Lovnad og profeti 25. Guds herlegdom i Esekiels bok og Johannes Openberring 2.

Symboltolking av openberringa av Guds herlegdom i Esekiels bok og Johannes Openberring.

Dei fire skapningane må vere skapte, men sidan dei er i himmelen er dei likevel evige.

Dei fire skapningane vart kalla kjerubar og det finst det mykje av i mytologien. I Esekiels bok hadde kvar skapning fire ansikt, som om kvar skapning representerte fire ulike dyreslag overfor Gud altså og han utøvde makt gjennom dei. Men i Op.4-5 likna kvar skapning kvar sine dyreartar og eg tenker sameleis her, men at dei representerte kvar sine dyreartar og Gud utøvde makt gjennom dei. Eg tenker naturfagleg, ja, og det må vi vel sidan det er tale om dyr. Men så kjem vi til poenget at Bibelen talar om menneskelivet og samanliknar det med dyrelivet, spesielt når det gjeld store kongerike.

Dessutan tenker eg på skapingshistoria, at Gud skapte fuglane femte og landdyra og menneska den sjette dagen (1.Mos.1,20-31). Så desse fire skapningane representerte livet på landjorda og i lufta, fuglane, pattedyra og menneska. Dei har det til felles at dei pustar luft, som vert brukt som symbol på at dei har livsande. Når Gud skapte landdyra og menneska, så velsigna han dei og det er vel det vi ser her. Men då inkluderer det fuglane altså.

1.Mos.1,26 Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.» 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. 28 Og Gud velsigna dei og sa til dei: «De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!» 29 Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk. 30 Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde.» Og det vart så. 31 Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Korleis kan dei fire skapningane vere skapte og like vel vere evige? Lat oss ta med nokre ord frå Salomo.

Fork.3, 1 Alt har si faste tid,

alt som hender under himmelen, har si tid:

2 ei tid til å fødast, ei til å døy,

ei tid til å planta, ei til å riva opp;

3 ei tid til å drepa, ei til å lækja,

ei tid til å riva, ei til å byggja;

4 ei tid til å gråta, ei til å le,

ei tid til å syrgja, ei til å dansa;

5 ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei,

ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera;

6 ei tid til å leita, ei til å missa,

ei tid til å gøyma, ei til å kasta;

7 ei tid til å riva sund, ei til å bøta,

ei tid til å teia, ei til å tala;

8 ei tid til å elska, ei til å hata,

ei tid til krig og ei til fred.

Tid og æve

9 Kva vinning har den som arbeider,

av alt sitt strev?

10 Eg såg det plagsame strevet

som Gud har gjeve menneska.

11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet.

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud.

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han.

15 Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.

16 Elles såg eg under sola:

Der retten skulle rå, var vondskap,

på rettferds stad var gudløyse.

17 Då tenkte eg med meg:

Det er Gud som skal døma

både rettferdige og vonde.

Han har fastsett ei tid

for kvart tiltak og kvar gjerning.

Same lagnaden for menneske og dyr

18 Eg tenkte med meg om menneska:

Gud prøver dei så dei kan sjå

at dei i seg sjølve ikkje er meir enn dyr.

19 Same lagnaden ventar

både menneske og dyr.

Den eine skal døy som den andre,

same livsanden har dei alle.

Menneske har ingen føremon framfor dyr.

For alt er fåfengd.

20 Alle går til same staden.

Av jord er alle komne,

og til jord skal dei atter verta.

21 Kven veit om menneskeånda stig opp,

medan dyreånda fer ned i jorda?

22 Eg såg at det beste mannen kan gjera,

er å gleda seg i sitt arbeid;

det er den lut han har fått.

For kven lèt han sjå

det som sidan skal koma?

Samanlikning med naturvitskapen.

I følgje naturvitskapen har livet på jorda utvikla seg frå meir primitive skapningar, men eg hevdar det ikkje hadde vore mogleg om ikkje det var Gud som skapte både ved å gjere under og gjennom ei langsam utvikling. Menneska også er pattedyr, det er den mest høgtståande primaten. Løva er eit høgtståande pattedyr og oksen er eit høgtståande hjortedyr, som også er husdyr for bønder.

Pattedyra og dinosaurane stamma frå ein felles forfader. Der var to typer dinosaurar, fuglehofte-dinosaurar (Ornithischia jfr. Ornitologi) og øglehofte-dinosaurar (Saurischia). Merkeleg nok har dei funne ut at fuglane stammar frå Saurischi. Dei kunne sette føtene rett under seg og heve buken frå bakken. Dei vart utrydda ved eit astroiede-nedslag for 62-65 millionar år sidan. Dei einaste av dei som overlevde var dei som utvikla seg til fuglar.

