Bildet: Oliventre.
Innvie seg til Herren, for å verte salva til å tene han.
Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt (Joel.3,1..), det får vi oppfylt ved evangeliet om Kristus. Han er Guds Ord, den Heilage Ande openberrar det for oss, så vi innser at han er Sanninga som set oss fri. Ved trua på han får vi den Heilage Ande, av berre nåde, tek vi imot, så tilhøyrer vi han, då er vi frelst. Då skal vi leve for han, leve for sanninga. Korleis er det mogleg? Alle som tok imot Kristus, gav han rett til å verte Guds born, fødde på nytt av livsens vatn og den Heilage Ande og det som er født av Anden er ånd. Det er ein fundamental menneskerett som han gir oss, tek vi imot, så får vi leve i fridomen i barnekåret hos Gud. Då er vi allereie salva av den Heilage Ande, men der er også eit poeng i å innvie seg til å tene han, så vi får oppleve at han salvar oss til teneste. Det er på det individuelle plan, for vi er framleis svært så ulike og passar til ulike oppgåver. Det må den einskilde finne ut av.
I Sak.4 og Joh.Op.11 er det tale om to oljetre, det er dei to som er salva til å stå framfor Herren og tene han. Soleis er det viktig for oss å innvie oss for Herren, for å verte salva til å tene han. Her følgjer nokre bodskap om nettopp det.
Møte i Maranata Oslo, 16.9.2013, Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-09-16-m-ta-vare-pa-den-fagre-skatten/ :
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Så skal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.
Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.
Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.
Her vert det sagt at det er mange som treng denne frigjerande bodskapen, få oppleve at Gud gjer sitt verk med dei, ved sitt Ord og sin Ande. Korleis kan vi nå dei? Først og fremst ved at vi innvier oss for Kristus og vert salva med den Heilage Ande.
Endetidssyn, moderat eller ekstrem preterisme? Skapt og/eller planta himmel?
Eg meiner eg har eit moderat preteristisk endetidssyn; Jesus kom for å oppfylle lova og profetane, han oppfylte lova med sitt liv her på jorda og så tok han på seg straffa for oss og døde i staden for oss, så han sona vår synd og skuld. Slik oppfylte han lova for oss. Med det offeret har han gjort dei fullkomne som vert helga. Då er det berre å ta imot i tru og verte helga. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så det er berre for oss å ta imot i tru, så med helginga får vi innsjå og oppleve meir og meir av det som Gud allereie har gitt oss i han og hans fullførde frelseverk.
Matt.5,17 Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. 18 Sanneleg, det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt. 19 Om då nokon opphevar eit einaste av desse minste boda, og lærer menneska såleis, skal han reknast for den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre det, han skal vera stor i himmelriket. 20 Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda åt dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.
Heb.10,14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.
Ein predikant som eg kallar FAL la ut to artiklar på si FB-side om sitt preteristiske endetidssyn, som eg syntest utarta seg ekstremt. Det vert referert til eit bibelvers som vert oversett ulikt, at Gud skapte himmelen eller at han spente den ut eller at han planta den. Det kan også forståast som profeti om at han vil gjere noko nytt. Eg tek med dei to innlegga, mine kommentarar og nokre svar frå han.
HIMMEL OG JORD SKAL FORGÅ – MEN MINE ORD… (23.11.2024).
Er Matt.24:35 oppfylt? Om du tar dette bokstavelig vil du selvsagt si nei. Men om du tar dette bokstavelig vil du se et problem med Matt.5:17-18. For dersom “himmel og jord” ikke er historie, gjelder hver tøddel av Moseloven. Og det er heftige greier. Ikke kun de ti bud, selv om de er utfordrende nok. Men hver tøddel fra 2.Mosebok til 5.Mosebok.
Hvordan ser preterister på Matt.24:35? For det første sier Salme 148 at himmel og jord står for evig, Salme 148:4-7. Derfor tror vi at “himmel og jord” er metaforer. I dette tilfellet dreier det seg om Israel. I Jes.51 ser vi hvordan Israel ble dannet som folk da de passerte Rødehavet. Han kom over dem ved skystøtten og ga dem sitt ord:
Jes.51:16 Jeg la mine ord i din munn og dekket deg med min hånds skygge for å plante himmelen og grunnfeste jorden, og for å si til Sion: Du er mitt folk!
