Renessanse og opplysningstid. Kristendom realfag og liberalisme. 3.

Renessansen byrja i Italia på byrjinga av 1400-talet, opplysningstida var på 16-1700-talet. Men eg forstår det slik at vi vert opplyste av Guds Ord og med den opplysninga har vi og får vi framleis ekte vitskap.

Jesus og disiplane hans forkynte evangeliet om Guds rike, det er mest fundamentalt i samfunnet. Så kom renessansen og opplysninga med moderne vitskap og teknologi som også har vorte grunnleggande viktig for vår sivilisasjon. Vi gjer rett i å erkjenne det og takke Gud for det. Men ikkje noko av det vi har skapt og bygt opp må verte som avgudar for oss.

Lysets Rike mot Mørkets Rike.

På mitt første møte i Maranata sa Jesus at det er noko som vert godteke i denne tida og trur det er metoder til å få kunnskap, til samanlikning med å ete av frukta på kunnskapstreet, menneske prøver å forgude seg sjølve med sin kunnskap og så vert dei trælar under avgudane sine. Det er mørkets rike som vert akseptert. Men om så berre nokre få reiser seg og går over i Guds rike, og innvier seg for Jesus, så dei får sjå kongen i hans herlegdom, så er det nok for han til å gjere storverk.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :

Tyding av tungetale, (ved Roar Grande)Mp3-opptak:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

Åndeleg og materielle velsigning.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd og så velsigna Gud han. Det var først og fremst ei åndelege velsigning, dernest ei materielle velsigning, Gud gjorde han rik. Dette er gangen i det seinare også. Brørne til Josef vart misunnelege på han på noko som han drøymde, men som sidan vart oppfylt som ein profeti. Dei selde han som slave, men han kom til Egypt og tyda dramar for herskarane, så dei vart profetiar som gjekk i oppfylling. Slik spådde han om sju feite og sju magre år og anbefalte farao å lagre korn i dei sju feite åra, så dei hadde til dei magre åra. Dette vart ein demonstrasjon av motkonjunkturpolitikk lenge før den vart formulert av Keynes. Han vart sett til å administrerer det og vert dermed den mektigaste mannen i Egypt etter farao. Omlag på denne tida slutta dei med å bygge pyramidar og sfingsar, dei innsåg vel at dei hadde ikkje sørleg bruk for det, når dei magre åra kom. Det var betre å lagre noko meir nyttig og verdifullt.

Når Moses sidan leia dei mot det lova landet, sa han til dei at han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk og då skulle dei verte så velståande at dei ikkje trengde å låne pengar, men dei skull ha overflod, så dei kunne låne til andre.

5.Mos.15,4 Med retten skulle det ikkje finnast fattige hjå deg; for Herren din Gud vil velsigna deg rikt i det landet han gjev deg til odel og eige, 5 så sant du lyder Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle desse bodorda som eg gjev deg i dag. 6 Når Herren din Gud velsignar deg, som han har lova, skal du låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna. Du skal rå over mange folk, men ingen skal rå over deg.

7 Når ein av landsmennene dine vert fattig i ein av byane i det landet Herren din Gud gjev deg, då skal du ikkje vera så hardhjarta at du lèt att handa for den fattige bror din. 8 Du skal opna handa for han og låna han det han vantar og treng.

5.Mos.28,1 Er du lydig mot Herren din Gud og legg vinn på å leva etter alle boda hans, som eg gjev deg i dag, skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folkeslag på jorda. 2 Og alle desse velsigningane skal koma over deg og nå deg, så sant du er lydig mot Herren din Gud:

3 Velsigna vere du i byen

og velsigna ute på marka!

4 Velsigna vere di livsfrukt

og grøda av di jord,

det dine husdyr ber,

det som vert født av storfe,

og det som kjem til mellom småfe!

5 Velsigna vere di korg og ditt bakstetrog!

6 Velsigna vere du når du kjem inn,

og velsigna når du går ut!

7 Når fiendane dine reiser seg mot deg, skal Herren syta for at du vinn over dei. Dreg dei ut mot deg på éin veg, skal dei røma for deg på sju vegar.

8 Herren skal by velsigninga si vera med deg i matbua di og i alt du tek deg føre. Herren din Gud skal velsigna deg i det landet han gjev deg.

