
Biletet.
I bakgrunnen til venstre i bildet ser vi Vest-Kapp, det er der kysten bøyer av mellom Bergen og Trondheim. Til høgre er dei sørlegaste øyane på Sunnmøre. Kystlinja frå Vest-Kapp nordover til Trøndelag vert kalla Møre, så Møre-jarl hadde i si tid oppgava med å verne dette området. I Trøndelag var det Lade-jarl som regjerte.
Møre-jarl og Lade-jarl.

Bilete: slaget ved Hjørungavåg.

Bilete: Håkon Sigurdson ladejarl.
Nidaros-Gardarike-politikk.
Det høyrest rimeleg ut at varjagar kjem av væringar og altså frå norskekysten og Island. Og at Nidaros fungerte som ein hovudstad, med vennskapelege forbindelsar til Gardariket, også gjennom Svealand, så svenskane var med på det sjølv om Sverige ikkje var samla til eitt rike. Dei måtte likevel ha eit så pass ordna samfunn at vikingane kunne mønstre på og av på Svenskekysten, slik som i Rotslagen, kanskje før området fekk det namnet.
Når Astrid Eiriksdottir var gravid, rømde ho frå dei som drap mannen. Der er mange kjelder om kvar ho rømde, men engelske wickipedia tek med ei som er rekna for usikker, at ho rømde til foreldra i Oppland, så rømde ho vidare med son sin til Sverige og gjennom ei farefull ferd kom dei til Gardariket, der dei vart vel mottekne. Sjølv om dette ikkje er heilt påliteleg, kan vi konkludere med at kjeldene rekna dette for ei sannsynleg men farefull ferd. Korleis klarde dei det, korleis kunne det verte arrangert? Ved hjelp av slekta.
Men sidan har Olav Tryggvason vorte rekna for grunnleggaren av Nidaros. Olav Haraldson prøvde å samle Noreg med kristendomen og vart gjort til konge i Nidaros og fekk støtte på Austlandet også, så han samla eit større rike enn tidlegare. Men han fekk mange mot seg og rømde til Sverige og Gardariket. ( https://snl.no/Olav_Tryggvason).
Sidan kom han attende og prøvde å samle riket igjen, men no tok han vegen over fjellet, for å unngå den danske flåten i Øresund. https://en.wikipedia.org/wiki/Olaf_II_of_Norway
Sjølv om han fall på Stiklestad, fekk dette stor betydning for Norge.
Så sveane var med på å arrangere slike reiser for varjagane, sikkert fordi dei for på slike reiser sjølve også.
Korleis hadde det vore med ein ny Nidaros-Gardarike-politikk?
Satire:
Det går no rykte om ein konsultasjons-konferanse i Trondheim for å gjere Nidaros til hovudstad. Fyrst skal det vere synfaring på Stiklestad. Trond-Heim Gisse er visst ein initiativtakarane.
Etterpå vert det oktoberfest som skal gå over fleire dagar. Nokre vil starte oktoberfesten med det same, men heldigvis vart dei minna om at vi fekk pietismen frå Tyskland først og pietistane starta skulegang og fråhaldsrørsle så vi skulle verte modne, sjølvstendige og ansvarlege nok til å styre oss sjølve, så vi kunne få nasjonalt sjølvstende.
Der kjem ein delegasjon med Nordlandsbana og ein med Dovrebana. At dei vel toget har visst noko med miljøvern å gjere og så kjem dei med krav om at toga skal verte meir presise. Dei har med seg eit opplegg for å sjekke rutetidene, det vert kalla rutenisering. Dei har med seg svære nistepakkar og lagar mat-selskap på toget i russisk stil, der det vert servert vodka, så pass det vert skikkeleg rusifisering. Slik vil dei halde fram under konferansen også, for å sette sitt preg på den i konkurranse med oktoberfest-stilen. Men tett før dei kjem til Trondheim vert det vilt kaos, for somme meinar siste stoppestaden er Stikklestad, somme meiner det er Nidaros og andre meiner det er hovudstaden i Rutenia, men dei hugsa ikkje kva den heitte, om det var Kiev, Novgorod, Moskva eller noko anna.
Der kjem konvoyar med fiskebåtar og lystbåtar frå Mørekysten og lengre sør på Vestlandet og heilt ifrå Finnmark. Dei sit i messa og spelar kort og drikk øl og whisky, whiskyen kamuflerer dei gjerne som irish coffee. Og så har dei med seg martini, planen er å tynne ut vodkaen med martini, så ikkje gildet skal verte vulgært, men heller nyte livet med fransk stil. Opplegget ligg opplagt i korta og i drammen, å sette James Bond på saka, for å prøve å finne ut kvar det vart av det sunne bondevitet og den akademiske forstanden.
Seriøst:
Norske viking-kongar, som Olav Trygvason og Olav Haraldson den Heilage, flykta til Gardariket og kom attende for å samle Noreg til eitt rike og det var større enn det Noreg som Harald Hårfagre samla.
Det var vennskapleg kontakt mellom Norden og Gardariket og det var ved at herskarane var i slekt. Dette var politisk verdifullt og fungerte som ei laus overnasjonal tilknytning. Herskarane i Gardariket var vikingar som gjekk over til kristendomen og den verka også til å holde folk saman i fred og dette fekk stor betydning for at Norden vart kristna. Til samanlikning har Nordisk Råd fungert som ei laus samankopling av sjølvstendige nasjonar.
Nidaros hadde ein tradisjon av å fungere som ein hovudstad i eit landområde utan eksakte grenser, midt i Skandinavia og med slike lause forbindelser heilt ned Gardariket. Nokre vil endåtil kalle det hovudstad for Skandinavia med Gardariket. Dette er nok mest spekulasjonar og den var langt ifrå hovudstad i noko imperium, men eg tenker meg Nidaros som eit knutepunkt mellom handelsvegar til samanlikning med Novgorod. Det kan vere vel vert å prøve å fornye ein slik Nidaros-politikk, med Trondheim og Kiev som vennskapsbyar.

