Bilde: Peterskirken. Det blir påstått at Paven har sin tradisjon frå Peter og dei andre apostlane og Peters-kyrkja er bygt over Peters grav.
Kva er erstatnings-teologi?
Erstatningsteologi er at kyrkja har overteke Israels plass og overteke Israels lovnadar, det nye testamentet erstattar for ein stor del det gamle.
Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Erstatningsteologi :
Erstatningsteologi er en teologi som legger til grunn at den kristne kirke i dag har inntatt Israels plass og overtatt Israels løfter.[1][2][3] Israel er erstattet av den kristne menighet.
Erstatningsteologien er derfor også kritisk overfor staten Israel. Denne teologien hevder at det ikke gir mening at tale om et særlig utvalgt folk som har blitt gitt et spesielt stykke land.
Det nye testamente erstatter stort sett det gamle testamentes bestemmelser.
Erstatningsteologien vil hevde at hele verden er det av Gud udvalgte folk, og hele jorden det hellige land – for det er jo Gud, som har skapt det. Sagt på en annen måte: Den partikulære utvelgelse (spesielt folk og spesielt land) er blitt universaliseret til å omfatte alt og alle.
Israels-folket skulle kalle Gud for Abraham, Isak og Jakobs Gud og kalle han «Eg er», JAHVE, for han er den han er. Men dei sa at han. Var ein annan enn den han var og erstatta han med andre gudar. Så dei venta seg ein annan slags Messias og prøvde å erstatte han. Dei erstatta profetane med falske profetar og erstatta den som Gud sende og dei som Jesus sende. Dette er den mest fundamentale erstatningsteologien og det er problemet deira.
Kven kjem «den Lovlause som erstatning av?
Paulus sa at ved Jesus gjenkomst skal dei som døde i trua på han stå opp og saman med dei som lever i trua på han skal dei verte omskapte i det han hentar dei heim til seg.
1.Kor.15,51 Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte, 52 i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte.
Men først må «den Lovlause» stå fram og det som erstatning for noko, så det vert erstatningsteologien.
2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Jesus sende den Heilage Ande til disiplane sine på pinsedag og det er vanleg å kalle det fødselsdagen til den kristne kyrkja. Det er den som held att, så den Lovlause ikkje får stå fram, for han som er i oss er sterkare enn han som er i verda. Men etter at Jesus hentar si brud, kjem han til å stå fram og sette seg inn i Guds tempel og gjere seg sjølv til gud. Likevel skal Jesus tyne han med pusten av sin munn når han kjem att og det er då ved utgyting av den Heilage Ande (Op.19). Dette er den vanlege tolkinga i pinserørsla, slik vert det forkynt og eg trur det i hovudsak er rett.
Men her er ei gåte. Då må Jesus komme att to gongar, først for å ta bort ein som held att, så den Lovlause får stå fram, så for å tyne han med pusten frå sin munn. Når Jesus kjem att, kjem den først oppstoda, men det skulle skje først etter at den Lovlause har stått fram. Dette er ei sjølvmotseiing altså.
Dei fyrste kristne merka motstanden frå den Lovlause og Antikrist og det merkar vi framleis, vii merkar tydeleg denne konflikta i vår tid, vi merkar presset frå dei som vil sette inn den Lovlause som gud for folk. Uttrykket «må fyrst rydjast or vegen» høyrest brutalt ut. Det var då Paulus som sa dette om seg sjølv, for den Heilage Ande let han få vite det på førehand i kyrkjelydane og han fortalde det til kyrkjelyden i Jerusalem. Mange kristen vart hendretta i kristendomsforfølgingane, Johannes var truleg den einaste av apostlane som vart berga frå det. Men då var det ikkje lenge før Jerusalem og tempelet vart lagt i ruin. Og kva så?
Øvstepresten Josva og byggherren Serubabel i Sak.3-4 er førebilete på to viktige teneste i den nye pakt, som vi ser i Op.11, så vi kan trygt seie at dei vart rydda vekk, den nytestamentlege versjonen av øvstepresten i det gamel testamentet vart rydda vekk. som vert rydda vekk. No er ikkje denne prestetenesta lenger berre for levittane, for Kristis har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, på grunnlag av forsoninga i Kristus får vi gå inn.
Erstatningsteologien vert då å erstatte den som soleis går inn. Korleis då?
Abrahams tru, rettferd og velsigning.
Gud kalla Abraham, velsigna han og gav han ein lovnad.
1.Mos.12, Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! 2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!
3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
og forbanna den som forbannar deg.
I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»
Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd.