9 Herren vil gjera deg til eit heilagt folk for seg, som han med eid har lova deg, så sant du held boda åt Herren din Gud og ferdast på hans vegar. 10 Alle folk på jorda skal sjå at Herrens namn er nemnt over deg, og dei skal få age for deg.

11 Rikeleg skal Herren gje deg av alt det som godt er, av born og buskap og grøde på marka, i det landet Herren med eid lova fedrane dine å gje deg. 12 Han skal opna for deg sitt rike forrådskammer, himmelen, og la landet få regn i rette tid og velsigna alt det du gjer og tek deg føre. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv treng du ikkje låna. 13 Herren skal gjera deg til hovud og ikkje til hale. Alltid skal du ha framgang, aldri tilbakegang, så sant du lyder boda åt Herren din Gud, som eg gjev deg i dag, og legg vinn på å leva etter dei. 14 Du må ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre, frå noko av dei boda eg gjev deg i dag, så du ikkje held deg til andre gudar og dyrkar dei.

Marknadsøkonomi og industri.

La oss tenke oss eit marknadstorg der folk kjem med ferskvarer og bytter til seg varer som er meir varige. Di finn ut at gull og sølv er varige og lette å ta med seg i forhold til verdien, så det vert meir og meir brukt som betaling. Så får vi myntar som kan byttast inn i gull, men gullet ligg trygt i eit bankhvelv. Slik fekk vi pengesystemet.

På torget var det vanleg å komme med korn, det var det mykje av, så prisen var ikkje særleg høg. Men så kom der nokon med poteter og fekk god pris på dei, folk likte potetene og prisen steig, derfor vart det fleire som byrja å dyrke poteter og der kom meir av det på markanden. Potet-prestane dreiv god marknadsføring for poteter, så dei fekk fart på prosessen, men den hadde nok gått sin gang like vel. Etter kvart vart det så mykje poteter på marknaden at prisen byrja å synke, til den stabiliserte seg.

Nokre selde genserar og fekk god pris på dei, så fleire byrja å strikke. Og så var der nokon som fekk seg strikkemaskiner, så langt fleire genserar kom på marknaden og prisen sank. Slik verka den industrielle revolusjon. Den auka produksjonen kan forklarast med naturvitskap og moderne teknologi. Energi som låg lagra i naturen vart brukt til å gjere eit arbeid, så arbeidet som folk gjorde vart mykje lettare og dei klarde å utrette mykje meir.

Eit vesentleg poeng her er at det er kjøpars marknad, det er kjøparen som sjølv veit kva han treng og heilt sjølvstendig vel å kjøpe det han treng. Derfor er det også det som vert produsert. Som om det skulle vere naturleg altså, i samsvar med Matt 6,26….

Ei slik velstandsutvikling som vi ser i 5.Mos.15,4… fekk vi i Vest-Europa, USA og andre industriland. Forklaringa ligg i naturvitskap og teknologi, men det kan vi godt sjå som resultat av åndeleg velsigning, ja, eg meiner vi soleis gjer rett i å takke Gud for det.

Men i det siste har USA sunke meir og meir i gjeld, så det er nifst, det nifsaste er kanskje at det verkar som det ikkje er eit tema i valkampen, i staden vert folket og politikarane distraherte av idiotiske problemstillingar.

2.Tim.2,16 Hald deg frå det gudlause og tome snakket. For dei som driv med det, går berre lenger og lenger i gudløyse, 17 og orda deira et om seg som kaldbrann. ….

23 Men tåpelege ordskifte, som ingen lærer noko av, skal du visa frå deg, for du veit at dei skaper strid.

Gud og avgudane, dialektikk.

Gud brukte Moses til å frigjere folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt og leie dei mot det lova landet, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Men så viste det seg at dei ikkje kjende han og då vart det til at dei ikkje trudde på han likevel. Derfor ville han gjere ei ny pakt med dei, der dei alle skulle kjenne han.

Jer.31,31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,

då eg gjer ei ny pakt

med Israels ætt og Judas ætt,

32 ei pakt som er annleis

enn den eg gjorde med fedrane deira,

den gongen eg tok dei i handa

og førte dei ut or Egypt,

den pakta med meg som dei braut,

endå eg var deira rette herre, seier Herren.

