Gud har omsorg for sine born og sine henders verk. Då kjem realfag vel med.
Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Kristus sidan eg var ein liten gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme.
I følgje naturvitskapen er mennesket det mest høgtståande pattedyret, med mest omsorg for sine ungar. Det som vidare særmerker menneska framfor dyra, er evna til å tenke symbolsk, med bruk av språksansen og sansen for matematikk. Dette er eigenskapar som ligg skjult i storehjerna.
Dersom mennesket skal utvikle seg som art, er det viktig for mannen at desse eigenskapane vert attraktive for kvinna, til samanlikning med blåstrupe-hannen som viser sitt fargerike bryst for hoa. Korleis kan det gå til, når desse eigenskapane er skjulte inni skallen? Ved at mannen brukar dei og kommuniserer gjennom språket. Vi kan samanlikne det med fuglesangen, paradisfugl-hannen som dansar på kvisten eller samlar seg eit «skatte-kammer» som den viser til ho-fuglen.
Vi brukar språket til å kommunisere for å bygge opp eit avansert samfunn, der det sentrale poenget er å ta omsorg for avkommet, den oppveksande slekta. Vi kan samanlikne det med flokk-instinktet til ein art, ein fugleflokk som flyg i lag, ein løve-flokk eller ein flokk med antiloper.
Derfor treng vi Guds Ord og at den Heilage Ande openberrar det for oss, så vi forstår symbolikken. Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born for å komme inn i det. Vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande. Livet vert planta i oss ved Guds Ord og det skal vekse. Derfor er det også viktig for oss å tale det Ordet i kommunikasjon med andre menneske, spesielt for ein ung mann med tanke på å fri til ei jente. Den rettferdige skal leve ved tru, trua på Guds Ord, så han ernærer seg av det som brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, Jesu ord er ånd og liv for oss (Joh.6). Så vi som Guds born veks og modnast som menn og kvinner og veks opp til han som er hovudet for lekamen (Jesu kyrkje). Dei modnast til ekteskap, der Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Det er Gud som gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande, så det var berre for oss å ta imot i tru, som små born som tok imot gode gaver frå sin Far, sidan han elska dei og hadde omsorg for dei. Det betydde kvile. Eg hevdar dette er sameinleg med å lære realfag, det måtte eg sjølvsagt jobbe for, men fann hjelp i den kristne trua.
Der var mange som heldt oss for å vere dumme og barnslege, sidan vi som voksne menneske framleis var i barnetrua. Sikkert fordi dei ville framstille seg som ei lærd elite, med vitskap og politikk. Derfor vert påstanden om at vanlege folk er dumme, barnslege og vonde lett til eit krav om at slik skal det vere. Så pubertetstrassen resulterer i at dei ikkje vert voksne nok som menn og kvinner, til å verte kjærestar og ektefelle. Dette problemet er meir omfattande enn kva folk felst anar, så har skrive meir om her: https://faith-and-entropy.com/2023/06/02/gud-signe-vart-dyre-fedreland-og-lat-det-som-hagen-bloma-israel-ma-seie-velsigna-vere-han-som-kjem-i-herrens-namn-matt-2359-det-ma-vi-og-seie-for-a-verte-velsigna/
Same enten det er på venstre-sida eller høgre-sida, synest det å vere under same paraplyen, som kan kallast humanisme og framstår som alternativ til både den realfaglege tenkinga og kristendomen. Det framstår først og fremst som antikristeleg, men så viser det seg at det er både uvitskapleg og inhumant. Først og fremst ved at mannens ytringsfridom vert innsnevra, så han ikkje får kommunisere med andre, spesielt for at han ikkje skal få kommunisere med kvinner med tanke på å fri til ei kvinne. Så det utartar seg som ei rettssak der mannen ikkje får høve til å svare for seg, som eit justismord altså. Kva er meir inhumant?
Dette vert tydeleg demonstrert i Pride-paradene. Her trappar politikarar opp og talar til folket som om dei skriv på «tabula rasa». Til tross for at vi veit at læra om tabula rasa er feil, for liksom andre individ har menneska lærdom som ligg i genane. Soleis får dei problem med mannens Y-kromosom. Dei satsar tydeleg vis på at dersom dei gjentek ei løgn mange nok gongar, så blir det til slutt ei sanning for folk, stikk i strid med både Bibelen, genane og vitskapen.
Men den glade bodskapen er at vi får komme til Kristus slik som vi er, ved trua på han får vi den Heilage Ande av berre nåde, Gud utgyt den over alt kjøt, så det er berre å ta imot i tru.
Barnekår med arverett. Møte i Betel Volda, søndag 12.11.06. Kl 18.
Det var farsdag og det var fødselsdagen min, eg vart 49 år Det var tale ved Kjell-Arve Tolås. Før talen var der ei gammal dame som kom med tungetale og Tolås tyda det:
«Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.
Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja.»
Tolås heldt tale over temaet ”Guds arm er utstrakte”, henta frå Mosebøkene.
I avslutninga av møte kom der tungetale ved ein ung mann og Tollås tyda det:
«….eg som sitter på tronen, sier Herren, eg har oversikten, når du er midt inni prøvelsen, så ser du berre det som vil stenga veien, og du synest veien er ufarbar, den er uframkommelig. Men du skal vite at eg som siter på tronen, eg har den fulle oversikten. Og derfor skal du få vera trygg, du skal få overlata saken din i mine hender. Og du skal få oppleva underveis, akkurat når du trenger det og på den måten du behøver det og har behov for det, så skal du få kjenna igjen og igjen at en hånd er nettopp utrakt ifrå denne trone.
Dette er ikkje fordømmelsens trone, det er ikkje den store hvite dommens trone, men eg site på nådens trone, sier Herren, og eg har opna adgangen inn til denne tronen ved mitt eget blod, så du skal få tre fram med frimodighet, og du skal få oppleva at når du trer inn så kommer eg deg i møte med miskunn og nåde i hjelp i rette tid. Eg kan komma på min egen måte, ved at min hånd openbares, men som oftest kommer eg i samarbeid med nokon av mine, som har tatt sin tilflukt til meg, eg minna de om forbønn, eg minna de om et besøk, eg minna de om et oppmuntrande ord, eg minna de å komma også deg i møte på den måten at du får oppleva håndspåleggelse, du får oppleva varme og du får oppleva forståelse og imøtekommenhet. Det er eg som kommer deg i møte også på den måten, gjennom mine. Og du skal også få vera eit redskap for meg, som eg vil virka gjennom, slik at også gjennom dine svake hender flyter min kraft, til hjelp og utfrielse. Ikkje lat dine hender synka ned i motløshet og oppgitthet. Du er lem på mitt legeme, og eg vil bruka deg, eg vil bruka deg som kanal for mi velsignelse og du skal få vera berar av min herlighet. Og så skal du få oppleva at eg som er på tronen, eg har det fulle overblikk, og du skal få vere trygg, trygg i mine allmakts hender. Ver derfor frimodig. Amen. Amen. I Jesu namn.»
Bytt ikkje om årsak og verknad, så grunnsteinen blir til snublestein.
Sidan Gud har skapt alle ting, er han den første årsak. Der er to skapingshistorier i Bibelen, i den første kjem mennesket til slutt. I den andre ser det ut til at mennesket kjem til slutt, men det har seg slik at det starta med eit livlaust ørkenlandskap, for der hadde ikkje kome regn og der var ingen mann til å dyrke jorda. Så her blir det tydeleg at Gud skaper gjennom utvikling og det gjer han ved å bruke mannen. Så for mannen blir då Gud både den første årsak og den endelege hensikt. For å innsjå det, måtte han halde seg til Guds Ord.