Her sies det at da Herren kom over Israel var det for “å plante himmelen og grunnfeste jorden”. Og da sa han – du er mitt folk. Det er to muligheter slik jeg ser det. Enten ser vi på Matt.24:35 bokstavelig – og vi er under alle sidene av Moseloven, Matt.5:17-18. Det strider imot Heb.8:13. Eller vi ser “himmel og jord” som metafor for Israel da de ble dannet – og alt er i skjønn harmoni. Det var Israels “himmel og jord” som gikk under i år 70. Flere beviser i bok nr.10 i serien over Matt.24-25, “Himmel og jord skal forgå, men mine ord (den nye pakt) skal aldri forgå.
…….
EG:
Jesus kom for å oppfylle lova og profetane (Matt.5,17-18), han oppfylte lova med sitt liv her på jorda og oppfylte den for oss ved at han døde i staden for oss på korset. Vi skal få sjå at han lever og er med oss alle dagar inntil verda sin ende. Då innser vi vel at han er framleis den som oppfyller lova og profetane. For Gud er den han er og Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.
Ei kvinne, IMK, svarde slik: Driver ikke fortsatt og oppfyller Loven og profetene. Han har oppfylt.
Fal: Ja, Moses og Elia forsvant da Jesus ble herliggjort – da de så opp så de ingen uten Jesus alene, Matt.17:8
EG:
Det som er sagt om kunnskapstreet og livsens tre, viser at hagen vert brukt symbolsk om kulturlivet, så himmelen er som trekronene i hagen og vert brukt symbolsk om våre tankar og idear, som ei filosofisk overbygning altså. Men menneska måtte ikkje la seg freiste til å prøve å forgude seg sjølve med sin eigen kunnskap.
Kva er det for slags himmel som vert planta? Det er Herrens hage, liksom Eden. Jes.51,33 Ja, Herren skal trøysta Sion,
trøysta alle hennar aude tufter.
Han gjer hennar øydemark lik Eden,
hennar aude hei lik Herrens hage.
Der skal fryd og glede råda,
der skal takkesong og jubeltonar lyda.
EG.
Eg lurer litt på kva slags bibeloversetting du brukar, du kan vel kanskje gå litt til grunnteksta også? Men her er ifrå Bibelselskapet 78/85, nynorsk, Jes.51,15-16: 15 Eg er Herren din Gud,
som rører opp havet, så bårene brusar.
Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
16 Eg har lagt mine ord i din munn
og gøymt deg i skuggen av mi hand.
Eg som spente ut himmelen
og grunnfeste jorda,
seier til Sion: «Du er mitt folk.»
…..
Kva slags bibeloversetting du brukar når du siterer Jes.51,15-16? Det må du vel klare å svare på?
Etter litt om og men fekk eg vite at det var 1988. Gilbrant, Wisløff og Arthur Berg,
Eg:
Her er ifrå bibelselskapet 78/85, Jes.51,15 Jeg er Herren din Gud
som setter havet i opprør, så bølgene bruser,
Herren, Allhærs Gud, er hans navn.
16 Jeg har lagt mine ord i din munn
og skjult deg i skyggen av min hånd.
Jeg som spente ut himmelen
og la jordens grunnvoll,
sier til Sion: «Du er mitt folk.»
Som kjent kom dei også med utgåver i 1930, 2011 og 2014. Men ikkje i 1988, så vidt eg veit, i alle fall ikkje i nettbibelen. Er det då så rart at eg spør etter utgivarselskapet? Når det er spørsmål etter ei bok som referanse, er det vanleg å opplyse tittel, forfattar, utgivarselskap/forlag, årstal og endåtil kvar den vart utgitt.
Norsk Bibel kom med ei utgåve i 1994, der har vi Jes.51,15-16:
«Eg er Herren din Gud som røre opp havet, så bårene brusa. Herren allhers Gud er namnet hans. 16 Eg la orda mine i munnen din og dekte deg med skuggen av handa mi, for å planta himmelen og grunnfesta jorda, for å seia til Sion: Du er mitt folk!»
Sidan du er predikant, skulle det vel ikkje vere så uvanleg å slå opp i fleire bibeloversettingar og når det spriker så mykje som dette, blir det vesentleg. At det spriker tyder på at det ikkje går heilt klart fram av bokstavtolkinga. Så vi må gå rett til symboltolkinga for å få ei avklaring. Noko anna er at ei bestemt symboltolking kan komme inn allereie i bibeloversettingia, så då spørst det om nokon kan gå til grunnteksta.