33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera

med Israels-folket i dagar som kjem,

lyder ordet frå Herren:

Eg vil leggja mi lov i hugen deira

og skriva henne i hjarta deira.

Eg vil vera deira Gud,

og dei skal vera mitt folk.

34 Då skal ingen lenger

læra sin neste og sin bror

og seia: «Kjenn Herren!»

For dei skal alle kjenna meg,

både små og store, seier Herren.

For eg vil tilgje deira misgjerning

og aldri meir koma deira synd i hug.

Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»

5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

8 Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.

Jesus er fullkommen, liksom Faderen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning, derfor er det så viktig for oss å sjå på han.

2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Når Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga, sa han at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar. Då har det framleis denne betydninga, både at han er vegen vi har å gå til Faderen og at Gud skaper oss i han og då skaper han oss i si likning.

Når vi går ut i verda, vert vi påverka av det vi ser og sansar, men er vi skikkeleg grunnfeste i Guds Ord og har ei levande tru på Faderen og Sonen, blir denne påverknaden frå verda berre overflatisk. Vi må berre halde fram med å vende oss til Kristus og innvie oss for han. Både på skulen og i arbeidet og elles i samfunnet, får vi har liv i Gud og er gudlege, derfor vert vi dess betre i stand til å skilje mellom kva som er viktig å få med seg og kva som er berre å ignorere.

Dialektikk som kan verte til avgudsdyrking.

Opplysningstida var på 17-1700-talet. Forenkla kan vi seie at den politisk-filosofiske tenkinga hadde sitt senter i England på 1600-talet, i Frankrike på 1700-talet og i Tyskland på 1800-talet, ved Hegel og Marx. Immanuel Kant levde på 1700-talet i Tyskland, han og Hegel var protestantar.

Kant meinte å ha funne uforanderlege transendentale former, to åtskodingformer som  rom og tid og kategoriane, som kausalitet, det er nedlagt i alle subjekt til alle tider. Det var Aristoteles som først talte om kategoriar, de kan lese om dei her https://snl.no/kategori .

Hegel meinte der var foranderlege transendentale former i tillegg. Når to menneske møtest, vert det gjerne til at den eine definerer seg som herre og den andre vert definert som knekt og så vert der ei gjensidig omforming av herre og knekt. Den intersubjektive «Tidsånda» driv soleis historia framover. Gud og einskildmenneske har lite og ingen betydning for dette.

Marx meinte at knekten stod nærast naturen og så vart det også ei gjensidig omforming mellom knekten og naturen. Menneska arbeider for å omforme naturen, lage seg reiskap for så å bruke dei til å omforme naturen endå meir. Men så meinte Marx at det var ein læringsprosess og med den omforma naturen menneska også. Knekten var komen langt med dette, som teknokrat, så han fekk emir å seie overfor herren og dermed vart det ei dialektisk omforming mellom dei også. Arbeiarene står også nær naturen, men vert som ein brikke i maskineriet og forstår mindre og mindre av det. Dei vart framangjorde overfor prosessen dei er med på. Maskineriet og eigarane vert som avgudar for dei. Men med tida vil det kapitalistiske systemet kollapse og det vert den laglege tida for proletarane å gjere revolusjon.

Ja, det vi lagar og bygger, reiskap og varer som vi kjøper og brukar kan verte som avgudar for oss. Det kan verte påstått at slik er det. Då spørst det om vi verkeleg kjenner den sanne og levande Gud.

Men er det så at menneska vert framandgjorde, så er ikkje det opplysning, det er tvert om formørking! Til samanlikning med «den mørke middelalderen», for dersom vi ikkje har trua på Gud og hans Ord, og vender oss til han, så blir alternativet avgudsdyrking.

Keynes økonomiske teori.

