Skip to content

Kampen for tilværet, bølgje-funksjonen og Guds Ord. Svindel, pyramidespel eller truskap mot Sanninga?

 

Dei trudde på ein gud som ikkje eksisterte og venta eg ein annan slags messias.

 

Jødane sitt fråfall.

I det gamle testamentet er det sagt at dei gudane som ikkje skapte himmel og jord, ikkje er gudar. Gudane laga av stokk og stein er berre stokk og stein, der er ikkje ånd i dei, dei ser ikkje høyrer ikkje, talar ikkje, dei frelser ikkje, dei gjer ikkje noko som helst. Men Israels Gud, både ser og høyrer, han talar og han frelser og har omsorg for dei som tek si tilflukt til han.

Det vart tydeleg når Jesus gjekk her på jorda, han gjorde Faderens gjerningar, Gud Fader gjorde sine gjerningar gjennom han. Likevel avviste dei jødiske leiarane han og kravde å få han hendretta, men då gav han seg sjølv som eit syndeoffer for våre våre synder, for å frelse oss. Faderen frelste han frå døden, vekte han opp frå dei dløde og sette han ved si høgre hand i himmelen og salva han til å vere sin Messias og vår frelseskonge.

Sidan stilte dei Stefansus for retten og kravde å få han hendretta, men i si forsvarstale fortalde han dei om han fortalde dei om deira eige fråfall og då vart dei så rasande at dei steina han.

 

 

APG 6,8 – APG 6,15 {STEFANUS}  Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket. 9 Då stod det fram nokre frå den synagoga som vart kalla synagoga for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar. Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus. 10 Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som orda hans var borne av. 11 Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: “Vi har høyrt han tala spottande ord mot Moses og Gud.” 12 På den måten eggja dei opp folket, dei eldste og dei skriftlærde; og så gjekk dei mot han, greip han og drog han med seg inn for Rådet. 13 Der førte dei fram falske vitne som sa: “Denne mannen held ikkje opp med å tala mot den heilage staden og mot lova. [den heilage staden: templet.] 14 Vi har høyrt han seia at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned heilagdomen og endra dei skikkane vi har frå Moses.” 15 Då feste dei augo på han, alle som sat i Rådet, og dei såg at andletet hans var som eit engleandlet.

APG 7,1 – APG 7,60   Då spurde øvstepresten: “Er det sant, dette?” 2 Stefanus svara:  Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud synte seg for Abraham, far vår, medan han budde i Mesopotamia, før han slo seg ned i Karan, 3 og sa til han: Far ut or landet ditt og bort frå ætta di, til det landet som eg vil syna deg! 4 Då reiste han frå Kaldearlandet og busette seg i Karan, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet som de no bur i. 5 Han gav han ikkje noko jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova at han og ætta hans skulle få landet til odel og eige, endå han ikkje hadde born. 6 Og Gud sa til han at ætta hans skulle halda til i eit framandt land, der dei skulle træla for folket og lida vondt i fire hundre år. 7 Men det folket dei skal træla for, vil eg døma, sa Gud, og så skal dei dra ut og halda gudsteneste på denne staden. 8 Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob vart far til dei tolv ættefedrane. 9   Fedrane vart avundsjuke på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han 10 og berga han gjennom alle vanskar. Han lét han vinna godvilje og gjetord for visdom hjå farao, egyptarkongen; og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus. 11 Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat. 12 Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit fyrste gongen. 13 Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans. 14 Då sende Josef bod etter Jakob, far sin, og alt folket sitt, syttifem menneske. 15 Så reiste Jakob ned til Egypt, og der døydde både han og fedrane våre. 16 Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt av Hamor-sønene i Sikem og betalt med sølv. 17   Det leid no fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, og folket hadde vakse og vorte talrikt i Egypt. 18 Då kom det ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste noko om Josef. 19 Han fór med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp. 20 På den tid vart Moses fødd. Han var eit vent barn som Gud hadde hugnad i. I tre månader vart han fostra heime hjå far sin. 21 Så vart han utsett. Men dotter til farao fann han og fostra han opp som sin eigen son. 22 Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han merkte seg ut både i ord og i gjerd. 23   Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med brørne sine, israelittane. 24 Og då han såg ein som vart ille medfaren og leid urett, hjelpte han mannen og slo egyptaren i hel, så mannen fekk retten sin. 25 Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei; men dei skjøna det ikkje. 26 Dagen etter råka han på to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: “De er då brør, karar! Korleis kan de vera så vonde mot kvarandre?” 27 Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: “Kven har sett deg til hovding og domar over oss? 28 Du vil kanskje drepa meg, liksom du drap egyptaren i går?” 29 Dette svaret fekk Moses til å røma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner. 30 Då førti år var lidne, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerrunne. 31 Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare og ville sjå etter, lydde Herrens røyst: 32 Eg er dine fedrars Gud, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud. Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp. 33 Då sa Herren til han: Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord. 34 Eg har sett kor ille folket mitt vert plaga i Egypt; eg har høyrt korleis dei klagar, og eg har stige ned og vil fria dei ut. Kom! For no sender eg deg til Egypt. 35   Denne Moses som dei ikkje ville vita av då dei sa: Kven har sett deg til hovding og domar? – han var det Gud sende til hovding og bergingsmann; og engelen som synte seg for han i klungerrunnen, skulle vera med han og hjelpa han. 36 Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år. 37 Han var det som sa til israelittane: Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. 38 Denne Moses var saman både med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet, og med fedrane våre då dei var samla i øydemarka. Han fekk levande ord som han skulle gje oss. 39 Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg og ynskte seg attende til Egypt 40 og sa til Aron: “Lag oss gudar som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses som førte oss ut or Egypt.” 41 Den gongen laga dei ein kalv og bar fram offer til denne avguden og gledde seg over eit verk dei hadde laga med eigne hender. 42 Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka:  Bar de fram for meg slaktoffer og gåver  dei førti åra i øydemarka, du Israels ætt? 43   Nei, de bar med dykk teltet åt Molok  og stjerna åt guden Romfa,  bilete de laga og tilbad.  Men eg vil flytta dykk bortom Babylon. [Molok: Sjå Tillegg.] 44 I øydemarka hadde fedrane våre vitnemålsteltet med seg. Han som tala til Moses, hadde gjeve påbod om det; Moses skulle laga det etter det førebiletet han fekk sjå. [vitnemålsteltet: Det greske gamle-testamentet nyttar denne nemninga på møteteltet. Sjå 2 Mos 33, 7 ff. “Vitnemålet” er eit namn på Guds lov.] 45 Fedrane våre fekk det i arv, og då Josva var førar, tok dei det med seg inn i det landet dei fekk i eige etter dei folkeslaga som Gud dreiv bort framfor dei. Såleis var det heilt til Davids dagar. 46 Han fann nåde hjå Gud og bad om å få syta for ein bustad til Jakobs ætt. 47 Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud. 48 Men Den Høgste bur ikkje i hus bygde av menneskehand. For såleis talar profeten: 49   Himmelen er min kongsstol  og jorda skammel for mine føter.  Kva slag hus kan de byggja åt meg, seier Herren,  eller kvar er staden der eg kan kvila? 50   Er det ikkje mi hand som har skapt alt dette? 51   Stivnakkar som de er, og uomskorne på hjarta og øyro! Alltid står de Den Heilage Ande imot, de som fedrane dykkar. 52 Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfylgde? Dei drap dei som føreåt forkynte at Den Rettferdige skulle koma, han som de no har svike og slege i hel, [Den Rettferdige: Messias, Kristus. Jfr. 3, 14; 22, 14.] 53 de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.  54 {STEFANUS VERT STEINA}  Då dei høyrde dette, vart dei så harme at dei skar tenner mot han. 55 Men fylt av Den Heilage Ande vende Stefanus augo mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand. 56 Då sa han: “Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.” 57 Men då skreik dei høgt og heldt seg for øyro, og alle som ein storma dei mot han. 58 Dei dreiv han føre seg ut or byen og steina han. Og vitna la kleda sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus. 59 Dei steina Stefanus, medan han bad og sa: “Herre Jesus, ta imot mi ånd!” 60 Så fall han på kne og ropa med høg røyst: “Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!” Då han hadde sagt det, slokna han.

APG 8,1 – APG 8,3   Saulus var samd i at Stefanus vart drepen.  {FORFYLGING}  Same dagen braut det ut ei hard forfylging mot kyrkjelyden i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde kringom i Judea og Samaria. 2 Nokre gudfryktige menn gravla Stefanus og heldt ei stor dødsklage over han. 3 Men Saulus gjekk til åtak på Herrens lyd. Han trengde seg inn i heimane og drog ut både menn og kvinner og fekk dei kasta i fengsel.

 

Kristus eller Antikrist?

 

Paulus sa at dersom Kristus ikkje er oppstått, så er vi skrøpelegare enn alle menneske, men no er han oppstått. Ved å tru at han er oppstått og ta imot han i tru, får vi oppleve at Jesus lever og er med oss og lever i oss. Gud gjer sitt verk i oss og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Derfor er det også så viktig for oss å kjennast ved han, både for Gud og for våre medmenneske.  Jesus er med oss og vil møte dei som vi møter i kvardagen, dette er viktig og verdifullt både for oss og for dei. Han vil gjere sitt verk i lokalmiljøet.

Vi må vere førebudde på at der er dei som vil fornekte han, apostelen Johannes sa at Antikriast fornektar han og at der er mange antikristar.

 

 

1JO 2,18 – 1JO 2,27 {FORNEKTING OG VEDKJENNING}  Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. [salva: Salving er eit bilete på Den Heilage Andens gåve. Sjå 2, 27.] 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet. 26   Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

 

Vi må også vere førebudde på at Antikrist prøver å komme inn i kyrkje og kristne organisasjonar.

 

2TE 2,1 – 2TE 2,12 {DEN LOVLAUSE}  Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, [Den Lovlause: Antikrist. Sjå 1 Joh 2, 18. 22.] 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

 

Dette har no vorte tydeleg ved kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Når vi vender oss til Jesus og tek imot han, så gir vi han makt i våre liv og slik ligg der også makt i vår vedkjenning av at han lever og er med oss og er vår frelsar og Herre. Då ligg der også maktinteresse i å fornekte han, ei slik maktinteresse som låg i å slå han i hel. Bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. Dei førestiller seg nok at dei med lovens bokstav, med moralfilosofi og politisk filosofi skal råde over menneska med diktatorisk makt, men så viste det seg at dei drap den rettferdige frå Gud, for å erstatte Sanninga med Lygna. Det er framleis motsetnadsforholdet, det er framleis interessemotsetnaden.

 

 

 

 

Kjemiprofessor Peter Atkins om trua på Gud.

 

Eg har nyst sett eit interjuv med kjemiprofessor Peter Atkins på youtube, ein videosnutt på ”Closer To Truth” kalla ”Fallacing in arguing for God?”  Spørsmålet var om der er ein Gud som har skapt alle ting, så det høver med ”Big Bang-teoriane”. Han innrømte det ikkje var lett, men påstod historia har vist at menneske putter Gud inn i det som dei ikkje forstår og så held dei fram med å ikkje forstå. Men vitskapsfolk har prøvt å forstå noko meir og då har trua på Gud måtta vike, slik har den vorte avsanna av vitskapen gang på gang. No håper han på at vitskapsfolk finn ein teori som forklarer sjølve opphavet i ”Big Bang”. Han undra seg på korleis dyktige og smarte vitskapsfolk framleis kunne tru på Gud, kanskje dei trengde psykiater?

Men dersom fysikarane finn ein slik ”Grand Unified Teory” (GUT), tek eg det ikkje som eit argument mot trua på Gud, men heller som ei stadfesting av den, for eg trur at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og derfor er universet forståeleg. Men så spørst det kor mykje vi forstår. Om dei finn ein GUT blir det nok ein seier for menneskets intellekt og det er ei stadfesting av at der er ein Gud som har skapt alle ting ved sitt Ord og som har skapt mennesket i si likning. Om nokon påstår noko anna, kva er det då dei førestiller seg som har forårsaka det heile? Dei har hovud med hjerne til å forstå det, men å påstå då at der ikkje er nokon Gud som har skapt det, er som å gå med hovudet under armen.

Så det som Atkins seier her høver ikkje med den Gud som eg trur på, men det høver med trua på avgudane, for den gjorde folk dumme, den gjorde at dei ikkje lærde og forstod. Men Israels Gud er ikkje slik, han er den Gud som har skapt alle ting ved sitt Ord, med trua skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg og det høver med ”Big-Bang-teorien”. Så naturvitskapen har ikkje avsanna dette, men tvert om stadfesta det, det stemmer! Slik kan vi putte trua på Gud inn i det som vi forstår, men med audmjukheit både for Gud og den naturen han har skapt, så vi ikkje forgudar oss sjølve med vår kunnskap, så den vert dogmatisk, så kunnskapen vert til religiøse dogme som om det var gudar som gjer menneska til trælar. Det er den viktige filosofiske lærdomen som spesielt realistar må ha fått med seg, det er feilen som har gjenteke seg så mange gangar og som vi må vere på vakt imot.

Peter Atkins påstår der ikkje er nokon Gud og ikkje noko liv etter døden og talar som om det er vitskap og antyder at vitskapsfolk som trur på eit liv etter døden kanskje treng psykiater. Her meiner eg Atkins går for langt med sin bruk av vitskapen. For det motsette av å tru på det er ikkje å tru på realfag, men å prøve å gjere seg sjølv til gud og tru på avgudar.

 

 

Jesus vil la meg komme vidare i livet.

 

Eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og det gir meg meining med livet. Slik også når eg studerer realfag. Kristus er Sanninga og eg søker den Sanninga også når eg studerer realfag. For meg er det god psykologi og god pedagogikk.

Peter Atkins har skrive læreboka eg hadde i generell kjemi og læreboka eg hadde i fysikalsk kjemi og kvantekjemi. Det siste kurset, KJM2600, har eg ikkje eksamen i enno, for eg møtte ikkje opp på slutteksamenen. Eg kunne ha teke denne eksamenen for lenge sidan og det er no eigentleg litt rart at eg enno ikkje har gjort det. Og no er det for seint, for eg følgde undervisninga våren 2016 og siste frist for å ta eksamenen var våren 2019, for laboratoriekurset er gyldig i tre år. Har eg først teke eksamenen kunne eg ta den oppatt seinare, men no er det erstatta av KJM2601, det overlappar KJM2600 med 70%. No skal dei også gjere bruk av Python, programmeringsprogram som høver godt i realfag. Det kunne eg godt ha tenkt meg, for å sjå grafane til visse funksjonar i dette faget og det kan godt hende eg gjer det, sjølv om eg ikkje tek eksamenen i dette faget.

Jesus har sagt han har sett framfor meg ei opna dør, der han har kalla meg til å gå inn og han ynskjer meg velkommen inn. Og det er for at eg skal komme vidare i livet. Ja, det er vel det som trengst for å komme vidare i studiane også. Eg har fått motstand, noko har prøvt å stoppe meg og hindre meg. Men det er no ikkje akkurat den realfaglege tenkinga som har hindra meg i å komme vidare når eg har studert realfag.

Men motstanden er meir generell og fundamental, det er motstand mot at eg i det heile teke skal få komme vidare i livet. Så det utartar seg som generell motstand mot utvikling og framgang. Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær i himmelrømda, mot verda sine herskarar i dette mørket.

 

Kryptovaluta-spekulasjon.

 

I artikkelen

https://faithandentropy.church/2019/08/22/krypto-valuta-spekulasjon-hoveleg-for-guds-rike-og-smart-for-sma-spararar-eller-svindel-og-lureri-til-samanlikning-med-oslo-politikken/

fortalde eg at eg prøvde meg på kryptovaluta-spekulasjon og fortalde korleis eg tenkte. No kan eg fortelje meir om korleis det gjekk.

 

Educational Center.

 

Eg fekk stadig telefonar, særleg frå utlandet, dei var interessert i mi interesse for å investere i kryptovaluta, så eg slutta å ta slike telefonar. Det hende eg tok telefonen likevel og då var det ofte frå eit selskap som kalla seg «Educational center». Dei visste et hadde investert i kryptovaluta og spurde korleis det gjekk. Nei, det hadde ikkje gått så bra i eine selskapet. Då ville dei gi meg eit betre alternativ. Dei ville ha meg til å laste ned noko programvare, til dømes på telefonen, og så ville dei gi meg opplæring i å bruke den, så kunne eg handle sjølv. Sannsynlegvis var det for å hacke telefon og datamaskin. Eg fortalde eg hadde prøvt å handel aksjar for om lag 20 år sidan, men fann ut at eg hadde ikkje tid til å følgje med. Grunnen til at eg investerte i kryptovaluta, var at eg fekk ein forvaltar som følgde og som i tillegg hadde programvare som dei kalla kunstig intelligens. Og så vil dei gi meg opplæring som varer ein månad for at eg skal ta oppgåva sjølv? Då er no poenget med dette borte. Så eg svarde berre at eg har ikkje tid til dette og avslutta samtal. Så seinare når dei ringde svarde eg nokså kjapt at eg hadde ikkje tid til å snakke med dei og så la eg på. Når forvaltarane sjølve ikkje får til å bruke programvara som dei skryter slik av, kvifor skal eg då laste ned slikt rask og kaste vekk tid på å lære å bruke det?

 

Kodimax.