Den messianske jøden David H. Stern kom med bibeloversettinga: «David H. Stern. Complete Jewish Bible. Clarksville: Messianic Jewish Publishers (1988)». Dette er skrive slik det vert gjort i ei litteraturliste (referanseliste) i slutten av ei bok. Då kan ein i boka referere til den slik;
Stern 1988: Isaiah51,15 For I am Adonai your God, who stirs up the sea, who makes its waves roar – Adonai -Tzya`ot is my name. 16 i have put my words in your mouth and coverde you with the shadow of my hand, in order to plant the skies [anew], lay the foundation of the earth [anew] and say to Tziyon, `You are my people´.
I forordet skreiv han at der er ein skala frå bokstavleg oversetting («literal translation» eller «formally equivelant translation») på den eine sida til meinings-oversetting («dynamic equivelant translation») på den andre sida. Den siste tek sikte på at meininga i det grunntesta skal verte forstått i mottakarspråket, som det vert oversett til, så vi kan kalle det meinings-oversetting. Sjølv om denne Bibelen er mynta på jødar, ligg den heilt på meinings-oversetting-sida, faktisk spesielt for å vere tilpassa jødar. Både fordi språket deira har forandra seg og at det vert oversett via gresk.
Han nemner nokre engelske Biblar som ligg langt på bokstavtolking-sida og eg vil refererer til dei.
King James Version:
Isaiah.51,
15But I am the LORD thy God, that divided the sea, whose waves roared: The LORD of hosts is his name. 16And I have put my words in thy mouth, and I have covered thee in the shadow of mine hand, that I may plant the heavens, and lay the foundations of the earth, and say unto Zion, Thou art my people.
Revised Standard version:
Isaiah 51,
15For I am the LORD your God,
who stirs up the sea so that its waves roar—
the LORD of hosts is his name.
16And I have put my words in your mouth,
and hid you in the shadow of my hand,
stretching out the heavens
and laying the foundations of the earth,
and saying to Zion, ‘You are my people.’ ”
New American standard Bible.
Isaia 51
15For I am the LORD your God, who stirs up the sea so that its waves roar (the LORD of armies is His name). 16And I have put My words in your mouth and have covered you with the shadow of My hand, to establish the heavens, to found the earth, and to say to Zion, ‘You are My people.’ ”
Av desse tre er berre den første som seier at Gud planta ein himmel, vi kan ta det som metafor for å strekke ut, slik vi ser i den andre oversettinga, liksom eit tre strekker ut sine greiner. Det høver eigentleg ganske bra med «Big-Bang-teorien». Gud har skapt alt ved sitt Ord og Jesus er Guds Ord. Det er det perspektivet vi har for tid og æve.
FAL: 78 er en meningsoversettelse
EG: Det kan også høve med at galaksen vart utspent og at solsystemet vart utspent. Denne kloda varer i alle fall ikkje evig, så det er bra at Gud har lov oss ein ny himmel og ei ny jord. Kor mykje ny himmel vert det, nytt solsystem? Ja. Men han treng vel ikkje bytte ut heile galaksa og heile universet med ein gang?
EG: Presisering; ein heldt seg til Apollos, ein til Paulus, ein til Peter, dei kristne leiarane på den tida, to av dei var endåtil apostlar. Men sidan det var Jesus som døde for dei og stod oppatt, van han deira einaste herskar og Herre i følgje Paulus. I dag stridest dei kristne leiarane og dei kristne lurer på kva for dei dei skal halde seg til, som dei gjorde då. Men framleis var det Kristus som døde og stod opp att og vi skal vende hugen og blikket opp til han og sjå at han er med oss alle dagar inntil verda sin ende. Korleis kan då nokon påstå at verda sin ende allereie har vore?
1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
FAL: ton aion betyr tidsalderens ende i Matt.24:1-3. ut fra sammenhengen er det den gamle tidsalderens ende. Den nye har ingen ende, Jes.9:6-7 og Luk.1:32-33.
EG: Eg har NB, tredje opplag, 2001. Der er det i Jes.51,16 skrive «… for å planta himmelen og grunnfesta jorda, …..
Rart at der ikkje står noko om forfattarane, men eg har spionert på intrernett og funne dette, sitat frå https://nbl.snl.no/Thoralf_Gilbrant :
1978 startet Gilbrant, sammen med redaktør Arthur Berg og professor Carl Fredrik Wisløff, arbeidet med en alternativ norsk bibeloversettelse. Foranledningen var at Bibelselskapet det året gav ut en nyoversettelse (BS78), som gikk til dels svært langt i å praktisere det idiomatiske oversettelsesprinsippet. Mens konkordante oversettelser legger vekt på å oversette grunntekstens ord og uttrykk så bokstavelig som mottakerspråket tillater, søker mer idiomatiske oversettelser å oversette den meningen som kommer til uttrykk i grunntekstens setning til tilsvarende meningsenheter på mottakerspråket.
