Bildet: Romernes beleiring og ødeleggelse av Jerusalem (David Roberts, 1850).
Nedtrakking av Jerusalem.
Jesaja og Daniel profeterte om nedtrakking av Jerusalem.
Jes.22, 5 Ja, det kom ein dag
frå Herren, Allhærs Gud,
med nedtrakking, redsle og rådløyse
i Syne-dalen.
Murar vart nedrivne,
og skrik steig opp mot fjellet.
Daniel.8,8 Bukken fekk stor makt. Men nett då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire andre horn i staden, eitt for kvar av dei fire himmelretningane. 9 Frå eitt av desse skaut det fram eit nytt lite horn. Det voks seg større og større, mot sør og mot aust og mot det fagre landet. 10 Det voks heilt opp til himmelhæren, og det kasta nokre av denne hæren og av stjernene ned på jorda og trakka på dei. 11 Jamvel mot hovdingen over hæren briska det seg. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra. 12 Det reiste seg mot Gud og skipa til ei gudsdyrking i strid med det daglege offeret. Hornet kasta sanninga til jorda, og det hadde lukka med seg i alt det tok seg føre.
13 Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?» 14 Han sa til meg: «Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.»
2300 døgn er 6 år og 110 dagar. Denne nedtrakkinga kom ved Antiokus 4. Epifanes.
Når vil Gud opprette Israels rike igjen?
Jesus rydda tempelplassen.
Når Jesus kom til tempelplassen dreiv jødane å kjøpte og selde offerdyr, men Jesu rydda plassen. Kvifor? Ikkje alt kan målast i pengar. Offerdyra skulle ofrast i staden for menneske og dei skulle ikkje verte til handelsvare (Joel.3,8). Dessutan var det helg for Herren, kviledag, og då skulle dei ikkje drive med handel.
Joh.2,13 Det leid no til påskehelga åt jødane, og Jesus fór opp til Jerusalem. 14 På tempelplassen såg han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der. 15 Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut or heilagdomen, og sauene og oksane med. Pengane åt pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira, 16 og til dei som selde duer, sa han: «Bort med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknad!» 17 Då kom læresveinane hans i hug at det står skrive: Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg opp.
18 Då tok jødane til ords og spurde han: «Kan du syna oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?» 19 Jesus svara: «Riv ned dette templet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.» 20 Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygt på dette templet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?» 21 Men det templet han tala om, var lekamen hans. 22 Då han hadde stått opp frå dei døde, kom læresveinane hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt.
Matt.27,39 Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han: 40 «Du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned av krossen!» 41 På same måten gjorde overprestane narr av han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa: 42 «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han. 43 Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har hugnad i han. Han har då sagt: Eg er Guds Son.»
Tempelet skulle rivast ned igjen og kva så?
Jesus profeterte om at tempelet skulle rivast.
Matt.24, 1 Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane. 2 Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»
Trengslene tek til
3 Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?»
4 Jesus tok til ords og sa:
Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! 5 For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor.
Kor lenge varer heidningane si tid?
Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, sa han at dei skulle vente i Jerusalem, til dess dei vart døypte med den Heilage Ande. Dei spurde om han då ville gjenreise riket til Israel, men det var ikkje dei gitt å vite noko om det. Men i Op.11 får vi vite at «heidningane si tid» skal vare i tre og eit halvt år.
Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.
Kanskje var dette heilt bokstaveleg, tre og eit halvt år, men den første jødisk-romerske krig varde i sju år (66-73 e.Kr), dobbelt så lenge altså. Vespasian var hærføraren som førde krigen, medan Nero var keisar, men 21.12.69 overtok han makta i Roma etter Nero og let son sin Titus fullføre krigen mot Jerusalem. Då hadde det altså vart i over tre år med Nero som keisar.
Men krigen starta med eit opprør i Judea i 66, dei klarde å kaste ut den romerske garnisonen og opprøret spreidde seg til Galilea. I 67 fekk general Vespasian oppgåva med å gå til motangrep og Jerusalem fall sommaren år 70. Om vi reknar med heile 67, hadde det då gått tre og eit halvt år.
https://no.wikipedia.org/wiki/Den_f%C3%B8rste_j%C3%B8disk-romerske_krig
Dette er det næraste eg kjem ei bokstavtolking og det er viktig at den er rett. Symboltolkinga blir då ein politikk som er som ein tråd vi finn att seinare i historie, som profetert. Tempelet vart nedrive, slik som Jesus profeterte. Kva då med føregarden? Kva var nedtrakkinga som skulle vare ei tid, tider og ei halv tid? Sjå Dan.12,7 & 7,25 & Op.12,14.