1.Mos.15,1 Ei tid etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde så: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold; løna di skal verta overlag stor.» 2 Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? Barnlaus fer eg min veg, og Elieser frå Damaskus skal arva huset mitt. 3 Meg har du ikkje gjeve born,» sa Abram, «og ein træl i huset mitt kjem til å arva meg.» 4 Då kom Herrens ord til Abram, og det lydde så: «Nei, han skal ikkje arva deg, men din eigen son skal verta arvingen din.» 5 Så tok Herren han med seg ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan! Så tallaus skal ætta di verta.» 6 Abram trudde Herren, og difor rekna Herren han for rettferdig.
1.Mos.22,15 Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen 16 og sa: «Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din, 17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar, 18 og i di ætt skal alle folk på jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.» 19 Så gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok på heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der.
Omskjeringa og hjarte-omskjeringa i den Heilage Ande.
Gud gjorde pakt med Abraham og med omskjeringa skulle den vere synleg på kroppen til menn.
1.Mos.17,1 Då Abram var 99 år gamal, synte Herren seg for han og sa:
«Eg er Gud Den Allmektige.
Lev for mitt åsyn,
ver heil i di ferd!
2 Eg vil skipa ei pakt
mellom meg og deg
og gjera ætta di uhorveleg stor.»
3 Då kasta Abram seg ned med andletet mot jorda, og Gud sa til han:
4 «Sjå, eg gjer ei pakt med deg,
du skal verta far til mange folk.
5 Du skal ikkje lenger heita Abram,
men Abraham skal namnet ditt vera;
for eg gjer deg til far åt mange folk.
6 Eg lèt deg veksa og aukast og gjer deg til folkeslag; kongar skal gå ut frå deg. 7 Eg skipar ei pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine, frå ættled til ættled, ei evig pakt. Eg vil vera Gud for deg og for ætta di etter deg. 8 Og eg vil gje deg og ætta di etter deg det landet du no held til i, heile Kanaan-landet, til eige i all æve; og eg vil vera deira Gud.»
9 Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå ættled til ættled. 10 Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alle menn og gutar hjå dykk skal omskjerast. 11 De skal la førehuda dykkar verta avskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk. 12 I ætt etter ætt skal kvart gutebarn hjå dykk omskjerast når det er åtte dagar gamalt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hjå framande, som ikkje er av di ætt. 13 Omskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei du har kjøpt for pengar. Såleis skal pakta mi syna seg på kroppen deira, ei evig pakt. 14 Men den som ikkje er omskoren, den som ikkje har fått førehuda avskoren, den mannen skal rydjast ut or folket sitt; for han har brote mi pakt.»
15 Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai; Sara skal ho heita. 16 Eg vil velsigna henne og gje deg ein son med henne òg. Ja, eg vil velsigna henne, og ho skal verta mor til mange folk; kongar over folkeslag skal ættast frå henne.»
17 Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Og han sa med seg sjølv: «Kan ein mann som er hundre år, få barn? Og Sara, som er nitti år, kan ho verta mor?» 18 Og Abraham sa til Gud: «Gjev Ismael må få leva for ditt åsyn!» 19 Men Gud sa: «Nei, Sara, kona di, skal få ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil gjera mi pakt med han, ei evig pakt for ætta hans etter han. 20 Og bøna di for Ismael har eg høyrt. Eg vil velsigna han og la han få mange etterkomarar og ei stor ætt. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera han til eit stort folk. 21 Men pakta mi vil eg gjera med Isak, som Sara skal få til års på denne tid.» 22 Då Gud var ferdig med å tala til Abraham, fór han opp frå han.
23 Same dagen tok Abraham Ismael, son sin, og alle mennene i huset sitt, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte for pengar, og skar av førehuda på dei, som Gud hadde sagt. 24 Abraham var 99 år gamal då han vart omskoren. 25 Og Ismael, son hans, var 13 år då han vart omskoren. 26 Same dagen vart dei omskorne, Abraham og Ismael, son hans. 27 Og alle mennene i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte hjå framande, vart omskorne saman med han.
Moses talte som om han føresåg at dei kom til å vende seg bort frå Gud og verte bortførde frå det lova landet. Men om dei vende om til han, ville han la dei komme tilbake til det lova landet. Då ville Gud omskjera hjarta deira.
5.Mos.30, 1 Når alt dette kjem over deg, velsigninga og forbanninga som eg har lagt fram for deg, og du tek det til hjarta ute mellom alle folkeslaga som Herren din Gud har drive deg bort til, 2 og du så vender om til Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug og lyder han i alt det eg byd deg i dag, både du og borna dine, 3 då skal Herren din Gud venda lagnaden din og vera miskunnsam mot deg. Atter skal han samla deg frå alle dei folk han har spreitt deg imellom. 4 Om du så er bortdriven til verdsens ende, skal Herren din Gud samla deg og henta deg der. 5 Herren din Gud skal føra deg heim til det landet fedrane dine tok i eige, og du skal vinna det att. Og han skal gjera vel imot deg og gjera deg endå talrikare enn fedrane dine.
