Lovnad og profeti 24. Guds herlegdom i Esekiels bok og Johannes Openberring 1.

Synet av Guds herlegdom.

Første gangane eg las om synet av Guds herlegdom i Esekiels bok og Johannes Openberring, las eg berre vidare utan å forstå meg på det. Gud har ei meining med det, så det ville vere verdifullt for oss å oppdage det og forstå det. Vi har fantasi og evne til å tenke symbolsk, det er mykje vi soleis kan tenke oss, men vi må prøve det på Guds ord. Vi treng at den Heilage Ande minner oss om Guds Ord og openberrar det for oss.

Slik kan eg prøve meg fram, men det er lurt å vere forsiktig, så eg slepp å rette opp ei heil masse i ettertid. Derfor vel eg å sitere mykje og la Guds Ord tale for seg sjølv, vere nøyaktig med bokstavtolkinga og så kjem symbol-tolkinga, slik som eg sjølv tenker meg det. Det kan vel vere andre som ser andre sider ved det og då høyrer eg gjerne på det. Eg skal vere audmjuk, både overfor Kristus og andre som trur på han og innrømme at det er ikkje heilt liketil å verte klok på dette, men takke han at han har gitt oss den Heilage Ande som rettleiar.

Eg har skrive eit dokument om Esekiels bok, prestetenesta og Johannes Openberring tidlegare, her gav eg ei oversikt over Esekiels bok:

Soningsstaden var sentral og viktig i prestetenesta. Det var ei plate av gull plassert på loket av paktkista. To kjerubar av reint gull var støypte i eitt med denne plata. Dei breidde ut vengene til vern for soningsstaden.

2.Mos.37,1 Besalel laga paktkista av akasietre. Ho var to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg. 2 Han kledde henne med reint gull både innvendes og utvendes og sette ein gullkant ikring henne. 3 Han støypte fire gullringar til dei fire føtene på kista, to på kvar side. 4 Så laga han stenger av akasietre, kledde dei med gull 5 og smøygde dei inn i ringane på sidene av kista, så ho kunne berast.

6 Han laga til soningsstaden, som var av reint gull, to og ei halv alen lang og halvanna alen brei. 7 På endane av soningsstaden sette han to kjerubar som han hadde laga av hamra gull, 8 ein kjerub på den eine sida og ein på den andre. Han laga dei så at dei gjekk i eitt med endane på soningsstaden. 9 Kjerubane heldt vengene utbreidde og lyfte, så dei tekte over og verna soningsstaden med vengene sine. Dei var vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden. (2.Mos.25,10-22).

Dei var redde for at dersom dei såg Gud, så kom dei til å døy. Uansett trengde dei Guds nåde og kvar kunne dei elles få sjå Guds herlegdom om ikkje akkurat på soningsstaden?

Esekiel fekk sjå Herrens herlegdom, der var fire skapningar som nådde kvarandre med vengene. Det minner om dei to englane som Salomo fekk laga i det høgheilage, ved at dei også nådde kvarandre med vengene.

2.Krøn.3,10 I det høgheilage romet laga han to støypte kjerubar og kledde dei med gull. 11 Vengene åt kjerubane var til saman tjue alner lange. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til tempelveggen. Hin vengen var òg fem alner og nådde bort til vengen åt den andre kjeruben. 12 Og den andre kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til veggen. Hin vengen var òg fem alner og nådde bort til vengen åt den fyrste kjeruben. 13 Såleis mælte vengene åt desse kjerubane i si fulle lengd tjue alner. Sjølve stod dei oppreiste og snudde andletet mot tempelromet.

Her ser vi at desse englane også vert kalla kjerubar, det vert også dei fire skapningane kalla.

Sitat frå https://snl.no/kjerub :

En kjerub er et mytologisk blandingsvesen. Kjeruber fremstilles oftest som mennesker eller dyr med vinger. Dyreskikkelsene, for eksempel løve, okse eller ørn, har både menneskeansikt og menneskelige egenskaper. Kjeruber er kjent fra alle kulturene i Det gamle Midtøsten. Selv om kjerubene var tenkt som himmelske vesener, kunne de representeres gjennom både bilder og statuer.

