Lovnad og profeti 21. Så og hauste og be Faderen la riket sitt komme og la sin vilje skje.

Bildetekst: Jesu disiplar skulle både så og hauste. Markane var gule til hausten, den var stor. Då skulle dei be Faderens om å sende ut arbeidarar for å hauste.

Himmelrike og jorda.

Jesus forkynte løyndomen om himmelriket ved å tale i likningar, men det var ikkje alle gitt å forstå det, kor mange forstår at det har med denne verda å gjere. Han likna himmelriket med ein bonde som gjekk ut for å så korn i åkeren sin, åkeren var menneskehjarte og så var det denne verda. Korleis då?

Folket visste det var viktig for dei å så og hauste, det var det dei skulle leve av.

Salme 126,4 Vend vår lagnad, Herre,

som bekkene i Negev!

5 Dei som sår med tårer,

skal hausta med glederop.

6 Gråtande går dei og sår sitt korn,

med fagnadrop skal dei koma og bera sine kornband.

Kvifor gjekk dei gråtande når dei skulle så? Fordi der var risiko med det, dei gav frå seg det som dei elles kunne ha til mat, i von om at dei skulle få meir tilbake, når dei hausta. Dei gret, for det såg ikkje lyst ut, men så vende Gud lagnaden deira (Joel 1-2).

Dette har ein symbolsk verdi, som vi ser i Jesu likning om himmelriket, det er som ein bonde som sår korn i denne verda og som også vil hauste. Jesus var menneskesonen og levde som menneske i lag med andre menneske, han og disiplane hans var Guds medarbeidarar, som både sådde og hausta. Faderen var med dei og gjorde sitt verk.

Jesus lærde dei å be slik: «Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast, lat riket ditt komme, lat viljen din råde på jorda, slik som i himmelen …»

Vi er som såkorn som spirer og veks og det er viktig at det får vekse opp og gi fullmoden grøde. Det gjeld kvar ein generasjon, same enten vi lever til Jesus kjem att og haustar grøde på dommedag eller ikkje. Samtidig er vi hans medarbeidarar med å så og hauste. Det som vi har sått og som veks opp og vert hausta, får vi glede oss over som ei lønn når han kjem att. Men vi vil vel gjere få oppleve litt av det no også. Vi ynskjer då at møtelokala våre skal fyllast av menneske som tek imot nåden og frelsa i Kristus, så dei vert fylte av glade menneske, så vi kan glede oss saman med dei.

Men sidan vi har teke imot i tru, av berre nåde, skal vi glede oss over det og så skal vi gå ut i dansen med dei glade.

Fader vår…

Jesus lærde oss å be Fadervår og der er ei rekkefølgje i det, først skal vi vende oss til Gud ved å kalle han vår Far i himmelen. Først skal vi be han om å la hans namn verte helga, så be han om å la hans rike komme og så be han om at hans vilje må råde på jorda slik som i himmelen.

Matt.6, 7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord slik dei gjer blant folkeslaga; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. 8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det. 9 Slik skal de be:

Vår Far i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

10 Lat riket ditt koma.

Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.

11 Gjev oss i dag vårt daglege brød,

12 og tilgjev oss vår skuld,

slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.

13 Og lat oss ikkje koma i freisting,

men frels oss frå det vonde.

[For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.]

14 For om de tilgjev menneska misgjerningane deira, så skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk. 15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje misgjerningane dykkar.

Dette gjeld først og fremst for den einskilde, så for hans kyrkje, ved at han er vår øvsteprest hos Faderen til evig tid, samtidig som han er kongars konge. Slik er han konge i Guds rike og blir konge på jorda (Op.19). Den levittiske prestetenesta er førebilete på prestetenesta i den nye pakta og det er viktig at den også kjem i funksjon. Med prestetenesta i den nye pakta (Op.11,3…) og ved å be han om å la riket sitt komme, kan vi vel sjå framover mot tusenårsriket!? (Op.20,6).

Peter talte profeterte om Jesu gjenkomst og dommedag og meite vi kunne framskunde hans gjenkomst.

