Jesus har sett fram for meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den døra for meg. Det er billetten til himmelen, også når han kjem for å hente si blodkjøpte brud.
Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.
…..
10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
Matt.5,5 Sæle dei tolsame,
dei skal arva jorda.
…..
8 Sæle dei som er reine i hjarta,
dei skal sjå Gud.
1.Pet.1, Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, 4 til ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen for dykk, 5 de som gjennom Guds kraft vert haldne oppe ved trua, så de skal nå den frelsa som alt ligg ferdig til å verta openberra i den siste tid.
6 Det kan de gleda dykk over, om de no ei lita stund, når så skal vera, må ha det vondt i mange slag prøvingar. 7 Såleis vert trua dykkar prøvd. For når jamvel forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua som er så mykje meir verd, prøvast, så ho kan verta til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8 Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord; 9 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene.
Ekte kristendom.
Eg skreiv e-post til Maranata Oslo om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset og eg fekk inntrykk av at John Milan gav respons på det når han tala i Maranata om nådegåvene og tenestene og samanlikna det med soldat-uniform og offisersuniform, dersom du er soldat, kan du ikkje ta på deg ei offisers-uniform.
Ved korsets fot finn vi Guds kjærleik og omsorg, livet (livsens vatn) og Anden som gjer levande.
Ved Jesu kors finn vi den ekte kjærleiken.
Andre bodskapen i dFEF M40 Oslo 12.2.2011:
«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……
Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»
Gå i Jesu oppstode-kraft.
Bodskapen i Maranata 15.1.2012, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-01-15-m-ordet-om-korset-er-frelse-for-meg/ :
”Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)?
Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.”
Aus med glede av frelses-kjelda.
Bodskapen i Maranata 22.1.2017:
«Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv.
Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.»
Kle deg i den uniforma Jesus gir deg.
Mor mi hadde fått helveteseld og lungebetenning og eg for til Oslo og vi bad for henne i Maranata på møte søndags kvelden 30.9.2012, sitat frå
https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-09-30-maranata-laekjedom-i-jesu-sar/ :
Ein mann las om korleis Boas vart løysingsmann for Rut og samanliknar det med korleis Kristus frelser oss. (Rut.3,1….).
Det vart spurt etter bønne-emner og eg bar fram ein lapp der eg hadde skrive:
” Mor mi har bedt for meg i alle år og Gud har høyrt både mine og hennar bøner. For over 10 år sidan braut ho lårbeinet og det har ikkje villa grott. No er ho 87 år og har fått lungebetenning og helveteseld. No vil eg legge henne fram for Gud i bønn. Vi ynskjer frelse for vår nære slekt, men vi ynskjer også synlege bønnesvar.”
Lappen vart lagt oppå ein Bibel og tre mann la hendene på den og så la vi det fram for Gud i bønn.
Tore Kristiansen talte over:
EFE 3,14 – EFE 3,21 {BØN OM STYRKE OG SKJØN} Difor bøyer eg mine kne for Faderen, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.
Medan han talte sat eg i stille bønn, eg bad både for mor mi og for henne som eg trur Gud gjev meg til kone, ho ”Miss Oslo 1990”. Med synlege bønnesvar tenkte eg både på lækjedom for mor mi og at Gud gjev meg ei kone som eit synleg bønesvar til velsigning for meg sjølv og til vitne og velsigning for slekt og venner. Eg tenkte på at Guds auge fer ut over all jorda for kraftig å støtte den som heilhjarta held seg til han, slik gjev han meg hjelp i form av ei kone og det er eit verk som han gjer i mitt indre menneske og slik vil han styrke meg i mitt indre menneske, han fyller meg og henne med den Heilage Ande og slik styrker han mitt indre menneske med si kraft. Kristus bur ved trua i mitt hjerte og eg ynskjer at han møter henne i mitt hjerte og openberrar seg for henne, som hennar Herre og frelsar, brudgom og ektemann, så eg sat og påkalla Herrens namn til frelse for henne og bad han om å openberre seg for henne og elske henne gjennom meg, så vi får oppleve at han elskar henne som si brud og slik skal vi vere rotfeste og grunnfeste i kjærleik, slik som det vart sagt her. Dette er det også eg vil takke han for, slik vil eg takke han og lovprise han som min frelsar og Herre, slik vil eg tilbe han i ånd og sanning. Og eg trur det er nettopp dette som er så viktig, å påkalle Herrens namn, så vi får oppleve at han openberrar seg for oss, som vår frelsar og Herre og at han elskar oss som menigheta sin brudgom og ektemann.