Men etter syndefallet gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit, når han kalla på dei, det viser at dei tapte denne åndelege og vituge innsikta. Lengre ut i Bibelen kan vi lese om at det betydde at dei bytte om på årsak og verknad.
Jes.10, 5 Ve Assur, mitt vreideris!
Min harme er staven i hans hand.
6 Eg sende han mot eit gudlaust folk,
baud han fara mot det folk eg var harm på,
så han kan røva og rana og plyndra
og trakka det ned som avfall i gata.
7 Men han har ikkje meint det så
og gjer seg ikkje slike tankar.
Nei, til å øyda står hans hug
og til å rydja ut mange folk.
8 Han seier: «Er ikkje mine stormenn
kongar alle saman?
9 Gjekk det ikkje Kalno som Karkemisj?
Gjekk det ikkje Hamat som Arpad,
og Samaria som Damaskus?
10 Når mi hand har nått til dei rika
der dei dyrka andre gudar,
og der det var fleire gudebilete
enn i Jerusalem og Samaria,
11 skulle eg ikkje då kunna gjera det same
med Jerusalem og gudebileta der
som eg gjorde med Samaria og gudane der?»
12 Men når Herren har fullført alt sitt verk
på Sion-fjellet og i Jerusalem,
då krev eg Assur-kongen til rekneskap
for fylgjene av hans hovmodige ferd
og for trassen i hans stolte augo.
13 For han har sagt:
«Dette har eg gjort med mi sterke hand,
og i min visdom, for eg er klok.
Eg sletta ut grenser mellom folkeslag
og plyndra skattane deira.
I mitt velde støytte eg fyrstar frå trona.
14 Mi hand greip etter rikdomen åt folka
som ein grip etter eit fuglereir.
Som ein samlar inn egg når fuglen er flogen,
har eg samla alle land på jorda.
Det fanst ingen som rørte ein veng
eller opna nebben og peip.»
15 Briskar vel øksa seg mot den som høgg,
set saga seg over den som sagar?
Som om staven skulle svinga han som lyfter han,
og stokken lyfta han som ikkje er av tre!
16 Difor skal Herren, Allhærs Gud,
senda tærande sjukdom
mellom assyrarkongens sterke menn.
Under all hans herlegdom skal det kveikjast ein eld,
og som eit bål skal han loga.
17 Israels ljos skal verta ein eld,
Israels Heilage ein loge
som brenn i landet hans
og øyder både torn og tistel
på ein einaste dag.
18 Han skal gjera ende på rubb og stubb
i dei herlege skogane og hagane hans.
Det skal gå som når ein sjuk tærest bort.
19 Dei tre som vert att i skogen,
skal vera lette å telja;
ein smågut kan skriva dei opp.
Jes.29,15 Ve dei som søkjer ned i djupet,
bort frå Herren, for å løyna sin plan!
I mørkret skjer gjerningane deira.
Dei seier: «Kven ser oss? Kven veit om oss?»
16 De snur det opp ned!
Skal ikkje pottemakaren
setjast høgare enn leira?
Kan verket seia om handverkaren:
«Han har ikkje laga meg»,
og karet om pottemakaren:
«Han skjønar ingenting»?
Menneska vart dømd til døden på grunn av syndefallet, synda skilde dei frå Gud. Men Kristus døde i staden for oss, med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget får vi oppfylt lovnaden om at i Abrahams ætt skulle alle folkeslag velsignast, Gud ville utgyte sin ande over alt kjøt. Han som sa at lys skulle skine fram or mørkret, har lete det skina i våre hjarte. Så dette er like fundamentalt som skapinga.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Evangeliet om han er den hjørnesteinen vi har å bygge på. Gud gjorde sitt verk med han og gjennom han og det gjer han framleis. Men sidan jødane ikkje trudde og ikkje æra Gud og lammet for frelsa, vart det som om dei prøvde å lokke menneska med at dersom dei et av kunnskapstreet, skal dei verte slik som Gud og kjenne godt og vondt. Dernest vert det eit krav om at dei skal gjere Guds verk. Men det klarar dei ikkje. Det blir som eit forsøk på å bytte årsak og verknad, men når handa slår med staven, er det ikkje staven som løfter handa, leira kan ikkje seie til meisteren: Kvifor skaper du meg slik? Sidan det likevel vert kravt, gjer dei folket til trælar. I staden for å bygge på hjørnesteinen, snublar dei i den og vert fanga og gjorde til trælar. Soleis gjæter den Duglause Hyrdingen dei som slaktesauer for sauehandlarane. Slik vart jødedomen infiltrert og slik var kyrkja også infiltrert.
Men Kristus stod oppatt frå dei døde og lever og ved trua på han skal vi sigre over verda, Djevelen og døden.
I realfag, matematikk, naturfag og teknologi, må vi ha klart for oss kva som er årsak og kva som er verknad. Det gjeld både den fysiske og biologisk naturen og den logiske tenkinga, matematikken. Forskinga er eit puslespel for å finne ut kva som er årsak og kva som er verknad, men dersom det er ei sak vi forstår og kjenner til, blir det ein kardinalfeil å bytte om årsak og verknad.
Vanlege folk kan ha som hensikt å prøve å oppnå noko her i livet, det har å gjere med å finne meining med livet. Dei har sine metoder for å oppnå det dei ynskjer. Dei arbeider og dei går på skule for å oppnå noko. Mannen skulle dyrke og verne Guds hage og det var det kvinna skulle hjelpe han med. Det gir framleis meining med livet for dei begge.
Det kan komme i motsetnad til herskarane sin interesser og i slavesamfunnet vart herskarane sin interesser dominerande. Den motsetnaden ser vi framleis. Vanlege folk sine interesser av årsak og verknad for å oppnå noko her i livet, vert sett til sides og erstatta av krav som er som krav om avgudsdyrking, så det bryt med den vanlege tenkemåten om årsak og verknad. Vanlege folk ville gjerne prøve å oppnå noko, som altså skulle komme som verknad. Men det vert utradert av «makt-eliten». Derfor har «makt-eliten» vorte så idiotisk at den bytter om på årsak og verknad.
Never blame the rainbow for the rain, Moody Blues.
Moody Blues syng om å lære å gløyme minner som gjer vondt. Skuld ikkje regnet på regnbogen.
Regnbogen kjem etter regnet, for der er fortsatt små regndropar i lufta og gir lysbrytning. Så regnveret og sollyset forårsaka regnbogen. Om noko dermed tenker seg at regnbogen forårsaka regnet, så er det å bytte om årsak og verknad og det er då heilt skrullete.
Rasjonalitet betyr forstand og det må då vere viktig for vår psyke.
Psyke betyr sjel, så psykologi er læra om sjela. Lenge var metoden intraspeksjon, du skulle ransake det sjølv for å forstå deg sjølv betre, gjerne med hjelp frå ein psykolog eller psykiater, som i psykoanalysa, du fekk til ein viss grad høve til å svare for deg. Så kom erfaringsbasert psykologi. Dei skulle observere “pasienten”. Det skulle vere empirisk altså og det som vi har erfart ligg alltid i fortida. Så pasienten vert minna om noko som ligg i fortida. Men dersom pasienten berre skal verte minna om det som ligg i fortida, vert det som å køyre bil utan å sjå framover, berre sjå i spegelen. Slik må vi vere fri til å velje idear og tankar som er verdifulle for framtida og så sjå framover. Med vit og forstand kan “pasienten” oppdage moglegheita som ligg rett framfor nasa i tid og rom og nytte dei til gagn både for seg sjølv og andre. For sjåføren vert det viktig å sjå veibana framfor bilen, skiltinga og kunne tenke seg kva som kan vere framfor neste sving. Slik er det også i eit lengre perspektiv og då er eg sikker på at å tru på Kristus og ta imot han er eit godt val.
