Ein gammal indo-europeisk kultur.
Realist som trur på Jesus.
Eg har vore realist som trur på Jesus sidan eg var ein gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme. I følgje utviklingslæra har livet på jorda vorte til ved utvikling, der individet og arten måtte tilpasse seg naturmiljøet for å overleve, det vart avgjerande for korleis arten utvikla seg. Så korleis høver det med skapingssoga? Eg trur at Gud gjorde under, når han skapte, men det var også gjennom ei lang utvikling. Det skulle høve med at «lysdagane» i 1.Mos.2 var lange periodar. I 1.Mos.2 får vi eit anna perspektiv på det, der vi får sjå det utifrå individets perspektiv i det Adam og Eva levde i eit personleg forhold til Gud. Korleis kunne dette også handle om ei lang utvikling? Jau, ved at det handla om korleis Gud skapte noko nytt frå generasjon til generasjon. Han ville dei skulle halde fram med å leve i dette forholdet til han, så dei fekk oppleve at han framleis skapet noko nytt frå generasjon til generasjon.
Dette høver med eit sentralt poeng i boka «To Kjønn» av utviklingsbiolog Glenn-Peter Sætre. Eit vesentleg poeng med at det er to kjønn som formeirer seg, er at genane vert miksa, så vi får meir genetisk mangfold, så der kjem noko nytt i kvar ny generasjon.
Sjølvsagt fortel skapingssoga noko som kjem i tillegg til dette, for dei levde i samfunn med Gud som er ånd og fekk oppleve at han gjorde sitt verk med dei, ved sitt Ord og sin Ande. Men ved syndefallet fall dei ut av det og forstod seg ikkje lengre på det.
Korleis kan vi komme inni det igjen og verte verande i det? Ved å komme til Kristus og drikke av kjelda med det levande vatnet.
Salme.23, 1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
Joh.4,13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»
Så eg reknar med at den kjelda som vella opp i ørkenen i 1.Mos.2 er symbol på kjelda med det levande vatnet.
Med referanse til spurveboka, leksionet og Bibelen.
I boka «Gråspurven» skriv evolusjons-biologen Glenn-Peter Sætre om korleis gråspurven har tilpassa seg menneskeleg sivilisasjon og følgt europearane, for å gå tilbake i tid har han studert på korleis indoeuropeisk språk breitt seg ut. Mykje tyder på at det starta som ein indoanatolsk kultur sør for Kaukasusfjella for 8000 år sidan. Det spreidde seg til ein anatolks kultur sentrert i Tyrka og ein urindoeuropeisk kultur, jamnakulturen, nord for Svartehavet og Kaukasusfjella for omlag 5300 år sidan. Men for 3700 år sidan var det hetittisk kultur i Tyrkia. Dei temde hesten og fann opphjulet og for med hest og kjerre og det var ein teknologisk fordel som gjorde at dei spreidde seg vesorver mot Europe og austover også, der kom bølger av folkevandringar i tida 5300-4200 f.Kr.
For 5000 år sidan var det i Norden ein «strids-øks-kultur». Den var ein nordleg variant av «band-keramikk-kultur» på fastlandet i Nord-Europa og aust for Austersjøen, og det var igjen ein variant av jamnakulturen. Den spreidde seg tydeleg vis vestover. Dette var i steinalderen, då folk laga reiskap av stein, skåler av kjeramikk og dreiv med jord- og husdyr-bruk. Før stridsøks-kulturen var der i Skandinavia ein traktbegerkultur som stamma frå Anatolia.
I jamnakulturen fann dei opp hjulet og bygde seg tunge «campingvogner» og sette oksar til å trekke dei ut på steppene, slik vart dei meir flyttbare. Så temma dei hesten og fekk den til å trekke kjerrer på to hjul. Noko av kornet som hesten åt, vart ikkje skikkeleg fordøygd, men kom ut att og då vart det snadder for spurven. Dess meir spurv fylgde menneska sin sivilisasjon.
Oppfinninga av hjulet og temming av hesten vart ein stor teknologisk fordel som sidan vart brukt i krig også. Sitat frå https://snl.no/kavaleri :
Bruk av hest i krig har en historie tilbake til oldtiden. Dels ble hest brukt til forflytning, dels i selve kampen. Med bruk av stridende til hest i organiserte former, vokste kavaleri som militær struktur fram. Betydningen av kavaleri i forhold til infanteri har variert gjennom historien, men de to troppeartene har vært og er fortsatt kjernen i landmilitære styrker – etter hvert forsterket særlig av artilleri.