 

Kodimax hadde ringt til meg frå eit norsk nummer, så eg hadde langt det inn på telefonen og kunne sjå når dei ringde frå det nummeret. Forvaltaren hadde gjort nokre få handlar, så verdien hadde gått opp. Så hadde eg sjølv prøvt og det gjekk automatisk, kortsiktige handelar med gevingst kvar gong. Men om lag eit døgn før eg skulle snakke med han igjen, prøvde eg meg på meir langsiktig handel og då snudde det. Likevel hadde eg om lag ei dobling når eg snakka med han igjen. Dette skulle eg ikkje ha gjort, det var altfor risikabelt og så var det hans oppgåve. Og no ville han ikkje handle meir utan eg eg investerte meir. Typisk pyramidespel altså. Då sa eg at han kunne berre føre pengane tilbake til min bankkonto. Men då handla han med tap til dess det nådde ei nedre grense, der det stoppa av seg sjølv, eg hadde investert 280$ og no hadde eg tapt om lag 50$. Han slutta og sende meg e@post og eg slutta å ta telefonen. Langt om lenge tok eg den likevel. Då hadde eg fått ein ny forvaltar. Han gjorde ein handel medan vi snakka på telefonen og fekk saldoen litt over 300$. Ville eg no investere meir? Nei, eg ville ha pengane tilbake på min bankkonto. Ja vel, men det kunne visst ta opptil 8-10 verker, rart altså, 2 veker vart sagt med det same, men det auka med tida.

Litt seinare, gjekk eg inn på nettsida og såg etter og då hadde han gjort ein kort handel der resten av pengane forsvann, saldoen stod endåtil i minus.

 

Crypto SFS.

 

Min forvaltar i Crypto SFS kalla seg Tom Miller fortalde han var jøde, ja, han siterte til dømes ein salme som han likte så godt. Når eg investerte i Crypto SFS, auka verdien raskt, tydelegvis fordi dei brukte kunstig intelligens  når dei handla, det var kortsiktig og risikabelt. Men med større beløp gjorde dei det berre med forsikring. Elles gjorde dei langsiktige investeringar med i bitcoin, der dei satsa på kursoppgang. Eg stussa litt på kvifor dei ikkje selde når bitcoin var på topp, men han meinte bitcoin ville gå opp til 20000$ på 2-3 månadar, så no var det om å gjere å investere i bitcoin. Prognosene baserte analyser der bitcoin var kopla til nokre amerikanske finans-indeksar. Vi gjorde avtale om at eg skulle få utbetalt 5% kvar månad. Han sende meg link til ei nettside med ein video der journalisten sat og prata med eit par finansielle ekspertar, tydelegvis, og dei meinte at bitcoin ville komme opp i 100000$ innan eit par år.

Men slik gjekk det ikkje. Bitcoin fekk eit par toppar på 13000$ i juni-juli, sidan gjekk den ned til 7000$ ved juletider. Den varierte mykje og eg kan godt tenke meg det var fordi store aktørar, som hadde gode finansielle ekspertar kjøpte og selde. Då er det klart at det som dette «ekspertpanelet» i denne videoen sa, ville verke til å få folk til å investere i bitcoin uansett, med skyhøge forventningar. Vel, ein skal ikkje utelukke at dei verkeleg meinte det, for bitcoin-oppgangen har no vore eventyrleg frå det starta, dei som investerte med det same har sikkert tent fantastisk på det.

Men eg mistenker at her har trua på Gud vorte til trua på bitcoin, med forvaltarane som prestar som ber fram investeringane som offer og med finans-analytikarane som profetar. Kva er det som gjer skilnaden? Profetiane verkar til å drive kursen kunstig høgt. Så der verkar som eit pyramidespel og nokon veit å tene pengar på det.

Dei månadlege utbetalingane kom ikkje, eg sende e@post med spørsmål om det, men fekk ikkje noko forklaring på det. I haust gjekk kursen så langt ned at det braut grensa for tap og det vart selt automatisk. Kursen byrja å gå opp att. Eg gjorde dei merksame på det, denne gangen og ein gang til, prøvde eg å ta ut eit maksimalt beløp, men begge gangane vart det annulert og pengane vart reinvesterte.

Men 13.1.2020. fekk eg e@post frå dei om at dei hadde sendt meg pengane som eg bestilte dagen før og dei bad meg sende dei melding når dei var komne på kontoen min. Då hadde kursen gått litt opp att, så eg hadde hatt ei forteneste på om lag 67%, det ville likevel vere fantastisk bra på 8 månadar. Etter om lag ti dagar sende eg dei melding om at dei ikkje var komne. Dei svarde at min finansielle rådgjevar sa dei var sende, så eg fekk kontakte banken. Men når eg sjølv prøvde å sende e@post til han, vart den avvist. No er det gått tre veker og pengane er enno ikkje komne.

Når eg snakka med min kundebehandlar i banken, sa han at normalt burde dei ha kome innan tre dagar. Det einaste dei treng for å sende dei, var swift-koda til banken og IBAN-nummeret. Det hadde begge desse selskapa fått, i tillegg til kopi av bankkorta mine, rett nok kunne eg teipe over noko på begge sider når eg tok bilde av dei. Men det var no merkeleg, kva skulle dei med det? Han fortalde at han hadde «googla» «Crypto SFS» og det som kom opp då, var at det var svindel.

Javel, men kva er då skilnaden på å tru på Israels Gud og tru på bitcoin? Korleis kan ein tru på Israels Gud utan å verte narra slik?

 

Barnekåret hos Gud og realfag.

 

Gud forsona verda med seg i Kristus, derfor er metode i kristendommen og metode i realfag sameinlege. Men freisting og forføring er ikkje godteke som metode.

 

Bibelen seier at vi er alle syndarar. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Gud forsona verda med seg ved at han let Son sin Jesus Kristus døy på eit kors i staden for oss. Eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, det er psykologi og det er samfunnsfag. Samtidig studerer eg realfag. Og det går godt i hop, for Gud har forsona verda med seg i Kristus. Ved å trua at Jesus stod oppatt frå dei døde får vi oppleve at Jesus gjer oss levande med seg.

Kunnskapssøkinga ved syndefallet var å lokke, freiste og forføre menneska for å få makt over dei i staden for Gud. I vår tid har det vorte tydeleg at der ligg mykje religiøs, politisk og økonomisk maktinteresse i det. Men det er ikkje akseptabelt som metode, verken i kristendomen eller i realfag. Dessverre er det nok ikkje mange som er klar over det og ormen er slu, så her må vi vere på vakt.

I følgje Bibelen er vi alle syndarar og det betyr vel at vi alle søkte kunnskap slik som ved syndefallet. Det var noko vi tok fundamentalt feil av og det førde ikkje noko godt med seg. Det er om å gjere å få retta på det og då treng vi å få endring på det som var årsaka, rykke opp rota til det vonde. Derfor talar eg om metode til å få kunnskap og innsikt. Og metoden ligg i filosofien og rasjonaliteten. Og eg vil seie det slik at rasjonaliteten i kunnskapssøkinga ved syndefallet var å finne ein kunnskap som kunne brukast til argument mot at menneska skulle leve i samfunn med Gud, finne grunn for å forbanne altså. Men Gud er kjærleik, så det kan også seiast slik at det var å prøve å finne motiv for å svar på kjærleiken med hat, det var å prøve å finne motiv for å hate. Det er rasjonaliteten og livsforma til ormen, så etter syndefallet sett Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt.

Og så hender det eg lurer litt på kva slags dyreart og dyregruppe diverse prestar og politikarar tilhøyrer og representerer, sidan deira mål og meining med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er å drive baluba, så det ikkje går an å snakke med dei på ein vitug og forstandig måte.

Lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Kristus. Lovens bokstav slår i hel. Men Anden gjer levande. Den får vi av berre nåde ved trua på Kristus, vi må trua at han stod opp att frå dei døde, det viste at han av herlegdoms Ande er Guds veldige Son, så ved den trua får vi oppleve at han gjer oss levande ved sin Ande. Den overtyder oss om at han er Herre og då er det viktig for oss å vedkjenne at han er Herre. Det er herleg å få oppleve samfunnet med han, derfor er det også viktig for oss å lovprise han som vår frelsar og Herre, vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande og det er herleg.

I matematikk er det vanleg å bevise noko ved å resonnere utifrå meir grunnleggande setningar. Eller vi kan resonnere utifrå setninga som skal bevisast, dersom det fører til ei sjølvmotseiing, har vi motbevist den, vi kallar det bevis ved kontradiksjon. Dersom vi i staden går ut ifrå det motsette og det fører til sjølvmotseiing, så har vi motbevist at påstanden var feil, altså er den rett. Det kallar vi bevis ved kontraposisjon.

Det er altså viktig å få lov til å tenke utifrå ein påstand, same enten den er rett eller ikkje, berre tenkinga er rett, så kan ein finne ut om påstanden er rett eller ikkje. I den hypotetisk deduktive metode vert påstanden i tillegg prøvt mot eksperiment. Så vi prøver å finne ein mest mogleg rett og god teori med prøving og feiling, men val av hypotese og erfaring. Då er det også klart at vår fridom til å velje blir viktig her, det er viktig for oss å verer fri til å velje ein påstand eller ei hypotese og prøve den. Når vi finn ut kva som er rett, er det viktig for oss å erkjenne det og seie det og få lov til å velje og gjere bruk av det som vi kjem til er rett. Dersom vi ville bevise ein påstand med kontraposisjon, så formulerte vi anti-påstanden og ville bruke den. Men så kjem der nokon å påstår at du har velt den og då får du pent halde fram med det, for dei vil bruke den politisk. Så kjem nokre andre og seier det same, men fordi dei vil kjempe mot den politikken og derfor vil dei halde deg for å vere deira fiende. Det er ikkje slik det verkar i realfag. Eg skal likevel ikkje utelukke at der kan vere forskingsprosjekt også i realfag der slike motsetnadar utspelar seg slik.

Slik også med den evangeliske forkynninga, Jesus er vegen til Faderen, vegen til livet. Den er smal og vi må heile tida velje rett for å gå framover på den vegen. Om vi tek av frå vegen, skal vi høyre ei stemme bak oss som seier at dette er vegen, vandre på den. Men her er det tydeleg at slike interessemotsetnadar utspelar seg i langt større grad. Det viser seg ved at dei ikkje vil vite av vår vedkjenning av Jesu namn. Men i følgje apostelen Johannes er det Antikrist som fornektar Faderen og Sonen.

 

Gud elskar sine born, han oppseder dei og lærer dei opp og har omsorg for dei og slik har han omsorg for sine henders verk.

 

Men la oss tenke oss ein mann og ei kvinne som elskar kvarandre og gifter seg og får born. Dei elskar borna sine og har omsorg for dei og når dei byrjar å prate gleder dei seg over det, pratar med dei så dei lærer seg å prate, dei lærer dei opp og gleder seg over at dei lærer, veks og utviklar seg. Om den vesle gutungen deira seier noko feil, så vil dei ikkje seie til han at det du sa var feil, du lyg og derfor bør du helst berre teie stilt, så haldt kjeft. Nei dei elskar han og vil møte han og prate med han på det nivået som han befinn seg. Det er også anerkjend pedagogikk.

Slik er også Bibelens Gud ein god far som elskar oss som sine born, som oppseder oss og lærer oss opp og har omsorg for oss. Som hans born gjer vi soleis heilt rett i å putte han inn i det som vi ikkje veit og ikkje forstår. Men meininga med det er ikkje at vi skal halde fram med å vere uvitande og dumme, men at han møter oss på det nivået vi befinn oss, for å lære oss opp og oppsede oss med sitt Ord og sin Ande. Slik også når vi går på skule for å lære oss noko og same kva for slags fagområde vi satsar på. Same enten det er yrkesfag eller meir teoretiske fag.

I eit moderne samfunn har alle meir eller mindre utdanning og dess meir velutvikla det er dess meir utdanning har folket og det betyr også spesialisering. Om nokon er spesialist på sitt fagområde, kan vedkommande uttale seg med stor fagleg tyngde på sitt område, men det betyr ikkje at vedkommande kan framstille seg som gud for andre og nærmast utradere andre fagområde med sitt eige fagområde. Eg har til dømes vore fiskar og då har eg vorte opplærd ved erfaring gjennom praktisk arbeid og eg har studert realfag og vorte opplærd ved metode i realfag. Samtidig har eg søkt samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og vorte opplærd ved Guds Ord og Guds Ande. Det er eit anna fagområde, men det har vore viktig og verdifullt for meg både når eg har vore fiskar og når eg har vore student. Erfaring frå praktisk arbeid har verdi for meg i realfagsstudiet og det her igjen verdi for meg når eg studerer Bibelen. Nåden og sanninga kom ved Kristus og det har verdi for meg i kvardagen, i mitt daglege liv, og slik har det også verdi for meg når eg studerer realfag.

Når eg byrja å studere realfag, var det av intellektuell interesse og det vart ei utfordring for intellektet. Så eg hadde ei viss interesse av å ta den utfordringa også og kvifor ikkje? Jesu likning om talentane gav meg eit godt svar på det, så her var det om å gjere å rekne med at Gud var ein god, nådig og miskunnsam husbond som gav meg talentar som eg kunne handle med og då var det berre om å gjere å ta imot av berre nåde og bruke dei talentane han gav meg. Eg kunne putte Gud inn i både det som eg visste og forstod og det som eg ikkje visste eller forstod. Eg var Jesu læresvein også når eg studerte realfag, han sa til meg at han møtte meg på mitt nivå.

Den sanne Gud er nådig og miskunnsam og har omsorg for sine born og sine henders verk. Han let si sol skine over både vonde og gode.

 

MTT 5,43 – MTT 5,48 {ELSKA FIENDANE DYKKAR!}  De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din. 44 Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk,  [velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk: finst berre i yngre handskrifter. Sjå Luk 6, 27 f.] 45 så de kan vera born åt Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode, og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. 46 Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? 47 Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same? 48 Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.  [fullkomne: same greske ordet som i 19, 21 er attgjeve med “heilhjarta”. Ordlaget knyter til heilagdomsbodet i GT (3 Mos 19, 2), og vert her nytta om ein heil og udelt kjærleik til Gud og menneske (sml. 5 Mos 18, 13; 1 Kong 8, 61; Sal 15, 2; 119, 1).]

 

 

 

 

Filosofien og logikken i trua på Gud og i naturvitskapen.

 

Når Gud kalla Moses til å gå til jødane med den frigjerande bodskapen, spurde Moses kven han skulle seie som hadde sendt han og han fekk som svar at det var Abraham, Isak og Jakobs Gud og dei skulle kalle han ”Eg er” (Jahve), for han er den han er. Utsagnet ”eg er den eg er”, er ein tautologi, den er er alltid sann. Mange meiner at slike utsegner har lita betydning for den verkelege verda. Men vi trur at Gud er ånd, han og hans rike er ein åndeleg røyndom, han har skapt den fysiske røyndomen og har makt over den og nettopp slik har han stor betydning for oss likevel.

Men for at ei utsegn skal vere vitskapleg, som hypotese og som teori, må den i følgje Karl Popper vere negerbar. Når ei hypotese vert prøvd og består sine prøver, blir den til teori. Vitskapen består av slike teoriar. Det er ikkje noko som vert avgjort ved bruk av fysisk makt, som eit resultat av den sterkaste sin rett. Det er heller ikkje noko som vert avgjort av folkemeininga ved allmenn stemmerett. Det er heller ikkje noko  for du må vere kvalifisert for å uttale deg om det.

Der er setningar i utviklingslæra som ikkje kan prøvast empirisk, altså er dei ikkje naturvitskaplege. Og kva så? Den fortel at livet er ein kamp for tilvære. Men om så nokon vinn ein slik kamp ved bruk av fysisk makt, er ikkje bruk av fysisk makt nok til å avgjere kva som er vitskapleg rett.

I den samanheng høver det å minne om Sakarja sin profeti om at Gud ville gjere sitt verk ved sin Ande.

 

SKR 4,1 – SKR 4,7 {LJOSESTAKEN OG VINTREA}  Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen. 2 Han spurde meg: “Kva ser du?” Eg svara: “Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han. 3 Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.” [to oliventre: bilete på dei to leiarane som Gud har salva: Josva og Serubabel. Sml. v. 14.] 4 Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: “Kva tyder dette, herre?” 5 Engelen som tala med meg, sa: “Veit du ikkje kva dette tyder?” Eg svara: “Nei, herre.” 6 Då tok han til ords og sa til meg:   Dette er Herrens ord til Serubabel:  Ikkje med makt og ikkje med kraft,  men med min Ande,  seier Herren, Allhærs Gud.  7   Kven er vel du, du mektige fjell?  Framfor Serubabel skal du verta ei slette.  Han skal føra fram toppsteinen,  medan dei ropar:  “Nåde, nåde vere med han!” [føra fram toppsteinen: fullføra tempelbygget (v. 9).]

 

Dette er ein profeti om den  kristne kyrkja som vert bygd på evangeliets grunnvoll. Gud gjorde sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, så menneske kom til tru og erkjente Sanninga. Ikkje fordi dei vart tvinga til det ved bruk av fysisk makt, men fordi dei vart overtyda og kom til tru. Trua kom av forkynninga og forkynninga av Kristi Ord.

Kristendomen og naturvitskapen har det til felles at det vert først og fremst satsa på at menneske skal verte overtyda utan å verte tvinga ved bruk av fysisk makt. Historisk sett har evangelisk kristendom soleis vore grunnleggande for den nye naturvitskapen og den er og blir framleis så fundamental.