2.Pet.3,8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag. 9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.

11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

Eg tenker meg at med prestetenesta i den nye pakta kan vi framskunde den, for med den kjem tusenårsriket (Op.20,4-6). Peter sa at for Gud er ein dag som tusen år og tusen år som ein dag, og her er det tale om dommedag, men i Op.19-20 ser det ut til den dagen har vorte til tusen år og vel så det.

Velsigninga.

Adam og Eva.

Gud skapte menneska den sjette dagen og det betyr at dei skulle leve i samfunn med han, slik lyder det:

1.Mos.1,26 Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.» 27 Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei. 28 Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.» 29 Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på heile jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Det skal de ha å eta. 30 Og til alle dyr på jorda og til alle fuglar under himmelen og til alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle grøne planter å eta.» Og slik vart det. 31 Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt! Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Gud kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk og det betydde kvile for menneska også. Men sidan dei braut bodet, fall dei ut av kvila og vart dømde til døden.

Abraham.

Abraham trudd Gud og det vart rekna hann til rettferd. Gud velsigna han og det betydde at han ville gjere ætta hans stor og mektig, ja, i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, dei som forbanna han skulle verte forbanna.

1.Mos.22,15 Då ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen for andre gong 16 og sa: «Eg sver ved meg sjølv, seier Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte din einaste son, 17 vil eg velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Di ætt skal ta fiendens portar. 18 Ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg fordi du høyrde på meg.» 19 Så gjekk Abraham tilbake til tenestegutane sine. Dei drog av stad saman med han til Beer-Sjeba. Og Abraham vart buande der.

Dommartida.

Israels-folket la under seg det lova landet med våpenmakt og det vart brutalt. I den fyrste tida levde dei utan konge, den einaste sentrale leiinga dei hadde var prestetenesta i møteteltet. Stadig kom der andre folk inn i landet og fortrengde dei og tok over landet deira, så dei fekk det vanskeleg. Og så påstod Gud at det var fordi dei hadde vendt seg bort frå han. Dei måtte vende om til han og be om nåde og hjelp og så reiste han opp ein domar som leia dei i striden mot fienden og jaga dei ut av landet deira.

Kong David profeterte om Guds kvile.

Kong David var også profet og han sa til dei:

Salme.95,6 Kom, lat oss knela og kasta oss ned,

bøya kne for Herren, vår skapar!

7 For han er vår Gud,

vi er folket han gjeter,

flokken i hans hand.

Ville de berre høyra hans røyst i dag!

8 Gjer ikkje hjartet hardt som ved Meriba,

som den dagen ved Massa i ørkenen,

9 då fedrane dykkar utfordra meg

og sette meg på prøve,

endå dei såg kva eg gjorde!

10 I førti år hadde eg avsky for denne slekta.

Eg sa: Dei er eit folk som fer vill i sitt hjarte,

dei kjenner ikkje mine vegar.

11 Så svor eg i min vreide:

Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

Men så veit vi korleis det gjekk, dei vart tvert om bortførde frå landet sitt. Etter 70 år skulle dei få komme tilbake til landet sitt, det same gjaldt dei andre folka. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.

Når dei var kome tilbake, var det viktig for dei å byrje å bygge opp att tempelet og komme i gang med prestetenesta, då ville Gud velsigne dei. Dei fekk motstand, men då profeterte Sakarja om at dei skulle sjå fram til at «Renning» skulle koma, så prestetenesta var førebilete på prestetenesta i den nye pakta. Bygginga av tempelet skulle ikkje skje med hær eller makt, men ved Guds Ande.

Då betyr det kvile på grunnlag av at Gud gjer sitt verk og det har vorte tydeleg i den nye pakta, vi får kvile på grunnlag av Jesus fullførde frelseverk. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4).

Trengselstid, dommedag og frelse.

Jesus profeterte om at der kjem ei trengsletid og ein dommedag. Vi kan forklare det ved at den som var fødd på naturleg vis forfølgde den som var fødd etter lovnaden (Gal.4,29-31). Den gamle vonde naturen opponerer mot Anden. Det er som når Kain drap Abel, men på dommedag vert det hemna. Trengselstida ber preg av at mange skal falle ifrå og svike og hate kvarandre. Då er det sikkert fordi der er sterke verdslege interesser som ligg bak.

