Bildettekst, ei sangstrofe: “Klippe du som brast for meg”.
Presteteneste?
Sakarja var profet når Israels-folket var komne tilbake til landet sitt og byrja å bygge opp att tempelet (520-515 f.Kr.) og komme i gang med prestetenesta, det var viktig for dei, for då ville Gud velsigne dei. I den nye pakta er Jesus vår øvsteprest til evig tid, etter Melkisedeks vis. Likevel er den levittiske prestetenesta førebilete på prestetenesta i den nye pakta.
Dei to oljetrea.
Øvstepresten Josva skulle sjå fram til at Renning skulle koma, Jesus vart øvsteprest til evig tid etter Meleksediks vis. Den levittiske prestetenesta er likevel førebilete på prestetenesta i den nye pakt, med Jesus som øvsteprest.
Sak.3, 8 Høyr no, Josva, øvsteprest!
Du og embetsbrørne dine,
som sit framføre deg,
de er varselsmenn.
For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
på denne eine steinen med sju augo
ritar eg den innskrift som skal stå,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
På ein einaste dag vil eg ta bort
den skuld som kviler på dette landet.
10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
skal de be kvarandre til gjestebod
under vintre og fikentre.
Og profeten Sakarja sa til byggherren, Serubabel, at det skulle ikkje skje med menneskeleg makt, men med Guds Ande.
Sak.4, 1 Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.» 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?» 5 Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.» 6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
9 Serubabels hender har tufta dette huset,
og hans hender skal fullføra det.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
10 Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
11 Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?» 12 Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?» 13 Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg. 14 Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»
I Sak.6 er det fortalt om dei fire vindane og så er det igjen tale om øvstepresten Renning og ein annan prest, det må vel vere den nytestamentlege versjonen av den levittiske øvstepresten.
Sak.6,11 Og ta imot sølv og gull og lag kroner! Kron så Josva Jehosadaksson, øvstepresten, 12 og sei til han:
Så seier Herren, Allhærs Gud:
Sjå, det kjem ein mann,
hans namn er Renning,
under han skal det renna og gro.
Han skal byggja Herrens tempel,
13 ja, han skal byggja Herrens tempel.
Han skal vinna ære og makt.
På sin kongsstol skal han sitja og styra;
ved hans kongsstol skal det vera ein prest,
og mellom dei skal det rå fred.
Så Jesus (Renning) har overteke funksjonane til både Josva og Serubabel, for han er vår øvsteprest og døyper oss med den heilage Ande til å vere ein lekam. Slik vert tenestene til Josva og Serubabel fornya i den nye pakta, så prestetenesta i den gamle pakt vert fornya slik at øvstepresten stig fram for nådens trone, som er Jesu kongsstol.
Den Duglause Hyrdingen.
Antiokus 4. Epifanes kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen annan gud og han klarde å få sin øvsteprest innsett i Jerusalem. Maccabearane leia jødane i motstandskamp og klarde å frigjere seg og landet sitt. Etter dette skulle Simeon Maccabe og hans etterkomarar vere øvsteprestar og hovdingar, inntil ein ny profet stod fram. Men dette stemte ikkje med det som Esekiel hadde gjort klart for dei, at kongen og øvstepresten skulle ha klart ulike funksjonar. Begge skulle vere hyrdingar, men på kvar sin måte. Sidan øvstepresten var hovding også, var han ikkje miskunnsam lenger og det betydde at han var duglaus som øvsteprest.
Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje. 6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»
Judas vart prototypen på den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane, for han selde Herren for 30 sølvpengar.
Jerusalem.
Sjå din konge kjem til deg.
I Sak.9 kjem ein ny Messias-profeti.
Sak.9,9 Gled deg storleg, Sions dotter,
set i og jubla, Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg.
Rettferdig er han, og siger har han fått;
audmjuk rid han på eit esel,
på den unge eselfolen.
10 Eg vil rydja ut vognene i Efraim
og hestane i Jerusalem,
og stridsbogen skal brytast sund.
Han skal skapa fred for folka,
hans velde skal nå frå hav til hav,
frå Eufrat til heimsens endar.
Herren skal strida for folket sitt
11 Ja, for ditt paktblod skuld
vil eg fria dine fangar ut or brunnen
som det ikkje finst vatn i.
Dei skal sjå på han som dei har gjennomstunge.
I Sak.12 er det fortalt om at folka vert forvirra av Jerusalem, den er som ein stein dei prøver å løfte, men vert berre oppskrapa når dei prøver.
Esekiel.12,1 Dette er Herrens ord om Israel, lyder ordet frå Herren, som spente ut himmelen og grunnla jorda og skapte ånd i mennesket: 2 Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folka rundt ikring. Jamvel Juda må vera med og kringsetja Jerusalem. 3 Den dagen skal det henda at eg gjer Jerusalem til ein lyftestein for alle folkeslag. Kvar den som freistar å lyfta han, skal berre riva seg opp. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot byen.
