Lovnad og profeti 2. Bryllaupet til kongssonen.

Du er innboden til bryllaup i himmelen, alt er ferdig, endåtil bryllaupsklednaden, det er berre å komme, ta imot den og få den på deg og så verte med på festen.

JESUS SAMANLIKNA GUDS RIKE MED EIN KONGE SOM BAUD INN TIL BRYLLAUP TIL SON SIN.

Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»

Denne prinsen er Kristus, han var kongen deira, men så ville dei ha seg ein konge slik som dei andre folka, så Gud let dei få seg ein slik konge som dei ville, ved at han let Samuel salve Saul til konge for dei. Det vart med tida ein fiasko, men Gud så ein mann etter sitt hjerte, David og sette Samuel til å salve han til konge i staden. Det var Gud som ville ha han til konge og det vart med tida ein suksess. Og han forkynte Messias som sin konge og Herre.

Seinare fall dei ifrå Herren og dyrka avgudane i staden. Profetane sa at «Mor Israel» og Jerusalem var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han stelte vel med henne, så ho var vel skikka til å vere dronning. Men det skjøna ho ikkje, så ho byrja å dyrke avgudane til folka rundt henne, slik vart ho ei hore. Ho endåtil drap borna han fekk med henne. Han sende profetar for å få henne til å vende om, men då drap dei profetane også. Då tok han bort omsorga si for henne og då gjekk det henne ikkje vel. Han dømde henne for ekteskapsbrot og drap og let elskarane hennar handheve domen over henne. Dette svarar til domen i Matt.22,7.

Så sende Gud dei Son sin som profet og Messias, prinsen sjølv, som hadde bruda, som vi les om i Høgsongen. Og så drep dei han også. Då var det ikkje rart at same domen ramma dei, for ikkje å seie ein verre dom.

Så sende kongen ut tenarane sine for å invitere alle slags folk som dei fann, både vonde og gode. Det skjedde ved at apostlane vart sende til heidningane med evangeliet. Så når vi forkynner evangeliet, er det som å invitere kven som helst til bryllaupsfest. Når bryllaups-salen er full, kjem kongen inn (Joh.Op.19,1-10). og vert var ein som ikkje er bryllaupskledd og spør han korleis han klarde å komme inn utan bryllaupsklednad. Men han tagde. Då vart han bunden og kasta ut.

Det minner om:

Matt.12,22 Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. 23 Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?» 24 Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.» 25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg. 26 Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg? 27 Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk. 28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 29 Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.

Og:

Joh.Op.19,11-21

Joh.Op.20,1 Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje. 2 Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år. 3 Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund.

Joh.Op.22,16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

VINGARDEN, PAKTARANE OG ARVINGEN.

Denne likninga liknar på likninga om paktarane og arvingen, for det handlar om same sak.

Luk.20,9 Så tok han til å tala til folket og fortalde dei denne likninga:

«Det var ein gong ein mann som planta ein vingard og leigde han bort til nokre vindyrkarar. Så drog han ut or landet og skulle vera borte i lang tid. 10 Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga. Men dei slo han og lét han gå tomhendt bort. 11 Då sende eigaren ein annan tenar; men dei slo han òg, spotta han og lét han gå tomhendt bort. 12 Endå ein tredje sende han, og han slo dei til blods, og så kasta dei han ut. 13 Kva skal eg no gjera? tenkte han som åtte vingarden. Jau, eg vil senda son min, som eg har så kjær; han har dei nok age for. 14 Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, samrådde dei seg med kvarandre og sa: Der har vi arvingen! Lat oss slå han i hel, så vert arven vår. 15 Så kasta dei han ut or vingarden og slo han i hel.

Kva skal no vingardsherren gjera med desse paktarane? 16 Han skal koma og gjera ende på dei og la andre få vingarden.» Då sa dei som høyrde på: «Det må aldri henda!» 17 Men han såg på dei og sa: «Kva tyder då dette som står skrive:

Den steinen bygningsmennene vraka,

har vorte hjørnestein?

18 Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»

19 Dei skriftlærde og overprestane ville gjerne leggja hand på han med det same, for dei skjøna at det var dei han sikta til med denne likninga. Men dei torde ikkje for folket.

Salomo hadde ein vigard, vi kan trygt kalle det kjærleikens vingard, for vinen står som symbol på kjærleiken (Høgsangen). Men så leige han den bort til paktarar.

Jfr. Høgsangen 8,11 Salomo hadde ein vingard i Ba’al-Hamon.

Den gav han til vaktmenn,

og kvar skulle gje han

tusen sekel sølv for frukta.