Dessutan kan overbefolkning og krig føre til folkevandring, slik som når framande folk kom inn i Israel i dommartida, så Israelsfolket vart fortrengde, slik vart det pr definisjon trengsel (Jes.8,5-10). Dette er og blir ei utfordring for utviklingslæra, den er nok ikkje tilstrekkeleg til å forklare og løyse desse problema.

I trengselstida vert det tydeleg at det trengst at ein kvan grip til våpen og så spørst det kven som er sterkast og kven som har rett, det er ikkje sikkert det er same statsmakta og kva så? Men Kristus har sigra over døden og han fekk retten ved at han gjekk til Faderen. Vi skal forkynne evangeliet om han, så vil de Heilage Ande lære verda å dømme rett.

Joh.16,4 Eg sa ikkje dette til dykk frå først av, for då var eg hos dykk. 5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: ‘Kvar går du?’ 6 For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gå i rette med verda og visa henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg. 10 Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger. 11 Dommen er at han som herskar over denne verda, er dømd.

Jesus velsigna småborna og forkynte evangeliet om Guds rike.

Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born, ja, fødast på nytt for å sjå det og komme inn i det.

Luk.18, 15 Dei bar òg spedborna til Jesus for at han skulle røra ved dei. Læresveinane såg det og ville visa dei bort. 16 Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 17 Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»

Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Gud høyrer bøn.

Himmelriket er for oss ei ideverd som eksisterer.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så hans Ord er også Gud og har som Gud makt over den naturen. Det synlege har vorte til av det usynlege, derfor er naturen forståeleg. Gud er ånd og har makt over den fysiske naturen han har skapt, hans rike er ein åndeleg røyndom.

Då er der altså ei usynleg ide-verd og tankeverd som står bak den fysisk synlege naturen og er avgjerande for kva som skjer. Så Gud ser oss og veit kva vi tenker og høyrer kva vi seier, sjølv om vi ikkje ser han, tenker på han eller høyrer på han. Det kan vere noko å tenke på nær du er åleine, når du er heime med deg sjølv. Kanskje byrjar du å tenke høgt, seie kva du tenker, «prate med deg sjølv». Då kan det vere lurt å byrje å tenke på at han veit kva du tenker og høyrer kva du seier, tenk deg at du ikkje er åleine like vel, han er ikkje lengre unna enn at han høyrer kva du seier, så tenk deg at du seier det til han.

Men får du noko svar då? Du finn hans Ord i Bibelen, der får du svar. Det er ikkje alltid så lett å sjå korleis det gir svar i den einskilde sin situasjon, bortsett frå at vi alle er syndarar og treng å bøye oss for Jesu kors og ta imot den nåden og tilgivinga Gud gir på grunnlag av at Jesus døde i staden for oss. Vi får den Heilage Ande av berre nåde og den openberrar Ordet for oss.

Himmelriket er for oss ei usynleg ide-verd, så ved trua på Jesus kjem vi til erkjenning av Sanninga og lærer å tenke rett. Her er det berre å vende seg til han og halde fram mot det fullkomne.

Det som skjer i himmelen heng saman med det som skjer på jorda.

Skal han la sin vilje skje på jorda slik som i himmelen, så vert vel det som skjer i himmelen avgjerande for det som skjer på jorda. Men Gud sende Son sin til vår jord og det fekk betydning for kva som skjedde i himmelen også, så i Joh.Op.11-12 ser vi at det som skjer på jorda heng saman med det som skjer i himmelen. Draken stod klar til å sluke gutebarnet med det same det vart født, men så vart det rykt opp til Guds trone. Det synest vere noko som manglar her, for det vert ikkje sagt noko om at han voks opp og vart hendretta som voksen mann, gravlagd og stod opp att. Men kva er poenget her? At Herodes prøvde å drepe han!? Ja. Men det kan også vere at omskjeringspakta ikkje lengre fekk den betydninga som den skulle ha, fordi presteskapet var infiltrert og påverka av antikk mytologi og filosofi.