Keynes meinte at i økonomiske oppgangstider skal staten kassere inn gevingst og lagre verdiar, i nedgangstider skal den bruke pengar på statlege prosjekt som så skal få fart i økonomien igjen. Denne økonomiske politikken vart ein suksess i Tyskland i mellomkrigstida og under andre verdskrig, så lenge det varde. Sidan vart det med Marshall-hjelpa ein suksess i Vest-Europa og USA. Folk i Europa fekk råd til å kjøpe varer frå USA, så der kom hjula i sving igjen, sidan også i Vest-Europa. Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Keynesianisme :

Keynesianisme er en moderne økonomisk modell utformet av den britiske økonomen John Maynard Keynes. Modellen foreslår en blanding mellom plan- og markedsøkonomi, en blandingsøkonomi slik man i Norge kjenner den fra da den ble innført i den såkalte Gerhardsen-perioden i norsk etterkrigstid (1945–65). Modellen går ut på at staten går aktivt inn i økonomien for å motvirke store konjunktursvingninger. Viser økonomien tegn til stagnasjon, bidrar staten med økonomiske tiltak for å holde aktiviteten i økonomien oppe. Tiltak kan være lavere renter, skatt, økte offentlige overføringer, trygdeordninger osv. I motsatt fall vil staten trekke tilbake penger i en økonomi som går for godt gjennom trangere offentlige budsjetter, høyere rente og høyere avgifter på privat forbruk. Dette kalles også motkonjunkturpolitikk.

Keynesianismen kom til under de økonomiske krisene som verden opplevde i årene 192939. Gjennom demokratenes valgseier ved presidentvalget i USA i 1932, startet Franklin D. Roosevelt en ekspansiv økonomisk snu-operasjon for å få den amerikanske økonomien på fote etter depresjonen. Dette programmet fikk navnet «New Deal» og tok mye av det keynesianske tankegodset opp i seg. Føderale myndigheter gikk aktivt inn med støtteordninger til visse regioner og sosiale lag i det amerikanske samfunnet for å avhjelpe krisen. Dette var noe helt nytt i amerikansk politikk, som opp til dette tidspunktet var dominert av republikanske presidenter med en politisk overbevisning om at føderale myndigheter ikke skulle involvere seg i den amerikanske økonomien og i vanlig folks økonomiske problemer.

Hans økonomiske teorier var dels et svar på tankegangen om at «alt ordner seg i det lange løp», dvs tanken om at et økonomisk system automatisk vil tilpasse seg og gi en «optimal produksjonsmengde». Keynes svarte på dette med å si «I det lange løp er vi alle døde». Problemene var der og da, og de måtte løses med en aktiv politikk, fordi de automatiske tilpasningene ville ta for lang tid. For at dette skulle fungere måtte myndigheten gripe aktivt inn og påvirke konjunkturene ved bl.a. å regulere den offentlige etterspørselen, skattenivået etc.

I etterkrigstiden ble keynesiansk analyse kombinert med nyklassisk økonomi i “den nyklassiske syntese”, som dominerte økonomifaget i flere tiår. Det var en bred oppfatning av at det ikke fantes noen sterk automatisk tendens til full sysselsetting, men mange[hvem?] mente at dersom man brukte politiske verktøy for å oppnå full sysselsetting, ville økonomien deretter opptre i henhold til nyklassisk teori.

På 1970-tallet opplevde store deler av den vestlige verden en økonomisk krise, med økende arbeidsløshet samtidig med høy inflasjon. Keynesianismen hadde ingen løsning på en slik stagflasjon, og modellens popularitet sank som følge av dette. På 1980-tallet fantes ingen konsensus blant makroøkonomer. På 1990-tallet så imidlertid den nykeynesianske skolen dagens lys, med en modifisert utgave av den nyklassiske syntesen og et mikroøkonomisk fundament for denne. Disse modifiserte modellene dominerer nå økonomifaget.

I tillegg finnes den post-keynesiansk skolen, som avviser hele den nyklassiske syntesen og nyklassisk makroøkonomi generelt. Post-keynesianismen er en heterodoks retning med liten innflytelse, som argumenterer for at den nykeynesianske skolen tar feil, og at den er en feilaktig framstilling av Keynes opprinnelige tanker.

……

Keynes økonomiske politikk fungerte godt i Marshallhjelpa på grunn av det gode forholdet mellom Vest-Europa og USA. Eg vona lenge på ei fornying av denne politikken, både i Aust-Europa og på misjonsmarka, slik som i Afrika, spesielt for å løyse problema med tørkekatastrofer. For misjonen skulle bere god frukt og skape gode medmenneskelege forhold og også gode mellom-folkelege forhold.