Kavaleri vokste først fram i Asia. Det tidligste kavaleriet brukte hester for å trekke den første typen stridsvogner, såkalte chariots. Disse oppsto i Sentral-Asia, og fra om lag 1500 fvt. ble de også benyttet i Midtøsten og Europa. Utviklingen i retning væpnede ryttere var blant annet knyttet til avl av større hester som kunne bære en soldat med våpen og beskyttelse.
Kavaleri har spilt en avgjørende rolle i en rekke samfunn og stater, framfor alt i Asia og Europa. I enkelte samfunn dominerte kavaleriet de militære styrkene. Dette gjaldt ikke minst hos nomadefolk i Asia, der bruk av hest var utbredt, som hos hunerne og mongolene. I Europa var kavaleriets omfang mindre, mest fordi det var kostbart å trene en hest og utruste en kavalerist. Dette er også årsaken til at kavalerister i Europa gjennom historien gjerne kom fra høyere sosiale lag av samfunnet.
Indoeuropeernes erobring av Lilleasia og Europa skyldtes i stor grad bruk av dresserte hester, noe som til da var ukjent i disse områdene. Kavaleri ble utviklet i flere deler av Asia, blant annet i kinesiske statsdannelser og hos tyrkisktalende samfunn. I persernes yrkesarmé inngikk buevæpnede ryttere, som kjempet i spredt orden.
Mens kavaleriet spilte en beskjeden rolle i de greske bystatene, fikk det stor betydning i det gamle Makedonia, under Filip 2. og Aleksander den store. Det var først i det makedonske kavaleriet at eksersis i taktiske forband og sluttede former ble tatt i bruk. I Romerriketutgjorde kavaleriet om lag en femdel av hærstyrken og var i første rekke en støtte til infanteriet i de romerske legioner.
SITAT SLUTT.
Glenn-Peter skreiv også om korleis spurven vart motteken i ulike kulturar, den var til dømes med i antikk mytologi men i det maoistiske Kina vart den sett på som eit skadedyr som burde utryddast, fordi den åt opp kornet. Jesus talte om småspurven slik:
Matt.10,28 Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete. 29 Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda. 30 Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. 31 Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.
Jesus var fødd av ei jomfru, like vel var han etter kjøtet son til Josef, men det var eit Guds under, til samanlikning med at Abraham og Sara fekk Isak på sine gamle dagar, når dei etter naturen var for gamle til det. Vi har ættetavle frå Jesu heilt tilbake til Adam og i Luk.3,23-38 vert Adam kalla Guds son. Det var vanleg å skrive ættetavle for ei herskar-ætt og det gjekk vanleg vis gjennom eldste sonen., i mange tilfell gjekk det tilbake til ein gud eller gudane, slik også i norrøn mytologi. Men her går det tilbake til berre ein Gud og det var ikkje bestandig gjennom den eldste, her er fleire unntak, Set, Abraham, Isak, Jakob, David. Det vert også fortalt kvar nokre av sønene busette seg, til dømes flytta Kain austover, mot det som no er Iran, altså. Det vert også fortalt litt om kva ætta deira dreiv med, den og lendet den busette seg i, vart gjerne oppatkalla etter ættefaren.
Abraham levde omlag 1800 f.Kr. I ættetavla før dette er det fortalt kor gamal faren var når han fekk sonen og då kjem vi til at Adam vart skapt omlag 3750 f.Kr. Med så nøyaktige ættetavle, skulle vel dette kunne kallast naturfagleg historieskriving, men så er det også noko som verkar merkeleg. Isak og Jesus var fødde ved Guds under og dei fyrste menneska levde utruleg lenge, men etter kvart gjorde Gud levetida deira kortare. Om vi prøver med ei symboltolking her, vil det kanskje vere berre eit forsøk på å bortforklare, for det kan ha skjett genetiske forandringar og eg går ut ifrå at so er tilfelle. Før Noa var det kjemper på jorda også og det har dei no funnet skjelett av.