Vi får alle oppleve og erfare at livet er ein kamp for tilværet, kvar på vår måte. Det ser vi også i det gamle testamentet, men jødane vart opplærde til å søke tilflukt hos Israels Gud. Det er fortalt om mange kongar som ovmoda seg og mot Israels Gud og gjorde seg sjølve til gudar, men som vart straffa for det. Til dømes assyrarkongen. I følgje Bibelen var det Israels Gud som gjorde sitt verk med han og gjorde han mektig, men han forstod det  ikkje og hevda at det var han sjølv som gjorde sitt verk. Men då mista han makta si. Slik gjekk det med mange store riker og kulturar, dei gjekk dukken. Det er skrive til åtvaring for vårt samfunn og vår kultur også.

Vitskapsfolk har lært å forstå svært mykje om korleis ting har vorte til. Men det betyr ikkje at dei er gudane som har laga det slik og fått det til. Politikarar har vorte mektige, men det betyr ikkje at dei er gudane som har laga det slik. Om vitskapsfolk og politikarar ovmodar seg og gjer seg til gudar på den måten, så er det fare på ferde.

Nokre påstår at deira Gud finst. Andre påstår at han ikkje finst. Nokre talar om ein gud som ikkje finst og påstår at gud ikkje finst. Men min Gud finst og derfor påstår eg at han finst. Eg snakkar med han kvar dag og han høyrer meg. Eg snakkar med han om problem som eg møter i kvardagen. Når eg studerer realfag, snakkar eg med han om det også.

Men det problemet som ofte har vist seg i historia, er at nokon avviser Guds nåde og miskunn og heller ikkje er nådige og miskunnsame mot andre. Dei lesser byrder på andre. Sidan dei ikkje trur at Gud har skapt alle ting, prøver dei å gjere seg sjølve til gudar i staden. Dei er ikkje i stand til å gjere Guds verk, men dei legg oppgåva på andre i staden, slik lesser dei tunge byrder på dei. Dei er heller ikkje i stand til å gjere Guds verk, men med dette kravet vert dei gjorde til trælar.

I 1.Mos.1 er det sagt at Gud skapte menneska i si likning, til mann og kvinne skapte han dei. Då skal vi vel også vere i stand til å tenke litt meir slik som Gud. Ved trua skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Men kor mykje forstår vi? Med moderne vitskap forstår vi mykje meir enn kva menneska har gjort i tidlegare tider.

Dei lærde diskuterer om Gud eksisterer og då er det mange naturvitarar som kallar seg ateistar og argumenterer mot den kristne trua. Men Bibelen stiller opp ei litt anna problemstilling og det er om mennesket med sin kunnskap vil prøve å gjere seg sjølv liksom Gud. Kunnskapstreet gav vit på godt og vondt, så det var tydelegvis ein moralfilosofisk kunnskap som dei prøvde å forgude seg sjølve med. Men då vart dei dåra, dei tapte den åndelege og rasjonalistiske innsikta og forstod seg ikkje lengre på det. Så dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit. Det er den dåringa naturvitaren og realisten må passe seg for. Vi studerer naturen slik som den er, utan å prøve å gjere oss til gudar som skap prøve å endre den, ikkje på nokon annan måte enn å dyrke og verne hagen.

Og vi som trur at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, tek imot hans Ord i tru og med det prøver vi å forstå oss på det. Det kan vi gjere med den naturfaglege kunnskapen også. Naturvitarar, realistar og teknokratar stiller hypoteser og prøver dei og det er no klart at då er det om å gjere å vere ærlege i si søking etter kunnskap, for det er om å gjere å komme fram til ein teori som er mest mogleg haldbar. Det har hendt at nokon har fere med fusk og det har hendt at nokon har lurt seg sjølve, men det er sjeldan.

Men Gud talar også til oss i viljens område, for å kalle oss inn i samfunn med seg og for å leie oss i framtida. Han gir oss barnekår hos seg og lærer oss å be til han, som born som ber sin far om å gi dei gode gåver. Bøna kan samanliknast med ei hypotese, den er som eit forslag. Då også må vi vere ærlege og seie kva vi eigentleg vil og meiner og så ta imot den rettleiinga og det svaret som, han gir oss med sitt Ord og sin Ande. Vi må komme til Jesus slik som vi er og så må vi la Gud gjere sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Han skaper oss i Kristus Jesus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2, for han er den same no.an

La oss tenke oss at der er ein student eller ein forskar som gjer eit eksperiment eller ei undersøking. Så er der moralfilosofar og politiske filosofar som er interessert i makt og derfor vil dei ha eit bestemt resultat, så dei forfalskar eksperimentet eller undersøkinga, for å få det resultatet dei ynskjer. Det er sjølvsagt ikkje akseptabelt. Det er nok meir vanleg å bestille ei undersøking, så resultatet blir eit yngst bestillingsverk.

Når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, ligg der opplagt mykje makt i det, for meininga er då at Gud skal få makt i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Vi sannar at Kristus er Guds Son, vår frelsar og Herre og gir han slik makt i våre liv. Då må vi også vere førebudde på at det kan komme i konflikt med verdslege maktinteresser. Men Gud har forsona verda med seg i Kristus. Det må vi tru på og så forkynne den trua, medan vi er himmelvende.

 

Gud elskar meg i Kristus og gir meg ei frelst kvinne til kone.

 

Eg trur at Gud eksisterer og på sett og vis kan eg seie at eg veit det, for eg påkallar Kristus som min frelser og Herre og ber han frelse menneske og eg får oppleve at han svarar meg. Så min Gud er den levande og sanne Gud. Nokre kan seie at dei også trur på Gud og likevel seie meg imot. Andre kan seie at han ikkje eksisterer og seie meg imot på den måten. Men kva med våre demokratiske rettar i denne samanheng? Dersom eg seier at Herren er min Gud, kan vel ingen nekte meg det? Dei framstiller seg som så vise at fru Svimesen blir helt dåneferdige, det er som om ho svimer av så det ikkje lenger er mogleg å snakke med henne som eit medmenneske. Kvinna blir så forgjorde at det går ikkje lenger an å snakke med henne på ein vitug og forstandig måte.

Kristus døde i staden for meg, han betalte prisen for meg med sitt eige blod, for å kjøpe til Gud så eg skal tilhøyre han og leve for han. Den levande og sanne Gud er min Gud, han svarer meg, han frelser menneske, han gjer alle ting nye.

 

Eg har fått oppleve at livet er ein  kamp for tilværet, både som fiskar og som realfags-student, men eg har audmjuka meg for Gud og søkt samfunn med han på evangeliets grunnvoll og bedt han om nåde og hjelp. Og han har svart meg, han gjer sitt verk med meg og med oss, med sitt Ord og sin Ande, han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med 1.Mos.2. For han er den same no. Eg skal heilhjarta halde meg til han, så kjem han meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg han gir meg hjelp i form av ei kone.

No kan det vel vere at kristne seier imot, til tross for at dette samsvarar med Guds ord og han svarar meg positivt på mi bøn. Kanskje seier dei imot ved å argumentere mot det utviklingslæra seier om at livet er ein kamp for tilværet. Men det er ein naturvitskapleg teori og den vert ikkje avgjort utifrå folkemeininga. Men om dei seier imot, så utartar det seg som ein kamp mot mitt tilvære og slik utartar det seg for mange andre også. Det utartar seg som om dei  har fått miskunn, men vil ikkje vise miskunn mot meg og mange andre. I skapingssoga er det sagt at Gud skapte kvinne av mannens sidebein, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han og i følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette har det vorte protestert imot, så kvinna vert politisert i staden for å verte opplærd til å vere kone, ho vert opplærd til å svare på kjærleiken med hat og kjempe mot mannens tilvære i staden. Det er slik som med Israels fråfall. Mor Israel var Guds kone, men ho byrja å kalle han for sin Ba’al i staden. Dei trudde på ein gud som ikkje eksisterte og venta seg ein annan slags messias.

I den gamle pakt vart omskjeringa gjort på mannens kjønnslem og det fortel oss at han skal la Gud råde over kjønnslivet. Det er førebilete på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande i den nye pakta,  Gud utgyt sin  Ande over alt kjøt, så vi skal la Anden råde over kjøtets lyst, spesielt skal vi la den råde over kjønnslysta. Vi får den Heilage Ande ved trua på at Jesus stod opp att frå dei døde, han sette seg ved Faderens høgre hand og vart salva til å vere vår frelsekonge. Han vart salva med gledes olje, den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv så vi får oppleve at han lever i oss, han er Guds elska Son og det er han i oss, så vi får oppleve Faderens kjærleik i våre liv, det er den sanne kjærleiken og den er herleg, den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for  oss som vår frelsar og Herre. Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Den herlegdomen overgår alt det verda har å by på. Med den kjærleiken og herlegdomen håper eg også at Gud frelser ei kvinne og gir meg henne til kone. Då er det altså ved at ho vert tiltrekt av Kristus og hans herlegdom, som hans brud, ho tek imot han kjærleik og svarar på den med kjærleik. Kristus elskar meg, derfor elskar eg han. Han lever i meg. Han elskar henne og derfor elskar ho han. Og no er det henne Reella eg tenker på, ho er ei biologidame.

 

 

 

Fysikk og evangelium.

Dobbelt-spalte-eksperimentet forklart på ”Respect Your Intellect”.

 

Eg har nyst sett ein video-snutt på ”Respect Your Intellect” på youtube om dobbeltspalte-eksperimentet, den er kalla ”Double Slit Eksperiment explained Step-By-Step”. John seier at dei har gjort eksperimentet med å plassere eit kamera som observerer partiklane sett frå sida, først rett før dei fer gjennom dobbeltspalta (”Which Way-eksperiment) og så rett etter dei har passert den (”Deleyed Choise experiment”). Og dei har gjort  eksperimentet med eitt og eitt foton. Om eg skal ta dette heilt bokstaveleg, vil eg med mine fysikk-kunnskapar hevde at det er ikkje mogleg å ”sjå” eit foton frå sida på denne måten, ein må reflektere det eller absorbere det for å observere det. Same problemet får vi om vi skal observere elementærpartiklar. Men eksperimenta har vorte gjort med atom og molekyl med opp til 810 atom med over 10000 atomære masse-einingar i 2013. Om så store atom reflekterer eit foton, blir ikkje retninga deira endra  særleg mykje og med slike reflekterte foton kan det som skjer filmast. Elles begriper no ikkje eg korleis slike eksperiment kan gjerast.

Resultatet av eksperimentet var at dersom kameraet på framsida av spalta var påslått, så vi fann ut kva spalte partikkelen gjekk gjennom, så fekk vi ikkje interferensmønster på skjermen. Slo vi av kameraet, så det ikkje vart registrert, så fekk vi interferensmønster. Det same skjedde om kameraet var plassert på baksida av skjermen. Konklusjonen er altså at med kameraet på framsida spurde vi partikkelen kva spalte den ville velgje og då valde den både spalte og spor til den spalta. Med kameraet på baksida av spalta spurde vi partikkelen kva splate den hadde gått gjennom og då valde den kva spalte den hadde gått gjennom og kva spor den hadde teke til spalta, som om den der og då avgjorde kva som hadde skjett i fortida. Men dersom begge kamera var avslått, trengde den ikkje svare på det, då heldt den fram med å vere som ei bølge som gjekk gjennom begge spaltene og ”interfera” med seg sjølv på baksida av spalta, som om den vart til to bølger som kom ut av dei to spaltene og der vart interferens mellom dei og derfor fekk vi diffraksjonsmønster på skjermen. Det framkom etter at ein og ein partikkel vart sendt mot spalta mange nok gongar.

Kameraet er eit måleinstrument som bestemmer posisjonen og farta til partikkelen og det vert kalla kollaps av bølgefunksjonen, i dette tilfellet betyr det at partikkelen ikkje lenger er som ei bølge som går gjennom begge spaltene. I følgje Heisenbergs uskarphetsrelasjon er der ein  nedre grense for kor nøyaktige produktet av posisjon og fart kan fastsetjast og det betyr no at der framleis er ein bølgefunksjon. Farta er ein vektor, så det er informasjon om retninga også. I dette tilfellet kan uskarphetsrelasjonen bety at bildet av spalta vert noko breiare enn sjølve spalta.

John fortalde at folk har spekulert i om resultatet av eksperimentet er avhengig av vår bevisstheit, men det har vorte avsanna ved eksperiment. (Det var no bra, så kan vi kanskje også håpe å sleppe å høyre om folk som påstår at månens eksistens er avhengig av om dei ser den.) Men John talar om kollapsen av bølgefunksjonen som eit møte mellom kvantefysikken og den reelle verda, den tradisjonelle makaniske verda altså. Kvantefysikken er no reell den også, sjølv om den verkar så teoretisk. Den er teoretisk ved at partiklane er som ein bølgefunksjon, ein matematisk formel, ei likning. Ved ein interaksjon mellom partiklar, som ved ei måling, vert formelen utrekna, likninga vert løyst, så vi får eit svar. Men det verkar som om naturen sjølv minimaliserer slike utrekningar. Det verkar altså som om kvantefysikken er meir teoretisk enn den ”reelle”, mekaniske verda som vi sansar. I klassisk mekanikk har vi determinisme, men tenkinga vår er ikkje slik, den er logisk deduksjon, synsing ved å velje ei hypotese, ein formel, og logisk deduksjon ved å tenke ut i frå den, sette inn verdiar og rekne ut formelen. Og det verkar som om kvantefysikken også er slik. Men noko tid som trengst for å rekne det ut er ikkje relevant, ikkje målbart.

 

 

Delayed Choice Quantum Eraser Experiment Explained.

 

I ein seinare video, ”Delayed Choice Quantum Eraser Experiment Explained”, forklarer John korleis dobbeltspalte-eksperimentet vart gjort med foton. Med ein krystall vart det splitta i to foton med halva av energien til kvart av dei. Signal-fotonet fortsette rett fram, det andre vart reflektert til sida, så ved å registrere det, fann dei ut kva spalte signal-fotonet for gjennom. Så vi kan kalle det info-fotonet. Signal-fotonet gav no altså ikkje diffraksjonsmønster. Dei to fotona er samanfiltra og vi veit at det verkar som om det vert utveksla informasjon mellom dei momentant, same kor langt dei er ifrå kvarandre.

Men når dei hadde kameraet bak spalta, tok dei så å reflekterte dei to fotona inn mot ein krystall som sende dei ut att i same retning, så det ikkje lenger var mogleg å vite kva som var signal-fotonet og kva som var info-fotonet. Info-fotonet gav dei ikkje lengre informasjon om kva veg det opphavlege fotonet hadde teke, herav namnet på eksperimentetet: ”Delayed Choice Quantum Eraser Experiment”. Då fekk dei diffraksjon igjen.

Denne beskrivinga av eksperimentet er som om det vart gjort med eit foton. Men John beskriv det som om to foton A og B kjem ut av kvar si spalte. Krystallen splittar A  i A-signal-foton og A-info-foton og B i B-signal-foton og B-info-foton. Signalfotona vert send til skjermen, men sidan info-fotona gir oss informasjon om kva spalte dei for gjennom, gir dei ikkje diffraksjonsmønster. Men når info-fotona vert mot ein krystall der dei enten fer tvert gjennom eller vert reflekterte til sides, veit vi ikkje lenger kva spalte dei for gjennom, dei gir oss ikkje lengre den informasjonen. Då gir signal-fotona diffraksjonsmønster. Og det sjølv om dei treff skjermen før info-fotona treff den siste krystallen, altså før informasjonen vart tapt, som om det at info-fotona møtte krystallen vart avgjerande for det som tidlegare skjedde med signal-fotona. Det kan kanskje ha noko å gjere med at fotona ikkje oppleverer tid, sidan dei fer med lysets fart.

Her er det tale om informasjonen vi kan ha om eit system, så det minner om entropilova, den seier at ved ein energiprosess vil det ikkje verte meir orden, men heller meir uorden. Meir uorden kan også forklarast som tap av informasjon som vi kan ha av eit system. Energiprosessen er at det vert gjort eit arbeid og då vert det også varmeutvikling, i følgje termodynamikkens første hovudlov. Og varmeutviklinga betyr auka entropi i følge termodynamikkens andre hovudlov, entropilova. Og entropien er eit mål for uorden. Auka uorden kan også forståast som tap av informasjon vi kan ha om eit system.

I dette eksperimentet er der ingen slik energiprosess. Fotonet som vert splitta i to, er eitt system med same energi, det har ikkje vorte gjort arbeid og det har ikkje tapt energi som varme, sjølv om dei har vorte reflekterte, ikkje før dei vert absorberte. Vi talar om å vinne informasjon om systemet og moglegheita for å tape slik informasjon, men for vårt vedkommande får vi informasjonen først når minst eitt av dei er absorbert. Det rare er at signal-fotonet veit korleis det i framtida vil gå med info-fotonet og når det vert absorbert får vi også vite det. Dersom dei som seinare observerte info-fotonet, får greie på kva spalte det for gjennom, med si oppstilling av eksperimentet, så veit signal-fotonet det også og vi får ikkje diffraksjon. Dersom eksperimentet deira ikkje gir den informasjonen, så veit ikkje signal-fotonet det heller, derfor får vi diffraksjon. Det er eksperiment-oppstillinga som avgjer, ikkje om der er menneske som observerer det.