(Henne Reella kalla eg på den tida ”Miss Oslo 1990”.)
John Miland kom med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:
«Du skal ikkje frykte for nokon ting. Men la i alle ting, alle dine ynskje komme fram for meg i bønn, med påkalling, med takkseiing, i tilbeding, og eg som veit før du ber, kva du treng, eg skal ause ut over deg min herlegdom, eg skal gi deg straumar av levande vatn, eg skal gi deg overflod av liv. Eg skal gi deg det Golgata har brakt deg, og det er eit fullbrakt og fullkome verk. I meg skal du få kjenne at du ingen ting skal mangle. I meg skal du få oppleve at du blir gjort rik på alt det du behøver, både her og i all framtid. Så pris meg og lov meg, eg er Herren, din gjenløysar.
Berre løys deg frå dine band, i mitt namn skal du kjenne banda brest, i mitt namn skal du kjenne lenkene, dei vert frigjorde. Og du skal få lov til å – kan du løfte frimodig ditt hovud, og du skal få kjenne at den eg set fri, er verkeleg fri. Du skal få oppleve det, at du skal stråle av glede. For fordømminga er teken bort, alt det tunge har eg bore, alle dine plager og sjukdomar tok eg på meg og i mine sår har du fått lækjedom. I kveld har du fått lækjedom, her og no har du fått lækjedom. Din kropp skal få oppleve lækjedom, fordi eg sona di synd, eg tok bort rota og eg fjerna årsaka og eg vart opphav til herleg frelse, til ånd og sjel og lekam for deg. Derfor i denne kveldsstund er du verkeleg fri, til ånd, til sjel og til lekam. Og er du broten ned på det ytre plan, eg kan reise deg oppatt, er du broten ned i ånda, eg skal blåse liv i deg, så du skal kjenne du blir ein ny skapning. Halleluja.»
Allereie på tysdag såg dei skilnad, utsletta var ikkje så raude lengre, dei var brune og sidan bleikna dei vekk. Men lungebetenninga var framleis hard og søndagen to veker seinare sende dei henne på sjukhuset igjen. Så på møtet i Maranata på kvelden hadde eg både rit takke-emne og ei bønn.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-10-14-m-alt-kjots-gud/ :
Dei brukar å ha bønnesamling ein time før møtet og no var eg og tidleg ute, bønnesamlinga var på kontoret, men Knut og John sat framme i møtelokalet. Knut spurde om eg kunne vere vakt, jau, det var ok for meg. Så fortalde eg korleis det hadde gått med mor mi og Knut spurde om eg kunne vitne om det og ta innleiinga. Eg tenkte litt på det og så sa eg ok.
Innleiing, kjærleik sterk som døden.
Eg innleia med å fortelje om korleis det hadde gått med mor mi,ette eit par dagar fekk eg vite at helveteselden hadde gått attende, dei raude utsletta hadde vorte grå og betrring heldt fram seinare også. Men lungebetenninga var strid og ho vart send på sjukehuset i Volda for nye undersøkingar, dei skulle ta prøve av slimet i lungene for å finne ut kva slags bakteriar det var og tilpasse medisineringa deretter, ho fekk oksygen og intravenøs antibiotika. Så vart ho send heim att. Men i dag var ho så slapp at det var lite og ingen prat i henne, dei fann ut at ho hadde lav blodprosent, så dei sende henne tilbake til sjukehuset. Eg sa at ho var 87 år og at eg var glad og takknemmeleg for at eg har fått hatt henne så lenge.
Så las eg
HSA 8,6 – HSA 8,7 Set meg til eit segl på ditt hjarta, eit segl på din arm! For kjærleiken er sterk som døden og mektig som dødsriket i si trå. Han brenn som logande eld, han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.] 7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken, elvar kan ikkje fløyma han bort. Om einkvan ville gje alt han åtte for kjærleik, så vart han berre til narr.
Når eg las dette, så vart det så sterkt for meg at det vart med ei gråtkvalt stemme, det var ikkje slik at tårene trilla, men eg hadde vanskar med å få fram eit einaste ord, og eg måtte stoppe og be om unnskuldning, for eg er så glad i mot mi og ho er så glad i meg og så og når eg les om kjærleiken her, så tenkte eg på mor mi og på hennar kjærleik. Slik vart det også når eg sidan las ifrå 1.Kor.13.