Det kan forklarast utifrå genetikken, som ei hypotese. Endane av kromosomane vert kalla telomerar, ved celledelinga kan desse verte for forkorta, eit eige ensym som vert kalla telomerase, skal reparere det. Like vel vert dei noko forkorta og det kan vise seg som aldring og auke risikoen for kreft. For dei første menneska kan telomerane ha vore lengre, slik at aldringa kom seinare.
Sitat frå https://sml.snl.no/telomer :
Telomer er en struktur i hver ende av kromosomene i eukaryote celler. Telomeren inneholder en repetert DNA-sekvens og er nødvendig for å stabilisere kromosomet og beskytte mot
Hos mennesket og andre virveldyr består den repeterte enheten av basene TTAGGG (T = thymin, A = adenin, G = guanin). Den er repetert om lag 2500 ganger, som tilsvarer en lengde på omtrent 15 000 basepar.Egenskaper
Telomerene inneholder ikke gener. På grunn av en egenskap ved enzymmaskineriet som lager et nytt sett DNA i cellen før celledeling, vil telomerene forkortes hver gang cellen går igjennom en deling (se mitose). Dette medfører at kromosomet blir litt kortere for hver celledeling.
Etter hvert, når lengden på telomerene når et kritisk punkt hvor kromosomene ikke lenger er beskyttet, kan genene på enden gå tapt, eller kromosomet kan knyttes sammen med et annet kromosom. Dette vil føre til at cellen dør. Denne mekanismen hindrer dermed at cellene kan dele seg et ubegrenset antall ganger. Telomerene spiller derfor en nøkkelrolle i kroppens aldringsprosess, og beskytter mot ukontrollert celledeling og kreft.
Telomerase er et enzym som kan forlenge telomerene igjen. Dette enzymet er aktivt i kun et fåtall av kroppens celler, og disse cellene ser ut til å kunne dele seg evig og bli udødelige.
Telomerene betegnes ofte som den «mitotiske klokke» – de viser at den enkelte celle har en iboende kontroll over hvor mange celledelinger den har vært igjennom, og lengden på telomeren kan dermed bestemme en celles alder.
SITAT SLUTT.
Ei moglegheit er då at telomerane var lengre for dei fyrst menneska og derfor levde dei lengre.
Før syndefloda sette Gud levetida for menneska drastisk ned.
1.Mos.6,1 Menneska tok til å aukast på jorda, og dei fekk døtrer. 2 Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha. 3 Då sa Herren: «Min ande skal ikkje for alltid bu i menneska; for dei er berre veike skapningar. Levetida deira skal vera 120 år.»
4 På den tid, og sidan òg, var det kjemper på jorda. For gudesønene levde saman med menneskedøtrene og fekk born med dei. Det var dei veldige mennene frå eldgamal tid, dei namngjetne.
5 Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska på jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira, var vonde dagen lang. 6 Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt. 7 Han sa: «Eg vil rydja ut av jorda menneska som eg har skapt, ja, ikkje berre menneska, men feet og krypdyra og fuglane under himmelen òg. For eg angrar at eg har skapt dei.» 8 Men Noah fann nåde hjå Herren.
For moderne menneske har forteljingar om kjemper vore dikt og eventyr, men i det siste har dei funne skjeletta av dei. Kven var desse Guds søner? Var det menneske som forguda seg sjølv slik som ved syndefallet? Det var no menneske som vart straffa for det i alle fall. Vi forstår vel at det hadde med avl å gjere, så der er ei naturfagleg side av saka like vel.
I Bibelen finn vi kva som var ifrå opphavet.
Dermed kan vi konkludere med at Bibelen er eineståande med å gi ei naturfagleg historieskriving så langt tilbake i tid. Men kva har den å stille opp mot gransking som går langt lengre tilbake i tid. Då er det klart at symboltolkinga tek over. La oss sjå på dei første versa om Adam.
1.Mos.2.1 Dette er soga om himmelen og jorda då dei vart skapte.
Mennesket i Guds hage
På den tid Herren Gud skapte jorda og himmelen, 5 fanst det ikkje ein busk på jorda, og endå hadde ikkje eit grønt strå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det var ikkje menneske til å dyrka marka. 6 Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.