Det minner om entropilova, sidan det er tale om informasjon vi kan ha om systemet, så det kan tyde på ei fysisk lov som er meir fundamental og meir allmenngyldig enn entropilova, slik den har vorte formulert til no. Dersom vi først har ei spalte som fotona kunne fare gjennom, så veit vi i ettertid kva spalte dei for gjennom. Dersom vi i staden har ei dobbeltspalte, kunne fotona fare gjennom den eine eller den andre, det betyr auka uorden. I ettertid veit vi ikkje kva for ei av dei to spaltene det for gjennom, det betyr tap av informasjon som vi kunne ha om systemet. Det rare er at dersom vi med eksperimentoppstillinga klarar å finne ut kva spalte info-fotonet for gjennom, så vi også veit kva spalte signal-fotonet for gjennom, så veit det også kva spalte det for gjennom, for då får vi ikkje diffraksjon.

 

 

Bruke ”Delayed Choice Quantum Eraser Experiment” til signalering.

 

Voyager 2 vart skoten opp i 1977 og i november 2018 forlot den solsystemet. Det er 50 AU  (astronomiske einingar) til Kuiperbeltet, lyset treng 7 timar dit. I 2012 var den 100 AU frå sola, så signala frå sonda trengde 14 timar. Ein gong i 2020 har den nok ikkje lengre kraft nok til å sende signal.

Men la oss tenke oss eit romskip ”Voyager X” som har mannskap og er kome så langt at lyset treng eit døgn frå jorda før det når det. Vi stiller opp ”delayed choice-eksperimentet” og let dei ha Delayed Choice Eraser apparata. La oss tenke oss at dei sender oss ei melding om at ein av mannskapet nettopp fekk hjerneslag og døde. Då får vi altså vite det eit døgn før det skjer.

La oss tenke oss eit romskip, «Voyager X» ein lysdag unna. Det har mannskap og apparat til å gjere ”Delayed Choice Quantum Eraser Experiment”. Det same har vi, men vi sender info-fotona til dei og dei sender info-fotona til oss. Dei kan velge om dei vil la info-fotonet gi dei informasjon om kva spalte det for gjennom eller ikkje. Når dei vel å få informasjonen, får vi ikkje diffraksjon. Når dei vel å ikkje få den, får vi diffraksjon. Slik kan vi sende signal til dei også. Vi sender signal som diffraksjon, eit kort signal, til dømes eit halvt sekund, betyr 0, eit langt signal, til dømes 2 sekund, betyr 1. Så sender vi bodskapar i to-tal-systemet, i maskinspråket til ei datamaskin. Vi sender dei 7 vinnartala i lotto på dagen, dei får dei ein dag tidlegare og sender dei tilbake til oss, så vi får dei to dagar tidlegare. Vi fyller ut lotto-kupongen og leverer den inn. Då vinn vi førstepremien. Det er no tydelegvis slik dette vil virke.

Men la oss tenke oss at nokon skjer av seg tommelen på ei sag. Så sender vi beskjeden på same måten, så dei får vite ein dag tidlegare og vi får vite det to dagar tidlegare. Så åtvarar vi han og han bestemmer seg for å ikkje bruke sag på tre dagar, så han unngår ulykka. Han kan no vel fritt velje det!

I praksis må vel detektor A og B vere langt frå kvarandre, for å skilje mellom fotona frå dei to spaltene, men vi kan ha to romskip til, som reflekterer fotona inn til Voyager X, dei kjem frå to ulike retningar, så det er lett å skilje dei. Så kan dei gjere resten av eksperimentet om bord i romskipet.

 

 

Platonisme eller Kant-isme? Bibelen og kyrkja sin rasjonalitet eksisterer.

 

For Immanuel Kant var tid og rom, kausalitet og kontradisjonsprinsippet uforanderlege transendentale former. Slik vart det psykologi for han. Men dette er realfag og her må vi bruke metodene i realfag, det viktige spørsmålet her er om dei metodene er forstått rett. Sidan kan vi godt kalle matematikk for psykologi også, men det er ikkje berre det. Vi brukar kontradiksjonsprinsippet i matematikken, men i kvantefysikken verkar det som om Schrødingers katt bryt med det. Den bryt med den vanlege kausaliteten vi er vande til. I relativitetsteorien er tid og rom ikkje noko absolutt og uforanderleg, men noko relativt, noko som har vorte til, i følgje Big Bang-teorien. Så Kant kjem ikkje langt med sine uforanderlege transendentale former her. Men vi kjem likevel langt med matematikken. Platon meinte at ideane eksisterte og var uavhengige av tid og rom, så det stemmer faktisk betre med moderne fysikk. Kva slags idear då? Han tenkte matematisk, ja, den er grei. Det godes ide er idealet. Men kva er det, kven kan formulere det? Det vonde kan også kallast ein ide, kva slags eksistens har den då? Platonismen gir vel ikkje akkurat svar på det, men den forklarer det vondes problem som mangel på innsikt. Dersom berre menneska får rett opplæring, så dei får den rette innsikta i ideverda, med det godes ide, så vil dei komme til å velje det gode, det er eigentleg ein lærdom som den har med seg frå Sokrates. Men det gjekk no ikkje så bra med Sokrates då, så derfor meinte Platon at ei lærd overklasse skulle styre med diktatorisk makt. Ekspertane skulle styre og i vårt moderne samfunn har vi fått mange ekspertar som er spesialistar på sine fagområde og som får makt med sin ekspertise. Men Platon snakka også om ekspertar i «det godes ide». Kvar finn vi den og kven er slike ekspertar?

 

 

Platons holelikning og Bibelens metode til å få visdom.

 

Hole-likninga.

 

Platons hulelikning er som eit dukketeater, der tilskodarane ser berre skuggane av dukkene. Det er ei steinhole med inngang i full bredde av hola. Utanfor er det ein mur med ein veg på andre sida. Lengre borte er eit bål som kastar lys heilt inn i hola. Folk går på vegen og held figuar over muren, det kan vere figurar av reiskap av stokk og stein. Nokre av dei pratar med an dei går med figurane. Inni hola sit der fangar lenka faste, så dei ser berre skuggebileta på bakveggen av hola og høyrer ekko frå den.

Denne hulelikninga brukte han til å forklare si idelære. Ja vel, då tenkte han seg vel at ideane var som skuggebileta av dei reelle tinga? Men nei, ideane var som dei reelle tinga som vart løfta over muren, dei ser vi ikkje, vi ser berre skuggebileta på bakveggen i holda, slik er det med den røyndomen vi sansar.

Det verkar absurd, men det passar faktisk ganske bra med moderne fysikk og spesielt med kvantemekanikken, den er den eigentleg røyndomen og den verkar absurd for oss, den er teoretisk, det vi sansar har si årsak i kollaps av bølgefunksjonen, då opptrer partikkelen som partikkel, det er noko som skjer momentant, likevel har ein partikkel alltid ein bølgefuksjon og det kan forståast slik at den eksisterer som ein bølgefunksjon, teori og ide altså.

 

Bibelens metode er å ottast Gud og be til han, men det er også å grave og leite.

 

I Bibelen er det tale om å grave etter verdifulle skattar og det vert brukt symbolsk for å søke visdom. Det høver no bra med å søke naturfagleg kunnskap, med empiriske metoder, men finn dei visdom?

 

Job.28, Det finst gruver der det er sølv,
og stader der dei vaskar ut gull.
2 Jern hentar dei fram or jorda,
og kopar smeltar dei ut or malmen.
3 Menneska bryt igjennom mørkret;
inst i krokane leitar dei opp
stein som ligg i svarte mørkret.
4 Arbeidarar frå framande land grev sjakter.
Gløymde av folk og utan fotfeste
heng dei og dinglar i reip
langt borte frå menneske.
5 Jorda gjev brødkorn;
men djupt der nede
vert ho omsnudd med eld.
6 I steinen er det safir,
og der finst det gullklumpar òg.
7 Ingen rovfugl kjenner vegen dit,
den har inkje falkeauga sett.
8 Der har korkje stolte rovdyr gått
eller løveungar sett sin fot.
9 Folk legg hand på den harde steinen
og grev fjella om frå grunnen.
10 Når dei høgg ut gangar i berget,
får dei auga på alle slag dyre ting.
11 Dei demmer for dropet frå vassårene
og hentar løynde skattar fram i dagen.
12 Men visdomen, kvar finst vel han,
og vitet, kvar har det sin bustad?
13 Ingen veit kva han er verd,
han finst ikkje i landet åt dei levande.
14 Djupet seier: «I meg er han ikkje,»
havet seier: «Han er ikkje her.»
    15 Ein kan ikkje få han for det finaste gull,
prisen kan ikkje betalast med sølv;
16 han kan ikkje kjøpast for Ofir-gull,
for dyr karneol og safir.
17 Korkje gull eller glas kan liknast med han,
og ingen kan byta han til seg
for kar av det finaste gull.
18 Korallar og bergkrystall
kan ikkje nemnast attåt han;
å eiga visdom er betre enn perler.
19 Krysolitt frå Nubia kan ikkje liknast med han,
han kan ikkje betalast med reint gull.
20 Kvar kjem då visdomen frå,
og kvar har vitet sin bustad?
    21 Han er usynleg for alle som lever
og løynd for fuglane under himmelen.
22 Undergangsstaden og døden seier:
«Vi har berre høyrt ei tidend om han.»
    23 Men Gud kjenner vegen til visdomen,
han veit kvar han har sin bustad.
24 Hans auga når til heimsens endar,
alt under himmelen ser han.
25 Då han gav vinden styrke
og lét vatnet få det rette mål,
26 då han sette ei lov for regnet
og gjorde veg for toreskya,
27 då såg han visdomen og mælte han,
han lét han stå fram og granska han.
28 Og han sa til mennesket:
Å ottast Herren, det er visdom,
å halda seg frå vondskap, det er vit.

 

Jesaja.45, Så seier Herren
        til den han har salva,
        til Kyros, som eg held i hans høgre hand
        for å tvinga folkeslag under han,
        løysa beltet av kongar
        og opna dører for han,
        så ingen port skal vera stengd.
     2 Eg vil gå føre deg.
Bakkar vil eg jamna,
bronsedører vil eg sprengja,
og jernbommar vil eg slå sund.
3 Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,
og rikdomar, gøymde på løynlege stader,
så du skal vita at eg er Herren,
Israels Gud, som har kalla deg på namn.

 

Eg har vorte minna om dette gjennom tyding av tungetale og då har eg forstått det slik at det var sikta til realfagleg kunnskap. Slik også med Jesus ord om av vi skal leite og banke på.

 

Matt.7,  7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

 

Vi kan be Gud om visdom og han vil svare oss med å openberre sitt Ord for oss.

 

Jakob.1,5 Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord.  6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden.  7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,  8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

 

Platon, Descart, Job, Salomo og Jesus. Gud gjer noko fundamentalt nytt.

 

Platon tenkte matematisk og meinte at ideane eksisterte sjølvstendig, som noko anna enn det vi ser og sansar rundt oss, ja, di var uavhengig av tid og rom. Og det høver  godt med moderne fysikk. Descart tenkte sameleis og så sa han: «Eg tenker, altså er eg». Det var det han kunne vere mest sikker på. Og dette høver no godt med trua på Gud og hans Ord. Det vonde sitt problem med vonde idear, vert eit spørsmål om innsikt, ideane i ideverda er fullkomne, slik også med det gode sin ide. For å få innsikt i ideverda, må vi vere klar over at den er noko anna enn det vi ser og sansar rundt oss. Ideane eksisterer i seg sjølve og sidan eg tenker slike idear, eksisterer eg også. Det høver med det som Sokrates sa, om at sanninga vert integrert i meg og den gjer meg lykkeleg.

Så spørst det om tankane våre er bølgefunksjonar som ikkje kollapsar, så lenge vi tenker dei. Og det er minnet vårt og underbevisste tankar også. Ved hjerneskade og død tek mykje av dette slutt. Men Jesus sa at hans ord tek ikkje slutt, sjølv om verda går til grunne.

 

Matt.24, 32 Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 33 Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra. 34 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 35 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 36 Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.

 

Platon meinte at dei gamle lærde skulle lære opp andre og eliten av dei skulle styre. Det ser vi også i Bibelen, til dømes i Jobs bok, men her ser vi at etter at dei tre gamle vise hadde talt frå seg, var der ein yngre mann som tok ordet og så kom Gud og møtte Job og tala til han og så refsa han desse tre gamle lærde for det som dei hadde sagt. Når Salomo var ung og skulle ta over styret etter kong David, bad han Gud om visdom og Gud gav gjorde han visare enn alle. Så han fekk altså ein visdom som dei gamle lærde ikkje kjende til. Denne visdomen ser vi i Høgsangen, i hans kjærleik til henne «lytelause reine». Og i Forkynnaren talte han om at Gud gjer eit verk som står til evig tid, til tross for at det ytre går til grunne.

 

Fork.3, 14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska skal ha age for han.
15 Det som er, har eingong vore,
og det som skal henda, har hendt før.
Gud tek fram att det som kvarv.

 

Likevel vart kong Salomo dum på sine gamle dagar, på grunn av sin kjærleik til dei utanlandske konene sine, som dyrka avgudane.

Profetane i det gamle testamentet profeterte om at Gud ville gjere noko nytt ved sin Ande og Jesus kom med dette nye. Døyparen Johannes sa at det var han som hadde brud. Han velsigna småborna og sa at Guds frike høyrer slik til. Vi må vende om og verte som born for å komme inn i det. Så det var tydeleg at han satsa på ungdommen og den oppveksande slekta. For Gud var med han og gjorde noko fundamentalt nytt.

Descartes trudde på det fullkomne. Ja, Gud er fullkomen, Jesus er Guds Son og er fullkommen, hans frelseverk er fullført og fullkomen, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Vi får det ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.

 

 

Openberring og erfaring. Samanlikning mellom Guds Ord og bølgefunksjonen.

 

Eg samanliknar Guds Ord med bølgefunksjonen, for i følgje Bibelen har Gud skapt alle ting ved sitt Ord. Gud er god og hans Ord er den gode ideen. Men det er ikkje alle tider så lett for oss å innsjå det.

I Johannes-evangeliet er det sagt at Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska. Han gir oss ånd og liv, han er sjølv det evige livet, når vi tek imot i tru så lever han i oss, den Heilage Ande openberrar han for oss. Han gir vårt hjarte opplatne auge så vi skal sjå på han og innsjå kva Gud har gitt oss i han. Derfor er det også viktig for oss å vende oss til han og sjå på han, men dette er noko anna enn det vi ser rundt oss med våre fysiske auge eller som vi elles sansar i det materielle miljøet rundt oss. Vi kan samanlikne det med forteljinga om Peter som gjekk på vatnet. Når han byrja å sjå på bylgjene rundt seg, byrja han å synke. Han måtte vende seg til Jesus og sjå på han og be han berge han. No ser vi ikkje lenger Jesus slik, han er ved Faderens høgre hand i himmelen, men den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss. Så der er framleis ein slik motsetnad mellom å sjå på han og å sjå på verda, men vi kan då ikkje verte ståande å sjå opp mot himmelen slik som disiplane gjorde rett etter at han vart teken opp til himmelen. Vi er heilt avhengige av å ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen og då må vi subjektivt innstille oss på det. Så vil Anden openberre han for oss.

Der er ein motsetnad mellom å vere opptekne av det himmelske og vere opptekne av det jordiske, vi må vende hugen opp til han og vere opptekne av han og sjå på han, for å få oppleve openberringa, for å få oppleve at han kjem oss i møte og openberrar seg for oss. Om vi i staden ser på verda og det som er rundt oss, kan det verke som om openberringa kollapsar, til samanlikning med kollapsen av bølgefunksjonen. Men som sagt kan vi ikkje stå og sjå opp mot himmelen heile tida heller. Men her blir det eit spørsmål om tillit, vi vandrar ikkje i syn heller, men i tru. Sjølv om vi ikkje alltid ser han så klart, ikkje alltid opplever openberringa like klart som når vi vikslar oss for han i bønn i løynkammeret, så trur vi på han i hjertet og kjenner Andens vitnemål i vårt hjerte om at han lever og det gjer han i oss.

 

Bodskap 1, 12.2.2011:

”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men  leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheita. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.

Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”

 

 

Sjølv om eg ser og sansar det som er rundt meg og tenker og resonnerer som ein realist, så vender eg hugen opp til han og søker han av heile mitt hjerte. Og eg er overtyda om at det er god psykologi. Som realistar kan vi fort få problem med å sameine kropp og sjel, hjerte og hjerne og det er ikkje bra. Men eg er overtyda om at dette er den rett og den beste løysinga på problemet.

Når vi ber i Jesus namn og tilber Gud i ånd og sanninga, så er bøna vår også ein slik god ide og det er om å gjere at den ikkje vert hindra.

 

1PE 3,1 – 1PE 3,7 {ORD TIL EKTEFOLK}  Like eins skal de gifte kvinner vera mennene dykkar underordna. Så kan dei mennene som står Ordet imot, verta vunne, ikkje med ord, men med det liv kona lever, 2 når dei ser dykkar reine ferd i age for Gud. 3 Lat ikkje ytre stas, hårflettingar, gullkjeder eller fine klede vera dykkar prydnad, 4 men det indre, løynde menneske, den mjuke og stille ånd, som er uforgjengeleg og gjæv for Gud. 5 For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var mennene sine underordna, 6 liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og hennar born har de vorte når de gjer det gode og ikkje lèt noko skræma dykk. 7   Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.