Så sa eg om ho ”Lytelause Reine” i Høgsangen, at dei andre ungjentene spurde henne kva det er som gjer elskaren hennar så mykje betre enn alle andre menn. Dei forstod det ikkje og ho fekk problem med å forklare det. Det ser vi også når ho gjekk ute i byen og spurde etter kvar det hadde vorte av elskaren hennar, vaktmennene på muren slo henne[1]. Kva er det for slags kvinne som går ute og spør etter kvar det vart av elskaren hennar. Dei forstod det ikkje. Den kjærleiken ho tala om er sterk som døden og Jesus viste oss denne kjærleiken då han døde og stod oppatt for oss, han viste oss kjærleiken frå Gud, den kjærleiken som er sterkare enn døden, denne kjærleiken viste Gud oss ved at han vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, høgt over all makt og mynde.
Så las eg
1KO 13,4 – 1KO 13,8 Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. 8a Kjærleiken fell aldri bort.
Så sa eg at når eg las dette tenkte eg på kjærleiken til mor mi, det er nettopp ein slik kjærleik ho har vist oss og så sa eg at denne kjærleiken er ifrå Gud, det er Jesus som elskar henne som si brud. Så sa eg at eg har bedt Gud om å gje meg ei kone og poenget med det er at ho skal ha den same kjærleiken som mor mi hadde, eg ynskjer at ho skal få oppleve denne kjærleiken frå Gud, at det er Kristus som elskar henne som si brud. Dette er kjærleiksforholdet mellom menigheta og Kristus, for Paulus sa at han hadde framstilt menigheta for Kristus som ei rein møy[2]. Det er slik som det vart sagt i Høgsangen at om nokon ville gje alt han eig i sitt hus, for kjærleiken, så vert han berre for narr. Men Kristus har kjøpt oss til Gud med sitt eige blod, då betalte han prisen for denne kjærleiken for oss, då betalte han for ei slik kone til meg, med denne betalinga kjøpte han meg fri og med denne betalinga kjøpte han henne fri. Mor mi har bedt for meg i alle år og Kristus har høyrt både mine og hennar bøner og eg skulle så inderleg ynskje at ho fekk oppleve at dette bønnesvaret stod der synleg framfor henne før ho døde.
Etterpå kom han som leia møtet (Knut) også opp på talarstolen med eitt eller to bønnebehov til som vi saman med mitt bønnebehov la fram for Gud i bønn.
John Miland talte om at vi har ulike nådegåver og ulike tenester og det var viktig for kvar einskild å vite og forstå kva nådegåve han har og bruke den, kva teneste Gud har kalla han og utrusta han til og komme inn i den tenesta. (1.Kor.12&14). Han fortalte om ein gong når han sjølv var menig soldat, så hadde han funne seg ei offisersuniform og teke på seg og så lurt seg inn på ein offisers-fest. Men der var ein som gjenkjende han og han vart kasta ut. Så den gjekk ikkje. Så samanlikna han dette med tenestene i menigheta, dersom det er den tenesta og oppgåva Gud har gjeve deg er som å vere menig soldat, skal du ikkje prøve deg på ei høgare stilling, altså ved å ta offisersuniforma til ein annan. Har Gud gjeve deg å vere menig soldat, så er det den oppgåva du skal ta deg av, har han gjeve deg ei offisersoppgåve, så er det den oppgåva du skal gjere, det vesentlege er at kvar einskild veit og forstår kva oppgåve Gud har for han og kjem inn i den funsjonen.
Han sa noko om denne mentaliteten som var så tydeleg i visse kretsar, at det var så om å gjere å få mest mogleg folk inn i bibelskular og så sende dei alle ut som forkynnarar og misjonærar, ja, driv med underhaldning[3], men kvar vert det då av dette at med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam, der lemene har ulike oppgåver? Men kvar vert det då av dette, at der skulle vere ulike nådegåver og ulike tenester?
