stod att med ein liten flokk, liknar på dette. Når det nærma seg tida for David til å overgi trona, var det tydeleg at den nest eldste sonen, Adonja, ville ta over, men Natan var med David og Salomo vart salva til konge etter han. Adonja måtte audmjuke seg for han. Seinare bad Adonja, gjennom Batseba, om å få Abisjag til kone, men Salomo mistenkte han om å  vere ute etter kongsstolen, så han fekk han hendretta (1.Kong.1,1…).

Gud talte til David om son hans som skulle ta over etter han, han skulle få fred på alle kantar og han skulle bygge tempelet. Gud ville vere far for han og Moses hadde då profetert om at dei skulle vere Guds born. Gud openberra seg for han i ein draum og spurde kva han ville ha. 

1.Kong.3,4 Ein gong fór kongen til Gibeon og ville ofra der, sidan det var den største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der.

5 I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta og sa: «Sei kva du vil at eg skal gje deg!»  6 Salomo svara: «Du har vist stor godleik mot David, far min, tenaren din, av di han ferdast for ditt åsyn i truskap og rettferd og hadde eit hjarta som var ærleg mot deg. Og denne store godleiken mot han har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag. 7 No har du, Herre min Gud, gjort meg, tenaren din, til konge etter David, far min. Men eg er berre ungguten og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt som førar.  8 Her står tenaren din midt imellom folket ditt, som du har valt ut, eit folk så stort og talrikt at det ikkje kan teljast eller reknast. 9 Så gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt! For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?»

10 Herren tykte vel om bøna åt Salomo. 11 Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men bad om vit til å skjøna kva som er rett, 12 så vil eg gjera det du har bede om. Eg vil gje deg eit hjarta som er så vist og vitug at det aldri før har vore din like og heller ikkje skal koma det sidan.  13 Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane.  14 Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»  15 Så vakna Salomo og skjøna at det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram måltidsoffer og heldt gjestebod for alle mennene sine.

Salomo tok vare på mykje visdom frå dei gamle vise, spesielt frå far sin, det finn vi i Salomos Ordspråk og Forkynnaren. Men kvar finn vi den spesielle visdomen som han fekk når han var ung og som gjorde han visare enn alle? Det må då først og fremst vere i Høgsangen. Dette var så visst ikkje berre ord, men det var Gud elska han som sin son og som elska kona hans også, henne «lytelause reine», så hans kjærleik var mellom dei, ja, han var sjølv kjærleiken mellom dei. 

Forkynnaren skreiv han tydeleg vis på sine gamle dagar og den ber preg av vemod. Vi ser nok spor av denne visdomen der også, men det verkar som det er noko som manglar. For i Høgsangen er det til dømes tale om vinden, måtte den komme og blåse gjennom min hage så den herlege lukta kunne kjennast langande veg. Men i Forkynnaren seier han at livet er ein jag etter vind, kva har vi igjen for det?

Salomo braut kongelova.

I tilfelle Israelsfolket ville ha seg ein konge, så hadde dei allereie ei kongelov klar.

5.Mos.17,14 Når du kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, legg det under deg og buset deg der, og du så seier: «Eg vil ha ein konge over meg liksom alle folka rundt ikring meg»,  15 då skal du setja den mannen som Herren din Gud vel ut, til konge over deg. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein utlending, ein som ikkje er landsmannen din. 16 Men kongen må ikkje halda mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt, så han kan få seg fleire hestar. Herren har då sagt at de ikkje meir skal fara den vegen.  17 Kongen skal heller ikkje ta seg mange koner, så han vert lokka til fråfall, og han må ikkje samla seg sølv og gull i mengd.

18 Når han set seg i kongsstolen, skal han få ei avskrift av denne lova frå levittprestane; ho skal vera skriven i ein bokrull. 19 Den skal han ha hjå seg og lesa i alle sine levedagar, så han kan læra å ottast Herren sin Gud. Og han skal akta på alle bod og føresegner i denne lova og leva etter dei, 20 så han ikkje i hovmod set seg over landsmennene sine og ikkje vik av frå bodet, korkje til høgre eller venstre. Då skal han og etterkomarane hans ha kongsmakta i Israel i lange tider.

Men Salomo gjorde stikk i strid med vers 16-17.