Det får meg til å tenke på at prestetenesta i Jerusalem vart eit stridens eple i den gresk-syriske tida. Det betydde nok at dei hadde store forventningar til kva den kunne bety for eit stor-rike, men det vart som om dei måtte løfte ein stor stein, for å innfri forventningane.
Sak.12 fortel også om forvirringa som vart i Jerusalem, når Jesu kom og forkynte evangeliet om Guds rike.
Sak.12,7 Herren vil fyrst berga telta åt Juda, så ikkje Davids hus og Jerusalems-buane får større ære enn Juda. 8 Den dagen skal Herren verna dei som bur i Jerusalem. Dei som snåvar, skal vera som David den dagen, og Davids hus skal vera som Gud, som Herrens engel framføre dei.
9 Den dagen skal det henda at eg prøver å gjera ende på alle dei folk som kjem imot Jerusalem. 10 Men over Davids hus og Jerusalems-buane renner eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge, og syrgja over han liksom ein syrgjer over einaste sonen, og klaga sårt over han liksom ein held klage over den fyrstefødde.
At dei skal sjå på hans om dei har gjennomstunge er profeti både om forkynninga av evangeliet og om Jesu gjenkomst.
Sak.13, 7 Vakna, sverd, mot min hyrding,
mot mannen som står meg nær,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
Slå hyrdingen, og lat sauene spreiast!
Mot dei minste vil eg lyfta mi hand.
8 I heile landet, lyder ordet frå Herren,
skal to tredjepartar rydjast ut og døy,
men ein tredjepart skal leivast.
9 Denne tredjeparten lèt eg gå gjennom eld,
eg reinsar han, som ein reinsar sølv,
og prøver han, som ein prøver gull.
Dei skal kalla på mitt namn,
og eg vil høyra bøna deira og seia:
«Dei er mitt folk,»
og dei skal svara:
«Herren er vår Gud.»
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Sjølv om han ikkje er fysisk synleg, så skal vi vende oss til han i tru og ta imot den anden og det livet han gir oss frå himmelen, slik vert vi kjend med han (Joh.17,3), den Heilage Ande openberrar han for oss og slik skal vi sjå på han.
Herren skal stå på oljeberget.
I Sak.14 er det fortalt om at Herren skal stå på oljeberget.
Sak.14,1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.
2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.
6 Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar. 7 Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost. 8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.
9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.
Folkeslaga skal samle seg til strid mot Jerusalem og ta hærfang (v1), men dei skal ikkje klare å behalde det. Det ser vi også når Gog og Magog går til strid mot Israel, men det verkar som det er eit langt større opplegg.
I Sak.13,8 vart det sagt at berre ein tredjedel av folket i byen skulle verte berga frå døden, men i Sak.14,2 er det sagt at halva av folket skal verte bortførde. Herren skal stride mot dei folka og så skal han stå på oljeberget. Mange kristne ser fram til at Jesus skal komme att og stå på oljeberget, slik som det her er sagt, fysisk synleg altså, det vert dommedag og så gjenoppretter han Israels rike/tusenårs-riket. Slik ser dert ut i vers 5 (Op.19).
Men eg prioriterer å sjå symboltolkinga som fortel om den nåden Gud gir oss i Kristus og sjå kor langt eg kjem med det. Jesus stod på oljeberget før han vart hendretta og der stod han etter at han stod opp att frå dei døde også. Og det utan å fjerne steinen frå gravopninga, så på ein eller annan måte må berget har opna seg for å sleppe han ut. Oljeberget er her symbol på det frelsande berget som følgde dei på veg mot det lova landet. Moses slo på berget og så opna det seg som ei kjelde med vatn, så dei fekk drikke. Andre gongen dei kom der, skulle Moses tale til berget. Men han gjorde den feilen at han slo på berget ein gang til, i staden for å tale til det. Derfor fekk han ikkje komme inn i det lova landet, han fekk berre sjå inni det. Berget har opna seg og der har kome ut vatn, så vi har fått drikke, då skal vi vi ikkje slå på det ein gang til, men drikke og takke for det og soleis erkjenne at det har skjett og så skal vi byrje å snakke med berget. Takke for det, som vi syng i sangen: «Klippe, du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg.» Det får meg til å tenke på Elia som gøymde seg i bergkløfta.
1.Kong.19, 11 Då sa Herren: «Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!» Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet. 12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing. 13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.
Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?» 14 Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»
Det er noko som verkar litt rart her, for det er då jordskjelv som kløyver fjell og knuser knausar, ikkje vind. Men Jesus er Guds Ord og det knuser fjell.
Jer.28,28 Den profeten som har ein draum, han får fortelja draumen; men den som har mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning.
Kva har halmen sams med kornet?
lyder ordet frå Herren.
29 Mitt ord, er ikkje det som ein eld,
lik ei sleggje som knuser fjell? seier Herren.
30 Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre.
Frå denne bergsprekka strøymer vatnet ut (v8) som livets flod i Esekiel 47. Profeten kunne bad i elva og berre la seg flyte i den, så rike er Guds nåde.