Det som skjedde i staden, var at der plutseleg dukka opp mange rike folk i Russland og Kina og så fekk opna dei og andre land opp for investering av utanlands kapital, så det vart økonomisk oppsving i Russland, Kina, India og Brasil. Det er til dømes noko heilt nytt at norsk fisk vert sendt til Kina for å verte produsert, før den vert sendt ut på verds-marknaden.

Liberalitet og liberalisme i vår tid.

Verdikonservativisme.

Verdikonservativisme går ut på å bevare liberale rettsstatsverdiar https://snl.no/verdikonservatisme :

Verdikonservatisme er en betegnelse som siden 1960-årene er blitt brukt om en form for konservatisme som legger mer vekt på å beskytte bestemte verdier enn bestemte institusjoner og samfunnsordninger.

De verdier det dreier seg om, er til dels de liberale rettsstatsverdier, som borgerlige friheter, styre gjennom forutsigbare lover og en både konstitusjonell og sosial maktbalanse, og til dels en viss institusjonalisert sosial og økonomisk solidaritet.

Mer spesielt er verdikonservatismen opptatt av kulturelle verdier. Slik sett markerer retningen distanse til den mer økonomisk orienterte tenkningen som nok står sterkest i de fleste vestlige høyrepartier.

I Norge ble verdikonservatismen særlig utviklet i kretsen rundt Minervas kvartalsskrift, med Lars Roar LangsletFrancis Sejersted og Tore Lindbekk som de fremste representanter.

Noe av arven fra Minerva-kretsen ble i 1990-årene ført videre gjennom tidsskriftet Tidens Tegn, og i det gjenopståtte Minerva tidsskrift.

Anti-imperialisme.

På 1970-talet markerte AKP-ml (Arbeiernes Kommunistparti-marxist-leninistene), seg på venstresida, spesielt på universiteta, spesielt med sin motstand mot imperialismen, i tråd med leninismen altså, men eigentleg rima den strategien dårleg marxismen, det stemte ikkje, for i følgje marxismen skulle det komme eit kollaps i den fullmodne kapitalismen, i dei mest kapitalistiske landa altså, det skulle verte det laglege høvet for arbeidarene å gjere revolusjon og innføre proletariatets diktatur.

Lenin prøvde å omskape første verdskrig til ein internasjonal borgarkrig, men det gjekk altså ikkje. Han fekk stor betydning for den russiske revolusjon i 1917, men dette høvde ikkje med marxismen som økonomisk teori, for Russland hang etter i den kapitalistiske utviklinga og eigentleg fortsette Sovjetunionen med sin form for imperialisme.

Sitat frå https://snl.no/Vladimir_Lenin :

Vladimir Lenin var en russisk revolusjonær politiker og marxistisk teoretiker. Han var Sovjetunionens regjeringssjef fra oktoberrevolusjonen i 1917 til sin død i 1924.

Under krigen angrep Lenin heftig de sosialdemokratiske partiene som sluttet opp om det han så som den nasjonalistiske og imperialistiske krigføringen og derved, i hans øyne, forrådte arbeiderklassens internasjonale solidaritet. Under to konferanser i Zimmerwald og Kienthal i Sveits og én i Stockholm, Sverige var Lenin leder for venstrefløyen, som gikk inn for å omdanne verdenskrigen, slik den ble ført, til en global borgerkrig. Her ble grunnlaget lagt for Den kommunistiske internasjonale. Det teoretiske fundamentet for sitt syn på krigen la han fram i verket Imperialismen som kapitalismens høyeste stadium (1916). Etter Lenins oppfatning var verdenskrigen en imperialistisk krig og imperialismen kapitalismens siste stadium. Derfor appellerte han til arbeiderne om at de skulle motsette seg denne imperialistiske krigen ved å omdanne den til en borgerkrig i internasjonal målestokk mot kapitalismen og utbytterklassene.

Veien til maktenDa den russiske revolusjon brøt ut i mars 1917, oppholdt Lenin seg i Sveits. Revolusjonen kom fullstendig overraskende på ham, …… Tsarveldets fall var bare en første etappe i den revolusjonære kamp, og den borgerlige revolusjon kunne ikke tilfredsstille massene, slik han så det. Den politiske makt skulle gå over på arbeider- og soldatrådene (sovjetene); gjennom disse skulle arbeiderne og bøndene overta makten og opprette proletariatets diktatur, som Lenin så som den hittil høyeste form for demokrati.