1.Kon.10,9 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. 15 Til det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.

16 Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sekel gull.  17 Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.

18 Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull. 19 Kongsstolen hadde seks troppesteg, og på baksida var det ein rund topp. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver. 20 På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.

21 Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar. 22 For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.

23 Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda. 24 Frå alle verdsens kantar kom dei og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans. 25 Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr.

26 Salomo la seg til vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.  27 Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela.  28 Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue for betaling.  29 Kvar vogn som vart innført frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane.

Matt.6,24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Talet 666 finn vi igjen i Joh.Op.13 og det er sikkert ikkje tilfeldig, det tyder på at det vert ført ein liknande politikk.

Joh.Op.13,11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake.  12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk.  14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret.  16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna.  17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. 18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.

Merket på handa og panna refererer til usyrdebrødsfeiringa, påskefeiringa.

2.Mos.13,7 Alle dei sju dagane skal du eta usyrt brød. Det må ikkje finnast noko som er syrt hjå deg, og ingen surdeig så langt landemerka dine når. 8 Den dagen skal du seia til son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg fór frå Egypt.  9 Det skal vera eit merke for deg på handa og eit minneteikn på panna, så Herrens lov kan vera på lippene dine. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egypt.  10 Så skal du kvart år og til fastsett tid gjera det denne lova krev.»

11 Når Herren har ført deg inn i Kanaan, som han lova deg og fedrane dine, og gjev deg det, 12 då skal du bera fram for han alt som kjem fyrst frå mors liv. Alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, høyrer Herren til.  13 Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa.  14 Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt, or trælehuset. 15 Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss fara, slo Herren i hel alt fyrstefødt i Egypt, både av folk og fe. Difor ofrar eg til Herren alle hanndyr som kjem fyrst frå mors liv, men kvar fyrstefødd son løyser eg.  16 Det skal vera eit merke på handa di og ein minnesetel på panna di. For med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt.»

Slik var det når Abraham skulle ofre son sin, Isak, også, han fekk ofre ein ver i staden.

1.Mos.22, Då ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» 12 Då sa engelen: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.»  13 Då Abraham såg opp, fekk han auga på ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. Så gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. 

Det må vere slik at Dyrets merke kjem i staden for dette merket som skulle minne om løysinga ved at påskelammet vart slakta i staden for oss.

Salomo vende seg bort frå Gud, sjølv om Gud refsa han for det, audmjuka seg ikkje, slik som David hadde gjort.

Gud sjølv refsa Salomo, men like vel audmjuka han seg ikkje slik som David hadde gjort. Det er heilt ufatteleg.

1.Kong.11,1 Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet.  2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.» Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei.  3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg. 4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore. 5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane. 6 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort. 7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane.  8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.

9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger  10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine.  12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå.  13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»

14 Herren laga det så at Salomo fekk ein motstandar. Det var Hadad, ein mann av kongsætta i Edom. 15 Då David slo Edom, drog hærføraren Joab av stad og skulle gravleggja dei som var falne i striden, og han slo i hel alle menner i Edom.  16 I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren, til han hadde rudt ut alle menner i Edom. 17 Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans, og tok vegen til Egypt. Hadad var berre småguten den gongen. 18 Dei tok ut frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord.

19 Farao fekk stor godvilje for Hadad og gav han syster åt kona si, åt dronning Takpenes, til kone. 20 Med henne fekk Hadad ein son, Genubat. Takpenes fostra han opp i huset åt farao, og sidan vart han verande der mellom sønene til farao.

21 Medan Hadad var i Egypt, fekk han vita at David hadde gått til kvile hjå fedrane sine, og at Joab, hærføraren, var død. Då sa han til farao: «Lat meg få fara heim til mitt eige land!» 22 Farao spurde: «Kva er det du saknar her hjå meg sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting, men lat meg få fara likevel!»

23 Gud lét endå ein motstandar reisa seg mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå herren sin, Hadadeser, kongen i Soba.  24 Reson samla folk om seg og vart hovding for ein røvarflokk. Dei drog til Damaskus, slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen. 25 Reson låg i strid med Israel så lenge Salomo levde. Både han og Hadad valda Israel skade. Han var konge over Aram og hata Israel.