12 Eg har min eigen vingard.

Dei tusen sekel er dine, Salomo,

to hundre er til dei som vaktar frukta.

Og så får vi altså vite at Jesus kom som arving til vingarden for å få eigaren sin del av avlinga. Det høver då med at han kom som brudgomen som hadde bruda.

SJÅ KONGEN I HANS HERLEGDOM.

Jes.33, «Den som ferdast i rettferd

og talar det som er rett,

som seier nei til vinning vunnen med vald,

som veiftar med handa og viser

at han ikkje tek muter,

stappar øyro til for all tale om bloddåd,

og lèt augo att for det som er vondt,

16 han får bu på høge stader,

bratte fjell er hans vern;

han får sitt brød og vantar ikkje vatn.»

17 Med eigne augo skal du skoda

Kongen i hans herlegdom,

og du får sjå eit vidsveimt land.

Salme.45, Til bryllaupet åt kongen

1 Til korleiaren. Etter «Liljene».

Av Korah-songarane. Ein læresalme.

Ein song om kjærleik.

2 Mitt hjarta strøymer over av gode ord,

eg vil kveda min song for kongen.

Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.

3 Du er den fagraste av menneske,

milde ord har du på lippa.

Difor har Gud velsigna deg for alltid.

4 Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,

i di høgd og din herlegdom!

5 Ha lukka med deg!

Dra ut til strid

for sanning, mildskap og rett!

Di høgre hand skal visa deg

skræmande storverk.

6 Dine piler er kvasse

– folk stuper for deg;

dei råkar kongens fiendar i hjarta.

7 Din kongsstol, Gud,

står til evig tid,

rettferds stav er din kongsstav.

8 Du elska rettferd og hata urett.

Difor har Gud, din Gud,

salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.

9 Av myrra, aloë og kassia

angar heile ditt skrud.

Du gleder deg over strengespel

frå elfenbeinsprydde haller.

10 Mellom dine edle damer

er det kongsdøtrer,

og ved di høgre side

står dronninga i Ofir-gull.

11 Høyr, dotter, sjå hit og vend øyra til!

Gløym ditt folk og di farsætt,

12 så vil kongen gleda seg over din venleik!

For han er din herre, han skal du hylla.

13 Frå Tyrus kjem dei med gåver,

dei rike i folket søkjer din velvilje.

14 I all sin prydnad stig kongsdottera inn,

hennar kjole er gjennomvoven med gull.

15 I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen.

Etter henne fylgjer unge jenter,

hennar veninner, som vert førte fram for deg.

16 Medan folket ropar av fryd og glede,

går dei inn i kongens slott.

17 Dine søner skal koma i staden for fedrane;

set dei til hovdingar kringom i landet!

18 Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn;

difor skal folka lova deg evig og alltid.

V.7-8 Både kongen og prinsen vert kalla Gud, så det er Messias, den salvevigde, Guds Son, som er prinsen, både han og Faderen vert kalla konge. Bruda ver kalla kongsdottera, sjølv om det er svigerdottera, det er ved gjenfødinga (v. 11-15).

VI MÅ INNVIE OSS FOR Å FÅ SJÅ KONGEN I HANS HERLEGDOM.

TYDING AV TUNGETALE VED ØYSTEIN ØSTERHUS I DFEF I MØLLERGATA 40 I OSLO, SØNDAG 13.10.91.

FORMIDDAGSMØTE.

«Ja, veien er open, adgangen er fri, gjerdets skillevegg er borte. I kraft av mitt fullbrakte forløsningsverk på Golgata, så bana jeg en ny og levende vei, like inni Helligdommen. Nå er ikke adgangen lenger bare for en enkelt mann, en enkelt gang, men i dag er adgangen open og fri for den som kommer på forløsningens grunn, for den som kommer på blodets grunn. Du som mitt elskede barn, du får komme, du får være, du får leve i min helligdom.

Der innfor mitt hellige åsyn lar jeg deg fornemme den himmelske atmosfære, lar jeg deg fornemme de himmelske og de evige krefter, lar jeg deg fornemme av de kommende goder, sier Herren, det som jeg har beredt for den som elsker meg. Men allerede her, så får du kjenne, du lever ditt åndelige liv, i meg, innfor mitt åsyn, i sammen med meg, og denne verden blekner i lyset av min herlighet, og denne verdens storhet blir for ingenting å regne i lyset av min herlighet, sier Herren. Og i lyset av kongens åsyn, der har nettopp du funnet ly.