Etter ti års arbeid var oversettelsen ferdig 1988. Norsk Bibel (NB88) er kjent som mer konkordant enn BS78. Den er især utbredt innen frivillig kristelig virksomhet og i frikirkelige miljøer, dessuten i enkelte fagteologiske miljøer som trenger stor nærhet til grunnspråkenes ord og uttrykk.
….SITAT SLUTT.
finn eg Norsk Bible 78/07 og siterer
Jes.51,15 «Jeg er Herren din Gud, som rører opp havet så dets bølger bruser. Herren, hærskarenes Gud, er hans navn. 16Jeg la mine ord i din munn og dekket deg med min hånds skygge for å plante himmelen og grunnfeste jorden, og for å si til Sion: Du er mitt folk!»
Profetane sa at Gud ville gjere noko nytt, han ville la sin tenar «Renning» koma, så det nye kjem som ein plante altså, som renning frå Isai-stuven. Jesus kom for å fullføra lova og profetane, også denne profetien. Han kom som brødet frå himmelen, Guds Ord er såkorn som Gud sår i verda, men det er frå himmelen, det livet er frå himmelen. Så då blir det å plante himmel på jord.
“FISKEPREKENENS” INNLEDNING, HOVEDPUNKTER OG APPELL! (24.11.2024).
Året var 1977. Det var høst og vi hadde møter i Finnmark. Min gode venn Bjørnar Heimstad og jeg besøkte forskjellige steder i nord med evangeliet. Som evangelist var jeg uerfaren og det førte til at jeg snakket veldig fort. Fikk levert varene raskt for å sette meg ned igjen fortest mulig.
FISKEPREKENEN-MODELLEN HAR HJULPET MEG
Etter et møte var det en eldre broder i nord som sa til meg. “Det var veldig mye godt i det du forkynte, men det var som om du slapp en sekk med poteter ut på golvet. Tilslutt var det så mange at jeg ikke visste hvilken jeg skulle holde fast i.” Så forklarte han meg om en modell han kalte “fiskeprekenen”. Se bildet.
Når du åpner talen – si temaet i innledningen, så alle er klar over hvor du skal. Spiss innledningen – dette er snuten på fisken. Deretter belys temaet gjerne med tre hovedpunkter som på bildet. Har du 5-6 punkter, bør du vurdere å dele talen inn i del 1 og del 2. Til slutt kommer sporen på fisken hvor du slår fast budskapet i en appell. Nå vet alle hva du har snakket om. Deretter – sett deg ned.
Dette var svært nyttig for meg, men jeg har ikke vært noen trell under “fiskeprekenen”. I et personlig vitnesbyrd er jeg helt fri slike “systemer”. Men i undervisningssammenheng er det nyttig med logisk oppbyggede prekener. Noen ganger spør man. “Hvordan var møtet i kveld?” “Veldig bra.” “Hva talte han om?” “Nei, det vet jeg ikke, men han var veldig inspirert.”
Noen ganger er det slik at vi ikke vet HVA som ble forkynt. Uansett skulle vi alltid forkynne Kristus.
BRUKTE JESUS FISKEMODELLEN?
Så til spørsmålet. Brøt Jesus denne modellen? For noen dager siden hadde jeg et innlegg om Jesu endetidstale. Han hadde også en innledning. Den er lik hos alle de synoptiske evangeliene, Matt.24:1-2, Mark.13:1-4, Luk.21:5-7. Han innledet med ødeleggelsen av Herodes-templet som med “det aller helligste” var hjertet i jødedommen.
Men brøt Jesus “reglene” ved å innlede en tale om Jødedommens ende for deretter å snakke om noe helt annet – som skal skje flere tusen år etter innledningen? De fleste kristne mener Jesus innledet talen med jødedommens fall for deretter å tale om noe som fremdeles ligger foran oss. Eller er det vi kristne som har misforstått Jesu tale? Når man er futurist er det en mengde bibelvers i NT som man misliker. Mange liker ikke å lese om “jødedommens fall”. Man liker ikke at Jesus skulle komme i noen av disiplenes levetid, Matt.16:28. Man liker ikke at alle apostlene sa at Jesu komme var nært i deres tid, 1.Pet.4:7, Jak.5:8-9, Åp.22:10, Rom.13:11 osv. Vel – det var nok for i dag. I kveld er det møte på “stua”.
