Om lovnadane og profetiane.

Guds rike og tusenårsriket.

Ut på nyåret 2024 var det to predikantar som skreiv i Dagen der dei kritiserte predikanten Finn-Arne Lauvås sitt endetidssyn, som dei kalla preterisme, det betyr allereie oppfyllt. Eg deltok i debatten i kommentarfeltet på fb-sida deira og eg meiner eg vann den diskusjonen der, sjølv om knapt noko kommenterte det, langt mindre diskuterte med meg. Men innlegga mine omredigerte til artiklar som eg kalla “Lovnadane og profetiane #” og la dei ut på denne sida på bloggesida mi. Etter kvart vart det fleire i same stilen, i tillegg la eg ut tidlegare artiklar om same temaet.

Jesus kom for å oppfylle lova og profetane, hans frelseverk er allereie fullført og fullkomen, det må kallast preterisme. Dei som kritiserte Lauvås forsvarte synspunktet til dei tradisjonelle dommedagsprofetane og kan vanskeleg forståast på annan måte enn at dei krev og forventar at nyomvende og nyfrelste menneske skal oppfylle lova og profetiane for dei, i staden for Kristus, som falske profetar og messiasar altså. Og dersom dei ikkje klarer det, skal dei verte bannlyste og utstøtte. Det er den tradisjonelle læra med tidshushaldningar og dispensjonalisme, men den er så dum at den heng ikkje på greip, den heng ikkje i hop i det heile tatt, så den er ikkje noko å komme med.

Den sentrale lovnaden i den gamle pakt var at ved tru skulle vi få komme inn til Guds kvile (Heb.3-4), vi får kvile på grunnlag av at Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Ved å ta imot nåden Gud gir oss i han, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande, slik også får vi kvile, for trua sine gjerningar er fyrst og fremst det som Gud gjer. Vi må ta imot Guds rike som små born, ja, fødast på nytt, for å sjå det og komme inn i det.

Avgudane, laga av stokk og stein er Lygna. Som motsetnad til dette er Jesus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Gud talte og det skjedde, slik skapte han. Jesus er Guds Ord, ved å tru på han og ta imot han får vi den Heilage Ande av berre nåde. Den openberrar Ordet for oss, så vi innser at Jesus er Sanninga i Guds ord og den set oss fri. Med den innsikta får vi også innsikt i profetiane.

Eit vesentleg poeng her er å vise at der er to parallelle linjer i Johannes Openberring som går heilt tilbake til romerske keisarar, det er to ulike politiske linjer altså. I tillegg er der tre overlappande linjer ved dei sju segla, dei sju basunane og dei sju skålene, å vise dette er eit vesentleg poeng med «Lovnad og Profeti 15&17».

Eg er ikkje ein dommedagsprofet, mitt oppdrag er heller å fortelje om nåden Gud gir oss i Kristus, så dersom vi tek imot i tru, har vi noko betre i vente når livet på denne jorda er slutt og dommedagen kjem. For det første er det bryllaupet i himmelen og så kjem Jesu brud ned på den nye jorda.

Men det er også tale om at der kjem eit tusenårsrike på denne jorda. Korleis høver det med forventningane om Jesu gjenkomst? Det er ikkje lett å innsjå og verte klok på. Men eg meiner det er ei god hjelp å sjå på desse parallelle og overlappande linjene.

Lovnaden om å få komme inn til Guds kvile.

Gud kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk og lyste den heilag. Men ved syndefallet fall menneska ut av Guds kvile, så verda vart forbanna. Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. I han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, dei som forbanna han skulle verte forbanna.

Kong David sa at i dag om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjarto dykkar harde, slik som ved Meriba-kjelda. Det viser at det gjenstår ein kviledag for Guds folk. Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile, Heb.3-4.

Tidlegare profetar.

Vi må sjå Johannes Openberring på grunnlag av profetiane til tidlegare profetar og David er ein av dei. Daniel fekk sjå inn i profetboka, men så var resten forsegla inntil Guds Lam opna den for apostelen Johanne, så Johannes Openberring kjem som ei fortsetting av Daniels bok.

Dei fire store rika i Daniels bok er det Babylonske, Mediske, Persiske og det Greske riket. Dei er kvar sine etasjer i biletstøtta Nebukadnesar fekk sjå, men Romarriket er heile biletstøtta til saman.

Sakarja profeterte om dei to tempelvitna (Op.11). Både han, Daniel og Esekiel profeterte om dei fire vindane, det er eit viktig grunnlag for å forstå Johannes Openberring.

Døyparen Johannes gjekk fram i same ånd og kraft som Elia, han forkynte at Jesus har bruda og han døyper oss med den Heilage Ande.