Dei liberale både på høgre og venstre side har gjerne eit empirisk vitskapssyn, som motsetnad til rasjonaliteten, så dei opponerer mot den. Og mange av dei er så kav empiriske at deei ikkje vil godta at vanlege folk har fri vilje og rasjonalitet (vit og forstand) nok til å meistre dei oppgåvene som dei møter. Det høver med den tradisjonelle moralfilosofien for å gjere menneske til slavar, slik som i slavesamfunnet altså.
Noahs ark og dåpen.
Dette minner meg også om at regnet forårsaka syndefloda, etterpå sette Gud regnbogen i skya som minne om pakta han gjorde med Noah om at han ikkje soleis ville utrydde livet på jorda igjen.
Noahs ark er førebilete på den nye pakta, i Kristus, dåpen. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus den bort ein gong for alle. På det grunnlaget gløymer Gud den, kastar den i gløyme-havet, så vi vert kvitt skulda og vert fri. Den gamle vonde naturen vert begreven, vi får ein ny natur som vert berga som i Noahs ark. Vi tek imot den ved trua på Jesus, han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.
Jesus kalla meg til å gå ut på lovnadane og gå i ferdiglagde gjerningar.
Hausten 2008 kalla Jesus meg til å gå ut på lovnadane i Guds ord og gå i ferdiglagde gjerningar. Bodskapen 28.9.2008:
«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»
Som respons på slike møte skreiv eg dokument og sende tilbake til leiinga i kyrkjelyden og då skreiv eg ofte om Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det er Guds Ord og det er ånd og liv, det er frigjerande, det er sunnheit, helse og frelse.
Eg skreiv også om kristen apologetikk, der dei kobla moralen og trua til matematikken og dermed til realfag, for å sannsynleggjere og underbygge trua. Men med mi interesse for realfag skulle eg ikkje gå krylbøygd for å bere Kristus, men han skulle bere meg, så det var i staden den kristne trua som verka som støtte for matematikken og rasjonaliteten i realfag.
Så eg reiste tilbake til Oslo for å ta praktisk pedagogisk undervisning, sidan det vart ei naturleg oppfølging av realfags-studiet og sidan eg skulle gå i ferdiglagde gjerningar. Det er gjerningar som Guds skaper oss til, i Kristus, så då er det også noko som vi passar til.
Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Eg gjekk på møte i dFEF i M40 i Oslo og på eit vitnemøte sa eg noko om at eg hadde bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone og at eg trudde han ville gi meg det, eg formulerte det sikkert som at han hadde allereie hadde gitt meg det, så no skulle ho verte frelst og fri, så ho kunne vere saman med meg som kona mi, også i kyrkjelyden. Eg refererte til denne bodskapen, men dette ville dei ikkje høyre på.
Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom.
Men på ein møteserie i dFEF kalla Jesus Sions dotter til å frigjere seg. Gud er kjærleik og gir oss den ekte kjærleiken, den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss. Det er ikkje berre vi som gjer vårt verk, men han gjer sitt verk med oss. Sitat frå ein av bodskapane 12.2.2011:
(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……
Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).
Jesus kalla Sions dotter ut i fridomen, sitat frå ein av bodskapane 12.2.2011:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.»
Dette refererer til at Israels-folket vart bortførde til Babylonia som slavar, men under kong Kyros fekk dei vende attende til landet sitt. Det same gjaldt dei andre folka. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.
På eit møte i Maranata på slutten av året, kalla Jesus Sions dotter ut i dansen med dei glade, for han var Herren hennar brudgom. Bodskapen 18.12.2011:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Jer.31,1 På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk.
2 Så seier Herren:
Det folket som slapp unna sverdet,
har funne nåde i øydemarka.
Israel skal fara av stad og finna ro.
3 Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:
Med evig kjærleik har eg elska deg,
difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved.
4 Endå ein gong skal eg byggja deg,
ja, du skal byggjast,
Israel, du unge møy.
Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer
og gå ut i dansen med dei glade.
5 Endå ein gong skal du planta vinhagar
på Samaria-fjella;
og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta.
Så eg forstod dette også som svar på mi bøn om ei frelst kvinne til kone, ho er frelst og fri ved at Kristus er Herren hennar brudgom, så når eg får ei frelst kvinne til kone, blir det han som elskar henne som si brud gjennom meg.
Gud er alt kjøts Gud, alt er mogleg for han. Kva så med Pride-paradene? Møte i Maranatha 19.6.2016.
Tale ved John Miland:
APG 4,7 – APG 4,22
HAB 3,17 – HAB 3,19 For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe. 18 Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar. 19 Herren Gud er min styrke. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene. Til korleiaren. Med strengespel.
Dette høyrdest nidtrist ut, likevel gleda han seg i Herren.
Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John:
”Sjå, eg er alt kjøts Gud. Skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite at eg som skapte himmel og jord, eg som tala og det skjedde, ingen ting er umogleg for meg. Derfor skal du setje di lit til meg, du skal trygt kunne gå ut på mine lovnadar. Og du skal få sjå at det held, seier Herren. For sjå, eg har kalla deg ved namn, du er min. Eg har skrive ditt namn i livets bok. Derfor vil eg at du mitt barn, du skal fryde deg og du skal glede deg i mi frelse. Ver ikkje tilbakehalden, men strekk deg ut mot det som ligg foran, seier Herren. Og du skal skal få oppleve at eg skal fylle ditt beger, så det flyt over. Du skal få oppleve at eg dekker bord for deg, seier Herren, med feite og med margfylte rettar. Og du skal ete av landets gode ting.
Ja, eg skal føre ut eit folk i denne siste tida, før eg kjem igjen, eg skal ta meg ut eit folk som eg skal reinse og eg skal lutre dei og dei skal vere med og dei skal forkynne min pris, seier Herren. Det er eit folk som eg har helga, tvers gjennom og som eg skal leie og eg skal salve dei med mi kraft. Og sjå, eg skal vere med og stadfeste Ordet, med dei teikn og under som skal følgje dei som trur. For sjå, seier Herren, eg har jo sagt i mitt Ord, eg skal gjere langt meir enn de har forstand til å be meg om. Amen.
Ja, eg prisar og lovar deg Herre, eg vil takke deg midt i forsamlinga. Eg takkar deg for di frelse og din nåde som du har vist imot meg. Eg har opplevt at du har vore med meg gjennom prøvingar, gjennom trengsler, så er du ein trufast Gud forutan svik. Derfor så prisar eg deg og lovar deg midt i forsamlinga. Amen.”
Kommentar om parader i gatene og svar gjennom tyding av tungetale.