Frankfurterskulen.

Frankfurterskulen starta som eit institutt for sosial forsking og har vorte leiande i utvikling av ein vestleg «ny-marxisme». https://no.wikipedia.org/wiki/Frankfurtskolen.

Sitat frå https://snl.no/Frankfurterskolen:

Institutt for sosialforskning ble grunnlagt i 1923 av Felix Weil som også sørget for finansieringen, ved hjelp av sine rike far. Instituttet var tilknyttet Frankfurtuniversitetet, men beholdt en svært fri stilling. Instituttet var partipolitisk uavhengig på tross av at de fleste av instituttets daværende og fremtidige medlemmer var sterkt inspirert av Karl Marx.

Det var først da Horkheimer overtok ledelsen av instituttet i 1931 at det som i dag omtales som Frankfurterskolen oppstod. Med Horkheimers overtakelse ble vekten flyttet fra analyser av det borgerlige samfunnets økonomiske basis, til dets kulturelle overbygning.

Kritisk teori

Frankfurterskolen sto i opposisjon til to ulike teoretiske skoler. På den ene siden fantes de såkalte irrasjonalistene, som hadde oppgitt troen på fornuften. På den andre siden stod Frankfurterskolen i opposisjon til positivistene, som avfeiet alt som ikke kunne tilbakeføres til empiriske observasjoner som meningsløs metafysikk. Den kritiske teorien skulle derimot bedrive en tverrfaglig og empirisk basert ideologi- og samfunnskritikk, uten å trekke kritikken så langt at troen på fornuften selv måtte oppgis. Bakgrunnen til instituttets medlemmer fra blant annet økonomipsykoanalyse og filosofi var blant de tingene som ivaretok denne tverrfagligheten.

Etter at Adornos innflytelse på Horkheimer – og med det også på Frankfurterskolen som helhet – økte, minsket vektleggingen av en empirisk fundert kritikk. Adorno vektla i større grad den moderne kunsten som kilde til kritikk av samfunnet.

………

Her går det heilt i surr i begrepa, for både irrasjonalistane og positivistane står i opposisjon til rasjonslistane. Popper var ei kritisk rasjonalist, men dei kalla han positivist.

Positivisme-striden.

Positivismestriden var opphavleg ein strid mellom kritiske rasjonalistar og «Frankfurt-skulen, representantar for denne skulen kalla dei positivistar, til tross for at dei var motstandarar av positivismen. Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Positivismestriden :

Positivismestriden var en vitenskapsteoretisk debatt som raste blant vestlige intellektuelle i 1960-årene. Debatten omhandlet samfunnsvitenskapenes metode samt verdivurderingers plass i samfunnsvitenskapene.

Den opprinnelige positivismestriden startet i Tyskland og stod mellom den kritiske rasjonalismen (Karl PopperHans Albert m.fl.) og Frankfurtskolen (Theodor AdornoJürgen Habermas m.fl.). Opptakten var foredragene om samfunnsvitenskapenes metode som Popper og Adorno holdt på en konferanse til Det tyske sosiologiske selskap i 1961. Foredragene førte ikke til umiddelbare reaksjoner, men debatten utviklet seg i etterkant, spesielt mellom Habermas og Albert.

Navnet på debatten er i seg selv et partsinnlegg i striden, siden Adorno betegnet antagonistene sine som positivister, mens kritiske rasjonalister ser på seg selv som motstandere av positivismen, slik begrepet vanligvis forstås. Betegnelsen ble for første gang brukt i tittelen på boken Der Positivismusstreit in der deutschen Soziologie («Positivismestriden i den tyske sosiologien»), som Adorno ga ut i 1969. Boken var et samlebind med de ulike foredragene og debattinnleggene, innledet med et lengre essay ved Adorno.