Israelsfolket fall ifrå Herren sin Gud, det var dei sjølve som starta med å trakke ned føregardane til Herrens hus, så kom dei andre folke etter. 

Isralesfolket var Guds born, men gjorde opprør og trakka ned føregardane.

Jesajas profeterte om Israels fråfall:

Jes.1,1 Dette er dei syner som Jesaja, son til Amos, fekk om Juda og Jerusalem i den tida då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda. 

Klage over Israels fråfall

2 Høyr, du himmel, lyd etter, du jord!

For Herren talar:

Born har eg ale og fostra,

men dei har sett seg opp mot meg. 

3 Ein okse kjenner sin eigarmann,

og eit esel krubba åt herren sin.

Men Israel kjenner ingen ting,

mitt folk er utan skjøn. 

Ve det syndige folket!

4 Ve det syndige folket,

det skuldtyngde folket,

ætlingar av illgjerdsmenn,

søner som ber seg ille åt!

Dei har gått bort frå Herren,

vanvørdt Israels Heilage

og snutt ryggen til han. 

5 Kvi vil de ha endå meir slag,

sidan de atter og atter fell frå?

Kvart hovud er sårt,

og kvart hjarta er sjukt.

6 Frå hovud til hæl er ingenting heilt,

berre flengjer og flerrer og nyhogne sår,

som ikkje er reinsa og fetla

og ikkje bløytte med olje.

7 Landet er ei øydemark,

byane er brende,

og framande et opp jorda

beint framfor augo på dykk.

Alt ligg i øyde,

som når framande har herja. 

8 Berre Sions dotter er att

som ei lauvhytte i ein vingard,

som eit vaktarskjol på ei agurkmark,

som ein kringsett by.

9 Hadde ikkje Herren, Allhærs Gud,

late nokre av oss sleppa unna,

då var vi som Sodoma,

vi såg ut som Gomorra. 

Ikkje gagnlause offer, men lydnad

10 Høyr Herrens ord,

de Sodoma-hovdingar!

Lyd etter vår Guds lov,

du Gomorra-folk!  

11 Kva skal eg med alle dykkar slaktoffer? seier Herren.

Eg er mett av brennoffer av verar

og av feitt frå gjøkalvar.

Og blod av oksar og lam og bukkar

har eg ikkje hug på. 

12 Når de kjem fram for mitt åsyn,

kven krev då av dykk

at de skal trakka ned mine tempelgardar?

Kong Hiskia i Jerusalem, audmjuka seg og bad om nåde og vart bønhøyrd.

Så det var først og fremst Israels-folket som sjølve trakka ned tempelgardane. Derfor vart landet deira nedtrakka og herja av nabofolka. Jerusalem, alias «Sions dotter» stod igjen som eit vaktskjul på ei agurk-mark og som ein kringsett by, men det var då der tempelet med føregardane var. Jesajas var profet i tida 736-700 f.Kr og Samaria fall i 722 f.Kr, assyrarane tok over. Sargon 2 var konge i Assyria, 722-705 f.Kr. Sankerib vart konge etter han og han prøvde å ta Jerusalem også, men kong Hiskia bad for folket og landet og vart bønhøyrd (2.Kong.20). Gud svara han gjennom Jesajas.  

Jes.37,21 Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria.  22 Og dette er det ordet Herren talar mot han:

Ho hånar deg og spottar deg,

Sions dotter, den unge møy;

ho rister på hovudet etter deg,

Jerusalem, den unge jenta.

23 Kven er det du krenkjer og vanærar?

Kven tek du til ords imot?

Høgt lyfter du augo dine

mot Israels Heilage.

24 Du lét dine tenarar spotta Herren

og sa: «Med mine mange vogner

fór eg opp til dei høge fjell,

langt inn på Libanon.

Der felte eg høgvaksne sedrar

og dei finaste sypressar.

Eg nådde til den høgaste topp,

der skogen står som ein hage.

25 Eg har grave etter vatn

og drukke or framande kjelder.

Med mine fotsolar turka eg ut

alle elvane i Egypt.»

26 Har du ikkje høyrt om dette?

Eg planla det for lenge sidan;

eg laga det så i eldgamal tid,

og no har eg sett det i verk.