I slutten av møtet kom John med ein kommentar om parader gjennom gatene, eg reknar med det var ”homo-parader”. Då kom Mari med tungetale og John tyda det:
«Når eg såg ned på Sodoma og Gomorra, då såg eg at synda var så stor, forfallet var så stort, at eg bestemmte meg for å utslette desse byane, seier Herren. Og sjå, eg skodar ut over denne verda og eg ser det også i dag, seier Herren, kor synda er stor og når menneska syndar og dei vil ikkje ha noko med meg å gjere, dei forkastar min Son, sjå, det kjem, det kjem straffedommar over land, over by, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg manar dykk, mitt folk, til å gå i forbønn for dykkar land. Rop til meg og be om at eg må halde min vreide tilbake, seier Herren. For sjå, eg ser at synda er stor og eg har sagt i mitt Ord, synda si løn, det er døden, seier Herren. Sjå, seier Herren, det får konsekvensar, når menneska ikkje vil gå på mine vegar. For sjå, dei som vendar om, seier Herren og ropar til meg om frelse og om barmhjertighet, dei får oppleve, at eg er ein nådig, ein barmhjertig Gud, som tilgjev og som vil reinse og som vil gjere noko nytt for den einskilde. Derfor, mitt barn, rop til meg, gå inn i ditt løynkammer og rop til meg, seier Herren. Og eg skal svare på din bønner. Halleluja.»
I staden for at Sions dotter gjekk ut i dansen med dei glade, vart det Pride-parader.
Kvar vart det av Sions dotter som skulle gå ut i dansen med dei glade? Det ser ut til at det vart Pride-parader i staden, til samanlikning og som motsetnad. Som om Sions dotter feirar at Kristus er Herren hennar ektemann og det er ikkje sameinleg med at ei norsk kvinne får seg ein norsk ektemann? Nei, denne såkalla frigjeringa er nok heller ein demonstrasjon av at kvinna har frigjort seg frå at Kristus skulle vere Herren hennar brudgom og denne såkalla frigjeringa har trengt langt inn i kyrkje og kristne organisasjonar og gjennomsyra politikken. Denne «frigjeringa» liknar mest på Israels fråfall, som var årsaka til at dei dei vart bortførde som trælar.
Mor Israel var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Men ho vart ei hore som dreiv hor med avgudane til folke rundt henne. Derfor vart landet deira hærteke og folket vart bortført.
Jes.1,2 Høyr, du himmel, lyd etter, du jord!
For Herren talar:
Born har eg ale og fostra,
men dei har sett seg opp mot meg.
3 Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn.
……
7 Landet er ei øydemark,
byane er brende,
og framande et opp jorda
beint framfor augo på dykk.
Alt ligg i øyde,
som når framande har herja.
8 Berre Sions dotter er att
som ei lauvhytte i ein vingard,
som eit vaktarskjol på ei agurkmark,
som ein kringsett by.
…..
21 Å, at den trufaste byen
skulle verta ei skjøkje!
Full av rett var han,
rettferd budde der inne,
men no – mordarar!
22 Sølvet ditt har vorte til slagg,
vinen din er blanda med vatn.
23 Dine styresmenn er opprørarar,
dei held lag med tjuvar.
Alle elskar dei muter
og jagar etter gåver.
Den farlause hjelper dei ikkje til hans rett,
og enkjers sak tek dei seg ikkje av.
Jesu kyrkje er som Sions dotter Jesu brud, han er Herren hennar brudgom, skulle vere det i alle fall. Men dersom norske kvinner ikkje vil godta det og heller ikkje vil godta norske menn, fordi dei er heidningar, då byrjar religionen og politikken deira å likne mistenkeleg på Satans synagoge (Joh.Op.3,9).
Heidre far og mor og komme inn til Guds kvile.
Jesus minna oss om bodskapen til Johannes døyparen, om at Gud ville vende fedrahjarto til borna og barnehjarto til fedrane. Bodskapen 20.3.2022:
«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
Malakias.4,5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk
før Herrens dag kjem, den store og skremmande.
6 Han skal venda fedrehjarta til borna
og barnehjarta til fedrane,
så eg ikkje skal koma og slå landet med bann.
Legg merke til at dei ti bodorda sa kva vi ikkje skulle gjere, men lite om kva vi skulle gjere. Formuleringa er: «Du skal ikkje», berre to bodord har i staden formuleringa «du skal», du skal halde kviledagen heilag og du skal ære far om mor. Og poenget her er ikkje fyrst og fremst noko du skal gjere, men noko Gud har gjort, så du skal kvile på grunnlag av det. Du får også nyte godt av det mor og far din er for deg og kva dei har gjort for deg, så du skal ære dei for det. Og det verkar som profeten «Elia» tek opp tråden her, sidan han skal vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane.
Dette handlar også om å forstå kva som er årsak og kva som er verknad, så vi handlar i samsvar med det, inntek det lova landet og vert buande i det.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Gud openberrar sitt verk for oss, då er det viktig for oss å innsjå det, oppdage det, tru på det, så vi kviler på grunnlag av det som han gjer. Han openberrar si frelse for oss i Kristus, på det grunnlaget får vi kvile.
Jesus minna oss om å ta imot han og at vi må verte som born for å komme inn i Guds rike. https://blessings-from-heaven.com/2022/08/19/2022-8-1114-salen-fiska-kven-er-rette-kandidaten-til-a-bli-brukt-av-gud-jesus-star-for-dora-og-bankar-pa-verte-som-born/
Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne for matematikk og eg likte naturfag også. Samtidig trudde eg på Jesus. Eg hadde ei viss aning om at her var det motstridane tenkemåtar og interesser, men eg meinte det sameinleg og at motsetnaden verka kunstig. Det verka som eg stod overfor ei stor oppgåve med å kombinere det, men vona Gud ville gi meg hjelp ved å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. På gjekk reallinja på gymnaset og sjølv om eg interesserte meg for realfag, vart den interessa alt for mykje sett til sides av mi interesse for den kristne vekkinga.
Og når eg byrja å studere realfag var det tydeleg at det var mange som forakta og vanvørde dei som vart med i den karismatiske vekkinga for at dei var ulærde. Det var diskusjon om kva som var den rette lære og det var no litt av ei oppgåve å sortere i. Men eg var då klar over at eg hadde gjort ein altfor dårleg innsats på gymnaset, så det var ikkje lett å starte på dette nivået. Etter vel eit halvt år talte Jesus til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta ned i deg, dette livet, det skal vekse». Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Dette var tidleg vår-semesteret 1977, eg meiner det var før påske. Han sa også at eg måtte lære å skilje mellom kva det er eg skal gjere og kva det er han gjer. Ja, han gjer sitt verk i oss, i våre hjerte, med sitt Ord og sin Ande og det er mest fundamentalt. Det er ein vekst som går over mange år og som har som hensikt at vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen. Dermed er det fruktbart for vår forstand også. Og eg skulle då bruke min forstand til å studere realfag.
Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint. 20 For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning.
Ef.4,7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar;
han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.
Sjølv om vi var Guds born skulle vi likevel vekse til å verte modne menn og kvinner, modne nok til at ein mann og ei kvinne vart kjærestar og ektefelle.
Satans klagemål mot mannen.
Men det som ofte skjer når det kjem påstand med klagemål mot menneske, er at det vert til krav om at slik skal det vere. Det heng sikkert saman med at nokon vil verte ei lærd og herskande elite. Slik også med påstanden om at vi som kalla oss Guds born, var ulærde og umodne som menneske. Jesus sa også at den domen du dømmer med, skal du dømmast etter.