6 Då skal Herren din Gud omskjera hjarta ditt og hjarto åt etterkomarane dine, så du elskar Herren din Gud av heile ditt hjarta og heile din hug, og du skal få leva.
Når apostlane forkynte evangeliet for heidningane, var der nokre kristne jødane som meinte at dei måtte omskjerast. Det godtok ikkje Paulus og sa at dersom dei let seg omskjere, så måtte dei leve etter lova. Når jødane ikkje hadde klart degt sjølve, korleis kunne dei då krevje at heidningane skulle gjere det?
Gal.2,11 Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han. 12 Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne. 13 På same måten hykla dei andre jødekristne, så jamvel Barnabas vart dregen med i hyklinga deira. 14 Men då eg såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som jøde, men som heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?» 15 Vi er jødar av fødsel og er ikkje syndarar av heidningætt. 16 Men då vi skjøna at eit menneske ikkje vert rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Kristus Jesus, då trudde vi òg på Kristus Jesus, så vi kunne verta rettferdige for Gud ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar vert ikkje noko menneske rettferdig for Gud. 17 Men om det skulle syna seg at vi jødar òg er syndarar, når vi vil verta rettferdige i Kristus, vert ikkje Kristus då ein tenar for synda? Langt ifrå! 18 Byggjer eg opp att det som eg har rive ned, då kan det med rette seiast at eg er ein lovbrytar. 19 Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. 21 Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til ingen nytte.
Gal.5,1 Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk. 2 Eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil Kristus inkje gagna dykk. 3 Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova. 4 De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. 5 Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von. 6 For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik. 7 De var komne godt i gang med laupet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga? 8 Han som kalla dykk, har ikkje overtalt dykk til dette. 9 Litt surdeig syrer heile deigen. 10 Men Herren gjev meg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er. 11 Om det er så, brør, at eg no òg forkynner omskjering, kvifor vert eg då forfylgd? Då er ikkje krossen ein støytestein lenger. 12 Måtte dei berre skamskjera seg, dei som set dykk opp!
Gal.6,12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa verta forfylgde for Kristi kross. 13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan skryta av det som er gjort med dykk på kroppen. 14 Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel!
Paulus resonnerte tydeleg vis som om omskjeringa betydde krav om å leve etter Moselova, men eigentleg hadde dei ikkje omskjeringa frå Moses, men frå Guds pakt med Abraham. Gud gjorde pakt med han og med omskjeringa skulle pakta vise seg på kroppen til mennene. Men den er symbol på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Ved trua på at Kristus døde i staden for oss og stod oppatt frå dei døde, får vi den Heilage Ande, slik blir vi hjerteomskorne i den Heilage Ande. Jesus frelseverk er fullført og fullkome, vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå, vi kan berre ta imot i tru. Slik er hjerteomskjeringa i den Heilage Ande nok for oss. Gud utgyt sin Ande over alt kjøt, så vi skal la den råde over kjøtet. Det gjeld både den einskilde og folket.
Rom.2,25 Omskjeringa er nok til gagn for deg, men berre om du held lova. Bryt du lova, er du som ein uomskoren. 26 Men om ein som er uomskoren, held lovboda, skal ikkje han då reknast for omskoren, endå han ikkje er det? 27 Den som i det ytre er uomskoren, men held lova, han skal døma deg. For du bryt lova trass i omskjering og skriven lov. 28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.
Sundskjeringa, Satans synagoge og Dyrets Merke.
Sundskjeringa og Satans Synagoge.
Dersom noko krev omskjering på kroppen i tillegg til hjerteomskjeringa i den Heilage Ande, er det som om dei krev noko meir, lovgjerningar i staden for trua, i staden for å tru slik som Abraham gjorde altså. Det er som om dei krev å skjere vekk noko meir, så Paulus kallar det skamskjering og sundskjering.
I følgje Paulus er ekte jødar omskorne i hjartet. Menneske kan vere omskorne på kroppen utan å vere hjerteomskorne i den Heilage Ande, men det er ikkje ekte jødar (Rom.2,29). Der er nokre som utgir seg for å vere jødar utan å vere det, men som er Satans Synagoge.
Op.2, 8 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna:
Dette seier den fyrste og den siste, han som var død og har vorte levande: 9 Eg veit om trengsla di og fattigdomen din – men du er rik. Eg veit òg at du vert spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge. 10 Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel, så de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens krone!