I denne bibeloversettinga (1978/85) har overskrifta «mennesket i Guds hage», vorte tilføya, den er ikkje med i grunnteksta. Og for å vere nøyaktig handla dette ikkje først om å vere i ein hage, men det starta med ein ørken og så kom der ei oppkome, så kunne der vel verte ei oase i ørkenen. Dette liknar mest på det landskapet menneska opphavleg kom frå, i Afrika, i følgje naturvitskapleg forsking. Det var dette landskapet dei av naturen passa til å leve i, i tråd med at dei trong å tilpasse seg naturen for å overleve. Her var det så varmt at det var ein fordel å ha lite hårvekst og dei kunne fint trakke i sanden med nakne føter. Det høver med at Gud skapte menneska ved å skape noko nytt frå generasjon til generasjon, han skapte dei gjennom utvikling altså, og han plan og vilje med dei var opphavelg at dei skulle halde fram med å leve i det forholdet til han.
Men så hadde Gud planta ein hage aust i Eden og dit flytta han mannen og sette han til å dyrke og verne hagen. Først no vert det fortalt at Gud skapte kvinna som ei hjelp som høvde for han. Men var det så at han skapte menneska frå generasjon til generasjon, så måtte det gjelde henne også. Men kvifor vart det ikkje sagt før då? Sikkert fordi det også handlar om å bygge eit samfunn som ein meir høgtståande sivilisasjon, elvekulturane var då dei første meir høgtståande kulturane.
Religionshistorikarar meiner der var ein indoeuropeisk religion som gav opphavet til religionane i området, endåtil litt inn i Afrika. Så vi kan sjå likskap i skapingssogene i norrøn mytologi og hinduisme. Men heile denne indoeuropeiske religionen kom nok som resultat av at menneska vart dåra og forførde ved syndefallet, derfor kjenner den heller ikkje sitt opphav, den er for dum til det.
Men Bibelen fortel oss kva som vårt rette opphav. Kjelda som vella opp i ørkenen er symbol på kjelda med det levande vatnet, Gud er sjølv kjelda med det levande vatnet. Folket hans fall ifrå han, men Jesus kalla til seg folk og sa at hos han skulle dei få drikke av den.
Jer.2,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Gå og rop ut så det høyrest i Jerusalem:
Så seier Herren: Eg kjem i hug din ungdoms truskap,
din kjærleik i trulovingstida,
då du fylgde meg i øydemarka,
i eit land der ingen sår.
3 Heilagt var Israel for Herren,
fyrstegrøda av hans avling.
Alle som ville gløypa folket, laut bøta,
ulukke kom over dei,
lyder ordet frå Herren.
4 Høyr Herrens ord, du Jakobs ætt,
alle ætter i Israels hus.
5 Så seier Herren:
Kva gale fann fedrane dykkar hjå meg,
sidan dei gjekk bort frå meg
og heldt seg til gudar som ikkje duger,
så dei vart duglause sjølve?
6 Dei spurde ikkje:
«Kvar er Herren
som førte oss opp frå Egypt
og leidde oss gjennom øydemarka,
eit land med moar og kløfter,
eit land med turk og mørker,
eit land der folk ikkje ferdast
og menneske ikkje bur?»
7 Eg førte dykk til eit veldyrka land,
der de fekk nyta frukta og grøda.
Men då de kom dit inn,
gjorde de landet mitt ureint
og odelen min til ein styggedom.
8 Prestane spurde ikkje: «Kvar er Herren?»
Og dei som syslar med lova, kjende meg ikkje.
Hyrdingane fall frå meg,
profetane spådde ved Ba’al
og heldt seg til gagnlause gudar.
9 Difor vil eg framleis
føra klagemål mot dykk,
lyder ordet frå Herren,
ja, føra klagemål mot barneborna dykkar.
10 Far over til kittearøyane og sjå,
send bod til Kedar og røk vel etter,
ja, sjå om noko slikt har hendt!
11 Har noko folk bytt bort sine gudar
– endå dei ikkje er gudar?
Men mitt folk har bytt bort si ære
mot det som ikkje gagnar.
12 Reddast, du himmel,
ja, skjelv av redsle over dette!
lyder ordet frå Herren.
13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
Joh.7,35 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
I Bibelen er livet med den levande og sanne Gud omtala som eit oljetre, nokre av greinene vart avbrotne, så det vart gjort plass til at heidningar, som ville oljekvistar, vart poda inn idet. Jesus sa også at han var det sanne vintreet, dei som trudde på han var greinene. Då vart det berre om å gjere å verte verande som greiner i vintreet, som fekk sevje frå rota, då skulle det bere mykje god frukt. Det må då vere mykje betre å vere ei slik levande grein enn å vere ein tørr, daud kvist som vert teken bort.
