Jesus var i himmelen samtidig som han var på jorda.
Jesus kom med velsigninga.
Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrde slike til, vi måtte verte som born, ja, fødast på nytt, for å sjå det og komme inn i det. Barnevelsigninga kan samanliknast med at Gud skapte menneska og velsigna dei, det var starten på noko nytt og godt og velsigninga skulle leie dei inn i det gode livet Gud skapte dei til å leve, i samfunn med han. Gud gav dei eit bod som var ei åtvaring mot å vende seg bort frå han. Gud kvilte den sjuande dagen og dei var i Guds kvile, dei kunne kvile på grunnlag av det verket Gud hadde gjord. Men dei braut bodet og fall ut av det.
Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, Gud velsigna han og lova han at i han skulle alle folkeslag velsignast, den som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden fekk vi oppfylt når Jesus kom til vår jord. Jesus kom frå himmelen til vår jord og då var han framleis i himmelen, han kom med himmelriket, Guds rike og var ei velsigning frå himmelen.
Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Freistinga.
Vi er vande med åtvaringa mot å verte freista slik som ved syndefallet og spesielt mot å verte freista av si eiga kjøtlege lyst, så dei fell ut av samfunnet med Gud som er ånd. Slik vart det ein motsetnad mellom Gud og verda. Vi har det frå Paulus, men han sa også at synda brukte lova til å dåre og forføre han og drepe han. Og vi har det frå Jakob.
Jak.1,12 Sæl er den som held ut i freistingar. Når han har stått si prøve, skal han få livsens krone, som Gud har lova dei som elskar han. 13 Ingen må seia når han vert freista: «Eg vert freista av Gud.» For Gud vert ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. 14 Når nokon vert freista, vert han lokka og dregen av si eiga lyst. 15 Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død. 16 Far ikkje vilt, mine kjære brør!
17 All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovantil, frå ljosens Far. Hjå han er det ikkje forandring eller skifte mellom ljos og mørker. 18 Av sin frie vilje har han født oss ved sanningsord, så vi skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.
Men når Satan kom for å freiste Jesus, var det først og fremst ved å sitere frå Bibelen. Men Jesus svarde med andre bibelvers.
Matt.4, 1 Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han. 2 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt vart han svolten. 3 Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!» 4 Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»
5 Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren 6 og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:
Han skal gje englane sine påbod om deg,
og dei skal bera deg på hendene,
så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
7 Men Jesus svara: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
8 Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom 9 og sa: «Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg.» 10 Då sa Jesus til han: «Gå frå meg, Satan! For det står skrive:
Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena.»
11 Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.
Sjølv om Jesus var i himmelen, var han også på jorda og tenkte også slik som menneske laga av mold og som går på denne jorda, dei får mat av den grøda som jorda ber og må passe seg sjølve så dei ikkje ramlar ned frå ein høg stad og skadar seg. Det er å tenke naturfagleg. Han gjorde «matunder», men då var det ved å velsigne det som alle reie var mat, så det vart meir av det.
Freisting frå verda, som motsetnad til å leve i barnekåret hos Gud.
Jesus visste at der kom freistingar frå verda, som motsetnad til å leve i barnekåret hos Gud.
Matt.18, 1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
Forføringar og freistingar
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Det er sikkert mange som reknar oss som dumme og ulærde på grunn av vår barnetru. Men det kjem til å få mange svært så treffande svar på tiltale og har allereie fått det. Det har kome i tidlegare avsnitt og dokument og kjem i seinare også.
Jesus betalte prisen for oss med sitt eige blod.
Jesus visste at der kom freistingar og at han skulle døy på korset, for å sone synda og betale skulda med sitt blod, for å kjøpe menneska tilbake til seg og dermed til Faderen.
Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Mot falske menneskebod
16 Så lat då ingen døma dykk for det de et eller drikk, og heller ikkje når det gjeld høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17 Alt dette er berre eit skuggebilete av det som skulle koma, men lekamen er Kristi lekam. 18 Somme driv med sjølvfornekting, dei kallar, og engledyrking og held seg til syner dei har hatt. Lat dei ikkje røva sigerskransen frå dykk! Utan grunn gjer dei seg til av sine menneskelege tankar 19 og held ikkje fast på han som er hovudet. Han gjer at heile lekamen veks så som Gud vil, og lekamen vert halden oppe og bunden saman av alle leder og band.
20 Når de med Kristus har døytt bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då, som om de endå levde i verda, retta dykk etter slike bod: 21 «Ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? 22 Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er etla til å brukast og gå til grunne. 23 Rett nok skal slikt vera visdom, både sjølvvald gudsdyrking, sjølvfornekting og skamfaring av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera den syndige menneskenaturen til viljes.
Dette er ikkje tenesta etter bokstaven, men etter Anden.