Gud har vel allereie oppretta Israels rike igjen!?
Jødar i hopetal har kome attende til landet sitt og oppretta Israel som nasjon. Dei gjer rett i å takke Gud for det og det gjer mange kristne også og det gjer dei også rett i. Israel vart eit storriket i Midt-austen, slik som det var profetert, men så gjekk det ikkje så vel. Dei vart bortførde og fekk komme attende, så vart dei bortførde igjen og det gjekk lang tid før dei fekk komme attende. Og kva så? Skal dei verte eit storrike igjen? Med si økonomiske og militære makt er dei allereie i stormakt i området.
Men vi må fyrst og fremst forstå profetien om Guds rike som skulle erstatte dei fire storrika, som vi ser i Dan.2.
Jesu kyrkje er det nye tempelet og det er åndeleg.
Jesus er grunnsteinen til det nye tempelet og det er åndeleg.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Når vil Gud opprette Israels rike igjen?
Gud har vel allereie oppretta Israels rike igjen!?
Jødar i hopetal har kome attende til landet sitt og oppretta Israel som nasjon. Dei gjer rett i å takke Gud for det og det gjer mange kristne også og det gjer dei også rett i. Israel vart eit storriket i Midt-austen, slik som det var profetert, men så gjekk det ikkje så vel. Dei vart bortførde og fekk komme attende, så vart dei bortførde igjen og det gjekk lang tid før dei fekk komme attende. Og kva så? Skal dei verte eit storrike igjen? Med si økonomiske og militære makt er dei allereie i stormakt i området.
Men vi må fyrst og fremst forstå profetien om Guds rike som skulle erstatte dei fire storrika, som vi ser i Dan.2.
Kor lenge varer heidningane si tid?
Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, sa han at dei skulle vente i Jerusalem, til dess dei vart døypte med den Heilage Ande. Dei spurde om han då ville gjenreise riket til Israel, men det var ikkje dei gitt å vite noko om det. Men i Op.11 får vi vite at «heidningane si tid» skal vare i tre og eit halvt år.
Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.
Kanskje var dette heilt bokstaveleg, tre og eit halvt år, men den første jødisk-romerske krig varde i sju år (66-73 e.Kr), dobbelt så lenge altså. Vespasian var hærføraren som førde krigen, medan Nero var keisar, men 21.12.69 overtok han makta i Roma etter Nero og let son sin Titus fullføre krigen mot Jerusalem. Då hadde det altså vart i over tre år med Nero som keisar.
Men krigen starta med eit opprør i Judea i 66, dei klarde å kaste ut den romerske garnisonen og opprøret spreidde seg til Galilea. Men i 67 fekk general Vespasian oppgåva med å gå til motangrep og Jerusalem fall sommaren år 70. Om vi reknar med heile 67, hadde det då gått tre og eit halvt år.
https://no.wikipedia.org/wiki/Den_f%C3%B8rste_j%C3%B8disk-romerske_krig
Dette er det næraste eg kjem ei bokstavtolking og det er viktig at den er rett. Symboltolkinga blir då ein politikk som er som ein tråd vi finn att seinare i historie, som profetert. Tempelet vart nedrive, slik som Jesus profeterte. Kva då med føregarden? Kva var nedtrakkinga som skulle vare ei tid, tider og ei halv tid? Sjå Dan.12,7 & 7,25 & Op.12,14.
Lammet skal stå på Sion-berget.
Sakarja profeterte om ein Herrens dag, då Herren skal samle folka til strid mot Jerusalem, byen skal verte teken, men han sjølv skal stride mot dei og stå på oljeberget.
Sak.14, 1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.
2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal.
…..
Jødane ventar framleis på dette og mange kristne også, men vi må forstå symboltolkinga, at dette er ein profeti om at Jesus vart krossfesta, døde og var gravlagd og stod opp att og gav disiplane sine misjonsbefalinga, for opp til himmelen og døypte dei med den Heilage Ande.