For 2500 år sidan utvikla grekarane filosofien, det handla mest om tankeverda. Dei fekk titallsystemet frå arabarane og så var dei tydeleg inspireret av jødedomen. Den analytiske tenkinga frå Aten og Bibelen frå Jerusalem vart fundmentalt for vestleg kultur. Men den moderne, eksperimentelle naturvitskapen vart utvikla i Vest-Europa og den er eineståande i historia.
Livet etter døden, sanne at Israels Gud er Herre.
Ei skapingssoge og ei tru og ei von om eit liv etter døden er felles og sentralt for religionane, vi kan også forstå det som samlande og soleis sosialt verdifullt i ætta og samfunnet, ved at det gir deg verdi utover dette jordelivet og andre menneske, spesielt dine næraste har verdi for deg utover dette jordelivet. Men kven kan seie noko sikkert om det? Kong Salomo spekulerte i om dyra også fekk eit liv etter døden.
Fork.3,18 Eg tenkte med meg om menneska:
Gud prøver dei så dei kan sjå
at dei i seg sjølve ikkje er meir enn dyr.
19 Same lagnaden ventar
både menneske og dyr.
Den eine skal døy som den andre,
same livsanden har dei alle.
Menneske har ingen føremon framfor dyr.
For alt er fåfengd.
20 Alle går til same staden.
Av jord er alle komne,
og til jord skal dei atter verta.
21 Kven veit om menneskeånda stig opp,
medan dyreånda fer ned i jorda?
22 Eg såg at det beste mannen kan gjera,
er å gleda seg i sitt arbeid;
det er den lut han har fått.
For kven lèt han sjå
det som sidan skal koma?
Og Jesus sa at det fell ikkje ein spurv til jorda, utan at Gud veit det. Det må vel vere det tryggaste for spurven til slutt. I Bibelen vert det ofte sagt om dei som døydde, at dei gjekk til fedrane sine. Profetane sa at dei såg kongar og hærførarar med hærane sine i dødsriket, sjølv om dei var uomskorne, så låg dei i fred og ro, men vart litt uroa over at Babylonarkongen også kom der.
Esekiel.32,17 I det tolvte året, den femtande dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 18 Menneske, syng ein klagesong over hopen i Egypt! Lat dei fara ned, og kvinner frå andre folkeslag saman med dei!
Mektige menn må fara
til landet djupt der nede,
saman med dei som går i grav.
19 Kanskje du er betre enn andre?
Stig ned og legg deg hjå uomskorne!
20 Egyptarane skal falla
mellom menn som vert drepne med sverd.
Sverdet er drege og lyft
mot landet og heile hopen der.
21 Nede frå dødsriket skal sterke kjemper
seia om farao og hans hjelpesmenn:
«No har dei fare ned og lagt seg
mellom uomskorne, drepne med sverd.»
Dersom menneske ville ovmode seg mot Gud og gjere seg til gudar, så var det noko som døden gjorde slutt på. Gud ville straffe israelsfolket med døden, så skulle dei sanne at han er Herre.
Esekiel.6,11 Så seier Herren Gud: Slå hendene saman og trakka med foten! Rop ve over all den vonde styggedomen mellom israelittane! Dei skal falla for sverd eller døy av svolt eller i pest. 12 Dei som er langt borte, skal døy i pest; dei som er nær, skal falla for sverd, og dei som kjem velberga frå dette, skal døy av svolt. Eg fullfører min vreidedom over dei. 13 Dei skal sanna at eg er Herren, når deira falne ligg midt imellom avgudane deira og rundt ikring altara, på alle høge haugar og alle fjelltoppar, under kvart grønt tre og kvar lauvrik terebinte, alle stader der dei lét godange stiga opp til alle avgudane sine. 14 Eg vil retta handa ut mot dei, og kvar dei så bur, vil eg gjera landet til ei uhyggjeleg audn, verre enn Dibla-øydemarka. Då skal dei sanna at eg er Herren.
Esekiel.28,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, sei til fyrsten i Tyrus:
Så seier Herren Gud:
Hovmodig er ditt hjarta
når du seier: «Eg er ein gud
og sit på eit gudesete uti havet.»