Dette høver med at Gud dømde ormen til å måtte krype på buken. Det talar profetisk om ein dommedag då «stjernene» fell ned på jorda, det må vere eit astroide-nedslag. Vitskapsfolk spør ikkje så mykje etter om det kjem til å skje, men om når det kjem til å skje.

Dei fire hjula og dei fire vindane.

Dei fire hjula har ein viss likskap med dei fire vindane, dei fire vindane var livsanden. Anden til skapningane var i hjula og det var då Gud som hadde gitt dei sin Ande. Når dei fire vindane for ut over jorda, var det i fleire retningar. Slik er det når det er høgtrykk, men midt inn i høgtrykket er det vindstille. Men korleis er det når dei fire vindane fer inn i landet og bles på dei tørre beina? Dersom dei bles like mykje frå alle sider, så blir det vindstille, det går ikkje an. Dei må blåse frå ei retning om gangen, det kan vere kastevind, men vanleg vis er der ei dominerande vindretning over litt lengre tid.

Men det verka som desse fire skapningane og dei fire hjula hadde ein militant disiplin, så det kan minne om når Gud mønstra ein hær. Slik som vi ser i

Joel.2, 1 Blås i horn på Sion,

lyft hærrop på mitt heilage fjell,

så alle i landet skjelv av redsle.

For Herrens dag er nær, han kjem,

2 ein dag med mørker og dimme,

ein dag med skyer og skodd.

Det kjem eit stort og mektig folk

og breier seg som morgonroden på fjellet.

Det har aldri hatt sin like

og skal heller ikkje få det

frå ætt til ætt i alle år.

3 Framføre det et elden opp,

og bakom sleikjer logen.

Framføre er landet som hagen i Eden,

og bakom ligg ei livlaus øydemark;

ingen bergar seg unna.

4 Som hestar er folket å sjå til,

som hingstar fer dei fram.

5 Dei tråvar over åsryggene

liksom larmande vogner,

lik eld som sprakar i halmen,

lik ein veldig hær som er budd til strid.

6 Folkeslag skjelv for dei,

kvart andlet er eldande raudt.

7 Som krigarar rusar dei fram,

som stridsmenn stormar dei murar.

Kvar ein går strake vegen

og bøyer ikkje av frå stigen.

8 Ingen trengjer den andre bort,

kvar mann held sin plass.

Dei rusar fram mellom kastespyd

og lèt seg ikkje stogga.

9 Dei fer inn i byen,

dei stormar opp på muren,

dei trengjer inn i husa.

Gjennom vindauga går dei som tjuvar.

10 Jorda skjelv framføre dei,

og himmelen skjek.

Sol og måne svartnar,

og stjernene misser sin glans.

11 Herren lyfter si røyst

framfor fylkingen han fører;

for veldig er hans hær

og mange dei som lyder hans ord.

Ja, stor og skræmande er Herrens dag,

kven kan halda han ut?

Slik er Herrens dag og det var på Herrens dag Anden kom over Johannes og Jesus møtte han på Patmos (Op.1,10).

Barnevelsigninga og gjenfødinga.

Barnevelsigninga er fundamental til samanlikning med skapinga i 1.Mos.1-2. Med skapinga starta ei historie og det gjer det også når eit menneske vert født, det er fundamentalt og slik vart også desse velsigningane fundamentale.

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle ela dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei vaksne må vende om og verte som born, ja fødast på nytt, for å sjå Guds rike og komme inn i det.

Matt.19,13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.

Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»

Esekiel profeterte om at Guds herlegdom skulle komme tilbake til tempelet og det ser vi i v14. Det var etter at dei kom tilbake til landet sitt og då skulle dei i følgje Moses få hjerteomskjeringa.

5.Mos.30,1 Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til hjarta ute mellom alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til, 2 og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug og lyder han i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine, 3 då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Atter skal han samla deg frå alle dei folk han har spreitt deg imellom. 4 Om du så er bortdriven til verdsens ende, skal Herren din Gud samla deg og henta deg der. 5 Herren din Gud skal føra deg heim til det landet fedrane dine tok i eige, og du skal vinna det att. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå talrikare enn fedrane dine.

6 Då skal Herren din Gud omskjera hjarta ditt og hjarto åt etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug, og du skal få leva.

Jesus gav dei hjerteomskjeringa allereie ved barnevelsigninga og den velsigninga er for vaksne også, ved at vi trur på Jesus og tek imot han, vert vi velsigna.

Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme.

Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme.

Når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, kjem vi inn i den himmelske heilagdomen og stig fram får nådens trone.

Heb.4,16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus og får oppleve at den kjem over oss og fyller oss, vår lekam er eit tempel for den Heilage Ande. Vi får oppleve at Guds herlegdom er i oss og omsluttar oss.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.

2.Kor.3, 12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Vi skal vere til lov og ære for Guds herlegdom, det gir oss meining med livet.

Paulus sa at Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus og der har han sett oss.