Vi må samanlikne det med Moses som slo på berget, så vella der opp ei kjelde med vatn, så både folk og fe fekk drikke. Når dei kom dit andre gangen, skulle Moses tale til berget, men han gjorde den feilen at han slo på berget ein gang til, derfor fekk han ikkje komme inn i det lova landet, han fekk berre sjå inn i det.
Jesus kalla til seg dei som tørsta og sa at hos han skulle dei få drikke av det levande vatnet, han var berget som vart slått ved at han døde i staden for oss, så vi skulle få det levande vatnet gratis, av berre nåde. Då må vi ikkje slå på berget ein gang til, men takke for at han vart slått ein gong for vår skuld og det er nok. Det er berre å ta imot i tru, drikke av det levande vatnet og ete av livets brød. Og så snakke med han.
Når Jesus stod opp frå dei døde og for opp til himmelen, var det som om heile Sion-fjellet vart løfta opp.
Jes.2, 1 Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:
2 I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over haugane.
Dit skal alle folkeslag strøyma.
3 Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»
4 Han skal døma mellom folkeslaga,
skifta rett for mange folk.
Då skal dei smida sverda sine om til plogjern
og spyda sine til vingardsknivar.
Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk
og ikkje lenger læra å føra krig.
5 Kom, Jakobs ætt,
lat oss ferdast i Herrens ljos!
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.
Slik blir også oppfyllinga av profetien om at utvalde jødar skal stå på Sion-berget saman med Lammet, dei er der oppe, samtidig som dei er på jorda. Det kan vel vere at dei samlar seg fysisk i Jerusalem, på denne jorda, men det trur eg har mindre betydning, det som betyr noko er at Jesus samlar dei der opp hos seg, for han bad Faderen at dei skulle vere der han var og sjå hans herlegdom, som han hadde hos Faderen, (Op.7 & 14).
Paulus måtte stampe mot brodde, men Guds nåde var nok for han.
Jesus openberra seg for Paulus og kalla han.
Jesus openberra seg for Paulus frå himmelen og kalla han og det endra livet hans.
Ap.gj.9,1 Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten 2 og bad om brev til synagogene i Damaskus. Han ville ha fullmakt til å føra alle han fann, både menn og kvinner som høyrde «vegen» til, i lekkjer til Jerusalem. 3 Men då han var på vegen og ikkje hadde langt att til Damaskus, stråla det brått eit ljos frå himmelen ikring han. 4 Han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?» 5 «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer. 6 Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.» 7 Mennene som fylgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon. 8 Saulus reiste seg frå jorda; men då han opna augo, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus. 9 Og i tre dagar sat han der blind, og han korkje åt eller drakk.
10 I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Til han sa Herren i eit syn: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.» 11 Og Herren sa til han: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset hans Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsus. For no bed han. 12 Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.» 13 Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange tala om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem. 14 Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å fengsla alle som kallar på ditt namn.» 15 Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels folk. 16 Eg skal syna han kor mykje han må lida for mitt namn.» 17 Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren har sendt meg, Jesus, han som viste seg for deg på vegen. Du skal få att synet og verta fylt av Den Heilage Ande.» 18 Og straks fall det liksom skjel frå augo hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt. 19 Så fekk han seg mat og vart styrkt.
Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus. 20 Der forkynte han straks Jesus i synagogene og sa: «Han er Guds Son.» 21 Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydja ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å gripa dei og føra dei til overprestane?» 22 Men Saulus fekk meir og meir kraft. Han målbatt jødane i Damaskus med dei prova han la fram på at Jesus var Messias.
23 Då det leid av ei tid, vart jødane samde om å rydja han or vegen. 24 Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dei heldt jamvel vakt ved byportane dag og natt for å slå han i hel. 25 Men ei natt fekk læresveinane han ut; dei firte han ned etter muren i ei korg.
Korleis kunne Paulus ha teke så feil?
Det vart eit tankekors for Paulus at han som skriftlærd og ivrig farisear hadde teke så feil, han gav to forklaringar på det. Den eine var at synda som var i kjøtet dåra han, slik som ved syndefallet, altså. Den andre var at han var seld, utan å vite det. Så når Jesus valde han til apostel, valde han ein som var seld, utan å vite det, i staden for ein som selde og visste kva han gjorde.