Så sa han at dersom Gud har kalla deg til ei viktig leiaroppgåve, som er som å bere offisersdrakt, som å verte forkynnar, så er det heller slik at du nødig vil gå, for det kostar for kjøtet. Slik var det for han, når Gud kalla han til å verte forkynnar, det var ikkje alle tider så lett. Slik var det for Moses også, han ville unnskylde seg med at han ikkje var så flink til å tale og bad Gud sende ein annan. Når Gud kalla Gideon, prøvde han også å unnskylde seg og bad han om teikn for å verte 110% sikker. Når Gieon då sidan samla folket til strid mot midjanittane sa Herren til han at han hadde for mykje folk med seg, han måtte sende frå seg folk både ein og to gongar, så han hadde igjen berre 300, med dei skulle han slå midjanittane. Våpena dei hadde med seg var nokre faklar som dei hadde stukke ned i nokre krukker og nokre horn til å blåse til strid med, men striden vart mellom midjanittane og amalekittane. Til samanlikning ser vi i vår tid korleis arabarane som er Israels fiendar går til krig mot kvarandre. Til samanlikning med Gideon og hæren hans er vi ein liten flokk, men det vesentlege for oss er å følgjer Herrens kall, då vert vi likevel betydningsfulle, til samanlikning med Gideon og flokken hans. (Dmr.6-7).
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
”Sjå, eg er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite, alt er mogleg for meg, det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der, sjå, det er eg som har all makt i himmel og på jord. Derfor, mitt barn, skal du vende ditt blikk opp til meg og du skal regne med meg, seier Herren, og ikkje stole på menneske, men du skal setje di lit til mine lovnader, seier Herren, for dei står fast og eg står bak mitt Ord. Sjå, slik som eg var med mitt folk i fordoms tider, når dei følgde mine vegar og dei gjekk mine vegar, og tente meg med eit udelt hjerte, ja, då var dei uslåelege, seier Herren, det var ingen som kunne røre ved dei, for sjå, eg er den same i dag, det folk som vender seg til meg og reknar med mi kraft, dei skal få oppleve å gå ifrå siger og til siger og dei skal få oppleve, at eg er den eg har sagt meg å vere.
Eg har jo sagt i mitt ord, korleis det skal vere i den siste tid, før eg kjem att, då skal det vere krig både her og der og det skal høyrest rykte om krig, ja, det skal vere jordskjelv både her og der og folk skal reise seg imot folk, seier Herren. Sjå, det er dette som skjer i dag, seier Herren. Men de, mine barn, de skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda, den går sin undergang i møte. Men de, mine barn, de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til. Sjå, eg kjem snart på skya, for å hente heim dei som ventar meg, dei som er reinsa i mitt blod. Sjå, dei skal eg hente og eg skal føre dei trygt inn i staden med dei faste grunnvollar. Derfor vend ditt blikk til meg, seier Herren, og eg skal forsyrgje deg, eg skal ta vare på deg, inntil du står heime i herlegdomen.”
Kommentar: ….. Seinare på kvelden køyrde til Sunnmøre og var på sjukehuset i Volda kl 8. Visitt-tida var frå 14-19, så eg køyrde opp på Bondalseidet og la meg å sove i bilen. Når eg kom og skulle besøke henne i 12-tida fekk eg vite at ho skulle heim att. Eg fekk gå inn på romet hennar og seie hei til henne, ambulansefolket skulle til å få henne over på båra og eg følgde dei ut. Når ho kom på sjukeheimen prata eg lenge med henne, så ho hadde vorte mykje kvikkare sidan dagen før.
KOMMENTAR 12.6.2024: Eg har vist at i 1990 kalla Jesus meg til ei presteteteneste, det er prestetenesta i den nye pakt, den har vi i grunnen alle fått, men det er tydeleg at han vil gjere noko stort med mi presteteneste, så det er og blir ei ærefull teneste, så eg må høgtideleg kle meg i prestedrakta, til samanlikning med Josva i Sak.3.
Hausten 2024 var det på eit møte ein gammal mann som kjem med profetiske bodskap som kviskra meg i øyret ein bodskap frå Jesus om at eg skulle sjå at han hadde sett fram for meg ei open dør, dit skulle eg gå og tale profetisk. Så eg gjorde som eg hadde tenkt og for til Oslo og var på ei bok-landserings-feste på biologibygget på Blindern og så var eg i møte i Maranata Oslo søndagen etter.
Er dette nådegåve og teneste som Gud har gitt meg, så må eg berre legge vinn på det, ved å innvie meg for Jesus. Jesus er Sanninga, eg og hans kyrkjelyd skal kjennast ved han for Faderen og for menneska og seie og gjere det som er rett. Som menneske er vi avgrensa og det er avgrensa kva vi maktar å gjere, det må vi berre innsjå og erkjenne. Om nokon er soldat, må han bruke soldat-uniform, det har inga hensikt å lest som han er offiser ved å prøve å ta på på seg ei offisers-uniform. Men ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile og den kvila er utgangspunkt for all teneste.