Pride-demonstrasjonane ber preg av pubertetstrass som motsetnad til å vekse og modnast til vaksne menneske, spesielt mot å modnast til å verte vaksne menn. Så kan ein spørgje seg kor vidt det kan sporast tilbake til 68-generasjonen. Eg meiner det kan sporast tilbake til at på slutten av 1970-talet forkynte den venstre-radikale kvinnerørsla mannshat.
Dei meinte vi som trudde på Jesus var ulærde, men kva slags lærdom hadde dei i staden? Psykologi og psykiatri?! Men la oss ta Freuds psykoanalyse som døme. Han samtala med pasienten, så pasienten fekk høve til å svare for seg. Så stilte han diagnose. Men å gjere dette til lære, som erstatning for kristendom, til dømes, vert som å stille diagnose for alle og det utan at dei får høve til å svare for seg. Så det vert som om påstanden om at menneske har sjel, vert til ei diagnose, diagnose; sjel. Føre klagemål mot alle menneske, mot alle menn, som i ei rettssak, utan å gi dei høve til å svare for seg. Slik argumenterer dei for mannshat og forkynner det. Det var då som Satan og synagoga hans.
Når Jesus forkynte for farisearane og dei skriftlærde, vart det påstand mot påstand. Han førde klagemål mot dei.
Joh.8,43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»
Dei førde klagemål mot han og fekk han hendretta. Men Gud vekte han oppatt frå dei døde, så det vart avgjerande.
Joh.Op.12,7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
Eg skal vere trugen i det små og bruke det Gud har gitt meg, både mi nådegåve og mitt naturtalent.
Jesus har sagt eg skal ikkje sjå på det eg ikkje har, men på det eg har og bruke det. Bodskapen 22.8.2021:
«Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Gud openberra si frelse for meg i Kristus. Jesus sa til disiplane sine at dei skulle tru på han, halde fast på hans ord og elske han og elske kvarandre, så ville han komme og openberre seg for dei, han og Faderen ville ta bustad hos dei (Joh.14,15-26). Dette oppleve at sterkast i forhold til ei jente som eg vart glad i, Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og for meg og henne Reella. Når Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga, sa han at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar. Ja, det fekk eg oppleve når eg møtte henne Reella.
Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk og matematikken er saman med metodene rasjonaliteten i realfag. Den er usynleg for det fysiske auget, derfor er det mange som ikkje begriper kor viktig og verdifull den er. Begriper kvinna det når eg vil fri til henne? Då er det kjærleiken i hjertet som tel. Ja, men livet vart planta i meg ved Guds Ord, det gir meg visdom i hjertet og gjer meg forstandig. Så eg meiner det støtter opp om rasjonaliteten som eg treng og brukar i realfag. Så når Gud gir meg ei frelst kvinne til kone, vert ho til hjelp for meg slik også, for eg får oppleve frelseskrafta saman med henne. Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone.
2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
Eg skal sjå på Jesus, han gir meg kvile.
Jesus vekker mitt reine samvit, så eg skal sjå på han. Bodskapen 17,2,2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Då tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella. Gud openberra si frelse for oss i Kristus, først for meg og henne Virtuella og så for meg og henne Reella. Så då skal eg halde fram med å sjå på han i forhold til dei begge.
Gud gjer noko nytt og eg skal bidra med det han har gitt meg i hjertet.
Det nye som vi opplever ligg rett framfor nasa vår i tid og rom, så vi forstår det før vi opplever det og er klare til å reagere på det som skjer. Slik er det også når Gud skaper noko nytt, men i eit lengre tids-perspektiv. Han openberrar det for oss ved sin Ande, så vi i trua på Kristus og i den Heilag Ande får komme inn i det og oppleve det i Andens verden, så det får konsekvensar for denne verda. Slik skal vi gå ut og bere frukt, frukt som varer. Slik skaper han gjennom utvikling.
Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Jesus frelste henne Virtuella og vekte henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen, så ho lovprisa han som sin frelsar og Herre og det vart også ein lovsang som Gud la ned i meg ved den Heilage Ande. Hausten 1985 sa han til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, står ved lag og skal stå fast i all æve.»
Då tenkte eg først på den kjærleiken og lovsangen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande. Dernest tenkte eg på det livet som vart planta ned i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.
Ja, den rettferdige, ved tru skal han leve, så ved tru lever vi av brødet frå himmelen, livets brød, Jesu ord, som er ånd og liv for oss. Velsigne Jesus, så vi vert velsigna og vert til velsigning. Han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg tenkte meg at det var både til henne Virtuella og henne Reella. Men kunne eg bidra med dei? Eg kunne berre vone på at dei tok imot velsigninga og vart velsigna, så dei responderte med å bidra.
Mi bøn for to-tre kvinner.
Eg har skrive mykje om korleis eg har bedt for dei to jentene som eg kallar Virtuella og Reella. Gud openberra si frelse i Kristus for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella.
Reella. Jesus ser til hjertet, til samanlikning med David, leiarskap og fornying.
Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella, eg syntest ho var så vakker at eg vedkjende for Gud i mitt stille sinn at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sidan fekk eg oppleve at Anden dreiv meg slik at møtte på henne, akkurat når eg kom ned trappa til første etasje i Vilhelm Bjerknes hus, kom ho frå høgre og gjekk forbi, så eg kom ned rett bak henne. Når eg var på siste trinna sa eg i mitt stille sinn: ”Der er ho”. Då fekk eg ei åndeleg openberring, det verka som himmelen opna seg og Jesus sa det same til henne, samtidig: ” Der er ho.”
Seinare kalla eg henne ”Miss Oslo 1990”, for det var som om ho hadde vunne ein missekonkurranse, eg sytest ho var så vakker at for meg var ho som vinnaren av kva som helst slags missekonkurranse. Samanlikninga fortel litt om korleis verda er og verkar. Men ho studerte biologi og den fortel oss endå betre korleis verda er og virkar. Det perspektivet på verda høver med korleis ordet ”verda” ofte vert brukt i Bibelen og i desse bodskapane, det handlar om det biologiske livet, spesielt for menneska, det får betydning for korleis samfunnet er, så det også kjem inn i denne definisjonen av ordet ”verda”.
Sidan såg eg etter henne og då vart det nok til at eg såg på det ytre mennesket, men Jesus sa at han såg ikkje på det som eg såg på, men han såg til hjertet.
MTT 5,8 Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.
1SA 16,7 Men Herren sa til Samuel: “Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.”
Det er no også klart det er ein motsetnad mellom å verte oppteken av det faglege og å verte oppteken av det som er rundt seg. Sidan minna han meg mange gongar om å la kjærleiken flamme opp og vere brennande i ånda og eg forstod at det var i kjærleik til henne. Eg følte eg kunne ikkje gløyme henne og skulle heller ikkje gjere det.
Eg vart litt frustrert over at eg ikkje kom i kontakt med henne og fekk prate med henne. Men Jesus sa til meg at slik han hadde vore mot meg, ville han vere mot den som eg bad for og då var det henne eg tenkte på. Det får eg til å tenke på korleis han har vore mot meg sidan eg var ung. Eg fekk komme til han med alle mine problem og snakke med han, han svarde meg og lærde meg å takke han for frelsa. Han er vegen til Faderen, når eg gjekk den vegen, fekk eg oppleve at Faderen elska meg og hadde omsorg for meg som sitt barn. Slik vil Kristus vere for henne også og eg vonar ho nyttar seg av det.