Rom.7, 7 Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst av synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta. 8 Men synda nytta bodet til å vekkja alle slag lyster i meg, for utan lov er synda død. 9 Eg levde ei tid utan lov. Då bodet kom, fekk synda liv, 10 men eg døydde. Såleis viste det seg at bodet som skulle gje liv, det førte til død for meg. 11 For synda nytta bodet til å dåra og drepa meg. 12 Så er då lova heilag, og bodet er heilagt, rett og godt. 13 Men har då det som er godt, valda meg døden? Langt ifrå! Det var synda som gjorde det. Ho nytta det gode til å føra meg i døden, og på den måten skulle det verta klårt korleis synda er. Gjennom bodet skulle synda verta over all måte syndig.
14 Vi veit at lova er åndeleg, men eg er eit vanmektig menneske, selt til synda. 15 For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg. 16 Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god. 17 Så er det då ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 18 For eg veit at i meg, det vil seia slik eg er i meg sjølv, bur det ikkje noko godt. Viljen har eg, men å gjera det gode maktar eg ikkje.
Gud planta kunnskapstreet i Edens hage og kvifor det?
1.Mos.2, 16 Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. 17 Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»
Ein måte å tolke dette på er at sidan dei ikkje hadde lov å ete av det, skulle dei ikkje ha nokon kunnskap om godt og vondt. Men det høver ikkje med det som elles står skrive i Bibelen, dei skal lære å skilje mellom godt og vondt. Det må vel vere rettar å tenke seg at det gav vit på godt og vondt berre ved at det stod der og voks. Men dei skulle ikkje ete av frukta på det. Til samanlikning gav Moselova dei kunnskap om godt og vondt, men dei skulle ikkje prøve å forgude seg sjølve med sin kunnskap, slik som ved syndefallet.
Paulus fekk stride mot brodden, men Guds nåde var nok for han.
Jesus kalla Paulus til å tene han og varsla han om at det kom til å verte ein strid mot brodden.
Ap.Gj.26,13 På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit ljos, klårare enn sola; det kom frå himmelen og stråla rundt ikring meg og dei som var i lag med meg. 14 Vi stupte alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å stampa mot brodden!» 15 «Kven er du, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer. 16 Men reis deg opp og stå på føtene dine! Eg har synt meg for deg fordi eg vil kåra deg til tenar og til vitne, både om det du har sett av meg og om det du sidan skal få sjå. 17 Eg skal fria deg ut frå folket ditt, og frå alle folkeslag som eg sender deg til. 18 Du skal opna augo deira, så dei vender om frå mørker til ljos, frå Satans makt til Gud; då skal dei få tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.»
Det er nok denne brodden Paulus tala om som ein torn i kroppen/kjøtet.
2.Kor.12,1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. 6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Paulus talar opplagt om seg sjølv, som ein ny skapning i Kristus, i vers 1-5, men var dette same hendinga som då Kristus openberra seg for han første gangen? Ja, eg trur helst det, det var denne hendinga som så totalt forandra livet hans og det viser kor suveren Jesus var og er, det var han som gjorde sitt verk. Det er svært så interessant han han sa han visste ikkje om han var i kroppen eller ikkje. Men han forkynner at når Jesus kjem att og hentar oss, skal dei som døde i trua på han først stå opp, så skal vi som lever i trua på han, saman med dei, verte omskapte så vi får slik lekam som han har og så skal vi verte tekne bort frå denne jorda.
Ein engel er ein bodberar, ein Satans engel ber bodskap frå Satan altså. Det betyr ikkje at det er ei von ånd, det er då kroppen og kjøtet det er tale om. Som i Romarbrevet tala han om kjøtets natur, slik som han var i seg sjølv og av samanhengen forstår vi at det også er hans eige folk han talar om, dei forfølgde han slik som han tidlegare hadde forfølgt dei kristne, så vi kan godt seie at han møtte seg sjølv i døra, dei møtte han med hard medferd, naud, forfølging og trengsler. Slik vart det hardt for han å stampe mot brodden og slik vart det ei trengsletid.
Men Gud tok ikkje bort dette som han kalla ein brodd i kjøtet, endåtil ein Satans engel, for det var då ikkje ei vond ånd. Dette må vi sjå skilnad på! Men Jesus sa til han at hans nåde var nok for han, for Gud kraft vert fullenda i vanmakt.