Eg vitna på eit møte i Sion Åheim i januar 2024, om at Jesus hadde sett fram for meg ei open dør, som ingen kunne lukke og invitert meg. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan stenge den døra for meg og er de meg han har invitert, så er det ingen som kan gå inn i staden for meg og tale i staden for meg.
Nei, er det Jesus som har kalla og valt ut meg, så er det ingen som kan erstatte meg og slett ikkje erstatte han. Til tross for at det er nettopp det den Lovlause og Antikrist prøver på.
Surrogatkaffi eller ekte kaffi?
Når John Miland talte på eit møte, avslutta med å fortelje at under krigen fekk dei noko som dei kalla surrogat-kaffi, men etter krigen fekk dei ekte kaffi og det var mykje betre. Dei fekk ekte vare og det ville dei ha. Til samanlikning vil dei ha ekte kristendom, sitat frå
Surrogat-kaffi og surrogat-kristendom?
Til slutt fortalde han om at under krigen fekk dei ikkje lenger skikkeleg kaffi i butikkane, men det vart selt noko som vart kalla surrogatkaffi i staden. Etter krigen kom der skikkeleg kaffi i butikkane igjen, men surrogatkaffien var framleis til sals og ei kvinne fortsette å kjøpe den, sidan den var billigare. Men så vart ho invitert i eit selskap der det vart servert ekte kaffi, så ho fekk smaken på den igjen. Når ho då kom heim att, kasta ho surrogatkaffien og kjøpte skikkeleg kaffi.
Til samanlikning vert det i vår tid presentert mykje surrogatkristendom, men vi vil ha ekte kristendom.
Tungetale ved Karl, tyding ved John.
1A: «Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren. Derfor skal du, mitt barn, du skal vere frimodig, og du skal trenge deg fram. Ja, du kan røre ved saumen av mitt kledeband og du skal få oppleve at det utgår ei kraft ifrå meg, seier Herren. For sjå, eg er midt i mellom dykk i denne stund. For sjå, eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen, eg er den same for dykk i kveld, seier Herren. Derfor rekk ut di trus-hand og eg Herren, eg skal løne deg. Og eg skal svare på dine bøner.»
1.B: «Og du mitt barn som kjenner, at missmodsånda har teke tak i deg. Du skal vite det, at eg har ikkje gitt deg missmodets ånd. Men eg har gitt deg krafta, sindigheita og kjærleikens Ande. Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. Du skal få kjenne, at eg fyller deg med gledens olje og du skal få kjenne at du blir sterk i meg og min veldige kraft, seier Herren. For sjå, eg har alt det, seier Herren. Dine murar står alltid for meg og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.»
Tungetale ved Mari, tyding ved John.
2.A: «Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.»
2.B: «Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.»
Mi bøn og mi preste-teneste.
Eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, då må eg overlate det til han å gjere sitt verk. Kva blir då mi preste-teneste?
Tidleg på hausten 1988 oppdaga eg henne Reella på Blindern og syntest ho var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne, eg hadde ikkje ein gong snakka med henne. Nokre dagar seinare minn den Heilage Ande meg på det og dreiv meg og leia meg slik at møtte på henne. Då sa eg i mitt stille sinn: «Der er ho!». Då fekk eg ei åndeleg openberring, der Jesu openberra seg frå himmelen for meg og henne og sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Og eg er viss på at ho opplevde det, sæle er de som er reine i hjartet, de skal sjå Gud, det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus.
Åra har gått utan at det har vorte noko meir av, om eg framleis tenkte at Jesus ville gi meg henne til kone, så skulle eg vel bøye meg for han i kyrkjelyden og be om det. Siste åra har eg tenk at det er så viktig for meg at han frelser henne at eg tenker meg at eg legg meg langflat for Kristus i mi bøn til han for henne, til samanlikning med Johannes i
Op.1,12 Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, 13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.
17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:
Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. 19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.
20 Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.
Så blir mi presteteneste å bere fram lovprisingsoffer, i tru takke han for frelsa og glede meg i Herren. Og så blir det å bere fram kroppen som eit levande offer.
Heb.13,13 Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære. 14 For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma. 15 Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn. 16 Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.
Når eg studerte realfag, fekk eg sjå det som ei presteteneste, det gav meg visdom som eg takkar Kristus for, fordi han betalte prisen for meg med sitt eige blod.
Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Seint på våren 1989 gjekk eg ein gang forbi henne medan ho lente seg bakover mot eit bord i kantia på biologi-bygget, eg kom så nær henne at eg såg henne ansikt til ansikt, eg tenkte meg at eg bøygde meg ned og gav henne ein klem og eg hevdar og meinar det stemte med min lengsle og tørst etter det levande vatnet. Eg er viss på at både eg og ho hadde den Heilage Ande og kjende velsigninga i det. Eg hevdar det stemte bra med hennar ynskje om å få seg ein brudgom om mann og få born med han som høyrde Gud til, som vi såg i
Malaki.2,15 Er det ikkje éin som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!
16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,
seier Herren, Israels Gud,
og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,
seier Herren, Allhærs Gud.
Så akta dykk vel i sjel og hug
at de ikkje er trulause.
Det høvde med mitt behov om å få ei frelst kvinne til kone og få born med henne som høyrde Gud til, så dei var Guds born.
I det siste har eg tenkt på henne som eit Gud barn og ei frelst sjel som stig fram for Kristus i himmelen, som hans brud. Det er ynskjetenking, som bøn for henne med velsigning. Og Jesus har svara meg at det er verdifullt for han, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/03/31/2024-3-18-ets-jesus-lengtar-etter-at-du-skal-be-han-om-storre-ting-maranata-2-7-2023-ver-himmelvendt/ :
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024.
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måner. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
Ja, Jesus såg til hjarte hennar Reella og salva henne med den Heilage Ande til samanlikning med korleis Samuel salva David til konge. Og når ho stig fram for han, reknar eg med det har som hensikt at han skal regjere gjennom henne som si brud og si kone (Op.19). Ho får stige fram for nådens trone og be Jesus gi henne ein mann som ho får born med, som høyrer han til, så dei er Guds born. Det samsvarar med mi bøn om å få meg ei frelst kvinne til kone, om å få henne til kone. Jesus er Guds Ord og han er det rette svarte for meg og for henne.
Eg bøyer meg for Kristus heime med meg sjølv og i kyrkjelyden og ber og ventar at han vil reise meg opp med bønnesvaret og så er det henne han røyser opp, så ho stig fram og pratar med han?! Ja, for meg er no det midt i blinken som bønnesvar. Jesus er trua sin opphavsmann og fullendar, så eg får berre tru og vone at han vil følge opp og fullføre.
Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, 1.Mos.2, derfor skal også mannen skiljast frå far og mor og halde seg hos kona si. Dersom han gir meg henne til kone, korleis skal eg få det til då då? Her er eit anna poeng, sidan Kristus er den siste Adam, skal vi verte tiltrekt av han og hans herlegdom.
I Maranata og liknande evangeliske kyrkjelydar vert det sata på å hjelpe folk opp av grøfta, dei må bøye kne og be Gud om nåde miskunn og hjelp og det vert til ære for han og det vert til ein viss ære for dei som han brukte til det rettmessig, det betyr ein lærdom om at metoda verka. Det var då som den bortkomne sonen som hadde mista alt. Evangeliets metode er i prinsippet den same, men vi må vere tilpassingsdyktige med metoden vi brukar, ved å sjå at Jesus med oss og lytte til Andens stemme.
For å ta meg sjølv som døme, eg også skal bøye meg for Herren Jesus i forsamlinga, ikkje fordi eg er fullstendig ribba, men eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, erkjenne kva han har gjort for meg til no og takke han for det, i tru og von om at han vil fullføre det. Her er det slik at Gud har gitt meg noko og Jesus vil eg skal bidra med det han har gitt meg og bruke det eg har fått. Men den vonde prøvar å ta det frå meg og det er ein åndskamp.
Gud skapte mannen både mannen og kvinna og gjer dei til si ære og Kristi ære, ved at han skaper dei og frelsar dei i Kristus, så dei vert til ære for Kristus, sin frelsar og Herre. Men her er litt skilnad på mann og kvinne, for mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging og då må ikkje noko prøve å luren han. Kristus er hovudet for mannen, så han er Kristi ære, mennen er hovudet for kvinna, så ho vert mannens ære. I vår tid er det mange som vanvørder dette, tydeleg vis nettopp for å lure mannen, så dei som politikarar og religiøse leiarar framstår som hans konkurrentar. Det var då som den Lovlause.
Sjølv om eg bøyer meg for Kristus i kyrkjelyden og ber han om å få meg ei frelst kvinne til kone, så blir det ikkje dermed rett for dykk å forvente at ho skal bøye seg for dykk og verte gjenstand for dykkar metode i staden. Metodene som Evangeliesenteret brukar til å få alkoholikarar rusfri og få dei opp av grøfta er ikkje heilt relevante her.