Ef.1, 3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,

han som i Kristus har velsigna oss

med all Andens velsigning i himmelen.

4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt,

så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.

5 I kjærleik og av eigen fri vilje

har han føreåt etla oss

til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus,

6 til lov og ære for hans herlegdom

og for den nåde han gav oss i sin kjære Son.

7 I han har vi utløysinga

som vart vunnen ved hans blod,

forlating for syndene.

Så rik er hans nåde,

8 som han i rikt mål har late oss få.

Han gav oss all visdom og alt skjøn,

9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje,

den frie avgjerd han hadde teke

10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne:

å sameina alt i Kristus,

både det i himmelen og det på jorda.

Gud Fader har etla oss til å få barnekår hos seg, ved Jesus Kristus, til lov og ære for hans herlegdom og for den nåden han har gitt oss i Kristus. Så dette skulle gi oss meining med livet.

Gud skaper oss til å gå i gjerningar som han legg ferdige for oss. Det gir meining med livet.

Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Joh.3,13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen.

Herrens herlegdom går opp over Sion.

Jesajas 62, 1 For Sions skuld vil eg ikkje teia,

for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still,

før hennar rett strålar fram med glans

og hennar frelse som ein brennande fakkel.

2 Då skal folkeslag sjå di rettferd

og alle kongar din herlegdom.

Du skal få eit nytt namn,

som Herren sjølv skal gje deg.

3 Du skal vera ein herleg krans i Herrens hand,

ein kongeleg hovudprydnad

i handa åt din Gud.

4 Du skal ikkje lenger kallast «Den forlatne»,

og ditt land skal ikkje meir heita «Øydemark».

Men du skal kallast «Mi kjære»,

og landet ditt skal heita «Kone».

For Herren skal ha deg kjær,

og landet ditt skal takast til ekte.

5 Som ein ungdom gifter seg med ei møy,

skal dine søner ta deg til ekte.

Og som ein brudgom gleder seg over si brur,

skal din Gud gleda seg over deg.

6 På murane dine, Jerusalem,

har eg sett vaktmenn.

Og dei skal aldri teia

anten dag eller natt.

De som prisar Herren,

unn dykk ikkje ro!

7 Lat heller ikkje han få ro

før han byggjer opp att Jerusalem

og gjer byen til ein lovsong på jorda.

Jesajas 60, 1 Reis deg i stråleglans!

For ljoset ditt kjem,

og Herrens herlegdom renn opp over deg.

2 Sjå, mørker ligg over jorda

og skydimme over folka.

Men over deg strålar Herren fram,

over deg syner hans herlegdom seg.

3 Mot ditt ljos skal folkeslag fara,

mot din strålande glans skal kongar gå.

All skapningen lengtar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom.

Paulus sa at skapningen vart lagd under forgjengelegdom, likevel var der von.

Vona om herlegdom

Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

28 Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29 Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. 30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.

Jesus vil krone dette året med sin herlegdom.

Profeti ved Elin Therese Slotten:

«Eg er barmhjertig og nådig, sein til vreide og rik på miskunn og sanning. Har eg talt utan å gjere det eller har eg talt utan å setje det i verk?»

Eg seier at du kan ta imot det ordet du har fått, stol på det Ordet du har fått, stol på den lovnaden du har fått, stol på det du har kjent Gud har talt inni di ånd og tru han for at Gud skal setje det i verk. Dette som eg sa no, kjem frå

4.Mos.23,19 Gud er ikkje ein mann, så han lyg,

eit menneske, så han skifter hug.

Gjer han ikkje det han seier,

held han ikkje det han lovar?

Gud skal sanneleg sette det i verk for deg.

«Eg skal ikkje sleppe deg og ikkje forlate deg. Herren din Gud skal vere med deg overalt der du går. Ver berre sterk og modig. Stå no berre og sjå det under Herren vil gjere for dine auge, for det er Herrens strid. Frykt ikkje, for det er fleire med deg enn det som er med dei. For saman med deg er Herren din Gud, for å hjelpe deg å stride dine krigar. Sørg ikkje, for gleda i Herren er din styrke. Du er sendt på denne jorda for ei tid som denne, for ei hensikt. Du er velsigna som lever no.»

Veit du det? Du er faktisk velsigna av Herren sjølv, fordi du lever akkurat no, når Gud skal gjere store ting her i verda.

«Eg har kalla deg ved namn og du er min. Eg bevarer i fred den som stolar på meg. Som eit menneskebarn vert trøysta av si mor, skal eg trøyste deg. Eg er Herren, er det noko som skulle vere for vanskeleg for meg? Frykt derfor ikkje! Ver ikkje bekymra for morgondagen, for eg har allereie vore der, seier Herren. Ver berre sterk og la ikkje dine hender svikte, for det er løn for ditt verk!»

Og så seier Herren: «Eg vi krone dette året med min herlegdom. Amen.»


Leave a comment