I Jobs bok såg vi at Djevelen steig fram for Gud med klagemål mot Job, til tross for kor rettferdig og Gudleg han var. Men i Joh.Op.12 ser vi at klagaren vart kasta ned på jorda og det hang saman med at der var nokre på jorda som vedkjende si tru på Jesus.

I Joh.Op.18-19 ser vi at Lammets bryllaup i himmelen heng saman med noko som skjer på jorda, det vart å feire at Gud har dømt den Store Skjøkje.

Joh.Op.19, Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:

Halleluja!

Herren vår Gud, Den Allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!

Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!

Brura har butt seg;

8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.

– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»

Dei rettferdige gjerningane er trua sine gjerningar og det er fyrst og fremst det som Gud gjer i oss og gjennom oss ved sitt Ord og sin Ande. Han er i himmelen og vi er både på jorda og i himmelen, så det er gjerningar som vert gjorde på jorda. Og det ser då ut til at det framleis er menneske som vert bedne til å verte med på å feire bryllaupet. I bryllaupet til kongssonen kjem der til å vere ein som ikkje er bryllaupskledd og som vert bunden og kasta ut. Det ser vi i Joh.Op.19,11-20,3.

Men kvar vert det då av at han skulle hente si brud? Det vert ikkje sagt eksplisitt her, men innhaustinga og domen er det siste som skjer når den sjuande engelen bles i basun (Op.14,14-20).

Guds rike er som ein bonde som sår korn i sin åker.

Gud sår og haustar.

Guds ord er som såkorn han sår i våre hjarte. Då er det om å gjere at det får vekse opp og bere frukt. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4). Då blir vi som såkorn som han sår i verda og det er om å gjere at det også får vekse opp og bere grøde.

Matt.13,1 Same dagen gjekk Jesus ut or huset og sette seg nede ved sjøen. 2 Då samla det seg så mykje folk ikring han at han laut gå ut i ein båt og setja seg der, og alt folket stod på stranda. 3 Så tala han lenge til dei i likningar og sa:

«Ein mann gjekk ut og skulle så. 4 Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. 5 Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt. 6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det. 8 Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre foll, noko seksti foll, noko tretti foll. 9 Den som har øyro, han høyre!»

Kvifor Jesus talar i likningar

10 Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?» 11 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre. 12 For den som har, han skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. 13 Difor talar eg til dei i likningar. For om dei ser, så ser dei ikkje; og om dei høyrer, så høyrer dei ikkje og skjønar ikkje. 14 På dei har det vorte oppfylt, dette profetordet av Jesaja:

De skal høyra og høyra, men ikkje skjøna,

sjå og sjå, men ikkje skilja.

15 For hjarta åt dette folket er hardt;

tungt høyrer dei med øyro,

og augo har dei late att,

så dei ikkje ser med augo,

eller høyrer med øyro,

eller skjønar med hjarta

og vender om,

så eg får lækja dei.

16 Men sæle er de, for de har augo som ser og øyro som høyrer. 17 Sanneleg, det seier eg dykk: Mange profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.

Jesus forklarar likninga om såmannen

18 Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast: 19 Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sått i hjarta. Dette er den som vart sådd attmed vegen. 20 Den som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede. 21 Men han har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når han møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell han straks ifrå. 22 Den som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet; men suta for dette livet og den svikefulle rikdomen kjøver ordet, så det ikkje ber frukt. 23 Men den som vart sådd i god jord, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre foll, seksti foll eller tretti foll.»

Ugraset i kveiten

24 Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: «Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sått godt korn i åkeren sin. 25 Men medan folket sov, kom uvenen hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg. 26 Då no kornet voks opp og skaut aks, kom ugraset òg til synes. 27 Tenarane gjekk til husbonden og sa: Herre, sådde du ikkje godt korn i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå? 28 Det har ein uven gjort, svara han. Vil du vi skal gå og riva det opp? spurde dei. 29 Nei, svara han, for då kjem de til å riva opp kveiten saman med ugraset. 30 Lat dei begge veksa med einannan til hausten. Og når skurdonna kjem, vil eg seia til onnefolka: Sank fyrst saman ugraset og bunta det i hop til å brennast, men kveiten skal de samla i løa mi.»