11 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.
Op.3,9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.
Ormens klagemål mot mennesket er fundamentalt, for interessene til ormen og ætta hans står i motsetnad til interessene til kvinna og ætta hennar. Sidan det er så fundamentalt, har menneska vanskeleg for å forsvare seg mot det.
Jødisk-romerske krigar.
Draken fekk stor makt ved sitt klagemål mot mennesket, endåtil for Guds trone i himmelen, men vart kasta ned på jorda (Op.12). Så gav Draken Dyret sin kongsstol og stor makt, så Dyret fekk stor makt ved Drakens klagemål mot mennesket.
Op.13, Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»
Eg tenker meg at dette hovudet var keisar Nero, han fekk skulda for at Roma brann, slik fekk han ulivssår, men fekk det lækt ved å skulde det på dei kristne. Slik er dette ei politisk linje.
Vespasian og son hans, Titus, slo ned opprøret i Jerusalem og overtok makta i Romarriket, det dynastiet eg den politikken finn vi i Op.17-18. Seinare kom der to jødisk-romerske krigar til.
Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/J%C3%B8deoppr%C3%B8rene :
Jødeopprøret 66-77I 66 e.Kr. gjorde en romersk stattholder krav på tempelskatten, noe som førte til jødisk opprør. De drepte både stattholderen og mennene hans. Roma svarte med krig, og i 70 e.Kr. erobret keiser Vespasians sønn Titus Jerusalem etter et halvt års beleiring. Byen og tempelet brant ned til grunnen, og 30 000 jødiske fanger ble solgt som slaver. Opprøret holdt imidlertid på en stund til, og er hva som senere blitt karakterisert som Det første jødisk-romerske krig (66-73 e.Kr.).
Jødeopprøret 115-117
Det andre jødeopprøret (115–117 e.Kr) eller Kitoskrigen, var et opprør i Kyrenaika. Betegnelsen «Kitoskrig» kommer av den romerske generalen Lusius Quietus som slo ned opprøret.
Jødeopprøret 132-135
Jødeopprøret (132-135) ble ledet av Simon Bar Kochba («stjernesønnen») som anså seg selv som den jødiske Messias som skulle frelse Israels barn. Opprøret kom da den ellers måteholdne keiser Hadrian begynte å bygge et tempel for Jupiter på tempelplassen i Jerusalem, og samtidig forbød jødene å omskjære guttebarn. Opprøret endte nok en gang med romersk seier og førte til at alle jødiske innbyggere i Jerusalem ble fordrevet. Utenfor byen fikk mange av jødene fortsatt lov til å bli værende, men da kristendommen ble romersk statsreligion, ble de enten kristnet, forble jøder eller gikk i landflyktighet.
Omskjeringa og Dyrets merke.
Jødane omskar små guteborn allereie når dei var 8 dagar gamle. Jesus vart også omskoren som baby. Men sjølv omskar han ikkje nokon, i staden velsigna han småborna og sa vi skulle la dei komme til han, for Gud rike høyrer slike til. Vi må vende om og verte som born, ja, verte fødde på nytt av vatn og Ande for å sjå det og komme inn idet.
I følgje kyrkjehistoria hevda Augustin at barnedåpen var tradisjon frå apostlane, men den hevdar også at Paven hadde sin tradisjon ifrå dei og at han var Peters etterfølgjar på jorda.
Men det høver ikkje særleg godt med Paulus sine ord i
1.Kor.1, 10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
Guds visdom og menneskevisdom
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
I Middelalderen vedtok den Katolske Kyrkje at Kristus er så streng at menneska ikkje kan be til han direkte, dei må gå via Paven, prestane og helegenane. Men dette høver ikkje med barnevelsigninga, gjenfødinga og barnekåret hos Gud. Kva slags far er det som ikkje vil barnet sitt, høyre på det og gi det gode gaver? Dette er som å krevje at menneska skal leve som bortkomne søner utan å komme attende til Faderhuset og kor lenge? Dersom dei fekk den Heilage Ande som segl på at dei tilhøyrde Faderen og Sonen, så skulle vel den Heilage Ande hjelpe dei i bønnelivet?
Men dette tyder på at barnedåpen kom i staden for både omskjeringa og barnevelsigninga og fungerte som Dyrets Merke.
Det andre Dyret i Op.13, den falske profet, forfører folket, forføringa og forbanninga den resulterer i fungerer som argument mot at vi skal kunne be Faderen om noko og få det. Berre menn som levde i sølibat, som prest, kunne be til Kristus, kvifor det? Fordi einaste måten ein mann, kan få seg ei kone på, er at ho lokkar han og forfører han slik som den Falske Profet profeterer. Til samanlikning med Bileam Beorson, som fekk Midjanitt-kvinner til å lokke israelittane til hor, så synda vart til forbanning for dei.