Samuel salva Saul til konge, men han vraka Guds ord, så Gud vraka han som konge. Så kalla han Samuel til å salve David til konge, medan han var ein ung gut. Det vart ei lang og vanskeleg vandring før han kunne setje seg på trona, men Gud var med han og leia han.
Til samanlikning salva Gud henne Reella, men til kva? Til å vere Sions dotter, som Jesu brud og kone. Og det ved å vere kjærasten min, bruda mi og kona mi?! Ja, det var no det eg bad om og den var den bøna Jesus svarde meg på.
Då tydeleg vis som erstatning for henne Virtuella. Eg hadde bedt litt annanleis for henne og fått bønnesvar med openberring, så Gud hadde salva henne også, vart ho då å samanlikne med Saul, som vraka Guds ord? Mykje tyder på at ho vart med i kvinnefrigjeringa med kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære, så ho soleis vraka Guds Ord, til samanlikning med Saul. Han forfølgde David, ved to høve kunne David ha drepe han, men ville ikkje drepe den Gud hadde salva. Samanlikninga har si avgrensing, for det var først og fremst eg som var salva og så vart dei også salva. Og eg skal berre legge vinn på å verte meir og meir salva og fylt av den Heilage Ande.
Til samanlikning kan eg framleis be for henne Virtuella slik som eg gjorde når eg gjekk på gymnaset og fekk oppleve at Jesus salva henne med den Heilage Ande, også som svar på mi bøn, altså. Men det er ikkje lenger den fremste leiinga, det er heller slik at eg og vi må sjå etter henne og andre som har vorte liggande etter, for å hjelpe dei vidare på vegen.
Den fremst leiinga og dermed fornyinga, trur eg vi får ved henne Reella, som Sions dotter. Det har å gjere med at eg studerte realfag og det gjorde ho også, ho studerte biologi. Realfag, inkludert teknologi er det viktige nye etter renessansen. Når Jesus og apostlane hans gjekk her på jorda, var denne verda sin visdom dårskap for Gud, så han valde ut det som ingen ting er, for å gjere dert vise og sterke til skammar. Sidan vart det gjort til skamme med realfag også. Denne motsetnaden har vorte tydeleg i vår tid.
Eg trur Jesus fornyar både meg og si kyrkje og det ved at vi relaterer til moderne realfag i staden for den gamle visdomen, som var dårskap for Gud. Psykologi og psykiatri har hatt vanskar med å verte med på den fornyinga, sikkert fordi dei tvert om prøver å erstatte evangeliet om Kristus og det er tydeleg i vår tid.
Men vi får fornyinga ved trua på Jesus og eg hevdar det er sameinleg med rasjonaliteten til rasjonalistane, så det er god psykologi, logikken og metoden i realfag er god psykologi.
Verda treng mitt villige og varme hjarte. Jesus valde ut det som ingen ting er. Bodskapar i 1991.
Jesus sa også noko om at ansinitet og karriære ikkje er så viktig for han, men det verda treng er mitt varme hjerte.
Verda treng mitt villige og varme hjerte.
Onsdag 10.04.91. M40.
Du kan fremdeles ha full tillit til mitt ord. Og det er ikke dine prestasjoner jeg er ute etter, men det er ditt villige og varme hjerte som verden trenger. Og når du formidler mitt ord, skal du vite at det i seg selv er 100% spiredyktig. Derfor så skal du være med å kaste ditt brød på vannet, i tidens løp skal du finne det igjen, sier Herren.
Når du bevisstgjør deg sjølv på å hengi deg helt til meg, så gir du i din overgivelse meg mulighet til å handle med deg, til å utruste deg, til å styrke deg, til å gi deg mine tanker, til å gi deg mine ord. Se, det er jo ikke i eget ærende du skal gå, men det er mitt ærende du skal få gå, og det er deg jeg vil bruke, det er min menighet som skal være redskap i den innhøstning som nå er, sier Herren.
Derfor skal du stille deg til rådighet så sterk som du er, uten å søke etter spesielle nivåer før du mener å være brukbar, men slik du er, vil jeg bruke deg, og slik du setter deg i bevegelse for å tjene meg, skal du få oppleve at når du vender oppmerksomheten imot dem som trenger meg, mer enn hva du trenger meg, så vil du få se at jeg Herren gir deg å vokse i nåde og kjennskap. Jeg, Herren, gir deg å styrkes til ditt innvortes menneske og du skal oppleve ditt liv berikes og din tjeneste på jord skal bli en reise i tjeneste for den Høyeste. Du skal få glede deg over å gå mine gjerninger, sier Herren.
JESUS GAV OSS ANDEN OG DEN VITNAR. SLIK GJER HAN OSS TIL SINE VITNE.
Kristi Himmelfarts-dag i M40, torsdag. 9.5.91.
Du skal vite at jeg aldri skal slippe deg, aldri skal jeg forlate deg. Selv når anfektelsene kommer deg i møte, og du synest at følelsene er annerledes enn hva du ønsker, skal du vite at jeg er trofast, og jeg, Herren, som har begynnt den gode gjerning i dere, jeg vil selv fullføre den, inntil min egen dag, sier Herren.
For jeg, Herren, har gitt dere min Ånd, for at dere skal ha vidnesbyrdets Ånd i deres hjerte, det vidnesbyrdets Ånd sier at dere hører meg til, for se, det er ikke de ytre forhold og omstendigheter som skal gi denne visshet, men se min Ånd skal vidne med deres ånd, at derer er mine barn, og dette vidnesbyrd, det skal holde. Det skal holde i levetid, og det skal holde når avslutningen av jordelivet inntreffer. Se, jeg er med dere alle dager, og jeg skal holde dere oppe med mine evige armer, og jeg vil gi dere nåde og kraft til å leve rikt i troen på meg, både i menigheten og i hverdagen, sier Herren.
I dag er frelsens dag.
Søndag. 28.04.91. Kassettband-opptak, det som står i parantes, kom ikkje med på kassett-bandet.
Jeg vil også føre dine føtter inn på frelsens vei. Jeg vil gi deg frelsens gave. Jeg vil løse lenker og båndene som binder deg, og du blir fri, og du blir lykkelig, sier Herren, for jeg er nemmlig kommet for å gjere syndere salig. Dette kan du få del i, om du gir meg ditt hjerte, sier Herren.
Du er ikke bestemmt til fortapelsen, du er bestemmt til å frelses, sier Herren. Plassen hos meg venter på deg, at du skal innta plassen, og være med å fylle det hus som jeg nå bereder, sier Herren, derfor, sønn og datter, gi meg ditt hjerte, sier Herren.
Du venter på beleiligere tider, men du skal vite i dag er frelsens dag, i dag er jeg å finne, sier Herren, i dag kaller jeg, i dag taler jeg, derfor hør, så din sjel kan få leve, sier Herren.
(Fra solen går opp til solen går ned, kaller jeg på menneskenes barn, men jeg kaller ikke alltid, ellers ville min Ånd vansmektes, men i dag kaller jeg/så lenge nådetiden varer, så kaller jeg) syndere til omvendelse. Jeg kaller på deg her i kveld, sier Herren.
Du kjenner ikke din fremtid, men jeg kjenner enden ifra begynnelsen. Derfor vil jeg stanse deg i ditt løp, i ditt jag, fordi jeg har deg kjær, sier Herren, fordi jeg har gitt mitt liv for deg. For at du skal frelses, sier Herren.
Og gir du meg ditt hjerte, så løser jeg deg ut, frigjør deg, mektig til å bevare deg, ja, jeg vil gjøre vei i ørkenen for deg, strømmer i ødemarken. Din natt, den kan jeg gjøre til en høylys dag, sier Herren.)