2.Kor.3,4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.
…..
17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»
Sjå Guds herlegdom og verte tiltrekt av den, samtidig som vi er i denne verda.
Vi skal tru på Kristus og vere tiltrekte av hans herlegdom, samtidig som vi er i denne verda (Joh.3,14), men vi skal ikkje tenke høgre om oss sjølve enn vi bør tenke og vi skal ikkje freiste Gud.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.
Dersom eg til dømes er ute og køyrer bil, så må eg rette deg etter den trafikk-opplæringa eg har fått og den er grunnlagt på naturvitskap. Når eg er i ein sving, kjenner eg meg tiltrekt av sentrifugal-krafta, men eg veit at det er ei innbilt kraft, den eigentlege krafta er sentripetalkrafta, den verkar på både bilen og meg, slik at vi svingar, endrar fartsretning. At eg kjenner meg tiltrekt av Guds herlegdom og frå oppleve hans kraft i mitt indre menneske, verkar på ein heilt annan måte.
I det du stolar på Jesus og er i Guds kvile, skal det ikkje vere nødvendig å utfordre skjebna ved å køyre fort og bryte trafikkreglane. Likevel kan du verte ute for ei ulykke og då kan du rope til Herren om hjelp.
Joh.1, 9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
Joh.12,20 No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe på høgtida. 21 Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» 22 Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. 23 Jesus svara: «Timen er komen då Menneskesonen skal herleggjerast. 24 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. 25 Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. 26 Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra. 27 No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne stunda? Nei, til denne stunda skulle eg koma. 28 Far, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har herleggjort det og skal atter herleggjera det.»
29 Folket som stod der, høyrde det og sa at tora hadde slege. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.» 30 Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar. 31 No fell det dom over denne verda, no skal hovdingen over denne verda kastast ut. 32 Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg.» 33 Dette sa han for å syna kva slag død han skulle få.
34 Då sa folket: «Vi har høyrt at det står i lova at Messias skal leva til evig tid. Korleis kan du då seia at Menneskesonen skal lyftast opp? Kven er denne Menneskesonen?» 35 Jesus svara: «Endå ei lita stund er ljoset mellom dykk. Gå så lenge de har ljoset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36 Tru på ljoset så lenge de har ljoset, så de kan verta born åt ljoset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.
Jesus døde i staden for oss, for at vi skulle få Guds herlegdom og sjå den. Då er det viktig for oss å verte tiltrekt av den.
Jesus bad Faderen om at dei som trudde på han skulle få og sjå Guds herlegdom.
Nattverden og Jesu øvsteprest-bøn.
Ved påskemåltidet stifta Jesus nattverden.
Luk.22,14 Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han. 15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida. 16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.» 17 Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19 Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.
Jesus bad for oss, som vår øvsteprest, slik ber han for oss framleis. Då er det viktig for oss å lære å be slik for oss sjølve.
Joh.17, 1 Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.
6 Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg av verda. Dei var dine, og du gav meg dei, og dei har halde fast på ordet ditt. 7 No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. 8 For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot dei og sanna fullt ut at eg har gått ut frå deg, og dei trur at du har sendt meg.
9 Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg; for dei er dine. 10 Alt mitt er ditt, og ditt er mitt, og eg er herleggjord gjennom dei. 11 Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt liksom vi er eitt. 12 Då eg var hjå dei, heldt eg dei fast i ditt namn, som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan den eine som høyrde fortapinga til, så Skrifta skulle oppfyllast. 13 No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål. 14 Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, liksom eg ikkje er av verda. 15 Eg bed ikkje at du skal ta dei ut or verda, men at du må vara dei frå det vonde. 16 Dei er ikkje av verda, liksom eg ikkje er av verda. 17 Helga dei i sanninga; ditt ord er sanning. 18 Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. 19 Eg vigslar meg for dei, så dei òg skal vera vigsla ved sanninga.
20 Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.
Jesus sa at han ikkje lenger er i verda, men det må forståast som ein profeti om at han går bort for å vere hos Faderen (v 11&13). Jesus hadde gitt dei den herlegdomen som han hadde fått frå Faderen så dei skulle vere eitt og han yngste at dei skulle sjå hans herlegdom (v 22-24.
Jesu møte med disiplane sine etter at han hadde stått opp att frå dei døde.
Når Jesus stod oppatt frå dei døde, gav han disiplane sine misjonsbefalinga (Matt.26,16-28) og så sa han at han ville sende dei den Heilage Ande, ved den skulle dei få kraft til å gjennomføre det oppdraget.
Luk.24,1 Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! 26 Laut ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?» 27 Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hjå alle profetane.
28 Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger. 29 Men dei nøydde han og sa: «Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar.» Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei. 30 Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. 31 Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei. 32 Då sa dei til einannan: «Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?» 33 Og dei tok ut med ein gong og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, 34 og desse sa: «Herren er sanneleg oppstaden og har synt seg for Simon.» 35 Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.