….
Eg kom med nokre spørsmål som han ikkje svarde på. I staden sende han meg denne meldinga på messenger:
«Jeg er gift , har stor familie med barn og mange barnebarn, skriver på ca. 10 bøker for tiden og har ikke tid til innspillene dine som ikke berører de aktuelle innleggene mine, Om du ikke respekterer det stryker jeg deg. Legg heller ut dine tanke på din side.»
Så eg tek det i eit eige kapittel og framhevar det med eiga overskrift.
Ei tid, tider og ei halv tid, til kva? Kva er så endetida, kva er det enden på?
Mine innlegg, med spørsmål?
Ja, kva er endetida, kva er den enden på? Peter sa at enden på alle ting er komen nær (1.Pet.4,7). Jesus gav Daniel syner og openberringar og fortalde han kva som skulle skje, og så sa han at han skulle ta vare på det og forsegle boka til endetida.
Dan.12,4 må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka.
5 Då fekk eg, Daniel, auga på to andre som stod der, ein på kvar side av elva. 6 Ein av dei sa til mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva: «Kor lenge varer det før alt dette underfulle har hendt?» 7 Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.» 8 Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er endelykta på dette?» 9 Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. 11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»
Det er som om apostelen Johannes fekk ta over stafettpinnen frå Daniel og sjå det som tidlegare hadde vore skjult i den forsegla boka, så han fekk sjå lengre inn i endetida. Då får vi sjå at det er mykje som det skal verte ende på.
Joh.Op.5,1 Eg såg at han som sat på kongsstolen, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. 2 Då såg eg ein mektig engel, som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla på henne?» 3 Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne. 4 Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne. 5 Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda ætt, Davids rotrenning, han har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»
6 Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.
Joh.Op.6,1 I synet såg eg Lammet bryta det fyrste av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med torerøyst: «Kom!» 2 Då såg eg ein kvit hest, og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra.
I Daniels bok er det tale om ei tid, tider og ei halv tid. Inntil kva? Det er tale om kor lenge dyret med dei ti horna – og med eit stort horn som erstattar tre av dei – får halde på.
Dan.7,25 Og han skal tala mot Den Høgste og fara hardt fram mot dei heilage åt Den Høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid og tider og ei halv tid. 26 Då skal retten setjast. Herredømet skal takast frå han; det skal knusast og gjerast til inkje for alltid. 27 Kongedømet og veldet og makta i rika under himmelen skal gjevast til det folket som er dei heilage åt Den Høgste. Deira rike skal vera eit evig rike, og alle makter skal tena og lyda dei.»
Og så
Dan.12,7 Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.»
Dersom ei tid er eitt år og tider er to år, høver det med
Joh.Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader. 3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda.
I slutten av Daniels bok vart det også tale om dagar, så det vart meir og meir eksakt.
Dan.12,11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»
3 og eit halvt år er 1277 dagar.
Etter så som eg har forstått har dei kristne kalla denne nedtrakkinga for heidningane si tid og så ser dei fram til at dette skal det verte slutt på, når Jesus kjem og gjenoppretter riket for Israel. Jødane ventar framleis på at Messias skal komme og stå på oljeberget (Sak.14), det er det tradisjonelle synet pinsevennane har hatt med husholdningslæra, så vidt som eg har forstått. Men Jesus oppfylte den profetien med sin død og oppstode og det er essensielt for oss å nytte oss av det, ved å drikke av livets flod, ja, kaste oss ut i den (Esekiel.47).
Desse tre og eit halvt åra har dei kalla heidningane si tid og Joh.Op.11,2 gir dei god grunn til det. Eg har mi eiga oppfatning av det, men eg er interessert i å vite om du har noko meining om det. Stemmer det at i følge hushaldninglæra ligg den i framtida? Dersom du meiner den er oppfyllt, må du vel kunne seie noko om det?
Kva meiner du dei to oliventrea i Joh.Op.11 er for noko?
Mine eigne svar.
Desse spørsmåla har eg allereie prøvt å svare på her:
Jesus kom for å fullføre lova og profetane.
Kva er jødedommen? Det er lova og profetane, det som Jesus sa han var komen for å fullføre. Då er det litt rart å påstå at han kom for å gjere slutt på den og at endetida er enden på jødedommen. Men Paulus formulerte det slik at det var slutt på omskjeringa og lova. Korleis heng det i hop? Jau, for Jesus oppfylte lova for sin eigen del, med sitt liv her på jorda og han oppfylte den for vår del ved at han tok på seg straffa for oss, han tok bort synda med sitt offer ein gong for alle. Gud gjer oss til nye skapningar i Kristus, det er det heile. For han er fullkomen og hans frelseverk er fullført og fullkome.