Ifølge forestillingene om kjeruber fikk de svært stor makt og styrke gjennom å forbinde menneskers og dyrs egenskaper. De kunne være voktere av palasser og templer, eller være en del av kongers og guders tronstoler. Slike kjeruber er kjent fra både Det gamle Egypt og Byblos i dagens Libanon. Kjeruber omtales også mange steder i tekstene i Det gamle testamentet og Tanakh, men ingen gjenstander er funnet.

Guds herlegdom i Esekiels bok.

Esekiel fekk sjå Herrens herlegdom i Babylonia.

Men så fekk Esekiel sjå Herrens herlegdom når han var mellom dei bortførde i Babylonia.

Esekiel.1,1 I det trettiande året, den femte dagen i den fjerde månaden, medan eg var mellom dei bortførte attmed Kebar-elva, hende det at himmelen opna seg, og eg fekk sjå syner frå Gud.

2 Den femte dagen i månaden – det var i det femte året etter at kong Jojakin var bortført – 3 kom Herrens ord til presten Esekiel, son til Busi, attmed Kebar-elva i Kaldea. Herrens hand kom over han der.

4 Eg hadde eit syn, og sjå, eit stormver kom frå nord. Det var ei stor sky med logande eld. Det stråla og skein ikring henne, og inne i elden blinka det som av skinande metall. 5 Midt i elden viste det seg liksom fire skapningar som såg såleis ut: Dei hadde utsjånad som menneske, 6 men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger. 7 Føtene deira var beine, fotblada likna kalveklauver, og dei stråla som skinande bronse. 8 Skapningane hadde menneskehender under vengene på alle fire sidene, og alle heldt andleta og vengene såleis: 9 Dei nådde bortåt kvarandre med vengene. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk, men kvar av dei gjekk beint fram. 10 Såleis såg andleta deira ut: Dei hadde menneskeandlet framme, og alle fire hadde løveandlet på høgre sida, okseandlet på venstre sida og ørneandlet bak. 11 Det øvste vengeparet var utspent såleis at den eine skapningen nådde bortåt den andre, og med dei to andre vengene løynde dei kroppen. 12 Kvar av dei gjekk beint fram. Dei gjekk dit ånda ville, og snudde seg ikkje når dei gjekk.

13 Skapningane såg ut som brennande kol og som faklar. Elden fór att og fram mellom skapningane. Det stråla av han, og det gjekk lyn ut frå han. 14 Skapningane fór att og fram og var som lyn å sjå til.

15 Medan eg såg på skapningane, sjå, då var det eit hjul på jorda attmed alle fire. 16 Hjula såg ut som om dei var laga av noko som likna krysolitt, og alle fire var eins på skap. Det såg ut som dei var laga såleis at det eine hjulet var inni det andre. 17 Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. 18 Hjulringane var høge og skræmelege, og det var fullt av augo rundt ikring på alle fire hjula. 19 Når skapningane gjekk, gjekk hjula attmed dei, og når skapningane lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg òg. 20 Dei gjekk nett dit ånda ville. Og hjula lyfte seg saman med dei, for ånda åt skapningane var i hjula. 21 Dei gjekk når skapningane gjekk, og stod når dei stod. Og når dei lyfte seg frå jorda, lyfte hjula seg saman med dei; for ånda åt skapningane var i hjula.

22 Over hovuda på skapningane var det noko som likna ein kvelv. Det var som krystall, skræmeleg å sjå til, utspent høgt over hovuda på dei. 23 Under kvelven rette vengene seg ut, så dei nådde bortåt kvarandre. Kvar skapning hadde òg to venger som dei løynde kroppen med. 24 Når dei gjekk, høyrde eg lyden av vengene deira. Det var som duren av store vassmengder, som røysta åt Den Allmektige, som ståket frå ein leir. Men når dei stogga, lét dei vengene siga. 25 Det lydde eit drøn over kvelven som var over hovudet deira. Men når dei stogga, lét dei vengene siga.