Jesus syner seg for læresveinane
36 Medan dei tala om dette, stod Jesus midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 37 Dei stokk til og vart redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg. 38 Men han sa til dei: «Kvifor er de så redde, og kvifor vaknar det tvil i dykk? 39 Sjå hendene og føtene mine; det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.» 40 Så synte han dei hendene og føtene sine. 41 Då dei endå ikkje kunne tru for glede, men berre undra seg, sa han: «Har de noko etande her?» 42 Dei gav han eit stykke steikt fisk, 43 og han tok det og åt medan dei såg på.
Oppgåve og avskil
44 Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var i lag med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som er skrive om meg i Moselova, hjå profetane og i Salmane.» 45 Så opna han for tankane deira, så dei kunne skjøna skriftene, 46 og sa til dei: «Så står det skrive: Kristus skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, 47 og i hans namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag; de skal ta til i Jerusalem. 48 De er vitne om dette. 49 Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de vert budde med kraft frå det høge.»
50 Så tok han dei med seg ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. 51 Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. 52 Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei attende til Jerusalem i stor glede. 53 Sidan var dei allstøtt i templet og lova og prisa Gud.
Ap.gj.1, 1 I den fyrste boka mi, Teofilus, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, 2 frå det fyrste og heilt til den dagen han vart oppteken til himmelen. Før det hende, hadde han ved Den Heilage Ande gjeve sine påbod til dei apostlane som han hadde valt ut. 3 Etter at han hadde lide og døytt, steig han fram for dei og gav dei mange klåre prov på at han levde. I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som har med Guds rike å gjera. 4 Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om. 5 For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.»
6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?» 7 Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt. 8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»
9 Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira. 10 Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei 11 og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»
Jesus åt og drakk i lag med dei, han braut brødet for dei, det var då som nattverden, det var då dei kjende han att. Så vart han usynleg for dei, før han dukka oppatt. Dette fortel oss noko om nattverden.
Jesus var framleis både i himmelen og på jorda og viste dei så tydeleg at han framleis hadde ein kropp laga av jord, ved at han åt i lag med dei og viste dei hendene og føtene sine, dei kunne ta på han, han var ikkje berre ei ånd, ei ånd hadde då ikkje kjøt og bein. Samtidig som han av kjøtet var komen av Davids ætt, så var han av herlegdoms Ande Guds veldige son, som det viste seg ved at han stod oppatt frå dei døde. Guds Ande viste at han som Guds Son var endå meir suveren over den fysiske enn kva dei tidlegare hadde sett og opplevt, som om han allereie hadde fått tilbake m eir av den herlegdomen han hadde før han kom til verda og når Gud tok han opp til himmelen, fekk han igjen heile herlegdomen som han tidlegare hadde hatt. Og så sende han dei den Heilage Ande, så dei skulle få oppleve meir av den herlegdomen, medan dei framleis var her på denne jorda.
Paulus fekk sjå og oppleve Guds herlegdom medan han var her på jorda, han sa endåtil at han vart rykkt inn i den tredje himmelen, inn i Guds paradis (Rom.5,1-5 2.Kor.3,17-19.). Johannes fekk oppleve Guds kjærleik til oss i Kristus og vitna om det (1.Joh.3-4) og så fekk han stige opp i himmelen og der fekk han sjå Guds herlegdom (Op.4,1…).
Ved tru får vi komme inn til Guds kvile.
Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, blir det som såkorn som vert sått i våre hjarte, så det spirer og veks opp og gjev grøde. Og vi vert som såkorn som vert sått i verda, så det veks opp og gir grøde. Vi får vi komme inn til Guds kvile; vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande.
Heb.4, Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde.
8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.
Salme 95,1 Kom, lat oss jubla for Herren
og ropa høgt for vårt frelsande berg!
2 Lat oss gå fram for han med lovsong
og hylla han med song og spel!
3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
4 Han har jord-djupnene i si hand
og fjelltoppane i si eige.
5 Havet er hans, for han har skapt det,
det faste landet har hans hender forma.
6 Kom, lat oss bøya oss og tilbe,
bøya kne for Herren, vår skapar!
7 For han er vår Gud, vi er folket han gjæter,
den hjord han leier med si hand.
Å, ville de høyra på han i dag!
8 Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba,
som den dagen ved Massa i øydemarka,
9 då fedrane eggja meg
og sette meg på prøve,
endå dei såg kva eg gjorde!
10 I førti år hadde eg uvilje mot denne ætta,
og eg sa om dei:
«Dei er eit folk som fer vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.»
11 Så svor eg i min vreide:
«Dei skal aldri koma inn til mi kvile!»