Himmel og jord skal forgå, men kva om det var ein himmel som berre var planta?
FAL talar om
Matt.24,35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
Og ser det på bakgrunn av
Jes.51,15-16: «Eg er Herren din Gud som røre opp havet, så bårene brusa. Herren allhers Gud er namnet hans. 16 Eg la orda mine i munnen din og dekte deg med skuggen av handa mi, for å planta himmelen og grunnfesta jorda, for å seia til Sion: Du er mitt folk!»
Dette er visst den beste bokstavtolkinga, så då går vi vidare med den og tek symboltolkinga sjølve.
Så hevdar FAL denne himmelen og jorda var Israel og den gjekk til grunne allereie i år 70 etter Kristus.
Tidsalderens ende.
FAL hevda at «ton aion» i Matt.24:1-3 betyr tidsalderens ende, utifrå samanhengen, det er den gamle tidsalderen. Det er endetida altså
Matt.24, 1 Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane. 2 Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»
Den nye tidsalderen har ingen ende
Jes.9,6 For eit barn er oss født,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet kviler på hans aksler,
og han skal kallast:
Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,
Evig Far, Fredsfyrste.
7 Så skal herredømet verta stort
og freden utan ende
over Davids kongsstol
og over riket hans.
Han skal grunnfesta det og halda det oppe
med rett og rettferd
frå no og til evig tid.
I sin brennhug
skal Herren, Allhærs Gud, gjera dette.
Luk.1,32 Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans. 33 Han skal vera konge over Jakobsætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
Men i Daniels bok var det tale om ei tid, tider og ei halv tid og dette må då vere tider som tek slutt. Og så skulle Daniel gå endetida i møtes, sjølv om det vart ved å kvile i molda og så skulle han stå opp. Profetboka vart forsegla til endetida og det apostelen Johannes som fekk oppleve at Guds Lam braut segla, så Johannes fekk sjå lengre inn i endetida.
Oljetreet.
Men kva med dei to oljetrea i Joh.Op.11? Det er den nytestamentlege versjonen av øvstepresten Josva og byggherren Serubabel i Sak.3-4. Josva og tenestebrødrene hans var førebilete på det som skulle koma, han skulle sjå framover til at Guds tenar, Renning, skulle koma. Med eitt offer skulle han ta bort skulda som kvilte på dette landet. Dette hadde tilbakeverkande kraft, derfor var dei salva til teneste allereie då. Det same gjaldt kong David og kong Salomo, han som leia bygginga av det første tempelet.
Og Paulus sa at dei kristen heidningane vart ville oljegreiner som vart poda inn i oljetreet.
Rom.11,13 No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant som eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt; 14 og eg gjer det med den von at eg kan gjera landsmennene mine misunnelege og frelsa nokre av dei. 15 Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva må det ikkje så føra til at dei vert godtekne? Jau, liv av døde! 16 Er det fyrste brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. 17 Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er pota inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. 18 Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg! 19 No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.» 20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud! 21 Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.
22 Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen. 23 Men dei andre òg skal verta innpota, i fall dei ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å pota dei inn att. 24 Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til? 25 Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. 26 På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:
Frå Sion skal bergingsmannen koma,
han skal rydja gudløysa bort frå Jakob,
27 og dette er den pakt eg vil gjera med dei
når eg tek bort syndene deira.
28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. 30 De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31 På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn. 32 Gud la alle under ulydnad, så han kunne miskunna seg over alle.
33 Å, for eit djup av rikdom
og visdom og skjøn hjå Gud!
Kor uransakelege hans domar er,
og kor ufattelege hans vegar!
34 Kven kjende Herrens tankar,
eller kven var rådgjevaren hans?
35 Kven gav han noko fyrst,
så han skulle få vederlag?
36 Av han og ved han og til han er alle ting.
Han skal ha ære i all æve! Amen.
Kva var då dette oljetreet om ikkje jødedommen. Det var dei som fall ifrå jødedommen, som vart vraka som greiner som vart hogne av. Den ekte jødedomen var oljetreet og er det framleis.
Sak.4,1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.» 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?» 5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.»
……
10 Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
11 Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?» 12 Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?» 13 Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg. 14 Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»
Joh.Op.11,3 Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.» 4 Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda.