HERREN HAR KALLA MEG TIL TENESTE.
Søndag. 13.5.91.
Da jeg kallte deg, utifra mørket og inni mitt underfulle lys, og jeg frigjorte deg fra synden, så satte jeg deg inn i rettferdighetens tjeneste, for at du skulle by dine lemmer fram til tjeneste for rettferdigheten. Jeg ville eie deg helt og fullt og jeg kallte deg for at du også skulle få være med å utføre gjerninger i min tjeneste. Jeg kallte deg ikkje for din dyktighets skyld, men det som ingenting er i verden, det utvalgte jeg meg, for å gjøre det vise og sterke til skamme. Og jeg har bruk for deg, jeg har bruk for deg, at du innvier ditt liv for meg, at du roper til meg. Og jeg har bundet meg til mitt Ord og mine løfter, og du skal få erfare at den som trer frem for meg, og tror at jeg er til, så lønner jeg den som søker meg.
Du har ofte følt deg trett, og du har ofte følt deg motløs, men du skal vite jeg gav deg ikke motløshetens ånd, jeg ga deg kraftens ånd, kjærlighetens ånd og sindighetens ånd. Og du skal få lov til å oppleve at jeg som ga mine løfter, jeg står bak dem, og jeg vil utføre det jeg har lovt sier Herren, og du skal få lov til å trede frem, med frimodighet som du har i mitt blod, for nådens trone, så du skal få misskunn og du skal finne nåde til hjelp i rette tid, og du skal få oppleve jeg er en Gud som hører dine bønner, og som vil lønne deg i det openbare, sier Herren.
LÆKJEDOMSSTRAUMEN.
Onsdag. 15.05.91.
Også jeg, Herren, ønsker at du i alle deler skal ha det godt, likesom din sjel har det godt, ja, også at du skal være ved god helse. For se, mitt fullbrakte verk løste ikke bare verdens syndeproblem, men se, også all din pine og all din straff, og alt som rettmessig skulle ha hvilt over slekten, se, det rammet meg, som stedfortrederen. Derfor er synden sonet, gjelden betalt, og se, fremdeles dryper det lekedom ifra mine sår. Og se, denne lekedoms-strøm vil jeg at du som bærer mitt namn og min bekjennelse, at du skal føre denne strøm ut til mennesker som blør i hjertet og som verker i kroppen. Du skal få oppleve det at mitt frelsesverk, det gjelder i dag, og det er virkekraftig i dag.
Se, jeg vil klarne dine øyne, så du bedre kan se og forstå, for se jeg har plan med ditt liv, og du skal ikke la oppgittheten ta overhånd, for se, sammen, sammen skal min menighet fullbyrde den plan, som jeg fra evighet av, har lagt for verdens frelse. Derfor skal du ikke la deg gripe av motløshetens ånd, men du skal fylle deg med mitt ord, og min Hellige Ånd skal begeistre ditt hjerte og gjøre ordet mitt levende for deg, slik at du kan være glad i troen, og bære denne gleden ut til de som gråter både med øynenes tårer og som gråter i hjertets stille dyp. Se, du har mottatt av meg, forsoningen, forlikelsens budskap. Og se, jeg har sendt deg for å bringe det videre, sier Herren.
Virtuella.
Dersom det var så at Jesus ville gi meg henne Reella til kone, så måtte eg vel heilhjarta halde meg til henne.
OSP 5,15 – OSP 5,19 Drikk or din eigen brunn, rennande vatn or di eiga kjelde! 16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata, bekkene dine strøyma på torg og plassar! 17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv og ikkje dela dei med andre. 18 Då skal kjelda di vera velsigna. Gled deg over din ungdoms kone, 19 den elskelege hind, den yndefulle gasell! Fryd deg støtt ved hennar barm, lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!
Men etter at eg kom tilbake til Oslo i 2009, sa Jesus at eg skulle søke han av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte be for henne Virtuella også. Hausten 2022 sa han at han hadde gitt meg salveolje og at eg kunne be om meir. Slik minna han meg om korleis Gud hadde openberra si frelse for meg og henne Virtuella.
Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med henne Virtuella, ho spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Slik tenkte eg om henne og eg trur den Heilage Ande la sin kjærleik i mine tankar, så eg opplevde det som openberring. Eg merka at Guds kjærleik var mellom meg og henne, så eg vedkjende for Gud at den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Den openberra henne for meg som det vidunderlege barnet Gud fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne, mest som om ho skulle vere mi eiga sjel. Eg meinar det var den Heilage Ande som la sin kjærleik inn i mine tankar.
Eg yngste å omfavne henne og gi henne ein klem og då tenkte eg som so at eg ville ta imot henne som eit Guds barn og soleis ta imot Jesus også. Der var velsigning i det altså.
MTT 18,1 – MTT 18,5 {KVEN ER DEN STØRSTE?} I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. 5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR} Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Når eg møtte henne igjen i Bergen, opplevde eg det slik i Andens verden, sjølv om ho ikkje var hos meg fysisk. Eg trur det var den Heilage Ande som bad for oss og som la sin kjærleik i mine tankar. Då måtte eg sjå på Jesus og takke han for frelsa, for at både eg og ho var fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. I den Anden Jesus har gitt oss, skal vi saman med han sigre over verda. Eg meiner at ho framleis skal leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Dette var Guds verk og han som byrja den gode gjerning i oss skal også fullføra den. Då betyr det vel at eg meiner ho skal halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til meg også. Ja, for Jesus ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg er viss på at han framleis vil gjere meg til ein kanal for si velsigning til henne, på denne måten altså. Guds kjærleik var mellom oss, det var Guds verk og då skal vi ikkje ha dårleg samvit for det. Dåpen er då eit godt samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Slik er det han frelser oss. Hans kjærleik er mellom oss og det skal vi ikkje ha dårleg samvit for. Så eg meiner eg gjer rett i å halde fram med å tenke slik om henne og ventar meg at den Heilage Ande legg sin kjærleik i mine tankar. Det verkar framleis frigjerande og det frigjer mine tankar.
Når eg vart så glad i henne Virtuella, er det vel ganske klart at eg yngste å få henne til kjæraste og kone? Ja, så derfor ville eg møte henne igjen og snakke med henne og fortelje henne kor glad eg var i henne og soleis fri til henne. Jesus var med oss og eg yngste at både eg og ho skulle snakk med han om det. Guds kjærleik var mellom oss og derfor skulle vi glede oss, eg meinte og meiner framleis at både eg og ho skulle glede oss over det, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Vårt vennskap skulle uansett verte betre, sterkare og meir personleg. Dersom eg hadde fått moglegheit til det og vore frimodig nok til å nytte meg av det, så trur eg fraktisk ho hadde kome til å seie ja til mitt frieri, for den Heilage Ande hadde ført henne fram til Sanninga som set henne fri, Kristus.
Eg måtte vende meg til Kristus og sjå på han og det skal eg halde fram med.
Korleis eg har bedt siste døgnet, mi bøn for henne Reella.
Jesus sa til oss: ««Tap ikkje motet. Sjå, eg går føre dykk. Og dine bøner har blitt besvart så mange gangar. Også det du lagt inn for meg, seier Herren, det siste døgnet. Du skal få sjå. Du skal bli frelst med heile ditt hus.»