Der i ly av mitt hellige åsyn, skal du få være, skal du få leve, skal du få kjenne at de himmelske krefter tilflyter ditt liv, så du kan tjene meg midt i menigheten, så du kan tjene meg midt iblant menneskene som er i nød. Så ditt liv kan være et fristed for de etterfulgte, så ditt liv kan være et fristed for de fangne, også du midt i en mørk og vanskelig verden kan få være med å bringe himmelsk lys og himmelsk liv til en fallen og forkommen menneskeslekt. Fordi du er min tjener i min helligdom, så sender jeg deg ut for å bringe himmelen inn til mennesker i mørke og til mennesker i nød.»

KVELDSMØTET:

K1

«Ut fra mitt fullkommne verk, så flyter der en legende strøm, sier Herren. En strøm av liv, en strøm av overflod. Den flyter ifra Helligdommen, den flyter til deg, sier Herren. Du har fått en kilde med levende strømmer innen i deg. Det er den himmelske flod som strømmer i ditt liv, sier Herren, den som har fornyende krefter i seg.

(Om) du har mistet synet på denne min herlighet, sier Herren, så vil jeg lede deg, likesom jeg ledet profeten, tilbake til husets inngang, så du skal få se at der flyter en bekk.

Og denne bekken, den er til deg, sier Herren, jeg har gitt den Hellige Ånd, som vil måle ut atter tusen alen for deg, og du skal få oppleve at når du følger mannen men målesnoren ut i denne bekken, så blir det til slutt en bekk som ikke lar seg vade, men da får du kjenne der er en kraft som bærer.»

K2

“Ja, min sjel den fryder seg i Herren, for du har gjort min tunge til en hurtig skrivers griffel, og min sang den er om en konge, for mine øyne har fått skue kongen, i all hans herlighet, for mine øyne har fått sett et godt og et vidslått land som du har lagt ferdig for oss. Derfor vil jeg juble for ditt åsyn, derfor vil jeg være med å bringe lovoffer innfor ditt hellige åsyn, fordi du drog meg opp, fordi du tok deg av meg, fordi du grep min høyre hånd, fordi du leder meg ved ditt råd og fordi at jeg har håpet om at en dag så tar du meg opp i din evige herlighet.

Så lenge min tunge kan røre seg, så vil jeg være med å prise og opphøye ditt navn. Du elskede Jesus som gav ditt liv og ditt blod for min skyld. Så lenge min tunge kan røre seg, så vil jeg være med å herliggjøre ditt navn, for du alene er stor, og jeg vet at når dagen kommer, så skal jeg sammen med alle de hellige i den himmelske helligdom, prise deg sammen med menneskene ifra alle stammer, tunger, folk og ætter, for at du har kjøpt meg hjem til Gud, med ditt eget dyrebare blod. Og den gangen som nå, vil jeg være med å gi ditt navn ære, for verdig er du til å få æren og prisen, makten, nå og i all evighet, du Guds lam som kjøpte meg med ditt eget dyrebare blod. Halleluja!”

I første bodskapen er det tale om dei himmelske og evige krefter og det får meg til å tenke på at kreftene i himmelrømda skulle skakast (Matt.24,29). Siste bodskapen på kveldsmøtet forstår eg som at det er den Heilage Ande som hjelper meg med mi takkebøn. For eg hadde skrive til leiinga i kyrkjelyden om at eg hadde fått åndelege openberringar som var nettopp slik, at eg hadde fått sjå kongen i hans herlegdom. Det var ikkje fysisk synleg, jau, det var noko som eg tenkte meg, men det var likevel ikkje eg som tenkte det ut, det var ikkje berre mi eiga fantasering. Kva var det då? Det var eg som opna meg for nådestraumen frå heilagdomen, så den Heilage Ande herleggjorde og openberra Kristus for meg, som min frelsar, Herre og Konge, kjærleikens konge.

Ei moden brud.

Tyding av tungetale i dFEF, i Møllergata 40, 19.2.1997, ved Finn Arne Lauvås:

“Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.

Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.”

BODSKAPEN SOM KOM PÅ MITT FØRSTE MØTE I MARANATA, 10.5.2009.

Tyding av tungetale:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

Igjen møter vi uttrykket «sjå kongen i hans herlegdom». Han vil stige ned og befrukte min kjærleik frå han. Til kven? Først og fremst henne som han gir meg til kone, så han elskar henne gjennom meg, som si brud! Då er klart at eg oppfattar og opplever det som kjærleik til meg også, eg elskar fordi han elska meg først, ja, så han elskar gjennom meg.

Og i 2011 kalla Jesus Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann.


Leave a comment