En av de sentrale uenighetene bestod i forståelsen av samfunnet. Frankfurtskolen så på samfunnet som en totalitet, og argumenterte derfor at en løsning av samfunnsproblemene krever en gjennomgripende reform av denne helheten, heller enn ren «symptombehandling». Den kritiske rasjonalismen hevdet derimot at gjennomgripende endringer er farlige og forutsetter en totalitær stat, slik at samfunnet heller bør endres gjennom målrettede tiltak mot de enkelte samfunnsproblemene.

……….

Mange liberalistiske filosofiar vart viktige for positivismen. Karl Popper var ein kritisk rasjonalist, men her vert det påstått at han forfekta logisk positivisme, sitat frå https://snl.no/positivisme :

Positivisme er en vitenskapelig tilnærmingsmåte som fremhever den menneskelige erkjennelsens sansbare, empiriske (erfaringsmessige) grunnlag og avviser all metafysikk.Tilhengere av positivisme hevder at den eneste måten å oppnå erkjennelse og viten på er gjennom sanseerfaring og empirisk observasjon. Vitenskapelig virksomhet forstås som en objektiv, verdinøytral og interessefri aktivitet uavhengig av subjektiv fortolking og samfunnsmessige forhold. Samtidig avvises spørsmål om førsteprinsipper, vesen, den innerste natur, væren og virkelighetens egentlige årsaker og endelige mål som metafysisk spekulasjon.

I henhold til et positivistisk syn på vitenskapen lar forskningsobjektet seg avdekke gjennom sanseerfaring. Forholdet mellom den erkjennende og det som erkjennes, problematiseres ikke, noe som står i motsetning til en hermeneutiskfenomenologisk tilnærmingsmåte hvor nettopp forholdet mellom forskningens subjekt og objekt, og forskerens subjektive føringer i vitenskapen, tas opp.

En positivistisk orientert vitenskap søker (årsaks)forklaringer, nomotetiske sammenhenger og et helhetsbilde basert på erfaringsmessige kjensgjerninger og (erfarings)vitenskapelige resultater. Positivisme har særlig vært en hovedtendens innenfor naturvitenskap, men finnes som tendens også innenfor menneskevitenskapene, for eksempel psykologisosiologi og sosialantropologi, særlig der vektlegging av observasjonsdata står sterkt.Viktige filosofer

De engelske filosofene og empiristene Francis BaconDavid Hume og John Stuart Mill gav viktige filosofiske bidrag til positivismens fremkomst, men selve betegnelsen har fransk opphav. Auguste Comte innførte «positivisme» som vitenskapsfilosofisk betegnelse i sitt hovedverk Cours de philosophie positive på 1830-tallet. Ifølge Comte skulle vitenskapen være nøytral og fremme «det positive» i betydningen det virkelige, det nyttige, det sikre, det presise og nødvendige. Positivistisk tilnærmingsmåte fikk stor betydning utover på 1800-tallet i sammenheng med naturvitenskapens fremvekst.

Empiriokritisisme

Ernst Mach og Richard Avenarius er representanter for en variant av filosofisk positivisme kalt empiriokritisisme, som fokuserer på begrepet om «den rene erfaring» renset for alt subjektivt.

Logisk positivisme

Logisk positivisme eller logisk empirisme, også kalt filosofisk nypositivisme, oppsto i Østerrike i tilknytning til den såkalte Wienerkretsen på 1920-tallet.

Viktige representanter for denne retningen var Rudolf CarnapOtto Neurath og Moritz Schlick, og i «ytterkretsen» fantes Ludvig WittgensteinBertrand RussellKarl PopperCarl HempelArne Næss og Alfred Ayer. Den logiske positivismen er senere kritisert både innenfra og utenfra for problemer rundt verifiserbarhetskriteriet, induksjonsproblemet og troen på enhetsvitenskapen.

Positivismedebatten

En rekke røster har markert seg i den såkalte positivismedebatten siden 1960-tallet, blant andre Jürgen Habermas, som fokuserer på at det ikke finnes en interessefri erkjennelse. I Norge er positivismen kritisert av blant andre Hans Skjervheim i forbindelse med dannelsen av de nye samfunnsvitenskapene, hvor den positivistiske tendens til objektivering står i fare for å gjøre vitenskapen instrumentell på bekostning av menneskets frihet.

Frå positivisme til antikolonialisme.