Så sjølv om Paulus soleis fekk stampe mot brodden i kjøtet, sa han at vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær. Derfor må vi kle oss i Guds fulle rustning.
Ef.6, Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.
Gud ånd og er suveren over den fysiske og biologiske naturen han har skapt, så når han utgyt sin Ande over vårt kjøt, får vi oppleve at den er suveren over kjøtet og lystene i kjøtet. Då må vi også takke han for det.
Ef.1, Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus har velsigna oss
med all Andens velsigning i himmelen.
4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,
så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.
5 I kjærleik og av eigen fri vilje
har han føreåt etla oss
til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus,
6 til lov og ære for hans herlegdom
og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.
Den Lovlause.
Kven kjem «den Lovlause som erstatning av?
Paulus sa at ved Jesus gjenkomst skal dei som døde i trua på han stå opp og saman med dei som lever i trua på han skal dei verte omskapte i det han hentar dei heim til seg.
1.Kor.15,51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte.
Men først må «den Lovlause» stå fram og det som erstatning for noko, så det vert erstatningsteologien.
2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Jesus sende den Heilage Ande til disiplane sine på pinsedag og det er vanleg å kalle det fødselsdagen til den kristne kyrkja. Det er den som held att, så den Lovlause ikkje får stå fram, for han som er i oss er sterkare enn han som er i verda. Men etter at Jesus hentar si brud, kjem han til å stå fram og sette seg inn i Guds tempel og gjere seg sjølv til gud. Likevel skal Jesus tyne han med pusten av sin munn når han kjem att og det er då ved utgyting av den Heilage Ande (Op.19). Dette er den vanlege tolkinga i pinserørsla, slik vert det forkynt og eg trur det i hovudsak er rett.
Men her er ei gåte. Då må Jesus komme att to gongar, først for å ta bort ein som held att, så den Lovlause får stå fram, så for å tyne han med pusten frå sin munn. Når Jesus kjem att, kjem den først oppstoda, men det skulle skje først etter at den Lovlause har stått fram. Dette er ei sjølvmotseiing altså.
Dei fyrste kristne merka motstanden frå den Lovlause og Antikrist og det merkar vi framleis, vi merkar tydeleg denne konflikta i vår tid, vi merkar presset frå dei som vil sette inn den Lovlause som gud for folk. Uttrykket «må fyrst rydjast or vegen» høyrest brutalt ut. Det var då Paulus som sa dette om seg sjølv, for den Heilage Ande let han få vite det på førehand i kyrkjelydane og han fortalde det til kyrkjelyden i Jerusalem. Mange kristne vart hendretta i kristendomsforfølgingane, Johannes var truleg den einaste av apostlane som vart berga frå det. Men då var det ikkje lenge før Jerusalem og tempelet vart lagt i ruin. Og kva så?
Øvstepresten Josva og byggherren Serubabel i Sak.3-4 er førebilete på to viktige teneste i den nye pakt, som vi ser i Op.11, så vi kan trygt seie at dei vart rydda vekk, den nytestamentlege versjonen av øvstepresten i det gamle testamentet vart rydda vekk. No er ikkje denne prestetenesta lenger berre for levittane, for Kristus har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, på grunnlag av forsoninga i Kristus får vi gå inn.
Erstatningsteologien vert då å erstatte den som soleis går inn. Korleis då?
Det var den nye naturen som vart rydda vekk, for å verte erstatta av den gamle.
Paulus hadde vorte fødd på nytt, av Anden, slik hadde han fått ein ny natur. Derfor prøvde dei å rydde han vekk, soleis handla det også om å rydje vekk den nye naturen, for at den gamle skulle ta over.
Paulus profeterte om «den Lovlause», det høyrest ut som ein som er utan lov, hverken Mose-lova eller lova til livsens ande, men Kristus skal tyne han med pusten av sin munn, det må då vere livsens Ande og lova år livsens Ande finn vi i hans ord, ved at Anden openberrar Ordet for oss.
2.Tess.2,13 Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, de som er elska av Herren. For frå opphavet valde Gud dykk ut til å verta frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga. 14 Dette kalla han dykk til ved det evangeliet vi forkynner, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.
Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.
Motstanden frå Dyret.