Då skal Herren vere konge over heile jorda.
Sak.14,9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.
Ja, når Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga, sa han at han hadde fått all makt i himmelen og på jorda. Derfor skulle dei gjere alle folkeslag til hans disiplar.
Er der noko symbolsk i at han står med ein fot på kvar side av denne dalen eller er dette eit synleg mirakel på dommedag? Dei skulle ikkje få noko anna teikn enn Jonas-teiknet, at Jesus stod opp att frå dei døde. Jau, der er eit symbolsk poeng i at på den eine sida, eine foten, er han øvsteprest til evig tid, etter Melkesediks vis. På den andre sida, andre foten, er han kongars konge til evig tid. Den levittiske øvstepresten og den jordiske kongen måtte ha klart fråskilde oppgåver. Men Kristus er kongen i Guds rike og dermed i Guds tempel, så han kan vere både konge og øvsteprest og det er han til evig tid.
Lauvhyttefest eller dom.
Lauvhyttefesten (sukkot) er ein kombinasjon av påske-feiring og hausttakkefest.
Sak.14,10 Heile landet skal verta som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamins-porten til den staden der den gamle porten var, til Hjørneporten og Hananel-tårnet, heilt til vinpressene åt kongen. 11 Der skal det bu folk. Det skal ikkje vera noka bannlysing meir. Jerusalem skal liggja trygt.
12 Dette er den plaga Herren vil senda over alle dei folka som går til strid mot Jerusalem:
Kjøtet skal rotna på dei
medan dei enno står på føtene.
Augo skal rotna i holene sine
og tunga rotna i munnen på dei.
13 Den dagen skal det henda at Herren lèt det koma ei stor vilske over dei, så dei fer på kvarandre og lyfter hand mot kvarandre. 14 Ja, Juda skal strida mot Jerusalem. Og rikdomen frå alle folkeslaga rundt ikring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. 15 Ei slik plage skal òg koma over hestar, muldyr, kamelar, esel og alle andre dyr som er i leirane deira.
16 Alle som vert att av alle dei folkeslag som dreg imot Jerusalem, skal år etter år fara opp og bøya seg og tilbe Kongen, Herren, Allhærs Gud, og høgtida lauvhyttehelga. 17 Men om ei av ættene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem og tilbed Kongen, Herren, Allhærs Gud, skal det ikkje koma regn over henne. 18 Og om egyptarætta ikkje fer opp og ikkje kjem, skal det heller ikkje koma regn over henne, men derimot den plaga Herren lèt koma over dei folkeslaga som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga. 19 Dette skal vera straffa for egyptarane og alle dei folkeslag som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga.
20 Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene åt hestane; og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret. 21 Kvar einaste gryte i Jerusalem og Juda skal vera helga til Herren, Allhærs Gud, og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset åt Herren, Allhærs Gud.
Det verkar svært så nifst og dramatisk når det vert sagt i vers 18 at kjøtet skal rotne på kroppen deira, augene skal rotne i holene sine og tunga skal rotne i munnen på dei. Men også her kan vi fyrst og fremst tenke symbolsk, for saltet skal hindre rotning og det har ei symbolsk tyding.
Matt.5,13 De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned.
14 De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast. 15 Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset. 16 Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!
Markus.9, 41 Den som gjev dykk eit glas vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn. 42 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, for han var det betre om dei hadde lagt ein kvernstein om halsen på han og kasta han i havet.
43 Om handa di lokkar deg til synd, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går vanfør inn til livet enn at du har to hender og kjem i helvete, til elden som aldri sloknar, 44 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 45 Og om foten din lokkar deg til synd, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet enn at du har to føter og vert kasta i helvete, 46 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 47 Og om auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike enn at du har to augo og vert kasta i helvete, 48 der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 49 For kvar og ein skal saltast med eld. 50 Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Ha salt i dykk sjølve, og hald fred med kvarandre!»
Men Sak.14,9 liknar på sigersjubelen i Op.19,6 om at Gud har vorte konge. Og Sak.14,12 liknar på domen over Dyret med merket og den falske profet, at dei vart kasta levande i eldsjøen.
Op.19,19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.
Gud har løfta Jerusalem.
Gud gjorde Jerusalem til ei tumleskål der folk vart forvirra og ein løftestein som dei prøvde å løfte, men berre reiv seg opp på den. Slik vart det sidan dei ikkje ville erkjenne at Gud gjer sitt verk og gi han æra for det. Men har løfte heile Sion-fjellet og dit fer vi for å feire Lauvhyttehelga.
Jes.2, 1 Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:
2 I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over haugane.
Dit skal alle folkeslag strøyma.
3 Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»
4 Han skal døma mellom folkeslaga,
skifta rett for mange folk.
Då skal dei smida sverda sine om til plogjern
og spyda sine til vingardsknivar.
Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk
og ikkje lenger læra å føra krig.
5 Kom, Jakobs ætt,
lat oss ferdast i Herrens ljos!
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.