26 Høgt oppe over denne kvelven var det noko som likna safirstein. Det var på skap som ein tronstol, og på denne stolen sat det ein skapnad; han var som eit menneske å sjå til. 27 Frå det som syntest å vera hoftene hans, og oppover, såg eg noko som likna skinande metall; det var som eld med ein ring ikring. Frå det som syntest å vera hoftene, og nedover, såg eg noko som likna eld, med ein strålande glans rundt ikring. 28 Synet av glansen var som synet av regnbogen når han viser seg i skya ein regnversdag. Såleis var synet av Herrens herlegdom. Då eg såg det, fall eg ned med andletet mot jorda. Og eg høyrde røysta åt ein som tala.

Han såg ut som skinande metall og eld med ein glans som regnbogen.

I følgje BIBLEX (Hermons Store Bibelhåndbok), måtte dei fire skapningane stå i ein firkant, slik at vengetuppane nådde i hop. Men det er framleis noko som er litt vanskeleg å sjå for seg. Skapningane gjekk att og fram. Dersom kvar skapning gjekk fram og tilbake, korleis kunne vingetuppane framleis nå i hop. Kom det an på kor høgt dei løfta dei? Dei løfta dei når dei gjekk og let dei sig ned når dei stoppa. Nådde dei då framleis i hop? Det kunne vere at dei løfta dei når dei gjekk fram og let dei siga når dei gjekk attende og stoppa. Elles måtte heile skapningane vekse når dei gjekk fram og minke når dei gjekk attende. Gjekk skapningane til til kvar si side og så attende, så måtte hjula også gjere det og utan å snu seg når dei gjekk.

Elles kan vi tenke oss at heile firkanten gjekk i ei rett retning, utan å svinge. Om den skulle gå i ei anna retning, måtte den stoppe for å svinge hjula i den nye retninga.

Det var eitt hjul ved kvar skapning, dei trilla i lag med dei når dei gjekk. Men korleis kunne då sjå ut som det eine hjulet vere inni det andre, når dei stod i ein firkant? Det går ikkje? Då måtte dei stå på linje, dess lengre borte hjulet er, dess mindre ser det ut. Då kunne det sjå ut som det eine hjulet er inni det andre.

Skapningane hadde menneskeandlet framme, løveandlet på høgre sida, okseandlet venstre sida og ørneandlet bak. Av desse er det berre ørna som ikkje er pattedyr. Det er mest menneske, sidan det har menneskeandlet framme, har hender og to føter. Det er hjortedyr, sidan det har okseandlet og kalveklauver. Det er eit høgtståande rovdyr, sidan det har løveandlet og ein høgtståande rovfugl, sidan det har ørneandlet.

Dei hadde menneskehender under vengene på alle fire sidene, eg stussar på om det betyr to eller fire par hender. Det øvste vengeparet løfta dei, den nedste skjulte dei kroppen med.

Hjula var fullsette med auge. Det var Guds auge og det fortel oss at det er noko han ser etter, der han går fram. Når hjulet triller, kjem eit auge nær bakken og ser detaljer, når det kjem opp att, får det eit vidare perspektiv. Ånda til skapningen er i hjulet, derfor følgjer det skapningen, att og fram og opp og ned.

Når Esekiel fekk dette synet, segna han om, men Herren sa at han skulle røyse seg, for han ville snakke med han og fekk oppleve at Guds Ande reiste han opp. Det er då svært så talande om det nye livet Jesus gir oss. Og eg trur det var han som talte til han. Var det han som sat på trona også eller var det Faderen? Ved å samanlikne med Johannes Openberring kjem eg til at det var Jesus. Liksom Esekiel fekk også han ein bokrull å ete.

Esekiel.2,1 Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp på føtene, så vil eg tala med deg.» 2 Med det same han tala til meg, kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp, så eg stod. Og eg høyrde på han som tala til meg.

…..

8 Men du, menneske, høyr på det eg talar til deg! Ver ikkje trassig som denne ætta! Lat opp munnen og et det eg gjev deg!»

9 Då eg såg opp, fekk eg auga på ei hand som var rett ut mot meg, og i den var det ein bokrull. 10 Han breidde ut rullen framføre meg. Det var skrive på han både inni og utanpå. Og det som stod skrive der, var klagesongar, sukkar og verop.

Esekiel 3,1 Han sa til meg: «Menneske, et det du finn her! Et denne bokrullen! Gå så og tal til Israels ætt!» 2 Eg opna munnen, og han lét meg eta bokrullen. 3 «Menneske,» sa han. «Metta din mage og fyll dine innvolar med denne bokrullen som eg gjev deg.» Då åt eg, og rullen var søt som honning.