Du er berre eit menneske og ikkje ein gud,
likevel kjenner du deg som ein gud.
3 Sjå, du er visare enn Daniel,
ingen løyndom er duld for deg.
4 Med visdom og vit har du vunne deg rikdom;
i dine skattkammer har du samla gull og sølv.
5 Med din store klokskap i handel
auka du din rikdom;
men rikdomen gjorde deg hovmodig.
6 Difor seier Herren Gud:
Fordi du kjenner deg som ein gud,
7 sjå, difor sender eg mot deg
framande folkeslag som ikkje tek omsyn.
Trass i din storslegne visdom
dreg dei sverdet mot deg
og vanhelgar deg i din strålande glans.
8 Dei støyter deg ned i grava;
midt uti havet skal du døy
lik folk som vert slegne i hel.
9 Vil du då seia at du er ein gud,
andlet til andlet med dine drapsmenn?
Du er ingen gud, men berre eit menneske
i hendene på dine banemenn.
10 Som dei uomskorne skal du døy
for handa åt framande.
For eg har tala, seier Herren Gud.
Esekiel.20,32 Det skal aldri henda, det som leikar i hugen dykkar, når de seier: «Vi vil vera som andre folk, som ættene rundt ikring i landa, og dyrka stokk og stein.» 33 Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg vil rå over dykk med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp. 34 Eg vil føra dykk bort frå folka og samla dykk frå landa der de er spreidde. Det vil eg gjera med sterk hand og strak arm og såleis at min harme får fritt løp. 35 Så fører eg dykk til folkeøydemarka, og der vil eg halda dom over dykk, andlet til andlet. 36 Liksom eg heldt dom over fedrane dykkar i øydemarka ved Egypt, såleis vil eg halda dom over dykk, lyder ordet frå Herren Gud. 37 Eg lèt dykk gå framom under hyrdingstaven og fører dykk inn i ei bindande pakt. 38 Eg skil ut frå dykk dei som er ulydige og reiser seg mot meg. Eg fører dei bort frå det framande landet der dei held til; men til Israels-landet skal dei ikkje få koma. Då skal de sanna at eg er Herren.
39 Men de, israelittar, så seier Herren Gud: Kvar av dykk kan berre gå og dyrka avgudane sine! Men sidan skal de sanneleg høyra på meg og aldri meir vanæra mitt heilage namn med offergåvene og avgudane dykkar. 40 For på mitt heilage fjell, på Israels høge fjell, seier Herren Gud, skal heile Israels-ætta tena meg, alle som er i landet. Der skal eg visa dei godvilje. Eg vil spørja etter offergåvene dykkar og etter fyrstegrøda som de ber fram, alt det de vier til Herren. 41 For den gode offerangen skuld vil eg syna dykk godvilje når eg fører dykk bort frå folka og samlar dykk frå landa der de no er spreidde, og midt imellom dykk, for augo på dei andre folka, viser kor heilag eg er. 42 De skal sanna at eg er Herren, når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg med lyft hand lova å gje fedrane dykkar. 43 Der skal de minnast åtferda dykkar, alt de gjorde dykk ureine med. Og de skal kjenna avsky for dykk sjølve fordi de gjorde så mykje vondt. 44 De skal sanna at eg er Herren, når eg for mitt namn skuld handlar så med dykk og ikkje som de hadde fortent, Israels ætt, etter dykkar vonde ferd og skamlause gjerningar, lyder ordet frå Herren Gud.
Skogen sør i landet skal brenna
45 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 46 Menneske, vend deg sørover, rett di forkynning mot sør og tal profetord mot skogen der i landet! 47 Sei til skogen i sør: Høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud: Eg set eld på deg, og han skal svi av kvart tre i deg, både dei friske og dei turre. Den logande elden skal ikkje slokna, men skambrenna kvart andlet frå sør til nord. 48 Alle menneske skal sjå at det er eg, Herren, som har kveikt elden, og han skal ikkje slokna.
49 Då sa eg: Å, Herre Gud! Dei seier om meg: «Han talar då alltid i likningar!»
Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Det kan høyrast ut til å vere for godt og for enkelt til å vere sant, men ingen kan frelse seg sjølv. Det einaste vi kan gjere er å påkalle Herrens namn, så vi får oppleve at han strekker ut sin frelsararm til oss og kjem til oss.
Salme.40,1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Eg venta og vona på Herren.
Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.
3 Han drog meg opp or den tynande grav,
opp or den djupe gjørma.
Han sette mine føter på fjell
og lét meg gå med faste steg.
4 Han la ein ny song i min munn,
ein lovsong til vår Gud.
Mange skal sjå det og ottast
og setja si lit til Herren.
Rom.10,5 Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova. 6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Når Jesus døde på korset, gjekk han bort og forkynte for dei som var ulydige på Noas tid og som vart dømde i syndefloda. Kvifor det då? Der er noko som vert kalla den andre døden, så det kunne vere for å frelse dei frå den.
1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.
I Esekiel.20,48 er Guds vreide omtala som ein eld som ikkje sloknar, andre plassar er den omtala som ein røyk som stig opp i all æve.
Jesaja.34,9 Bekkene i Edom skal verta til bek
og molda til svovel;
ja, landet skal verta til brennande bek.
10 Korkje dag eller natt skal det slokna,
evig skal røyken stiga frå det.
Frå ætt til ætt skal landet liggja audt,
aldri skal nokon fara igjennom det.
Joh.Op.19,1 Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song:
Halleluja!
Sigeren og æra og makta høyrer vår Gud til,
2 for sanne og rettferdige er hans domar.
Han har dømt den store skjøkja,
ho som øydela jorda med si utukt,
og blodet av tenarane sine
har han kravt av hennar hand.
3 Endå ein gong ropa dei:
Halleluja!
Røyken frå henne stig opp i all æve.
Dette handlar om sivilisasjonar som vert dømde for evig og alltid, korleis vert det då på det individuelle plan?
Joh.Op.14, Så fylgde ein annan engel etter, og han ropa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som med sitt horeliv har skjenkt vin til alle folkeslag, ein vreidevin.»
9 Ein tredje engel fylgde etter dei og ropa med høg røyst: «Om nokon tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa, 10 skal han drikka av Guds vreidevin, som er skjenkt ublanda i hans harmes skål; og han skal pinast med eld og svovel for augo på dei heilage englane og Lammet. 11 Røyken frå pinsla deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, dei som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet åt dyret til merke.» 12 Her gjeld det at dei heilage held ut, dei som held fast på Guds bod og trua på Jesus.
13 Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som døyr i Herren heretter! Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira fylgjer med dei.»
Joh.Op.20,1 Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir. 12 Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine. 13 Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar. 14 Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden. 15 Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.
Luk.16, Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag. 20 Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår. 21 Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.
22 Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. 23 Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans. 24 Då ropa han: «Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.» 25 Abraham svara: «Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt. 26 Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk; ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.» 27 Då sa den rike: «Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. 28 Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.» 29 Men Abraham sa: «Dei har Moses og profetane; dei kan høyra på dei.» 30 «Nei, far Abraham,» svara han, «men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.» 31 Då sa Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde.»
Mark.9,43 Om handa di lokkar deg til synd, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går vanfør inn til livet enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar, 44 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 45 Og om foten din lokkar deg til synd, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet enn at du har to føter og vert kasta i helvete, 46 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 47 Og om auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike enn at du har to augo og vert kasta i helvete, 48 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 49 For kvar og ein skal saltast med eld. 50 Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Ha salt i dykk sjølve, og hald fred med kvarandre!»
Det er vel ingen som tek dette så bokstaveleg at dei går laus på seg sjølve med øks. Men Paulus lærer oss at sidan Kristus vart krossfesta og døde i staden for oss, skal vi tenke som so at vi er krossfesta og døde saman med han.
Førstefødselsretten og den som Gud valde ut og velsigna for å skape noko nytt.
Menneska vart dåra og forførde ved syndefallet, det vart historia som gjentok seg og det viste seg ved at dei laga seg avgudar av stokk og stein. Kongerike oppstod, med kongar som prøvde å gjere seg liksom Gud med sine avgudar. Men Gud straffa dei for det, så riket deira gjekk under og så påstod han at det var han som gjorde det heile, det var historia som gjentok seg, altså.