Så kunne du øyda festningsbyar

og gjera dei til ruinhaugar.

27 Dei som budde der,

stod med kraftlause hender,

fylte av redsle og skam.

Dei likna vokstrane på marka,

den grøne groen og graset på tak,

som svid av før det veks til. 

28 Om du sit eller står,

om du kjem eller går,

så kjenner eg til det.

Når du rasar mot meg, veit eg om det. 

29 Men fordi du rasar mot meg,

og eg har høyrt kor sorglaus du er,

set eg ring i nasen din

og legg beisel i munnen din.

Så fører eg deg attende

den vegen du er komen. 

30 Dette skal du ha til teikn:

I år må de eta det som gror av spillkorn,

og til års korn som har sått seg sjølv.

Men tredje året skal de så og hausta,

planta vingardar og eta frukta.

31 Den resten av Juda som vert berga,

skal atter skyta djupe røter,

og greinene skal bera frukt. 

32 For frå Jerusalem kjem det ein rest,

frå Sion-fjellet ein flokk som er berga.

Dette skal Herren, Allhærs Gud,

gjera i sin brennhug.

33 Ja, så seier Herren om assyrarkongen:

Han skal ikkje koma inn i denne byen

og ikkje skyta ei pil dit inn.

Han skal ikkje gå imot han med skjold,

og ikkje kasta opp ein voll imot han. 

34 Den vegen han kom, skal han fara attende;

i denne byen skal han ikkje koma inn,

lyder ordet frå Herren.

35 Eg vil verna byen og berga han

for mi eiga og for min tenar Davids skuld. 

36 Så gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der.  37 Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.

38 Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.

Kong Manasse var så ugudeleg at Gud ikkje ville tilgje det, derfor fall Jerusalem. 

Deretter vart Manasse konge i Jerusalem.

2.Kong.21,1 Manasse var tolv år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år. Mor hans heitte Hefsiba.  2 Manasse gjorde det som vondt var i Herrens augo, og tok etter all den styggedomen som dei fór med, dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.  3 Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde øydelagt. Han reiste altar for Ba’al og laga Asjera-pålar, liksom Akab, kongen i Israel, hadde gjort. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.  4 Jamvel i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem vil eg la namnet mitt bu.»  5 I begge føregardane til templet bygde han altar for heile himmelhæren.  6 Manasse lét son sin gå gjennom elden. Han dreiv med teikntyding og spådomskunster og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og eggja han til harme.

7 Asjera-biletet som Manasse hadde laga, sette han opp i det huset Herren hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset, i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.  8 Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg gav fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova som Moses, tenaren min, gav dei.» 9 Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.

10 Då tala Herren gjennom tenarane sine, profetane, og sa: 11 Fordi Manasse, Juda-kongen, har gjort så stygge ting, ting som er verre enn alt det amorittane før han gjorde, og med si avgudsdyrking har lokka Juda òg til synd,  12 difor seier Herren, Israels Gud: No vil eg føra slik ulukke over Jerusalem og Juda at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det.  13 Eg vil spenna same mælesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Akabs ætt. Eg vil turka bort Jerusalem som når ein turkar av eit fat og snur det opp ned.  14 Eg vil ikkje meir bry meg om dei som er att av folket mitt, men gje dei i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei. 15 Så skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine augo, og harma meg frå den dagen fedrane deira drog ut or Egypt, og til denne dag.

16 Elles tok Manasse livet av mange skuldlause menn; han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens augo.

17 Det som elles er å seia om Manasse og alt det han gjorde, og all synda hans, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.  18 Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg attmed slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.

19 Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba.  20 Amon gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans. 21 Han fór i alle måtar så fram som far hans hadde gjort. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei. 22 Han gjekk bort frå Herren, sine fedrars Gud, og ferdast ikkje på Herrens veg.

23 Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus. 24 Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han. 25 Det som elles er å seia om Amon og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. 26 Amon vart lagd i grava si i Ussa-hagen, og Josjia, son hans, vart konge etter han.

Denne synda var så stor at Gud ikkje ville tilgje det, så Jerusalem skulle leggast i grus, men då var det Babylonar-kongen som kom og tok over heile greia. Jerusalem fall i 587 f.Kr. Dermed var det slutt på David-dynastiet. 


Leave a comment