Esekiel fekk møte Herren og hans herlegdom igjen og fekk sjå at han forlet tempelet.

Esekiel 8,2 Då fekk eg sjå ein skapnad som likna ein mann. Nedover frå hoftene såg han ut som eld, og frå hoftene og oppover var det liksom ein glans, som skinande metall å sjå til. 3 Han rette ut eitkvart som likna ei hand, og tok tak i hårluggen min. Ånda lyfte meg opp mellom jord og himmel, og i syner frå Gud tok ho meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit gudebilete som gjorde Gud brennande harm.

4 Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, så som eg hadde sett han i dalen.

Han såg ut som eld og skinande metallglans.

Esekiel 10, 1 Brått fekk eg sjå at det på kvelven over hovuda på kjerubane var noko som likna ein safirstein; noko som likna ein tronstol, var synleg over dei. 2 Då sa Herren til mannen som var kledd i lin: «Gå inn i hjulverket, under kjerubane! Ta hendene fulle av glørne som ligg mellom kjerubane, og strøy dei ut over byen!» Og han gjekk inn medan eg såg på. 3 Kjerubane stod på sørsida av templet då mannen gjekk inn, og skya fylte den indre føregarden.

4 Då lyfte Herrens herlegdom seg frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i templet. Skya fylte huset, og glansen av Herrens herlegdom fylte føregarden. 5 Susen av kjerubvengene høyrdest heilt ut i den ytre føregarden, som røysta åt Gud Den Allmektige når han talar. 6 Då mannen som var kledd i lin, vart beden om å henta eld under hjulverket, mellom kjerubane, gjekk han inn og stod attmed det eine hjulet. 7 Ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane, tok opp noko av han og la i hendene på mannen med linkleda. Han tok elden og gjekk ut. 8 Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko som likna ei menneskehand.

9 Så fekk eg sjå at det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt ved kvar kjerub; og hjula såg ut som krysolitt. 10 Alle fire var like å sjå til, og det var som om det eine hjulet var inni det andre. 11 Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Dei fylgde etter det fremste i den leia det vende seg, og snudde seg ikkje når dei gjekk.

12 Over heile kroppen åt skapningane, på ryggen, hendene og vengene, og like eins på dei fire hjula, var det fullt av augo rundt ikring. 13 Eg høyrde at hjula vart kalla hjulverk. 14 Kvar av skapningane hadde fire andlet. Det fyrste var eit kjerubandlet, det andre eit menneskeandlet, det tredje eit løveandlet og det fjerde eit ørneandlet. 15 Kjerubane lyfte seg. Det var dei skapningane som eg hadde sett attmed Kebar-elva. 16 Når kjerubane gjekk, gjekk hjula òg; når kjerubane breidde ut vengene og ville lyfta seg frå jorda, skilde ikkje hjula seg frå dei. 17 Når kjerubane stod, stod hjula òg; og når kjerubane lyfte seg, lyfte dei seg med dei. For ånda åt skapningane var i hjula.

18 Så flytte Herrens herlegdom seg frå dørstokken i templet og vart ståande over kjerubane. 19 Eg såg korleis kjerubane breidde ut vengene og lyfte seg frå jorda, og når dei steig, fylgde hjula med. Dei stogga attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og herlegdomen åt Israels Gud var oppover dei. 20 Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar. 21 Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender. 22 Andleta deira likna dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva; dei såg like eins ut. Kvar av kjerubane gjekk beint fram.

Her får vi vite litt meir, okseandletet vert kalla kjerub-andlet. Eitt hjul gjekk fyrst, dei andre kom etter, alle gjekk i same retning altså. Men skulle han sjå det eine hjulet inni det andre, måtte dei ligge på linje i hans synsretning og det måtte vere noko anna enn fartsretninga. Så dei gjekk i parallelle linjer altså.

Esekiel 11, 22 Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjula fylgde med. Høgt oppover dei trona herlegdomen åt Israels Gud. 23 No steig Herrens herlegdom opp frå byen og stogga på det fjellet som ligg austanfor byen. 24 Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds Ande, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt. 25 Og eg tala til dei bortførte alle dei ord som Herren hadde openberra for meg i synet.