I ein familie hadde eldste sonen fyrstefødsels-retten og det betydde ei åndeleg velsigning framfor dei andre, så dei måtte innrette seg etter han, slik vart dei også velsigna. Ved jordbrukets revolusjon dyrka familien opp eit jordområde som vart deira og det var vanleg at eldste sonen arva det heile, så det også vart med i førstefødselsretten. Slike jordeigedomar var verdifulle og vart eit motiv for krig og herjing. Dei trong eit forsvar, så det vart med tida avgjerande for kven som eigde jorda, det vart religiøse og militante jordeigarar som gjerne vart kalla aristokratar, medan dei som arbeidde med å dyrke den, vart slavar. Som jordeigarar fekk dei dess større makt, trældomen vart hardare, spesielt ved hjelp av avgudane. Tradisjonelt har denne verda sine herrar og kongar herska over folket med denne verda sin visdom, med den har dei rekna den ulærde underklassa for å vere utilreknelege, dumme og vonde, så dei trengde nokon til å herske over dei, enten for deira eigen del eller for andre sin del eller begge deler. Slik vart det også argumentert for å gå til krig. Opplæringa vart tradisjon, men nytenking og nyskaping vart det lite av. Gud ville skape noko nytt frå generasjon til generasjon, men det fekk motstand. Så av og til valde Gud ut ein yngre bror i ein søskenflokk, velsigna han og gjorde noko nytt ved han. Då hende det at den eldste vart misunneleg på han. Det ser vi gang på gang i Bibelen,
I det Gamle Testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Jesus sa at Djevelen var Lygnaren. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.
Joh.1,14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie. 37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk. 38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»
Jesus set oss fri frå trældomen under lova også. Paulus forklarer det for oss. Ved nåden i Kristus får vi den Heilage Ande, den openberrar Guds Ord for oss og fører oss fram til heile Sanninga, så den set oss fri. Vi skal bøye oss for Kristus og la han ved sitt Ord og sin Ande råde i vår døyelege lekam. Han er vegen som fører oss heim til Faderhuset, så vi får oppleve han kjærleik og omsorg, vi oppleve å vere Guds arvingar og Kristi medarvingar, med Kristus som vår frelsar og Herre og under Faderens formyndarskap.
Dette kjem i motsetnad til den Lovlause (2.Tess.2) og Antikrist. Kven er Lygnaren om ikkje han som nektar at Jesus er Messias, han er Antikrist, han som nektar Faderen og Sonen. Dette har eg skrive om her:
I Rom.8 og Gal.4 forklarar Paulus skilnaden mellom trælekåret og barnekåret. Foreldra er formyndarar for barnet heile tida, men under oppveksten kan det få andre formyndarar i tillegg. Men det skal vekse opp og få opplæring så det vert sjølvstendig i forhold til desse formyndarane. Sonen skal då ta over og arve, men trælen vert verande træl.
Gal.4,1 Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen. 2 Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett. 3 Såleis var det med oss òg. Då vi var umyndige, var vi trælar under grunnkreftene i verda. 4 Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova. 5 Han skulle kjøpa dei frie som var under lova, så vi kunne få barnekår. 6 Og sidan de er born, har Gud gjeve sin Sons Ande i hjarto våre, og Anden ropar: «Abba, Far!» 7 Difor er du ikkje lenger træl, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.
Paulus har omsut for galatarane
8 Den tid de ikkje kjende Gud, træla de under gudar som i røynda ikkje er gudar. 9 Men no når de kjenner Gud, ja, det som meir er, når de er kjende av Gud, korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattigslege grunnkreftene i verda? Vil de atter træla under dei? 10 De aktar nøye på dagar og månader, høgtider og år. 11 Eg er redd at alt strevet mitt med dykk har vore fåfengt.
12 Eg bed dykk, brør: Ver som eg, for eg har vorte som de. De har ikkje gjort meg urett. 13 De veit då korleis det gjekk til at eg forkynte evangeliet for dykk fyrste gongen. Det kom av at eg var sjuk. 14 Men de lét dykk ikkje freista av dette til å vanvørda eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv. 15 Har de gløymt kor glade de var då? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut augo og gjeve meg, om det var mogeleg. 16 Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga? 17 Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode. Men dei vil skilja dykk ut og gjera dykk til sine tilhengjarar. 18 Det er vel og bra at somme legg iver for dagen, og ikkje berre når eg er hjå dykk, men det må alltid vera ein iver for det gode. 19 Mine born, som eg atter føder med smerte til dess Kristus vinn skapnad i dykk! 20 Eg skulle ynskja eg var hjå dykk så eg kunne tala til dykk på ein annan måte, for eg er reint i beit med dykk.