Rom.3,7 Men om mi lygn endå klårare syner at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømast som ein syndar? 8 Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den domen dei fortener.
Jesus gjer noko nytt og vil hjelpe meg inn i det nye.
Jesus har minna meg om å ta vare på den fagre skatten og kveike nådegåva. Då har eg tenkt på at han gir meg hjelp i form av ei kone eller to. Eg skulle bruke det han hadde gitt meg, både naturlege evne og nådegåve. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2021/08/26/2021-08-22-filadelfia-ulsteinvik-vitnemote-loft-blikket/ :
«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.
Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Så på eit møte i Filadelfia Ulsteinvik vitna eg om korleis eg bad for henne Reella og fekk bønnesvar. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2022/08/01/2022-07-1724-filadelfia-ulsteinvik-vitnemote-jesus-leier-meg-inn-i-ei-ny-tid/ :
«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.
Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»
Dette minner meg om at når eg byrja på ungdomsskulen viste det seg at eg hadde gode evne i matematikk og det vart til at eg likte naturfag også. Samtidig hadde eg trua på Jesus i hjertet, eg var klar over at der var ein motsetnad mellom det, det låg mykje i tradisjonen, men eg syntest motsetnaden verka kunstig og hadde ei visse om at det var sameinleg. Det verka som eit kjempedigert fjell (Sak.4,7 & Mark.11,23) eg neppe klarde å komme over og det vart som ei dobbeltrolle eg ikkje var komfortabel med, men i det eg let meg forsone på evangeliets grunnvoll, meinte eg at eg fekk det til å stemme.
Når eg gjekk på gymnaset merka eg at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Etter gymnaset bad eg om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar og då fekk ho vite det. Eg tenkte på henne som eit Guds barn og yngste å ta imot henne i samsvar med Matt.18,5, då handla det også om å ta imot Jesus og då måtte eg sjå på han.
Matt.18, I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
…..
10 10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.
Eg yngste å få omfamne henne og gi henne ein klem og eg eg tenkte på det som ei velsigning, sidan det også handla om å ta imot Jesus. Eg forstår dette som lengselen etter livsens vatn, å bøye meg ned å drikke av kjelda med det levande vatnet og leve ved den og av den. Og er overtyda om at den gav liv til hennar sjel og vekte henne opp til liv i samfunn med Kristus som hans brud. Eg yngste ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdt til Faderen som hans barn og i dette kjærleiksforholdet til Kristus som hans brud og det var ein vesentleg grunn til at eg yngste å få henne til kone. Det eg har skrive om denne lengselen, både i forhold til henne og i forhold til henne Reella er viktig og verdifullt for Herren, i følgje bodskapen 18.3.2024.
Men sidan svar det ikkje råd å få snakke med henne. Vinteren 1977 talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skulle vekse. Då visste eg at det var planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge. Men det hadde tydeleg vis ikkje fått så gode vekstvilkår. Og kvifor det? Bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Der var så mykje moralfilosofiske interesse som stod imot, som bokstaven som slår i hel og gjer slutt på vekkinga. Derfor vart det ikkje noko meir prat mellom meg og henne, til tross for at vi vedkjende Jesu namn og fekk oppleve at han var midt i mellom oss.
Den haldninga hindrar utvikling, framgang og vekst og derfor har tydeleg vis ho og mange med henne vorte liggande etter. Eg forstod det slik at ho og mange med henne protesterte mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Paulus grunngav denne læra si både utifrå skapingssoga, forteljinga om syndefallet og evangeliet. Eg tenkte meg og hadde ei viss trua på at Gud skapte oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no, men no er Kristus, er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, så no frelser Gud oss i han og skaper oss i han. Har ho og mange med henne avvist dette, så har dei fornekta Guds Ord, til samanlikning med Saul og då er det ikkje så rart at dei har mista salvinga og gleda i Herren. Kva kan vel eg gjere med det? Halde fram med å høyre forkynninga av Guds Ord, snakke med Jesus og forkynne evangeliet. Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid og evangeliet er det same.