Metodene i realfag er for lengst avklart som hypotetisk deduktiv. I samfunnsfag og humanistiske fag har dei visst andre metode i tillegg og der har rast ein positivismestrid som dei tydeleg vis har utvikla seg til ein strid mot metodene i realfag og kva meir?

For knapt ti år sidan resulterte det tydeleg vis i at «antikolonialisme» vart eit moteord som samla fulle auditorium på «øvre Blindern», humanistisk – og samfunnsvitskapleg fakultet, faktisk som ein reaksjon mot opplysningstida, for dei påstod at den faktisk resulterte i imperialisme og kolonialisme. Og reaksjonen resulterte i at dei nekta for at der fanst universalia. Men lærde menneske på til dømes realfag og filosofi hevda ganske roleg at trua på at der fanst universalia var fundamentalt for universitetskulturen og den er no nokså internasjonal. Filosofen som sa imot dei fekk som svar at han kunne berre gå heim og lese sin Popper.

Karl Popper gjorde det klart at ei hypotese måtte vere negerbar, så den kunne prøvast, så alle vitskaplege påstandar måtte vere negerbare. Ja, slik må det vere for å kunne bruke den hypotetisk deduktive metode. Det betyr også at det er mykje vi seier som ikkje kan karakteriserast som vitskapleg. Ja, slik må det også vere, sidan vi har fridom til å velje og ytringsfridom.

Eg las ein avisartikkel av to av dei. Dei meinte konklusjonen av positivismestriden var at vi ikkje kunne få sikker og objektiv kunnskap av eit eksperiment. Det kartesiske auget i det høge heldt dei for å vere ein illusjon. «Kartesisk» kjem av Descartes. Han var så oppteken av det Euklidske koordinatsystemet at det vart kalla det kartesiske koordinatsystemet.

Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.

Eg har ei prioritetsordning ved at eg påkallar Kristus som min frelsar og Herre og ber han frelse menneske som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. I stil med denne prioritetsordninga skal eg tru at det er inkludert i det fullførde frelseverket og takka han for det, eg skal glede meg i Herren og takke han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Så eg meiner eg frå oppleve det som ein åndeleg røyndom som vert rådande over den biologiske naturen. For Kristus har sigra over Djevelen, verda og døden og vi skal lovprise han som vår frelsar og Herre, slik skal vi sigre saman med han.

I stil med denne prioritetsordninga skal vi søke fyrst Guds rike og han rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Det mest fundamentale er at vi tilhøyrer Faderen og Sonen, for Kristus har betalt prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Vi kjem inn i fridomen i barnekåret hos Gud og får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

Matt.6,33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Matt.7,7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.

9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-06-17-maranata-andens-frukter-nadegaver-og-tenester/ :

Maranata 17.6.2012, tyding av tungetale:

«Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut. Sjå til at ikkje embeta forsvinn. Men ver med å be om at Andens frukter, Andens nådegåver og dei åndelege embet og tenester, at dei må komme fram igjen, i ei kvar forsamling. For utan mine frukter, utan den Heilage Ande sine gåver, utan den Heilage Ande sine embet, så vil menigheter stoppe opp, stagnere og forsvinne. Det er ikkje ved menneskeleg styrke mi menighet skal gå fram, men det er ved den Heilage Ande si kraft, det er ved mitt ord, seier Herren. Menneskelege anstrengelsar kan ikkje utrette kva min Ande kan gjere. Derfor legg dei menneskelege anstrengelsane til side og vert fylt av min Heilage Ande. Og du skal vere med og du skal kunne be og du skal få kjenne at det byrjar å  skje noko i den åndelege verda.

La ikkje trua verte broten ned av alt det du ser, av alt det du leser. Så bevar ditt hjerte framfor alt det som bevarast kan. La trua sin løyndom vere til stades i eit reint samvit og du skal få kjenne du skal leve under inspirasjon og salving. La trua sin løyndom i eit reint samvit, som er reinsa i blodet og som vandrar i lyset. Då skal du få oppleve at det skal fungere, det som eg har lova. Nemleg at den som ber, han skal få, den som leitar, han skal finne. Ver derfor meg undergjeven i alle delar  og la ikkje den vonde overrumple deg med sine kunstgrep, men vert fylt av min Ande og eg skal vise deg den beste vegen du skal gå. Halleluja.»


Leave a comment