KORLEIS VERE LIBERAL OG SOSIAL?
Bibelen gjev eit svar som viser at den er meir naturvitskapleg enn korleis prestane har lært.
I fylgje liberalismen, skulle mennesket vere fritt og sjølvstendig, men korleis kunne det då vere sosialt? Kva med utviklinga av språket, det skjer då gjennom kommunikasjon med andre menneske. Dette gjev Bibelen eit godt svar på, ved at den talar om eit heilt folk som eitt einskild menneske, ein mann og kona hans, ein mann eller ei kvinne. Med den tolkinga oppdagar vi at Bibelen er meir naturvitskapleg enn kva vi tidlegare har forstått.
Bibelen talar om eit folk som ein person, oftast ættefaren, så det har med naturleg arv å gjere.
Gud er allmektig og personleg og opphavleg levde menneska i samfunn med han, det einskilde mennesket (Adam) levde i eit personleg forhold til han og det var representativt for eit heilt folk, slik er det talande for alle menneske og alle folk. Det var Gud som opphavleg kalla fram folka, slik vart dei ulike folkeslag med kvar sine særpreg (Jes.41,1-5). Dei braut med han, liksom Adam og forstod seg ikkje lenger på det. Sidan tala Bibelen om folkeslaga som ein person, ein mann eller ei kvinne. Som oftast vert folket kalla ved namnet på ættefaren og det kan samanliknast med den naturfaglege interessa for den naturlege nedarvinga.
I Abrahams ætt skulle alle folkeslag velsignast.
Men i Abrahams ætt skulle alle folkeslag velsignast, kven som soleis er Abrahams born er ikkje avgrensa til den naturlege nedarvinga, men dei som har Abrahams tru, er Abrahams born. Sjølv om folka etter naturen er ulike, er Guds mål og hendsikt å kalle einskilmenneske inn i samfunn med seg og slik kallar han framleis på folka, hans plan var heile tida å frelse einskild menneske og den glade bodskapen om at han frelser einskildmenneske skulle forkynnast over heile jorda og det skulle samtidig vere den glade bodskap til dei ulike folka. For han frelser det einskilde mennesket og tek omsorg for det og det fortel også noko om korleis han vil ta omsorg for dei ulike folka.
Folk representert ved sin konge.
Bibelen fortel om riker som oppstod og riker som gjekk til grunne og så påstår den at det er Gud som gjer sitt verk. Det kan samanliknast med korleis Gud skapte Adam og vekte han opp til liv i samfunn med seg, men han braut med han og vart dømd til døden (Fork.3-4). I visse tilfelle er det spesielt tydeleg at han vekker ein mann opp til å vere konge, fyrst og fremst kong David, så son hans Salomo, men så byrja det å gå nedover med dette riket. Gud vekte opp storkongar som rådde over mange folk og gjorde dei til sine tenarar, sjølv om dei frå byrjinga ikkje kjende han, Babylonarkongen Nebukadnesar og persarkongen Kyros (Jes.41,1-5), men desse rika var kortvarige. Ein konge må ha støtte i folket for å få makt, ein storkonge måtte få med seg fleire folk, slik representerte han dei og det verkar som Gud let han representere dei overfor seg på den måten, så han endåtil sa at det var han som hadde reist han opp og gjort han til sin tenar.
Eit folk omtala som sin ættefar, men Israels øvsteprest representerte dei overfor Gud.
Folka vart borførde ved Nebukadnesar, men det var kortvarig, dei fekk komme heim att ved Kyros, så der er ein meir fundamental representasjonen som ligg i at Gud kalla dei ulike folka med namna til ættefarane sine og let dei få kome heim att til landa sine. Korleis skal vi forstå det, når ættefarane er døde for lenge sidan? Det har med identiteten til folket å gjere.
Lewis prestetenest var oppkalla etter den fyrste øvstpresten som tente Gud slik og det verkar som om dette var ein meir fundamental måte å representere folket overfor Gud. For øvstepresten skulle fyrst bere fram syngeoffer for seg sjølv, så kunne han representere folket ved å bere fram syndeoffer for dei. Og Gud reiste opp profetar for at dei skulle gå med hans bodskap til folket. Profeten skulle vere vaktmann på bymuren, som skulle varsle dei om fare som truga (Esekiel.3,17&33,7). Likevel vart der rivner i bymuren, han såg etter om der var nokon som kunne stille seg der til vern mot åtak frå fienden, men han fann ingen (Esekiel.13,5). Dette er symbolsk tale om Israels fråfall, men faren som truga vart svært så reell, for byen vart hærteken, folk vart drepne eller bortførde som trælar, berre nokre få fattige vart att.
Jesus er øvsteprest til evig tid og vi har ei presteteneste ved at vi tener han. Det er individuell fridom, som også skal gjere oss sosiale.
Når jødane kom heim att til landet sitt, var det viktig for dei å bygge opp att tempelet og få i gang prestetenesta igjen. Serubabel leia bygginga og Josva var øvsteprest. Det var ein konfliktfylt situasjon i forhold til nabofolka og profeten Sakarja kom med ein profeti som forklarde situasjonen slik at Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva. Vi kan forstå det som ei innvending mot prestetenesta hans, med det klagemålet kunne han ikkje utføre prestetenesta, kunne ikkje representere folket overfor Gud og be for dei. Men Sakarja profeterte vidare om at Josva skulle sjå framover mot at Guds tenar «Renning» skulle koma, på ein dag skulle synda som kvilte på landet takast bort. Han og embetsbrørne hans var varselmenn om det som skulle koma, for Kristus er øvsteprest til evig tid etter Meleksedisk vis, med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle. Han og dei måtte innsjå at det var det dei måtte nytte seg av og slik vart prestetenesta i den gamle pakta førebilete på prestetenesta i den nye pakta.
Det er dette vi må nytte oss av, så vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Det er ikkje noko som er meir fundamentalt enn dette, for dei gudane som ikkje skapte himmel og jord, dei er ikkje gudar, men den Gud som skapte himmel og jord har openberra si frelse i Kristus. På det grunnlaget ber vi lekamen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud og ber fram lovprisingsoffer, så det er vår presteteneste, slik er kvar mann sin eigen prest.
Liberalisme, privatliv, familieliv og menighetsliv.
Liberalismen legg vekt på individet, det har sjølvstednig verdi (snl.no/liberalisme), det einskilde mennesket skulle vere fritt og sjølvstendig, autonomt, til ein viss grad sjølvstendig eller kanskje mest mogleg sjølvstendig. Men då kjem det i konflikt med sosialt engasjement, kva med utviklinga av språket, det skjer då gjennom kommunikasjon med andre. Bibelen gjev eit godt svar på dette ved at den omtalar eit folk som ein person, Adam var representativ for alle menneske, han var laga av jord og døde, men Kristus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Han gjev oss sin Ande og når vi tek imot den, så tilhøyrer vi han, då er vi frelst. Han gjev oss ånd og liv og skal fylle alt i alle, så vi kan seie at han er vårt liv. Vi får alle del i han, slik det vert symbolisert i nattverden. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Då kan den einskilde kvinna også omtalast som han brud, hans kyrkje, samtidig som den heilage forsamlinga av kvinner og menn vert kalla hans kyrkje, hans brud.