Esekiel fekk sjå at Herren og hans herlegdom kom tilbake til det nye tempelet.

Esekiel 40,1 I det tjuefemte året etter at vi vart bortførte – det var det fjortande året etter at byen vart teken – ved nyårsleite, den tiande dagen i månaden, då kom Herrens hand over meg og førte meg bort 2 i syner frå Gud. Han tok meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det i sør liksom ein bygning i ein by. 3 Dit førte han meg.

Sjå, der var det ein mann som var lik bronse å sjå til. Han stod i porten og hadde ei linsnor og ei mælestong i handa. 4 Mannen sa til meg: Menneske, bruk augo og øyro og legg merke til alt det eg lèt deg sjå. Du er ført hit, så eg kan få syna deg det. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels-ætta.

Denne mannen, som såg ut som bronse, måtte vere Jesus, han målte tempelet medan han førde med seg Esekiel heil til dei endar opp ved aust-porten.

Han såg ut som bronse.

Esekiel 43,1 Så førte han meg til porten, den porten som vender mot aust. 2 Og sjå, der kom herlegdomen åt Israels Gud frå aust. Lyden av han var som duren av store vassmengder, og jorda lyste av herlegdomen hans. 3 Det synet eg såg, likna det synet eg hadde då han kom og ville øydeleggja byen, og det eg hadde attmed Kebar-elva. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda. 4 Og Herrens herlegdom drog inn i templet gjennom den porten som vender mot aust. 5 Då lyfte ånda meg opp og førte meg til den indre føregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fylte huset.

6 Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå templet, medan mannen stod attmed meg. 7 Han sa til meg: Menneske, dette er staden for min kongsstol, staden der eg vil setja min fot; her vil eg bu mellom Israels-sønene til evig tid. Israelittane skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, som dei gjorde det med si utukt og med lika av kongane sine når dei døydde. 8 Dei sette sin dørstokk attmed min og sin dørstolpe attmed min, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med all den styggedomen dei fór med. Difor tynte eg dei i min vreide. 9 Men no skal dei få bort frå meg både utukta og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

10 Du menneske, tal til Israels-ætta om templet, kva mål det har og korleis det ser ut, så dei må skjemmast av si synd og skuld. 11 Og dersom dei skjemmest av alt det dei har gjort, skal du la dei få kjennskap til planen for templet og innreiinga, utgangane og inngangane der og alle lovene og føreskriftene for det. Skriv dei opp for augo deira, så dei kan ta vare på alle lovene og føreskriftene og leva etter dei. 12 Dette er føreskrifta om templet: Heile området ikring det på toppen av fjellet skal vera høgheilagt. Sjå, det er føreskrifta om templet.

Då var det vel Faderen som talte til han frå tempelet.

Guds herlegdom i Johannes Openberring, til samanlikning med Esekiels bok.

Esekiel fekk sjå Guds herlegdom, Johannes fekk sjå noko liknande og fortel om det  i Johannes Openberring.

Jesus openberra seg for Johannes.

Joh.Op.1,10 På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun. 11 Ho sa: «Det du får sjå, skal du skriva i ei bok og senda til dei sju kyrkjelydane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»

12 Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.

17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:

Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.

20 Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.

Han var kledd i ei fotsid kappe og hadde gullbelte under bringa. Hovudet og håret var kvit som kvit ull og snø og augo var som logande eld, føtene var som bronse, glødd i omnen og røysta var som bruset av store vassmengder.

Johannes skulle stige opp i himmelen og fekk sjå eit liknande syn som Esekiel.

Johannes skulle stige opp i himmelen, til samanlikning med dei to tempelvitna (Op.11,12).

Joh.Op.4,1 Deretter hadde eg eit syn: Eg såg at det var opna ei dør inn til himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»

2 I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen. 3 Han som sat der, var å sjå til som jaspis og karneol, og kring kongsstolen var ein regnboge; han var som smaragd. 4 I ein ring kring kongsstolen såg eg tjuefire andre stolar, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede og med gullkransar på hovudet. 5 Frå kongsstolen gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor stolen brann det sju faklar; det er dei sju Guds ånder. 6 Framfor kongsstolen var det som eit glashav, likt krystall. Og kringom kongsstolen, midt på kvar side, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av augo framme og bak.