Slik møter vi igjen det fundamentale klagemålet mot mennesket, ved at draken gav Dyret si trone, til samanlikning med at Satan førde klagemål mot Job utan at han visste om det og utan at han fekk høve til å svare for seg. I Op.12 vart det fortalt at draken stod klar til å sluke gutebarnet med ein gang det vart født. Det viser kor fundamentalt Drakens klagemål mot mennesket er og kor lite mennesket har å seie til sitt forsvar. Men det vart rykkt opp til Guds himmel, det var menneskesonen, samtidig som det var Guds Son og det er mest fundamentalt. Med tida skal han styre menneska, det er ved å dømme dei, men i det ligg også vår moglegheit til frelse, det er ved at vi gir han rett og vedkjenner at han er Herre.
Jødane rekna andre folk for å vere syndarar av heidning-ætt (Gal.2,15), men det viste seg at dei også var syndarar, sjølv om dei hadde fått Moselova, så det fundamentale klagemålet ramma dei også. Dyrets Merke kan då fungere som ei avtale om at det skal basere makta si på klagemålet mot både jødar og heidningar. Med ein erstatnings-teologi som utsletter Israel som folk og nasjon, til samanlikning med politikken til Antiokus 4. Epifanes.
Spørsmålet som rimeleg vis vil melde seg då, er kven det er mellom jødar og heidningar som liksom har rett og kan krevje retten og ha gagn av det? Betyr det ikkje eigentleg at Djevelen har rett i klagemålet sitt og krev den retten overfor menneska?
Det kan vere på den måten at sjølv om klagemålet rammar alle menneske, så kan dei gamle vise hevde at dei har lær meir og er visare og derfor betre enn andre, tross alt. Men det var slik denne verda sin visdom var og som var dårskap for Gud, den var hyklarisk, men dårskapen og vondskapen deira vart synleg.
Men dette er ikkje brukande til å lære opp nye generasjonar. Skal du lære dei det som er rett, må du byrje med det som er rett, det gjer dei i stand til å erkjenne det som er feil og avvise det. Om nokon i staden byrjar med det som er feil, vert det vanskeleg for dei.
Gud gjer noko nytt.
Keisar Hadrian ville forby jødane å omskjere guteborna, det kunne dei ikkje godta. Men når kristendomen vart statsreligion i Romarriket, fekk dei ha omskjeringa. Om barnedåpen skulle erstatte den, vert det vel som når Hadrian ville forby dei å omskjere guteborn. Kvar ville det då vere av deira identitet som folk, ville dei ikkje då berre gå i oppløysing, som folk og kultur? Omskjeringa var då ei pakt som Gud gjorde med Abraham og den skulle ikkje ta slutt. Jau, men når det gjeld det som Gud sa til Abraham, dei lovnadane og pakta som han gjorde med han, så må vi sjå det slik at det mest fundamentale kom først, Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Rettferda ved tru kom først og er mest fundamental. Trua viste seg også ved at han trudde at Gud kunne vekke Isak oppatt frå dei døde, og den same trua viser seg ved at vi trur Gud vekte Kristus opp frå dei døde. Moses og mange andre profetar profeterte også om hjerte-omskjeringa og Paulus har forkynt hjarte-omskjeringa i den Heilage Ande og forklart det betre enn alle andre.
For jødane er omskjeringa på kjøtet tradisjon, men det må ikkje verte slik at tradisjonen reproduserer synda og forbanninga frå lova. Det er då eigentleg ein tradisjon ifrå pakta Gud gjorde med Abraham og Gud erklære han rettferdig ved tru. Dersom dei ser det slik, meiner eg dei kan halde fram med å omskjere guteborn som tidlegare, men dei treng barnevelsigninga som Jesus kom med også, den skulle gjere det klart at omskjeringa er symbol på hjerteomskeringa, slik som Moses sa, hjerteomskjeringa i Anden, slik som Paulus forkynte. Men bør dei ikkje då slutte med omskjering på kjøtet for guteborn også? Ja, det kan no diskuterast. Men det vesentlege poenget her er at hjerteomskjeringa i Anden gjer det klart for oss at Gud gjer noko nytt i forhold til tradisjonen og i forhold til at han førde dei ut ifrå Egypt, til det lova landet, han gjer ved den nye Renningen som spira fram og ved sin Ande, slik som Sakarja forkynte i Sak.3-4.