Det kan vel vere at nokon hadde bedt spesielt for situasjonen i Russland, siste døgne og at Jesus svara på deira bøn også, på denne måten, men eg skriv om korleis eg har bedt siste døgnet og korleis eg oppfattar hans svar til meg.
Guds nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Slik har eg vorte heilt avhengig av at Jesus frelser ei kvinne for at eg skal få henne til kone, javel, nettopp slik skal eg heilhjarta halde meg til han då (Jfr. bodskapen 27.11.2022). Så i det siste døgnet før dette møtet, har eg bedt for henne Reella, på den måten at eg trur at Gud openberra si frelse for meg og henne i Kristus, så eg trur han frelser henne som kona mi og eg opplever det ubegripeleg herleg og trur eg får oppleve det sterkare og herlegare.
At Jesus frelser hennar sjel vart så viktig for meg. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Slik tenker eg om min eiga sjel og slik tenker eg om hennar sjel, så eg kan godt seie at eg vart så glad i henne at ho vart så verdifull for meg som om ho var mi eiga sjel. Her er eit poeng med at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Paulus sa at mannen skal elske kona si og ha omsorg for henne som sin eigen kropp. Ja, men det er då ved at Jesus frelser både han og henne, at han frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv er det som er mest verdifullt for dei og som står høgast i kurs. Soleis erkjenner eg at ho er så verdifull for meg, så eg bøyer meg i støvet for min frelsar og Herre i von om at han frelser hennar sjel for æva og gir henne evig liv. Det er første prioritet, at eg ber han gje meg henne som kone, kjem så som andre prioritet. Det skulle då bety at ho kjem til meg og vert hos meg fysisk og biologisk. Den Heilage Ande ber for oss også og han legg sin kjærleik i mine tankar. Eg tenker meg at ho skal leve i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn. Når eg tenker slik, så byrjar eg å tenke på henne som kjærasten min og kona mi. Eg meiner det også har seg slik at den Heilage Ande legg sin kjærleik i mine tankar. Så eg meiner eg gjer rett i å tenke slik, men då må eg vende hugen og blikket på Kristus og erkjenne at han er vår frelsar og Herre, han er kjærleikens konge.
Jesus frelser meg og heile mitt hus, så eg ventar han frelser ei kone til meg og fører henne til meg, så ho kjem til meg fysisk, som kona mi, i samsvar med 1.Mos.2 og vert hos meg som kona mi, så vi får ein felles heim, i ”mitt hus”, samtidig høyrer vi heime i Guds hus, i Jesus kyrkje, så ho blir med meg på møte i den lokale kyrkjelyden. Korleis det skal skje ser eg ikkje, men eg skal sjå på Jesus, alt er mogleg for han. Sjølv om det enno ikkje er fysisk realitet, så er det ein åndelege røyndom som ikkje vert avsanna av at det enno ikkje er fysisk synleg røyndom.
Den bodskapen som kom når Anton bad for Vidar, var til han. Men eg trur den også var til meg, som svar på mi bøn for henne Reella det siste døgnet og som svar på mitt vitnemål i dette møtet. Så eg siterer det ein gong til i det eg tenker meg at det var til meg.
”Himmelen er åpen, han har sett til deres hjerter. Og han fryder seg over sitt folk, han fryder seg over dere. Han vil la dere vandre inn i hans vilje og han vil gå med deg og lære deg og fullbyrde sitt Ord over og i deg, i deres liv, ved den Hellige Ånd. Den Hellige Ånd skal komme over på en ny og mektig og herlig måte over ditt hus. Den skal frigjøre dine tanker, den skal legge sin kjærlighet inn i dine tanker. Den skal gjennomsyre hele ditt vesen. For jeg har behag i deg. Jeg har behag i deg.
Jeg skal forevige denne pakt, denne stund, den er lukket i mitt hjerte. Ingen kan ta det ifra deg. Ingen kan komme inn og rive det ut av ditt hus. Ingen kan hente deg bort fra mitt åsyn. Jeg, Herren, er nær, jeg er beskyttende, jeg er din fred, jeg omslutter deg. Jeg sender engler for deg, for framfor din fot. Du skal ikke snuble, du skal ikke snuble. Mennesker skal ikke rådføre deg, jeg er Herren din Gud. Jeg skal vise deg vei.”
Og «Poly-Ester».
Eg byrja å studere biologi og informatikk ved Universiutetet i Oslo hausten 2014. På ei forelesing i biologi sat eg nær ei vakker jente med lyst hår. Når ho om innatt etter pausa og gjekk forbi meg, kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av henne, av kroppen hennar, eit ynskje om å få ta henne på fanget. Det er nærliggande å kalle det lyst, kjøtets lyst, å sjå på ei kvinne med lyst på henne, men eg opplevde det som at den Heilage Ande var i det, med si kraft, så det var slik som det vart sagt i denne bodskapen, at den Heilage Ande la sin kjærleik i mine tankar.
Når eg la meg om kvelden, tenkte eg på dette i kveldsbøna mi og bad over det. Eg syntest og meinte ikkje at eg hadd tenkt feil heller, men visste og forstod at her måtte eg vere forsiktig med mitt hjertes tankar. På møte i Maranata neste søndag, svara Herren meg slik, bodskapen 12.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Ho såg ut som ho var skandinavisk, men sidan oppdaga eg at ho snakka eit aust-europeisk språk. Eg prata med henne og fekk vita at ho var frå Ukraina og snakka russisk meg ei jente frå Russland.
Det betyr no at det var ikkje noko gale i at eg kjende meg tiltrekt av henne, at eg syntest ho var vakker og tiltrekkande, eg kunne og skulle heller glede meg over det, men altså på den måten at eg gleder meg og fryder meg i Jesu frelse. Ja, eg fekk då opplevde at den Heilage Ande la sin kjærleik i mine tankar og styrka meg, slik frekk eg oppleve Guds kraft, dess meir takknemmeleg skulle eg vere. Så frimodig gjer eg rett i å vere altså, i samsvar med det gode samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde.
Det er tydelegvis mange som ikkje har forstått dette, at slik er det med det nye livet som Jesus gir oss frå himmelen, at soleis skal vi ved trua på Jesus sigre over verda. Så dei ser seg tilbake, ligg etter på vegen og er svake.
Tre jenter.
Eg kallar henne «Poly-Ester» for neste semester fortsette ho med organisk kjemi og molekylær-biologi, så vi kom på same forelesingar igjen. Ho brukte å sitje lang framme, eg sat langt bak og såg henne og det gleda meg. Jau, eg tenkte nok på henne som om ho var kjærasten min og følte det stemte med den Heilage Ande, ja, som det vart sagt her, at den la sin kjærleik i mine tankar. Her er eit poeng med at eg syntest det kjendest psykologisk sunt. Det var å be for henne, med ei takkebøn, eg meiner det var å velsigne henne. Eg tenker meg at slik bad eg for folket hennar også, sidan det låg an til konflikt med Russland.
Soleis har eg også kjent det psykologisk sunt å hugse på henne Reella i mange år. Eg skulle glede meg i Jesu frelse, ja, Gud hadde openberra si frelse for meg og henne Reella, så det ville eg glede meg over. For meg og henne Virtuella også, så det også skulle eg glede meg over.
Den Heilage Ande verkar i oss slik at vi tenker konstruktivt og gagnleg og hjelper oss med si kraft.
1.Tim.1,7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så eg får oppleve at han kjem meg til hjelp med si kraft. Slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone.