7 Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg. 8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:

Heilag, heilag, heilag

er Herren Gud, Den Allmektige,

han som var og som er og som kjem.

9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar:

11 Verdig er du, vår Herre og Gud,

til å få all pris og ære og makt.

For du har skapt alle ting;

du ville det, og dei vart til, skapte av deg.

Kven er dei 24 eldste?

Kven er dei 24 eldste? Ja, kvifor akkurat 24? Jakob hadde 12 søner, dei vart ættefedre og vart soleis betydningfulle. Jesus hadde 12 disiplar, dei vert betydningfulle når verda skal fødast på nytt. Det blir til saman 24.

Matt.19,28 Jesus sa til dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Når verda skal fødast på nytt, og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har fylgt meg, sitja på tolv troner og døma dei tolv Israels-ættene.

Ein skulle tru profetane i det gamle testamentet fekk større autoritet med å dømme saman med apostlane, enn Jakob-sønene, men der er ikkje plass til alle. Dette veit vi berre ikkje.

Matt.20, 20 Då kom mor åt Sebedeus-sønene til Jesus med sønene sine og fall på kne og ville be han om noko. 21 «Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Lov meg at desse to sønene mine skal få sitja attmed deg i riket ditt, den eine på høgre og den andre på venstre sida.» 22 «De veit ikkje kva de bed om,» sa Jesus. «Kan de drikka den skåla som eg skal drikka?» «Det kan vi,» svara dei. 23 Då sa han: «Mi skål skal de nok drikka; men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har etla det åt.»

Jesus sat ikkje i denne ringen, han skal då sitje på trona, saman med Faderen.

Fire skapningar, fullsette med augo.

Som i Esekiels bok er der fire skapningar, fullsette med augo, men her er det tre heile dyr, ei løve, ein okse og ei ørn i flog.

Op.4,6 Framfor kongsstolen var det som eit glashav, likt krystall. Og kringom kongsstolen, midt på kvar side, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av augo framme og bak.

7 Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg. 8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:

Heilag, heilag, heilag

er Herren Gud, Den Allmektige,

han som var og som er og som kjem.

Den tredje skapningen hadde menneskeandlet. Kvar skapning hadde seks venger.

Hjulverket er der ikkje lengre.

Dei fire hjula i Esekiels bok er her ikkje. Nei, for dei var på jorda og følgde dei fire skapningane att og fram og opp og ned, for ånda til skapningane var i hjula. Eg tenker meg at det talar om at Guds Ande var på jorda og hans auge for ut over jorda.

2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»

Lammet som var slakta var verdig til å bryte dei sju segla på bokrullen.

Joh.Op.5, 1 Eg såg at han som sat på kongsstolen, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl. 2 Då såg eg ein mektig engel, som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla på henne?» 3 Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne. 4 Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne. 5 Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda ætt, Davids rotrenning, han har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»

6 Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.

7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand.

8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:

Verdig er du til å ta imot boka

og bryta segla på henne.

For du vart slakta

og har med ditt blod frikjøpt for Gud

menneske av alle ætter og tungemål,

av alle folk og folkeslag.

10 Du har gjort dei til eit kongerike,

til prestar for vår Gud,

og dei skal råda på jorda.

11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:

Verdig er Lammet som vart slakta,

verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,

ære og pris og takk.

13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:

Han som sit på kongsstolen,

han og Lammet skal ha all takk og ære,

pris og makt i all æve.

14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Når Lammet tok imot profetboka, fall dei fire skapningane og dei 24 eldste ned og Lammet og hylla det og song ein ny song.

Johannes fekk ei bok å ete.

Joh.Op.10, 4 Etter at dei hadde tala, ville eg til å skriva; men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje opp!»

……

8 Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter til meg: «Gå bort og få den opne boka frå engelens hand, han som står på havet og på jorda.» 9 Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle boka.» Han sa til meg: «Ta og et henne! Ho skal vera beisk i magen din, men søt som honning i munnen.» 10 Så tok eg den vesle boka or handa på engelen og åt henne, og i munnen smaka ho søtt som honning; men då eg hadde svelgt henne, kjende eg at det sveid i magen. 11 Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål, og mot mange kongar.»


Leave a comment