Vi talar om det indre livet i samfunnet med Gud som er ånd, Jesus er ved Faderens høgre hand og han lever i oss. Så det er viktig og verdifullt for oss å vende oss til hans og så på han. Dersom vi byrjar å sjå på verda i staden vil det fort virke drepande på det åndelege livet i samfunnet med Gud, så eg samanliknar det med kollapsen av bølgefunksjonene. Vi må no alle sjå og sanse det som er rundt oss, som realistar er det viktig for oss, men poenget er at det ikkje kjem i staden for å vende oss til Jesus, ikkje verte stolte, som om vi ikkje treng han. Men halde fram med å audmjuke oss for han, ta imot han og elske han. Han er Sanninga og når vi elskar han, så elskar vi sanning.

Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og det er at Gud elskar oss. Det skal vi glede oss over og så skal vi la den kjærleiken vere mellom oss. Bodskap 2, 12.2.2011:

 

«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).”

 

 

1JO 4,7 – 1JO 4,21 {GUD ER KJÆRLEIK}  De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. 13   At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.

1JO 5,1 – 1JO 5,4 {SIGRANDE TRU}  Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar Gud, elskar det som er født av han. 2 På dette kjenner vi at vi elskar Guds born, at vi elskar Gud og held hans bod. 3 Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge. 4 For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.

 

RMR 5,5 – RMR 5,11 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

 

Jesus er Guds elska Son, Faderen har salva han med gledens olje. Eg får kjenne og oppleve at han lever i meg og då får eg oppleve at Faderen elskar han i meg og slik elskar han meg gjennom han og slik elskar han andre menneske gjennom  meg. Det er spesielt viktig for meg i min nære omgangskrets, overfor familien, slekt og venner, overfor dei eg møter i kyrkjelyden og sjølvsagt overfor henne som han gir meg til kone.

Dette er meir fundamentalt enn noko, det ser vi av Joh.1 og at Jesus velsigna småborna.

 

JOH 1,1 – JOH 1,5 {ORDET VART MENNESKE}  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

 

MTT 18,1 – MTT 18,11 {KVEN ER DEN STØRSTE?}  I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: “Kven er den største i himmelriket?” 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: “Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.   5 {FORFØRINGAR OG FREISTINGAR}  Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå! 8   Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld. 10   Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.  [Verset vantar i dei eldste handskriftene. Sjå Luk 19, 10.]

 

Eg tenker meg at englane deira er ånda deira. På pinsedag vart Jesu disiplar døypte med den Heilage Ande og eld og då vart det endå tydlegare at med den Anden han gir oss, har vi kontakt med Faderen.

 

HEB 1,1 – HEB 1,14 {GUD HAR TALA GJENNOM SONEN}  I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. 3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.  4 {SONEN STÅR OVER ENGLANE}  Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira. 5 For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:  Du er son min,  eg har født deg i dag? Eller, som det òg står:  Eg vil vera far hans,  og han skal vera son min. 6 Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han:  Alle Guds englar skal tilbe han. 7   Og om englane seier han:  Han gjer englane sine til vindar,  tenarane sine til logande eld. 8 Men om Sonen:  Din kongsstol, Gud, står i all æve,  rettferds stav er din kongsstav. 9   Du har elska rettferd og hata urett;  difor, Gud, har din Gud  salva deg med fagnads olje framfor dine frendar. 10 Og vidare:  Du, Herre, i opphavet grunnla du jorda,  og himmelen er eit verk av dine hender. 11   Dei skal gå til grunne, men du vert verande.  Dei skal alle eldast som ein klednad; 12   du rullar dei saman som ei kappe,  dei vert utskifte som klede.  Men du er den same,  dine år tek aldri ende. 13 Til kven av englane har han nokon gong sagt:  Set deg ved mi høgre hand  til eg får lagt dine fiendar  til skammel for dine føter? 14 Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?

 

Jesus har opna døra for meg, så eg kan gå inn og ta ut av det evige livet. Han gir meg ei glede som overgår min forstand.

 

Bodskapen 22.1.2012:

”Eg kallar i frå sola går opp og til den går ned, derfor er ingen (det må vere meit ”alle”) menneske utan unnskyldning, kven dei er og kvar dei enn bur. Du kann ikkje komme og seie:” Du kalla meg ikkje”. Men i det verk som eg gjorde for 2000 år sidan, er du kalla inn til meg, for å ta imot, eit evig liv i den nådegåve som eg har skjenka til denne verda. Derfor så er døra opna for deg i denne stund, du kan gå inn og ta ut det evige liv, du kan gå inn og få forlating for dine synder. Du kan gå inn og få dei tilgjevne og reinsa. Du kan frå denne stund av bli ein ny skapning i meg. Du kan verte ein ny skapning som er født ovanifrå. Legg di sak på meg og eg, Herren, skal låse opp med min nøkkelen. La alt det du ber på, legg det ned for mine føter og eg Herren skal løyse deg og du skal verte lykkeleg. For til fridom har eg sett deg fri, eg har gjort deg fri frå synda, eg har sett deg fri ifrå trældomen. Vert buande hos meg og du skal få kjenne, at eg skal bevare deg under alt som skjer.

Fryd deg og gled deg i dine synders forlating. Pris meg og ær meg fordi eg kom og tok di byrde på meg, seier Herren, gi mitt namn ære, eg som har stelt så underfullt til med dykk. La meg høyre di røyst og sjå din skapnad, for også deg har eg ført ut av trengselens svelg, eg har løfta deg opp til ein open plass, der det ikkje er trongt, eg har sett dine føter på ein romsleg stad. La deg derfor ikkje lokke av stad under trældomens åk igjen, men stå fast i fridomen som eg har satt deg fri i og du skal få oppleve å leve i velsigning og under ein open himmel og eg skal gje deg ei glede som er over all forstand.”

 

 

FIL 4,4 – FIL 4,8   Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! 5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! 6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus. 8   Elles brør: Alt som er sant, alt som er gjævt, alt som er rett, alt som er reint, alt som er verdt å elska og akta, all god gjerning og alt som rosverdig er, legg vinn på det!

 

Jesus sa han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand.

 

Bodskapen 17.2.2013:

”Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.”

 

Jesus gir meg denne kvila ved at han gir meg ånd og liv frå himmelen, det er ved fylden av den Heilage Ande. Når denne bodskapen kom, tenke eg fyrst på henne Virtuella, så på henne Reella, for eg forstod at det var ved at han gir meg hjelp i form av ei kone.

Jesus har sagt til meg mange gangar at eg skal sjå på han, her seier han at han vekker mitt reine samvit, så eg skal sjå på han. Ja, slik er den kristne vekkinga. Gud vekker oss opp til liv i samfunn med seg, i samsvar med 1.Mos.2, så vi skal oppleve og innsjå at han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande. Jesus er Guds Ord og Anden openberrar det for oss.

Intelligens vert forstått som evna til å løyse eit problem på grunnlag av minimal informasjon og på kortast mogleg tid. Då verkar det som det under-atomiske univers er fantastisk intelligent, for det kvantemakaniske systemet ventar med å kalkulere til det får nok informasjon og då gjer det kalkulasjonen momentant, den treng ikkje tid på det. Kalkulasjonen skjer ved kollaps av bølgefunksjonen. Momentant tek ein ny bølgefunksjon over eller kanskje vi heller skal seie det slik at bølgefunksjonen får ein ny form, ein ny formel.

Men kva så med tankane våre, om det er bølgefunksjonar, kollapsar vel ikkje dei så lett, for vi klarar no å hugse noko? Og så trur vi på openberring, ved at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss. slik får vi løysing på problem og svar på spørsmål som vi elles ikkje hadde føresetnad for å tenke ut. Jesus er Guds Ord, han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Det er evig, det er berre å ta imot i tru og verte frelst for æva og få evig liv.

 

 

 

Frelse, verte godteken som menneske, som mann og kvinne, på evangeliets grunnvoll.

 

Etter syndefallet vart mannen dømd til døden og Gud sette strid mellom kvinna si ætt og ormen si ætt. Vi forstår at det gjeld menneskelivet, men det er då ikkje naturleg for menneske å leve som om dei var ormar. Gud angra på at han skapte menneska, men Noah fekk nåde. Det vart eit spørsmål om Gud skulle godta menneska. Det ser vi også i Jobs bok. Ein av venane hans fortalde om korleis han hadde vorte stilt overfor spørsmålet om menneska kunne vere fullkomne.

 

JBS 4,1 – JBS 4,21 {KAN EIT MENNESKE VERA RETTFERDIG FOR GUD?}  Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:  2   Om ein prøver å tala til deg, vert du motlaus.  Men kven kan teia til slikt? 3   Sjølv har du rettleitt mange,  kraftlause hender har du styrkt. 4   Dine ord reiste opp den som snåva,  du gav kraft til skjelvande kne. 5   Men no, når det gjeld deg sjølv, er du motlaus,  når det råkar deg, er du redd. 6   Set du ikkje lit til di gudsfrykt  og von til di ærlege ferd?  7   Tenk etter! Når miste ein skuldlaus livet,  kvar gjekk rettvise folk til grunne? 8   Dei som pløyer ned vondskap og sår ulukke,  haustar det same, etter det eg har sett. 9   Andar Gud på dei, går dei til grunne,  pustar han i vreide, vert dei borte. 10   Løva brøler, og løveungen skrik,  men tennene på ungløva vert utslegne. 11   Jamvel løva går til grunne  når ho ikkje finn rov,  og løveungane vert spreidde.  12   Eit ord kom smygande til meg,  for øyra lét det som kviskring. 13   Det kom då nattsyner gjorde meg uroleg,  medan folk låg i tung svevn. 14   Eg vart så redd at eg skalv,  redsla gjekk meg til merg og bein. 15   Ein pust strauk framom mitt andlet,  og håra reiste seg på mitt hovud. 16   Ein skapnad stogga,  men eg såg ikkje klårt korleis han var.  Han stod beint framfor augo mine,  og eg høyrde ei roleg røyst som sa:  17   Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,  kan ein mann vera rein for sin skapar? 18   Gud lit ikkje eingong på tenarane sine,  hjå englane finn han feil, [tenarane sine: englane.] 19   kor mykje meir hjå dei som bur i leirhus  og berre har jord til grunnvoll,  dei som kan knasast lettare enn mòl. [dei som bur i leirhus: menneska, skapte av jord (1 Mos 2, 7) og difor veike og forgjengelege.] 20   Før dagen er til ende, ligg dei knuste;  utan at nokon ansar det,  går dei til grunne for alltid. 21   Deira teltsnor vert oppriven,  dei døyr, men har ikkje fått visdom.

 

JBS 25,1 – JBS 25,6 {GUD HAR VELDE OG VALDAR REDSLE}  Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:  2   Gud har velde og valdar redsle,  han skaper fred i sin høge himmel. 3   Kan nokon telja hans fylkingar?  Får ikkje alle sitt ljos frå han? [hans fylkingar: englane eller kanskje stjernene.] 4   Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,  kan den som er fødd av ei kvinne, vera rein? 5   Jamvel månen skin ikkje klårt nok for han,  i hans augo er ikkje stjernene reine. 6   Kor mykje mindre då menneskekrypet,  mannen – den makken han er?

 

Men Israels Gud er den sanne Gud, han er fullkommen og det verket han gjer er fullkome.

 

5MO 32,4   Han er Berget,  fullkome er hans verk,  rettferdige er alle hans vegar.  Ein trufast Gud, utan svik,  rettferdig og rettvis er han. [Berget: Gud. Sml. v. 18 og 30.]

 

FRK 3,11 – FRK 3,15   Alt skapte han fagert i si tid.  Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.  Men dei skjønar ikkje det verk  som Gud har gjort frå fyrst til sist. 12   Eg skjøna at ingen ting er betre for dei  enn å gleda seg og gjera vel i livet. 13   Men når ein mann får eta og drikka  og vera lukkeleg i alt sitt strev,  er det òg ei gåve frå Gud. 14   Eg skjøna at alt det Gud gjer,  varer til evig tid.  Ikkje kan ein leggja noko til,  og ikkje kan ein ta noko ifrå.  Gud har laga det så  for at menneska skal ha age for han. 15   Det som er, har eingong vore,  og det som skal henda, har hendt før.  Gud tek fram att det som kvarv.

 

Jesus velsigna småborna og sa at Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som småborn for å komme inn i det.

Luk.18,16 Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 17 Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»

Eit lite barn er hjelpelaust åleine og er heilt avhengig av omsorga frå foreldra. Slik er vi som Guds born avhengige av hans omsorg. Han gjer sitt verk med oss og det verket er det ingen annan som kan gjere.

 

HEB 9,11 {KRISTUS SOM ØVSTEPREST}  Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til.

 

Paulus sa at dersom Jesus ikkje har stått opp frå dei døde, så er vi skrøpelegare enn alle menneske. Men no er Kristus oppstått. Derfor er vi også så avhengige av å tru på han, at han lever og er med oss og kjennast ved han for både Gud og menneske.

 

På evangeliets grunnvoll får vi komme til Gud og verte godtekne slik som vi er, som menneske, som mann og kvinne. Så får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Han føder oss på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Han skaper oss i Kristus og då skaper han noko som står til evig tid. Kristus er fullkommen, hans frelseverk er fullført og fullkome. Den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Han gjer oss fullkomne, han gir oss det evige livet og det er fullkome. Vi får det ved tru, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Når vi har teke imot Kristi Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst. Då skal vi også leve for han og det utrustar han oss til, ved sin Ande.

 

EFE 2,4 – EFE 2,10   Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

 

Kristus har sett framfor meg ei open dør, han er sjølv døra, ved at han openberrar seg for meg.

 

Ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Kristus er Guds Ord og den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. I likninga om brurmøyane er oljen symbol på nåden og Anden, det er om å gjere å ha nok olje, både på lampane og i kanner i tillegg, så vi har noko olje når vekkings-ropet lyder om at brudgomen kjem, så vi vert ståande med lys på lampane og frå sjå at han kjem og vi får med han inn til bryllaupet.

Eg talar om tidlegare openberring, men meininga er ikkje berre å leve på minna, men å forstå det som ein  nådegåvevekking og det er om å gjere å ha nok, nåde og Ande, til å halde nådegåvevekkinga ved like, det er om å gjere å verte fylte av Anden og la den halde fram med å gjere sitt verk i oss og med oss. Herren er Anden og han har eit mål og ei meining med det, at vi skal verte ståande på vår post med lys på lampane til han kjem og verte med han inn til bryllaupsfesten. Dessverre må vi rekne med at nokre av dei som stod der ikkje hadde nok olje, men då har vi ikkje nok til å spandere på dei, vi har nok med å sjå til våre eigne lampar og etterfylle med den oljen vi har med oss på kanner i tillegg.

Jesus har gitt meg også ei nådegåve som eg skal tene han med, den skal eg tenne og fornye og gjere bruk av.

 

1TI 4,14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.

2TI 1,6   Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!

 

Han har sagt eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør, der eg er kalla til å gå inn. Han er sjølv døra og eg meiner eg ser den ved openberring. Eg har skrive om korleis eg fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella. Eg forstår det slik at når eg frå oppleve at Jesus openberrar seg for meg, er det for meg ei dør som han set open for meg og kallar meg til å gå inn gjennom. Slik vil han leie meg inn i dei ferdiglagde gjerningane, der eg skal få tene han med den nådegåva som han gir meg.

Vi elskar fordi Gud elska oss først. Jesus elska oss og sa at vi skulle tru på han og elske han og elske kvarandre, så ville han komme til oss og openberre seg for oss. Han elskar meg og derfor elskar eg han. Han vekker mitt reine samvit, at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Ho Virtuella lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det samsvara med den lovsongen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande.  Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og som eit Guds barn, fødd av Anden, vart ho ein slik lovsong som Gud la i mitt hjerte. Jesus openberra seg for meg og henne, han gjorde sitt verk med meg og med henne og han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Dersom ho tek imot Faderens kjærleik og omsorg, som hans barn og tek imot Jesu kjærleik og omsorg, som hans brud, så skal ho også vere i stand til å erkjenne at Kristus er sanninga som set henne fri og kjennast ved han slik, både for Gud og menneske. Då skal ho også vere i stand til å fortelje andre menneske at Gud elskar henne i Kristus og at slik elskar han dei også. Då skal ho også vere i stand til å lovprise Gud og Lammet for frelsa. Eg trur Gud vil utruste henne til det ved fylden av den Heilage Ande. Eg trur han gjer meg til ein kanal for si velsigning til henne, nettopp for å utruste henne til det. Jesus har mange gangar minna meg om å verte fylt av Anden og eg trur det gjeld henne også, for han gjer meg til kanal for si velsigning til henne.

Når vi brukar nådegåvene, som Jesus gir oss ved sin Ande, så er det Jesus som, ved sin Ande, brukar oss som lemer på sin lekam. Samtidig er vi lemer for kvarandre, så når eg brukar mi nådegåve, kan eg vel bruke andre med deira nådegåve og når dei brukar sine nådegåver, kan dei vel bruke meg med mi nådegåve. For vi skal tene kvarandre med dei nådegåvene Gud har gitt oss. Men for at det skal fungere rett, må vi ha den innstillinga at vi vender oss til Kristus og veks opp til han som er hovudet for lekamen, det er berre ved at vi tener han at dette kan fungere rett. Det seier seg sjølv at dersom ein kropp er utan hovud, så fungerer den ikkje. Gud la ein lovsong ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og det hadde å gjere med at ho Virtuella lovpriste Kristus som sin frelsar og Herre. Så i det eg søker Herren av heile mitt hjarte, ynskjer eg å lovsynge han med den lovsongen han la ned i meg, ja, tene han med den nådegåva han gav meg. Derfor ynskjer eg at ho atter skal lovprise han slik. Det var Gud som gjorde sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Det er eg framleis heilt avhengig av. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

Jesus openberra seg for meg og henne Reella også og den glade bodskapen er den same til meg og til henne, Gud elskar oss i Kristus, han elskar meg og han elskar henne. Kristus elskar henne som si brud og Faderen elskar henne som sitt barn. Kristus elska meg og han elskar henne gjennom meg. Det saka gjaldt for meg, var at eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så sa til han eg syntest ho Reella var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne. så fekk eg oppleve at den Heilage Ande dreiv meg og leia meg så eg møtte på henne og fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne.