Dyret som steig opp or havet.
I Op.13 er det tale om Dyret som steig opp or havet, som hadde fått ulivssår, men som fekk det lækt. Her er det tale om keisardyrking og eg kom til at dette var keisar Nero, truleg vart apostlane drepne under kristendomsforfølgingane under Nero, med unntak av apostelen Johannes. Paulus også, så han talte om seg sjølv, som døme på den som skulle verte rydda vekk, for at den Lovlause skulle stå fram (2.Tess.2). Men vi må tenke på profetien som ei linje og ein politikk i tida som kom, heilt til vår eiga tid.
Paulus sa at når den Lovlause står fram, har han si kraft ifrå Satan (2.tess.2,9). Det høver med
Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.
Dyret som steig opp or avgrunnen.
I Op.11 er det fortalt at Dyret som steig opp or avgrunnen drap dei to tempelvitna.
Op.11,7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.
11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.
14 Det andre ve er over. Men det tredje ve kjem snart.
Dette er same dyret som i Op.17, sidan det er det dyret som steig opp or avgrunnen. Då er det ikkje det same som kristendomsforfølgingane under Nero. Eg kom til at det var dette Dyret som la Jerusalem i grus. Så det kom som oppfylling av Paulus sin profeti i 2.Tess.2,12. Her er det sagt at ein tiandepart av byen rasa saman på grunn av det jordskjelvet som kom når dei to tempelvitna steig opp til himmelen. Rett nok kan jordskjelvet ha ei symbolsk tyding, men elles er det ikkje mykje i denne teksta som liknar på at Titus og Vespasian la tempelet og Jerusalem i grus. I Esekiels bok var der ein som målte tempelet og føregarden og det var med tanke op å bygge oppatt tempelet, så dei kunne komme i gang med prestetenesta igjen. I Op.11 skulle Johannes måle tempelet og altaret og dei som tilber der.
Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.
Jerusalem vart lagt i grus og tempelet nedrive, sannsynleg vis på den tida Johannes var på Patmos og fekk desse profetiane. Sidan har tempelet berre vorte liggande i ruinar, så ein kan lure på om dette hadde berre symbolsk verdi.
Dei to tempelvitna fekk då den nytestamentlege versjonen av tenestene til øvstepresten Josva og byggherren Serubabel (Sak.3-4) og då veit vi at bygginga skulle ikkje skje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Vi skal verte åndelege steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel. Denne åndeleggjeringa av tenestene svarar til at dei to tempelvitna steig opp i himmelen. Det vert symbolisert i dåpen og Jesus gjennomfører det med dåpen med den Heilage Ande. Eg tenker meg at det viser framover til korleis vi skal vi sigre over Dyret og dei ti horna (Op.17,14).
Op.17,9 Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar: 10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. 11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte. 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»
Når Jesus kjem att, skal han tyne den Lovlause med pusten frå sin munn.
Paulus profeterte om at den Lovlause skulle sette seg inn i Guds hus og gjere seg sjølv til gud. Men når Jesus kjem att, skal han tyne han med pusten frå sin munn og det er vel ved utgyting av Guds Ande. Det treng ikkje nødvendig vis vere i eit Guds hus, men det er over menneske, Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt. Og den skulle overtyde verda om synd, rettferd og dom (Joh.16).
Men når vi kjem til Kristus og bøyer oss for hans kors og vedkjenner vår synd for han, vert vi reinsa i hans blod og fylte med den Heilage Ande, så herleggjer og openberrar den Kristus som vår frelsar og Herre og då held vi fram med å bøye oss for han, slik som den Heilage Ande openberrar han for oss.
2.Kor.3, 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Så slik tyner Kristus den Lovlause med pusten frå sin munn, i den kristne forsamlinga. Og den Heilage Ande får vi ved trua på Kristus, av berre nåde. Så eg kan seie som Paulus at Guds nåde er nok for meg, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Vi er som dei vituge brurmøyane som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei hadde nok. Vi ventar at når Jesus kjem att, så kjem han til oss, vi ser det fordi vi har lys på lampane våre og går han i møte.
1.Kor.11, 23 For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk:
Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, 24 takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!» 26 For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem. 27 Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod. 28 Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken. 29 For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms. 30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av. 31 Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde. 32 Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.
Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden.