Når eg studerte realfag, var det som om dette fjellet hadde vorte til ei slette og eg forstod studiane som ei presteteneste i den nye pakt, dette vart klart for meg når eg byrja å studere biologi hausten 2014, eg skulle gå den vegen Jesus hadde staka ut for meg og det var den vegen han hadde bana for meg inni den himmelske heilagdomen. Jesus var Sanninga som sette meg fri og når eg studerte realfag, søkte eg sanninga i realfag. Kva var samanhengen? Gud hadde skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege hadde vorte til av det usynlege. Derfor var naturen forståeleg. Men no skaper han noko nytt ved sitt Ord. Jesus er brødet som kom ned frå himmelen og gir verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv.
Den gjerninga Gud vil eg skal gjere er å tru på Jesus (Joh.6,29) og i tru tenker eg på han og tenker meg at Reella stig fram for han som hans brud, det er ynskjetenking og den er gledeleg for meg og verdifull og sikkert gledeleg for Kristus, eg trur og tenker meg at han er Herren hennar brudgom og ektemann og frelser henne som si brud og si kone og gir meg henne som brud og kone, ved at eg bøyer meg for han og lyder han, fyrst og fremst ved å tru på han og tenke på han altså.
Då kjem vel kanskje ho Virtuella og mange med henne til at, det var det som var Guds plan og vilje med henne også, så eg skal ikkje utelukke at Jesus gir meg to koner. Sjølv om der er mykje gode følelsar i hjertet i forelskinga, spesielt når det er med den ekte kjærleiken som er ifrå Gud, så er det også full lovleg å ha visdomen får Gud og hans Ord i det, ja, det er endå til viktig og nødvendig. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Med den visdomen Gud gav meg med sitt Ord og sin Ande innsåg at eg trengde hjelp i form av ei kone. Då måtte eg berre søke Herren av heile mitt hjarte og innvie meg for han. Fyste tenkte eg slik om henne Reella, men kom til at eg måtte tenke slik om henne Virtuella også. Som om Gud gir meg to koner altså. Når den første svikta, fekk eg hjelp av den andre i staden. Slik kunne den første verte tala til rettes, slik at ho vende om til Herren og vert til hjelp for meg som kona mi likevel, sjølv om det betyr at eg frå to koner, til samanlikning med Elkana som hadde to koner. Det var i alle fall ikkje Gud plan og vilje at ho skulle motarbeide meg i staden, det var den vonde som prøvde å ta henne ifrå meg og bruke henne som min fiende, for å motarbeide meg og stå imot den kristne vekkinga, som den Lovlause.
HSA 5,6 – HSA 5,16 Så opna eg døra for min ven, men min ven hadde fare sin veg. Eg vart reint ifrå meg fordi han var borte. Eg leita etter han, men fann han ikkje; eg ropa på han, men han gav ikkje svar. 7 Då møtte eg vaktmennene som sveiv ikring i byen. Dei slo meg så eg fekk sår. Dei reiv sjalet av meg, vaktmennene på murane. 8 “Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer! Om de finn min ven, kva skal de då seia han? At eg er sjuk av kjærleik.” 9 “Kva er din ven framom andre, du fagraste av kvinner? Kva er din ven framom andre, sidan du naudbed oss så?” 10 Min ven er raudleitt og ljos, han skil seg ut mellom ti tusen menn. 11 Hans hovud er som det skiraste gull, og lokkane krusa, svarte som ramnen. 12 Augo er som duer ved rennande bekker. Dei laugar seg i mjølk, der dei kviler i sine holer. 13 Hans kinn er som angande blomesenger, der kryddeurter veks. Lippene er som liljer, dei dryp av rennande myrra. 14 Armane er som stavar av gull, sette med krysolittar, midja er som ei elfenbeins-skive, prydd med safirar. 15 Leggene er som marmorsøyler, reiste på soklar av gull. Hans skapnad er som Libanon, traust som sedrane der. 16 Munnen er full av ynde, og hugnad er heile han. Så er min ven, så er min kjære, de Jerusalems døtrer.
2KO 11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.
[3] Jesus Church sender ut danse-grupper, med moderne dans til kristen musikk. Eg fekk sjå det i ”Jesus Church” og likte det, eg oppatta det slik at det demonstrerte den kristne fridomen og den kristne gleda. Vi må hugse på at David dansa framfor arka og vi må ikkje reagere slik som kona hans som var dotter til Saul. I arka låg det sentrale og viktige vitnemålet i den gamle pakta og desse dansegruppene må berrre syte for at det går klart fram for alle og ein kvar at det er Sanninga i evangeliet dei vil forkynne, den som set oss fri og gjer oss glade og det er den fridomen og den gleda dei vil gje uttrykk for.