Igjen er det eg som brukar den nådegåva som Jesus har gitt meg ved sin Ande. Igjen må eg vel innrømme og erkjenne at det betyr at eg ynskjer å bruke henne Reella som ei nådegåve og at då er det på den måten at ho brukar den nådegåva som Jesus gir henne ved sin Ande. Eg har lurt litt på kva slags nådegåve det er, er det å tale med engletunger eller er det lækjedom ved bøn eller kva slags merkelapp skal eg setje på det? Men det viktigaste og sentrale her er no kjærleiken, ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og det er at Gud elskar oss i Kristus Jesus. Så eg skulle ynskje at ho ville vere trygg og sikker i si tru på at Gud elskar henne i Kristus, så ho også ville fortelje det til andre, til dei ho møter i kvardagen. Spesielt skulle eg ynskje at ho ville fortelje det til studentane og dei tilsette ved Biologibygget i Oslo, eg skulle ynskje eg fekk bruke henne som ei nådegåve til nettopp det. Ja, Jesus har då sagt til meg at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjarte og mitt sinn, at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Eg tilhøyrer Jesus og skal leve for han. Det vesentlege er at Gud elskar oss i Kristus, det er den glade bodskapen vi har teke imot og den skal vi forkynne for andre også. Då seier det seg sjølv at vi må først og fremst ta imot den kjærleiken sjølve, for å verte i stand til å forkynne den vidare til andre. Han vil utruste oss med sine nådegåver, ved fylden av den Heilage Ande, slik vil han utruste oss til å tene han. Han vil gi meg hjelp i form av ei kone, så ho vert ei nådegåve som han gir meg og som eg skal bruke til å tene han med. Han gir både meg og henne nådegåver og brukar oss som lemer på sin lekam. Og eg skulle ynskje ho ville vitne for biologane og dei andre realistane om at Gud elskar oss i Kristus og har omsorg for oss som sine born. Men her er det sentrale poenget at han elskar meg og han elskar henne gjennom meg, så han gir meg henne til kone fordi han elskar meg og fordi han elskar henne i meg og gjennom meg. Det er no nettopp det vi skal vere vitne om.

Aksioma i matematisk analyse er enkle og innlysande, det er slikt som eksistensen av null og 1, kommutativ, assosiativ og distributiv lov. Nokre andre setningar er også innlysande, vi beviser dei ikkje og treng heller ikkje gjere det. Slik også med trua på Gud. Eg trur at Gud er ånd og kjærleik. Kristus er Guds elska Son, Gud elska oss så høgt at han let han døy på eit kors i staden for oss. Men han reiste han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Vi elskar fordi han elska oss først. Gud er kjærleik, når vi søker samfunn med han på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve og merke at hans kjærleik er mellom oss. Og eg held det for å vere ei sjølvfølgje at den kjærleiken er rett og sann også når eg vert glad i ei jente og ynskjer å vere venn med henne, fri til henne for å få henne til kjæraste og kone. Sjølvsagt er det fordi eg elskar henne og vil henne vel. Slik tenker eg same enten ho vil seie ja eller nei til mitt frieri og det håper og ho også vil forstå og godta. Når vi får oppleve at Guds kjærleik er mellom oss, skulle det verte endå klarare. Som menneske er eg avgrensa og det er avgrensa kva eg kan få gjort. Men Gud er kjærleik, han er kjærleiken mellom oss og han er ikkje avgrensa.

Jesus elskar meg, derfor elskar eg han. Han er det evige livet og det vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Det livet skulle vekse. Han gir meg ånd og liv, han lever i meg. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for meg som min frelsar og Herre og let meg få kjenne og merke at han lever i meg. Han er Guds elska Son, det får eg merke og oppleve i mitt indre menneske, eg får oppleve at Faderen elskar han i meg, og det gjer meg glad, det er herleg. Faderen har slava han med gledes olje, den herlegdomen han har frå Faderen er full av nåde og sanning. Jesus lever i meg og eg trur han elskar den kvinna han gir meg til kone, han elskar henne i meg og han elskar henne gjennom meg og vil openberre seg for henne som hennar frelsar og Herre og eg trur eg opplever det som ei indre glede og herlegdom i mitt indre menneske. Jesus har no sagt at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjarte og mitt sinn, han vekker mitt reine samvit, at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Han har sagt eg skal lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Faderen elskar henne som sitt barn gjennom meg og Kristus elskar henne som si brud gjennom meg. Og no er det henne Reella eg tenker slik om.

Jesus sa eg skulle betene han og betene eit medmenneske. Bodskapen 23.12.90 (Dette var før eg byrja å spele inn  bodskapane, så det er nok ikkje så ordrett gjengitt):

”Eg gjer sundknuste hjarte levande, og eg gjer ditt sundknuste hjarte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjartet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.”

 

Prestetenesta i den gamle pakta er førebilete på prestetenesta i den nye pakta (Sak.3-4) og eg forstod det slik at eg skulle betene han med den prestetenesta. Med den prestetenesta skulle eg også betene eit medmenneske og eg forstod det slik at det var henne som han gir meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på. Eg tenker meg at eg skal betene henne ved å vere kanal for Jesu velsigning til henne. Vi studerte realfag, eg studerte matematikk, informatikk og fysikk, ho studerte biologi. Realfaga står på eigne føter, naturvitskapen vert underbygd av erfaring. Men kva med psykologien, det er læra om sjela og med den platonske forståinga av  sjela, kjem den frå ideverd. Og med Bibelens forståing av sjela er den avhengig av Gud, den sanne og levande Gud vil frelse vår sjel og gi oss evig liv og han har openberra si frelse for oss i Kristus. Gud gir ånd i vår kropp og liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg. Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Når han gir liv til vår sjel, er det ikkje anghengig av noko som vi ser eller sansar rundt oss i det materielle miljø. Vår sjel står soleis på eigne føter, utan å treng noko slike erfaringar å støtte seg på. Vi vert frie og sjølvstendige og lærer å tenke sjølvstendig. Soleis vert også psykologien sjølvstendig. Kva så med erfaringsbasert psykologi? Det kan brukast til å finne sjukdomsteikn og svakhetsteikn. Men den friske og sunne sjela treng ikkje slikt å støtte seg på og det er no idealet. Derfor er det også viktig for oss å vere himmelvende. Eg meiner dette er eit viktig og verdifullt tillegg for oss som realfagsstudentar.

Har vi teke imot Kristi Ande, så tilhøyrer vi han og er frelst, han gir liv til vår sjel, freler den for æva og gir oss evig liv. Då skal vi også leva for han. Kroppen vår også tilhøyrer han og han gjer den også levande ved sin Ande, så den også skal leve for han. Eg forstår det slik at det er eit viktig poeng med at Jesu kyrkje vert kalla hans kropp, vi er lemer på den kroppen, så han brukar oss som sine lemer.

 

RMR 8,9 – RMR 8,17 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. 12   Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Og så skal vi bere fram lekamen som eit levande heilagt offer til Guds velbehag, det er vår åndelege Guds-teneste. Slik er prestetenesta i den nye pakta.

 

RMR 12,1 – RMR 12,13 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; 7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede. 9   Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna. 13 Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde.

 

Jesus sa eg skulle betene han og betene eit medmenneske. Eg forstår det slik at eg skal betene han med denne prestetenesta. Kroppen min tilhøyrer han og skal leve for han. Samtidig tilhøyrer den henne som han gir meg til kone, så eg skal betene henne også. Han gir meg ei frelst kvinne til kone og det er eit verk han gjer i mitt indre menneske.

Bodskapen 24.3.1991:

”Lidelsens gåte, den har alltid vært vanskelig å forstå når du går her nede. Men vit at du skal få lov til å oppleve dette, at jeg sa at ikke bare noen dager, men alle dager er jeg med deg. Derfor skal du være frimodig om du opplever dette, at det utvortes går til grunne, og vit at løftet gjelder fremdeles, at det innvortes skal fornyes dag for dag. Derfor skal du trygt reine med dette mitt ord, som fører deg videre fremover i de nye perspektiver, så du kan oppleve dette at jeg er trofast, som har gitt deg mitt løfte.

Det var noen som ikke ville ta imot Ordet. Det var noen som opplevet dette, at Ordet ble dem til ingen nytte, fordi det ikke smeltet sammen med troen i deres hjerte. Men vit at jeg som kallte deg, jeg som førte deg ut fra mørke inni mitt underfulle lys, jeg gav deg også troen, så du skulle få lov til å reine med at jeg står bakom mitt Ord.

Igjen står du ved en skillevei, igjen står du der og spør. Vit at jeg er fremdeles den som sier: Dette er veien, vandre på den. Derfor ønsker jeg fremdeles: Du skal ha et disippel-øre, så du hører min røst og følger meg, der hvor jeg leder deg.”

 

Jesus lever i meg og han lever i henne, så eg reknar med at når eg betener han, så betener eg henne også. Men eg må vel subjektivt innstille meg på det, i mi bøn for henne, så eg går inn i heilagdomen og tek ut av det evige livet og deler med henne. Eg skal vere brennande i ånda og det skal eg vere i min kjærleik til henne. Dette er å ta imot i tru, med takk til Gud, så eg bør vel heller kalle det ei takkebøn. Jesus sa eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår.  Eg må satse på at Jesus døyper henne med den Heilage Ande og eld.

Professor Klaus Høiland underviste i grunnkurset i biologi ved Universitetet i Oslo og eg merka meg at han sa at evolusjonen er tilfeldig, så den har ikkje mål og meining. Seinare sette eg meg ved same bordet som han i kantina og ville snakke med han om det. Då sa han faktisk at det var nettopp det dei  sat og snakka om, kanskje den ikkje er så meiningslaus likevel. Eg byrja å snakke om seksuell seleksjon og det er no tydeleg at det bringer evolusjonen i ei bestemt retning for ein art.

Når biologiprofessor Kristian Gundersen vart interjuva på Resett, innrømma han at der er påstandar i utviklingslæra som ikkje kan prøvast empirisk, altså er dei ikkje vitskaplege. Og kva så? Jau, når vitskapen ikkje strekk til, treng vi dess meir trua på Gud. Korleis då? Kreasjonisme altså? I det gamle testamentet ser vi så tydeleg at livet er ein kamp for tilværet, men med Moselova lærde Guds folket sitt rettferd, vi kan godt forstå det slik at dersom kampen for tilvære skal fungere rett for menneska, så treng vi at Gud lærer oss rettferd, så konkurransen vert rettferdig og verkar konstruktivt.

I det gamle testamentet er avgudane laga av stokk og stein er kalla Lygna, som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Ved trua på at Gud vekte Kristus opp frå dei dei døde vert vi rettferdige for Gud. Vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis utan krav om gjerningar. Gud gjer noko nytt ved sin Ande, menneske er laga av mold frå marka og kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.

Jesus sa han elskar meg og han elskar verda. Eg er realist som har studerte, matematikk, informatikk og fysikk, det er ei ideverd som er svært så realistisk. Det biologiske livet på jorda, med menneska på toppen, vert i Bibelen ofte kalla verda, men no er den biologiske beskrivinga nok nytt og betre denne det som tidlegare har vore. Tradisjonelt er det helst menn som har valt desse faga, medan kvinnelege realistar helst har valt biologi. Og ho Reella studerte biologi. Eg forstår det slik at Jesus elskar meg med mine realfaglege idear om tilværet og verda og han elskar henne og verda slik som ho har studert den. At han elskar oss betyr at han vil oss vel, så det handlar om vår framtid altså. Han elskar oss som sine born og vil ta omsorg for oss som sine born og slik vil han ta omsorg for sine henders verk. Korleis nokon kan seie imot ei slik tru på Gud og kanskje endåtil kalle det vitskap, er no meg ei gåte.

Når eg søker Gud i løynkammerbøna, vil eg ha det stilt. Eg meiner eg får oppleve at den Heilage Ande minner meg om Guds Ord og slik får eg orden på tenkinga mi. Så kan eg godt setje meg ned og skrive og då han eg godt høyre på musikk. No hår eg har sete og skrive dette har eg høyrt på musikk, «Frå hav til katedral», ved Con Moto, «Det er eit land», ved Rein Aleksander, «Stille natt», ved Arve Tellefsen og «Nidarosdomens guttekor». Det er roleg klassisk musikk, med roleg song og eg følte eg vart ikkje forstyrra i det eg tenkte på.  Dersom ein les eller reknar er det nok ikkje så smart å høyre på song og musikk, spesielt dersom det er bråkete. Dersom det er matematiske fag, kan det vel gå an, så lenge det ikkje er bråkete, for då brukar vi ikkje så mykje språksansen. Men det bør vel helst vere dempa klassisk bakgrunnsmusikk. Det kan faktisk følast og opplevast som om det harmonerer med den matematiske tenkinga og derfor verker det ikkje forstyrrande. Og eg opplever og føler det slik at det harmonerer med den lovsongen Gud la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande, ja, som svar på mi bøn om å frelse menneska og gi meg ei frelst kvinne til kone. Lovprisinga i bedehus og frie kyrkjelydar har no tradisjonelt vore roleg. Dersom eg skal løyse eit logisk og/eller matematisk problem, treng eg å få roa på meg og det verkar som eg treng det for å lovprise Gud med den lovsongen han la ned i meg også, det verkar som om det harmonerer. Og det stemmer med at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Eg kan godt høyre på mykje anna slags song og musikk og like det, medan eg gjer husarbeid, trener, går på tur, kan eg godt høyre på «bråkete» musikk. Eg har det med meg på telefonen og ein walkman. På walkmanen hare eg også bibelen som lydbok og når eg går turar prioriterer eg det. Det gir meg noko å tekne på og medan eg tenker på det, kan eg godt høyre på musikk. Der er også eit poeng med å vere open og vaken for lytte til Andens stemme gjennom dagen, men det må vi klare sjølv om det bråkar rundt oss. Men når eg sjølv skal lovprise Gud og Lammet for frelsa, må det vere med den lovsongen han la ned i meg ved den Heilage Ande. Eg trur og ventar at Jesus vil frelse ei kvinne og gi meg henne til kone, ja, frelse henne som kona mi. Og då er det henne Reella eg tenker på, det innstiller eg meg på og det vil eg lovprise han for.

Det hender skriveriet mitt stoppar opp, eg føler eg kjem ikkje lengre, kanskje er der eit avsnitt eg ikkje er fornøgd med, men ser ikkje heilt korleis eg skal endre det. Men når eg legg meg for natta, får eg ofte klarleik i det, eg trur underbevisstheita mi jobbar med det medan eg søv. Eg vert gjerne liggande våken i periodar og då får eg klårleik i det. Så når morgonen kjem, er det berre å stå opp og setje seg til å skrive. Eg forstår dette slik at Gud  ville gi mannen ei hjelp som høvde for han, då let han ein djup søvn falle på mannen, så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han. Og Jesus har no sagt at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile i mitt hjerte og mitt sinn, som overgår min forstand. Adam sa ho skulle kallast kvinne, fordi ho var teken av ein kar. At Gud fører henne til meg og at eg snakkar med Jesus om henne, skulle vel då stemme bra med Bibelen. At vi møtest og pratar saman skulle stemme bra med å vere realist, at ho blir kona mi skulle stemme bra med naturfag.

Synd, sjukdom og død eller omvending, syndserkjenning, tilgiving og lækjedom.

 

Ein sjukdom som Gud vil lækje.

 

 

Midt på 1980-talet, medan eg studerte i Oslo, sa Jesus at der er ein sjukdom mellom Guds folk og eg har fått kjenne noko av den sjukdomen i meg. Men han vil lækje den. I følgje 1.Mos.2 skapte Gud kvinna av mannens sidebein, så ho skulle vere ei hjelp for han. Dette har ikkje fungert og det er sjukt. I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så då skulle det fungere, men dette har det tvert om vorte protester mot.

I juni 1991 talte Jesus til meg om kvinna som var grepen i hor og det var no ikkje akkurat henne Reella det var sikta til, men det kunne godt vere sikta til henne Virtuella, for det er no ho som har protestert mot Paulus si lære, så vidt som eg har forstått.

 

Onsdag.19.06.91. (Videoband-opptak).

«Ja, jeg kjenner hva som rører seg i ditt hjerte, for jeg ransaker både hjerter og nyrer. Jeg vet hvordan du ikke våger å en gang tilkjennegi for dine nærmeste hvordan du har det. Men vit du kan få lov til å si det til meg. For jeg elsker deg. Jeg som en gang møtte en kvinne som stod der og ble fordømmt av de alle. Jeg fordømmte ikke. Jeg fordømmer ikke heller deg. Men det du trenger, det er dette at du får møte meg, og får oppleve dette at jeg fører deg dit jeg ønsker.