…..

Jesus forklarar likninga om ugraset

36 Så gjekk Jesus bort frå folket og inn i huset. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!» 37 Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen. 38 Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som eig heime i riket, og ugraset er dei som høyrer den vonde til. 39 Uvenen som sådde ugraset, er djevelen. Skurden er enden på verda; skurdfolket er englane. 40 Liksom ugraset vert sanka saman og brent, såleis skal det gå når enden på verda kjem: 41 Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut or riket hans alt som fører til fall og alle som gjer urett, 42 og kasta dei i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner. 43 Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre!

Jesus talte om himmelriket ved å tale i likningar (v 11&24), det likna ein bonde som sådde korn i sin åker, åkeren er menneske-hjertet og det er denne verda. Slik har himmelriket med denne verda å gjere. Kornet tilhøyrer han som sådde det og det er det han vil hauste.

Be han som eig grøda om å sende ut arbeidarar for å hauste inn grøda.

Jesus sende ut disiplane sine både for å så Guds Ord og for å hauste inn grøda. Men så sa han også at dei skulle be han som eig grøda om å sende ut arbeidarar for å hauste inn. Ja, for det trengst arbeidarar som han har utrusta til det. Det kan også vere at vi får hjelp av Guds englar. Dei er arbeidarane som skal hauste inn og vi gjer rett i å be Gud sende dei ut for å hauste. Dei spurde om å få lugge ugras, men fekk ikkje, for ikkje å risikere at kveiten følgde med. Så dei måtte vente med det til kveiten skulle haustast.

Dei som kjennest ved Kristus for menneska vil han kjennast ved for Faderen og englane hans. Slik at vi får hjelp av englane hans altså. Soleis får vi sjå fram til at han kjem med sine englar.

Joh.4,35 Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten! 36 Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37 Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar. 38 Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.»

Matt.9,35 Jesus gjekk no ikring i alle byane og landsbyane. Han lærte folket i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse. 36 Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding. 37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få. 38 Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»

Luk.9,26 For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane. 27 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»

Matt.16, 27 For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gje kvar og ein lika for det han har gjort. 28 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma i sitt rike.»

Preteristane meiner at mykje av profetiane gjekk i oppfylling allereie når Jerusalem vart lagt i grus i år 70 e.Kr og kven kan vel nekte for det? Dei refererer til Luk.9,27 og Matt.16,28 og hevdar at dei fekk sjå at Jesus kom allereie i deira generasjon.

Kva så med seinare generasjonar? Evangeliet om Guds rike har vorte forkynt seinare også, det gjeld alle generasjonar som har vore sidan, likningane om såkornet til dømes, gjeld alle generasjonar som har vore sidan. Jesus sa då at han ville openberre seg for oss og ta bustad hos oss. Og når han gav disiplane sine misjonsbefalinga, sa han at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. Så dette skulle dei få sjå og oppleve i alle generasjonar som kom seinare også.

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Frelse på dommedag.

Jesus kjem att for å frelse dei som tilhøyrer han og ventar på han.

Heb.9,25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

I Op.19 er det sagt at han har mange kroner på hovudet.

Op.19,11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd. 12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. 13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord». 14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. 16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

Men i Op.14 er det sagt at han har ei krone på hovudet.

Op.14,14 Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa. 15 Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.» 16 Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta. 17 Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd. 18 Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!» 19 Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide. 20 Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte.

I begge tilfelle er det dom i vinpressa (Op.19,15 & Op.14,19). I Op.19 kjem han som kongars konge for å halde dom og opprette tusenårsriket. Så tusenårsriket består av mange kongerike, men dei har det til felles at dei har den nytestamentlege prestetenesta.

Op.20,4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.

I Op.14,14-20 må det då vere tale om den endelege domedagen som kjem i Op.20,7-10.


Leave a comment