Hvorfor vansmekte der i ørkenen, når jeg har lagt et land rede for deg, som du kan få lov å gå inni. Når du opplever dette at det landet er alt rede, det flyter av melk og honning, der er alt hva du trenger til, for ditt liv, hvorfor ikke la deg dra, når jeg drar på deg med min Ånd, for at du skal få oppleve jeg frigjør deg, ja, det er en sannhet dette, at den Sønnen får frigjøre, han blir virkelig fri.»

 

Men her er det snakk om korleis eit menneske har det i sitt indre og slik var det nok sikta til meg. Eg opplevde det nok som ein konfliktsituasjon. Men sidan har no Jesus talt til meg om at han gjer sitt verk i meg, eg skal sjå på han og det verket han har gjort for meg, i meg og gjennom  meg. Og då forstod eg det slik at det var sikta til mitt kjærleiksforhold til henne Reella.

 

Ved Jesu sår har vi fått lækjedom.

 

Når eg bad om lækjedom for mor mi, sa Jesus at eg hadde lækjedom på grunnlag av at han tok bort synda med sitt offer ein gong for alle. Igjen forstod eg det slik at eg har lækjedom ved at han gir meg henne Reella til kone i staden for henne Virtuella.

Bodskapen 30.9.2012:

«Du skal ikkje frykte for nokon ting. Men la i alle ting, alle dine ynskje komme fram for meg i bønn, med påkalling, med takkseiing, i tilbeding, og eg som veit før du ber, kva du treng, eg skal ause ut over deg min herlegdom, eg skal gi deg straumar av levande vatn, eg skal gi deg overflod av liv. Eg skal gi deg det Golgata har brakt deg, og det er eit fullbrakt og fullkome verk. I meg skal du få kjenne at du ingen ting skal mangle. I meg skal du få oppleve at du blir gjort rik på alt det du behøver, både her og i all framtid. Så pris meg og lov meg, eg er Herren, din gjenløysar.

Berre løys deg frå dine band, i mitt namn skal du kjenne banda brest, i mitt namn skal du kjenne lenkene, dei vert frigjorde. Og du skal få lov til å – kan du løfte frimodig ditt hovud, og du skal få kjenne at den eg set fri, er verkeleg fri. Du skal få oppleve det, at du skal stråle av glede. For fordømminga er teken bort, alt det tunge har eg bore, alle dine plager og sjukdomar tok eg på meg og i mine sår har du fått lækjedom. I kveld har du fått lækjedom, her og no har du fått lækjedom. Din kropp skal få oppleve lækjedom, fordi eg sona di synd, eg tok bort rota og eg fjerna årsaka og eg vart opphav til herleg frelse, til ånd og sjel og lekam for deg. Derfor i denne kveldsstund er du verkeleg fri, til ånd, til sjel og til lekam. Og er du broten ned på det ytre plan, eg kan reise deg oppatt, er du broten ned i ånda, eg skal blåse liv i deg, så du skal kjenne du blir ein ny skapning. Halleluja.»

 

 

 

Kvinna som rørte ved Jesu kjortel og vart lækt.

 

Sidan har Jesus minna meg som kvinna som kom inn bak han og rørte ved kjortelen hans og vart lækte. Så eg tenker meg at slik får vi komme til han og verte lækte frå denne sjukdomen.

Fyrste bodskapen 18.6.2017:

1A: «Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren. Derfor skal du, mitt barn, du skal vere frimodig, og du skal trenge deg fram. Ja, du kan røre ved saumen av mitt kledeband og du skal få oppleve at det utgår ei kraft ifrå meg, seier Herren. For sjå, eg er midt i mellom dykk i denne stund. For sjå, eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen, eg er den same for dykk i kveld, seier Herren. Derfor rekk ut di trus-hand og eg Herren, eg skal løne deg. Og eg skal svare på dine bøner.»

1.B: «Og du mitt barn som kjenner, at missmodsånda har teke tak i deg. Du skal vite det, at eg har ikkje gitt deg missmodets ånd. Men eg har gitt deg krafta, sindigheita og kjærleikens Ande. Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. Du skal få kjenne, at eg fyller deg med gledens olje og du skal få kjenne at du blir sterk i meg og min veldige kraft, seier Herren. For sjå, eg har alt det, seier Herren. Dine murar står alltid for meg og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.»

 

Matt.9,     20 No var det ei kvinne der som hadde lide av blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans. 21 For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.» 22 Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.

 

I sin nåde tilgir Gud synd og det betyr at han gløymer den. Maranata 2.12.2018.

 

Innleiing ved ein mann.

 

 

Kor mange kyrkjelydar ventar på Jesu gjenkomst?

Matt.25,1 Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen.  2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke.  3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg.  4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine.  5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.

6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!»  7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine.  8 Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.»  9 «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.»

10 Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!» 12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.» 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

 

Så sa han noko om at med moderne telefonar og datamaskiner er synda berre eit tastetrykk unna, han tenkte på kor lett tilgjengeleg pornografi hadde vorte på internett.

Alle brurmøyane sovna, men det er om å gjere for oss å vere som dei fem vituge.

 

Tungetale ved Karl, tyding ved Tore.

 

1A: I nådens hav, der finst alle synder som har blitt begått og som blir begått og som kjem til å bli begått. Der har eg kasta dei og eg kjem dei aldri meir i hug. Derfor er du frelst i kveld av berre nåde. Derfor er du løfta opp i kraft av min Heilage Ande og eg har gitt deg barnekår i ditt hjerte. Og når barnekåret er i deg, så har du ingen ting å frykte for framtida. Når eg kjem, då blir du med. Og om du ikkje har barnekårets ånd i ditt hjerte, så ta imot meg, så skal du få kjenne at eg tek imot deg. Og eg har fullført verket også for deg. Så i kveld har du anledning til å verte fornya i di ånd, til å verte lækt i din kropp. I kveld er det nåde å få.

1B: Snakk ikkje så mykje om det negative, holdt ikkje fram alt dette som Djevelen er i stand til å gjere. Men løft opp meg, pris meg, opphøg mitt namn. Og berør ikkje så mykje av dei ting som høyrer denne verda til. Då skal de få oppleve at eg, Herren, skal sette deg fri, eg, Herren skal løfte deg opp, ha ingen ting med det som er død å gjere, men vert fylt av meg, så skal du få kjenne at ditt hjertet, det flyt over.

 

Tale ved Tore Kristiansen.

 

Jesus var mild mot vanlege folk, men krass mot farisearane og dei skriftlærde.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.

 

Barn til den frie kvinna, barn etter lovnaden.

 

Høgsangen.2,

8 Høyr, det er min ven.

Sjå der, han kjem

springande over heiane,

hoppande over haugane.

9 Min ven er som gasellen,

han liknar den unge hjort.

Sjå, der står han bortmed husveggen;

han glytter inn gjennom gluggen

og ser inn mellom sprinklane.

10 Min ven tek til ords og seier:

Stå opp, min hugnad!

Kom ut, mi fagre møy!

11 For sjå, vinteren er til endes,

regnet har kvorve.

12 Blomane sprett på vollane;

songtida er komen,

og turteldua kurrar i landet.

13 Frukta på vintreet raudnar,

og det angar av vintre i blom.

Stå opp, min hugnad!

Kom ut, mi fagre møy!

14 Du mi due på berghylla,

i livd under flogbratte fjell,

lat meg få sjå din skapnad,

lat meg få høyra ditt mæle!

For di røyst er så mjuk

og din skapnad så fager.

 

Høyr, sjå, med begge øyrene og augene. Han som sat i gluggen (vindauget) medan Paulus talte, sovna og falt ut. Tore brukte det talande for korleis det kan gå om ein høyrer med eine øyret og vender det andre mot verda, ser inn med det eine auget, men ser ut mot verda med det andre.

 

«I han» vert det sagt fleire gangar i Ef.1.

 

2.Mos.33,1 «Så lat meg få sjå herlegdomen din!» sa Moses. 19 Han svara: «Eg vil gå framom deg i all min godleik og ropa ut for deg namnet mitt, Herren. For eg er nådig mot den eg er nådig mot, og miskunnar den eg miskunnar. 20 Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva.» 21 Sidan sa Herren: «Sjå, her er ein stad tett attmed meg; stå der på berget! 22 Når så herlegdomen min fer framom, skal eg setja deg i bergskorta og halda handa mi over deg til dess eg har kome framom. 23 Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg attantil; men andletet mitt kan ingen sjå.»

 

 

Tungetale ved ein mann, tyding ved Tore.

 

2A. Om dei var motlause, så smilte eg til dei og mitt smil kunne dei ikkje formørke. Eg, Herren, eg trøysta dei nedbøygde, eg gav liv til dei som hadde sovna inn. Eg talte Ordet og når Ordet gjekk ut, så var det livssalig og dei som høyrde Ordet, dei kjende dei vart metta i sitt indre og dei vart fjetra av det Ord som eg talte. For det var ikkje berre ord til trøyst, men det var ord som skapte ånd og liv.

2B. Eg må prise deg, for du har gitt meg glede i hjerte, du har gitt meg fred til mitt indre menneske. Eg kjenner mine føter, dei er planta på klippen. Og eg kjenner sangen, den er i mitt hjertre. Det er ein frigjort sang, den sangen som eg fekk når eg kom til blodet. Og når blodet reinsa mitt liv, då vart alt nytt og det gamle forsvant i nådens hav. Og han reiste meg opp og så gjorde han mine trinn faste. Halleluja.

 

Kommentar.

Eg hadde nyst møtt ein kvinneleg ammanuensis ved Biologibygget på Blindern og eg smilte litt til henne når eg gjekk forbi henne. Ho underviste i molekylærbiologi og eg hadde prata litt med henne tidlegare og vitna for henne om mi tru på Jesus. Eg hugsar det var sentralt for meg å seie til henne at Gud elskar oss.

Eg skal lovprise Gud med den lovsongen han har lagt ned i meg og tene han med den nådegåva han har gitt meg ved den Heilage Ande. Eg trur han gir meg ei frelst kvinne til kone, ved gjenfødinga altså, ved at ho blir født av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Så ho blir ein slik lovsong som eg skal lovprise Gud og Lammet med og ei slik nådegåve som eg skal tene Gud med. Korleis er det mogleg? For det første vert vi lækte frå denne sjukdomen som eg snakka om (Matt.9,20-22), for vi vert reinsa i Jesus blod og fylte av den Heilage Ande. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss, som vår frelsar og Herre. Så vi får oppleve at han kjem som brudgom til kyrkja som er hans brud. Då kjem han som friar til si brud, noko som Høgsangen.2,8-14 er eit førebilete på. Og eg trur at slik frir han til henne som han vil gi meg til kone også. Når ho svarar ja på hans frieri, byrjar dette å fungere rett. Ho tek imot han og byrjar å lovprise han som Herren hennar brudgom og Herren hennar ektemann og blir ein slik lovsong. Han gir henne ei nådegåve ved sin Ande, ho tener han med den nådegåva og han brukar henne som ein lem på sin lekam. Sidan han er min frelsar og Herre, let eg mitt frieri til henne innrette seg deretter. Så om ho seier ja til mitt frieri også, blir ho for meg  ein slik lovsong som eg skal lovsynge Gud og Lammet med og ei slik nådegåve som eg skal tene Kristus med. For han er hovudet for lekamen og brukar oss som sine lemer. Då er vi også lemer for kvarandre. Eg skal forkynne den glade bodskapen om at Gud elskar oss i Kristus og det håper eg ho vil hjelpe meg med. Og no er det altså henne Reella eg tenker på.

 

Syndenes forlating betyr at dei forlet oss og vert erstatta av det nye livet.

 

Med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.

 

Heb.9, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

Heb.10,  11 Alle prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som aldri kan ta bort synder. 12 Men Jesus har for alltid bore fram eit einaste offer for synder og sett seg ved Guds høgre hand. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast ned som skammel for føtene hans. 14 For med ei einaste offergåve har han for alltid gjort dei som blir helga, fullkomne. 15 Den heilage ande vitnar òg for oss om dette. For først seier han:

16  Dette er pakta eg vil gjera med dei
i dagar som kjem, seier Herren:
Eg vil leggja mine bod i hjartet deira
og skriva dei i sinnet deira.
17 Og så:
Eg vil ikkje lenger hugsa
syndene deira og all uretten deira.
18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

Syndenes forlating betyr at syndene forlet oss, dei blir erstatta av noko ann, for Jesus lever og er med oss og gir oss ånd og liv frå himmelen og det er fullkome. Så han sjølv lever i oss og er vår frelsar og Herre og det er herleg.

 

 

Jesus skjenker ein kvar som kjem fram for han ei full syndenes forlating, så vi får komme fram for han med vår sjels lengsel, vår trong og våre behov.

 

M40, 27.10.1996. Bededagsstevne. Jakob Ohldieck hadde tyding av tungetale:

Ja, fremdeles er jeg den jeg er. Jeg kaller, og jeg kaller på jorden. Ja, fra solen går opp og til den går ned. Også idag kaller jeg og kaller jeg på deg. Du skal vite mitt barn, jeg gav mitt liv som en gjenløsningsbetaling for dine synder, for at du skulle få komme, slik som du er. Jeg har sjenket og vil sjenke enhver en full syndenes forlatelse som kommer frem for mitt åsyn. Du skal få kjenne og oppleve at jeg løfter byrdene av dine skuldre, jeg frigjør bærekurven fra nakken din, sier Herren din Gud.

Ja, jeg vil igjen ta meg av deg. Jeg vil hjelpe deg til rette. Jeg vil møte din sjels lengsel og trang. Det skal du vite mitt barn, at jeg er mektig til å oppfylle all din trang i herlighet i Kristus Jesus. Derfor kom til meg med din lengsel, med din trang og med ditt behov. Du skal få kjenne og oppleve, jeg kommer deg i møte. Jeg er ikke en Gud som er langt borte, men jeg er nær deg, sier Herren din Gud.

Jeg vil komme deg i møte. Jeg kjenner ditt hjertes ønske. Jeg vet at du er nedbøyet og missmodig. Derfor kommer jeg, for å ta meg av nettopp din sak. For å løfte deg opp, for å gjøre deg fri, for å fylle din sjel med glede, med takk, med trygghet. Derfor vær du bare såre frimodig. Du skal gjøre som de gamle ….

Diktafonopptak, det var slutt på kassetten, men eg hugser det vart sagt at eg skal få sjå opp til Gud og stråle av glede. Eg trur helst det var avslutninga på forrige setning.

 

 

 

 

Stol på Jesus av heile ditt hjarte, så skal det skje.

Bodskapen 25.8.2019:

Bodskap 1A. ”Ja, seier Herren, du har søkt meg mange gangar og mange gangar har du gått skuffa bort, seier Herren. Det har ikkje skjett noko og du tvilar på om det i det heile teke skal skje noko. Men eg seier deg, hald ut, mitt barn, hald ut og frykt ikkje. Stol på meg, eg har full kontroll over ditt liv, seier Herren. Eg har full kontroll over deg. Eg ser kva du styrar med, eg ser kva det du – du styrer med i din kvardag, der du går omkring, der du er, så ser eg kva du styrer med og eg veit også kva du skal møte. For eg har full kontroll, stol på meg, seier Herren. For eg har verkeleg full kontroll over ditt liv, så ver ikkje -, ver ikkje -, slutt ikkje å søke meg, for eg vil svare i mi tid, seier Herren. Søk inn til meg og søk meg, av heile ditt hjerte, seier Herren.”

Bodskap 1B. ”Du har mange gangar tvilt på om eg verkeleg lever, seier Herren. Men sjå, eg lever, og eg er den same i dag som i fordums tid. Eg er den same som går omkring i benkeradene her i denne stund. Eg vil røre ved deg i denne stund. Om ikkje du retta opp di hand, eller du – eg ser til ditt inste hjerte og din inste lengsel. Eg vil røre ved deg i denne stund, seier Herren, og det skal verte eit føre og eit etter, seier Herren. Du skal få oppleve at eg kjem til deg. Og eg vil – din lækjedom skal gå over tid, seier Herren. Du skal verte stadig betre av det som du plagest av, seier Herren. Du skal berre få sjå, at når du stolar på meg, av heile ditt hjarte og ikkje tvilar, så skal det skje. Men vit, eg også ser til deg som tvilar, seier Herren. Eg ser til deg som tvilar, eg har deg verkeleg kjær, seier Herren. Du er dyrebar i mine auge og eg vil at du skal stole på meg, eg forlangar det ikkje seier Herren, men eg vil at du skal ta meg på alvor. Og du skal sjå, du skal sjå større ting enn det som du har sett hittil, seier Herren. Du skal få sjå det lille og du skal bli også det store – den store samanheng. Og du skal få sjå, eg er i går og i dag den same, til evig tid. Amen.”

 

Eg skal søke Herren av heile mitt hjerte.

 

Eg skal halde meg heilhjarta til Herre, så kjem han meg til hjelp med si kraft (2.Krøn.16,9), slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Og Jesus har sagt eg skal søke han av heile mitt hjerte, eg skal tru på han av heile mitt hjerte. Så eg skal ta parti med han både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella.

 

Bodskapen 10.5.2009:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

 

 

Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær, mot verda sine herrar i dette mørket. Men Jesus gir oss ånd og liv ifrå himmelen, når vi tek imot og vert fylt av den Heilage Ande, av hans salving og kraft, så må dei vonde åndsmaktene vike.

 

Ef.6, 10 Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! 11 Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. 12 For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. 13 Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. 14 Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, 15 og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. 16 Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. 17 Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

 

Når vi gjekk på gymnaset lovpriste ho Virtuella Kristus som sin frelsar og Herre, det gjorde eg også. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5), slik la han lovsongen ned i meg. Faderen og Sonen er denne kjærleiken og den er alltid rett, sjølv om ho sidan har sagt nei til den og avvist Kristus som sin frelsar og Herre. Så eg kan, vil og skal framleis vende meg til han, søke han av heile mitt hjarte og lovprise han som vår frelsar og Herre. Jesus vil gjere meg til ein kanal for si velsigning og den er også til henne. Ho har framleis moglegheit til å ta imot og verte frelst og fylt av den Heilage Ande igjen og byrje å lovprise Kristus som sin frelsar og Herre igjen.

 

 

Bodskapen 10.9.2017:

 

«Eg er kongane sin konge, eg er herrane sin Herre. Ja, det er eg som frelser, det er eg som løyser ut av lenkjer og bande. Det er eg som set fangane fri. Det er eg, eg som har teke bustad i ditt hjerte. Du skal ikkje tvile. Du skal ikkje syrgje. Du skal berre glede deg i meg. For eg, eg er Herren din Gud, som veit om alle ting. Eg er også den som veit alt i alle. Ingen ting kan skjulast for meg. For eg som er Herren din Gud er den som skal gjere det, alle ting i stand. Når du søker meg av heile ditt hjerte, så skal du få sjå og erfare, at eg er kongane sin konge, herrane sin Herre, eg er også lækjarane sin lækjar. For eg er den som kan gjere alt som er umogeleg for menneske, det er mogleg for meg.

Eg har teke bustad i ditt hjerte og eg snur meg aldri ifrå deg. Det er du som må ta det val om du vil bli hos meg. For eg blir hos deg til evig tid, men det er du som må velje om du vil fortsette å leve med meg. For eg som er Herren din Gud, er med deg alle dagar. For om du vel å ta meg bort ifrå ditt liv, så er det ditt eige ansvar, fordi eg kan ikkje gjere noko før du har sagt: Her er eg Herre, kom og ta meg igjen, for eg, eg vil ta bustad i ditt hjerte, men eg kan ikkje gjere det, før du gjer det mogleg sjølv.»

 

Realfag, tru og openberring. Menneske vert tiltrekt av den herlegdomen som går opp over oss.

 

Eg er ikkje politisk engasjert, ikkje på annan måte enn å innta det lova landet.

 

Eg skal søke Gud i løynkammerbøna, kle meg i Guds fulle rustning og gå ut og vitne om Jesus. Og så overlate det til den Heilage Ande å overtyde verda om synd, dom og rettferd. Eg har skrive at eg ikkje er interessert i politikk, ikkje på annan måte enn å innta det lova landet. Eg les i Bibelen og søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, samtidig er eg interessert i realfag. Men eg må nok rekne med at politikarar vert interessert i det.

Realfag er sikker kunnskap og det er tradisjon at det vert filosofert over det. Men realfag har utvikla seg enormt siste 150 åra og det verkar som filosofane har falt av lasset. Men heldigvis er det mange velutdanna realistar som tek skeia i eiga hand og filosoferer sjølve. Det gjer eg og, men då er det altså på den måten at eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, så eg får vere med på å oppleve at Guds herlegdom går opp over meg. Vi vert tiltrekt av Kristus og hans herlegdom, han let sin herlegdom gå opp over meg og oss, som hans kyrkjelyd. Menneske vert tiltrekt av Kristus og hans herlegdom og slik vil Gud legge menneske til kyrkjelyden.

Sidan Gud forsona verda med seg, ved at Jesus døde i staden for oss og sidan eg let meg forsone med han på evangeliets grunnvoll, så meiner eg at realfag er sameinleg med mi tru på Faderen og Sonen, eg trur at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus. Gud gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande. Til ein viss grad kan det kan no forståast som psykologi og filosofi, men vår forstand er avgrensa. Dessutan er det ikkje berre teori, men det er ein åndeleg røyndom.

 

Det er stummande mørkt over folkeslaga, men Guds herlegdom skal gå opp over meg.

 

Gud har skapt alle ting, han har skapt menneska, han skapte dei i si likning og han skapte dei til mann og kvinne. Gud kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk og lyste den heilag.

Adam levde i samfunn med han og fekk oppleve at han skapte. Gud ville at dei skulle halde fram med å leve i samfunn med han, han hadde då skapt dei og hanne ein plan og ein vilje med dei. Men når han gjekk i hagen, så gøymde dei seg. Han kalla på dei og då vart det eit rettsoppgjer.

 

Han skapte Himmel og jord med sitt Ord, men han seier det også slik at han kalla dei fram, og det seier han også om folkeslaga.

 

 

Jes.48,   13 Ja, mi hand har grunnlagt jorda,
mi høgre hand har breidd himmelen ut.
Eg kalla dei fram, og saman stod dei der.

 

Jesaja.13, 3 Eg har sjølv kalla inn mine heilage krigarar
som skal tena min vreide,
eg har samla mine krigsmenn,
dei som jublar over mitt velde.

 

Jesaja.41,Ver stille for meg, de kystar!
Folka skal få ny kraft.
Lat dei koma nær og så tala si sak.
Lat oss saman gå fram for retten!

2 Kven har vekt opp frå aust
han som møtest av siger
kvar han går?
Kven gjev folkeslag over til han
og lèt han undertrykkja kongar?
Hans sverd gjer dei til støv,
hans boge gjer dei til halm
som blæs bort.

3 Han forfølgjer dei,
går uskadd fram,
foten er nesten ikkje nær vegen.

4 Kven har utført og gjort dette?
          Han som frå opphavs tid
kalla slektene fram.

Eg, Herren, er den første,
og eg er hos dei siste.
Eg er Han.

5 Kystane ser det og fryktar,
endane av jorda skjelv.
Dei er nær, dei kjem.

 

Dette er sagt om kong Kyros, han som let jødane fare heim att il landet sitt. Og det gjaldt dei andre folka også. Det er førebilete på evangeliet om Kristus. Her er det sagt at Gud opphavleg kalla ættene fram, så eg tenker meg at slik skapte han gjennom utvikling.

No er det stummande mørkt over folkeslaga, så dei er visst ikkje i stand til å innsjå dette. Men Gud vil la sin herlegdom gå opp over meg, så det vert lyst både for vanlege folk og for herskarar.

 

Bodskapen 8.5.2011:

«Eg har kjøpt deg fri, ikkje med sølv eller gull, men med mitt … blod[1]. Eg har satt deg fri, eg har frigjort deg ifrå syndas og dødens lov. For det kan du takke meg, for det kan du juble. For det kan du attrå ei himmelsk glede. For det største her i verden, det er å få oppleve syndeforlating. Den beste rikdom du kan ha, det er å vedkjenne meg og å sjå den sanne rikdom som er skjenka til alle menneske. Eg gjev deg i desse tider augesalve, så du kan opne dine auge og du får skode inn i den rikdomen som eg, Herren, har leia deg inni. Du ser det ikkje så klart i dag, men eg skal gi deg meir og meir opna auge, så du kan skode inn i både fridomens lov og inn i rikdommen og inn i herlegdomen. Og du skal få oppleve, når du blir … at du skal ikkje sakne noko eller mangle, men du skal få kjenne at: ”alle mine kjelder, dei har eg i deg”.

Vend ditt blikk oppover. Du er oppreist med meg, då skal du skode opp og forvente det som er der oppe. Og når du møter mitt blikk, som er all godleiks givar, så skal du få kjenne at eg skal ause mi velsigning over deg i rikeleg mål. Og du skal få oppleve at ditt hjerte skal tennast og det skal byrje å brenne for meg. Og elden skal flamme i ditt hjerte og det skal bli varme der inne. Og når flammen og varmen og lyset byrjar å ta overtaket i ditt hjerte, då skal du verte eit vitne for meg og din tunge skal få lov til å fortelje om mine dygder. Og du skal kjenne ei trong til å (bringe ut den herlege bodskap til både dine naboar og til dei du møter på din arbeidsplass)? Og dei skal merke den herlegdom som har gått opp over deg, fordi du har opna ditt hjerte og du skal skode inn i min herlegdom. – Halleluja.»

 

 

Bodskapen 22.5.2011:

«Ja, det er stummande mørkt over folkeslaga, men over deg skal min herlegdom oppgå. Og menneske og kongar skal søke til den glansen som går opp over deg. Og du skal fryde deg og glede deg i meg, fordi at eg er den same i dag som eg alltid har vore. Og eg vil at du skal vere sendebod om at ”du døde for meg”, som eg ynskjer at du skal vere. Så i dag og i kveld, så skal du få kjenne og sjå min herlegdom, du skal få kjenne det når du legg deg i kveld, så skal du få be min herlegdom, ja, eg skal openberre min skjønnhet for deg, fordi  at du skal verte ein truande som trur, du vert ein truande som trur. Og verda kjem til å sjå min herlegdom gjennom ditt liv.

Det er nåde og det er nåde. Å …. Ver du mellom dei som bankar på, så skal det lukkast opp for deg, ver du mellom dei som begjærer av meg, og eg skal skunde meg, seier Herren, og hjelpe deg til din rett. (Du ropar til meg, mitt barn)? Å, du skal få sjå min herlegdom, verda skal få sjå min herlegdom. Ikkje avgrens meg (meir?), men la meg få lov å få fyrsteplassen i livet ditt. La meg få lov til å vere det ypperste i ditt liv. Å, du skal få sjå min stordom og mi allmakt og eg vil la mi salving kvile over deg. Amen.»

 

 

Eg skal overlate det til den Heilage Ande å overtyde verda om synd, dom og rettferd.

 

Bodskapen 8.12.2013:

«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.

Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»

 

 

Vere med i Herrens råd.

 

Bodskapen 6.5.2018:

 

«Ja, eg har sagt i mitt Ord, at eg er i går og i dag den same og forblir det til evig tid. Derfor skal du vite, seier Herren, at sånn som eg var då eg vandra her på jorda, er eg den same i dag. Eg ynsker å rekke ut min arm, til teikn og under. Eg ynskjer at det skal skje store ting i mellom mitt folk, seier Herren. Og sjå, eg har no sendt dykk den Heilage Ande og den skal vegleie dykk til heile sanninga og den skal minne dykk om alle ting, seier Herren.

Syrgj for at du er i ditt løynkammer og søker meg i denne tida. Og ikkje rådfører deg med menneske på nokon måte. Men søk inn til meg og eg skal gi deg råd ved mitt auge, seier Herren. Og sjå, når eg får leie deg, då skal du ikkje gå feil, seier Herren. Men då skal du gå på min veg, den som eg vil at du skal gå på. Sjå, eg skal leie deg inn i oppgaver, eg skal leie deg inn i tenester, som du ikkje visste om, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg ynskjer å bruke deg i denne tida. Derfor still deg til min disposisjon, seier Herre, og eg skal bruke deg til stor og rik velsigning. Halleluja.»

 

Det er skilnad på drøyming og fantasering og å ha Guds Ord og få oppleve at Anden openberrar det.

Jer.23,   21 Eg har ikkje sendt profetane,
men dei spring,
eg har ikkje tala til dei,
men dei profeterer.

22 Om dei hadde vore med i mitt råd,
kunne dei ha late folket mitt få høyra mine ord
og fått dei til å venda om
frå sine vonde vegar og gjerningar.

23 Er eg ein gud som er nær, seier Herren,
og ikkje ein gud langt borte?

24 Kan nokon gøyma seg på hemmelege stader
så eg ikkje ser han? seier Herren.
Fyller ikkje eg både himmel og jord?
seier Herren.

25 Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som profeterer løgn i mitt namn: «Eg har drøymt, eg har drøymt.» 26 Kor lenge har profetane tenkt å profetera løgn, svik frå sitt eige hjarte? 27 Med draumane som dei fortel kvarandre, har dei tenkt å få folket mitt til å gløyma mitt namn, slik fedrane deira gløymde mitt namn for Baal. 28 Den profeten som har ein draum, skal fortelja draumen, men den som har mitt ord, skal tala mitt ord i sanning.
Kva har halmen til felles med kornet?
seier Herren.

29 Er ikkje mitt ord lik ein eld, seier Herren,
lik ei sleggje som knuser berg?
30 Difor, sjå, eg kjem over profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre. 31 Sjå, eg kjem over profetane, seier Herren, dei som får tunga på glid og forkynner profetord. 32 Sjå, eg kjem over dei som profeterer løgndraumar, seier Herren. Dei fortel dei og fører folket mitt vill med løgner og skryt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til noka hjelp for dette folket, seier Herren.

 

Matt.3, 11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. 12 Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

 

Bodskapen 11.8.2019:

”Eg kjenner deg, seier Herren, i begge mine hender har eg teikna deg, du er min. Eg kjenner dine gjerningar og eg veit at du har lita kraft. Eg veit at du føler deg tilkortkommen og skrøpeleg og fattig. Eg veit at du føler du ikkje strekk til, men det er ikkje heile sanninga. For sjå, seier Herren, eg har sett foran deg ei opa dør. Ei opa dør som berre eg kan opne. Ei opa dør som ikkje du treng å presse deg gjennom. Men ei opa dør som eg seier velkommen gjennom. Velkommen, gå inn i den opne døra og du skal sjå at eg har førebutt gode gjerningar for deg. Du treng ikkje å – å minne meg om din eigen fattigdom, men eg vil at du skal påkalle meg av heile ditt hjerte. Eg vil at du skal opphøgje namnet mitt, for eg er rik nok, eg er sterk nok, seier Herren. Eg er frimodig nok og eg bur i ditt hjerte. Eg sende talsmannen, den Heilage Ande, for at du skulle kjenne og vite, at eg lever i deg. Og eg sende også talsmannen for å førebu ein veg, midt i øydemarka, for å skape liv, der som ingen andre kunne tru at det var mogleg. Eg har sendt den Heilage Ande, for å førebu menneske på denne stad, for å ta imot evangeliet. Og de skal få sjå ting som de ikkje trudde var mogleg. Fordi eg førebur, eg førebur nytt liv, eg førebur nye menneske. Og eg ynskjer å bruke deg, på tross av din skrøpelegdom. Eg veit at du har lita kraft, men du har ikkje forlete den første kjærleik. Eg veit at du kan seie frå djupet av ditt hjarte: Eg elskar deg, Jesus. Og det er nok for meg, seier, Herren, eg elska deg først og så elskar du meg tilbake. Derfor skal du legge deg trygt i natt, utan fordømming, utan nederlagsføling og du skal få vakne opp til ein ny dag og kjenne at: dette er den første dag i resten av mitt liv. Ein ny dag med nye moglegheiter, sjå, det gamle er forbi, sjå, alt har vorte nytt. Og du skal få vere med meg inn i noko nytt, seier Herren. Du skal få vere med meg og sjå at eg gjer nye ting i ditt liv og at eg gjer nye ting i din familie. Du skal få vere med å sjå at eg gjer nye ting i bygder og byar, som mange trudde var umogleg, som mange trudde det var forbi, men sjå, eg gjer noko nytt, seier Herren. Skal de ikkje oppleve det? Skal de ikkje vere med på det som eg har førebudt? For eg har førebudt ei innhausting i dei siste dagar og eg veit at markane er kvite til haust. Og eg ynskjer å invitere deg med, slik at du kan få sjå det, du kan få oppleve det, du kan få delta i det. Og alt dette gjer eg, ikkje på grunn av deg, men på grunn av at eg elskar verda så høgt og eg elskar deg, på tross av dine feil, seier Herren. Og eg ynskjer at du vil opne ditt hjerte og seie: Herre, her er eg, send meg. Amen.”

 

Eit kongeleg presteskap.

 

Legg difor av all vondskap, svik og hykleri, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse.  3 For de har smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud.  5 Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:
 Sjå, på Sion legg eg ein hjørnestein,
 utvald og kosteleg;
 den som trur på han,
 skal ikkje bli til skamme.
7 Så blir han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur,
 har steinen som bygningsmennene vraka,
 vorte hjørnestein,

8  ein snublestein og eit berg til fall.
Fordi dei ikkje er lydige mot Ordet, snublar dei. Slik var det òg fastsett at det skulle gå dei.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.

10 De som før ikkje var eit folk,
er no Guds folk.
De som før ikkje fann miskunn,
har no funne miskunn.

 

 

 

M40. Søndag 16. februar 1997. Tyding av tungetale, (Ved Finn Arne Lauvås):

«Ja, sier Herren, da du kom til meg, da ble du et Guds barn, ved syndenes forlatelse. Gjennom syndenes forlatelse brøt det nye lyset fram i ditt indre. Se, sier Herren, min frelse er mer enn dette. Og du skal se det som er større enn dette. For – ved det nye lyset som brøt fram, ble også min natur, meg selv, ble plantet i deg. Og dette frø, sier Herren, det rommer alle mine muligheter. Det rommer alle mine dufter, alle mine farver skal komme til syne i min menighet. Derfor, sier Herren, vær ikke for smalsporet, vær ikke for trangsynt, men utvid deres hjerter. For det liv jeg har plantet i dere har ingen grenser. For det er jeg, den grenseløse, bor i mitt folk. Utfra mitt folk, utfra min bolig, vil jeg bringe min herlighet. Ja, sier Herren, i Jerusalem, Samaria, Judea, men like til jordens ender. Se, det er ingen grense på det du har. Derfor la dette strømmer ut gjennom deg. Det skal frelse deg fra din eget mørke og din egen ørken, men det har også kraft i seg til å forvandle dine omgivelser. Slik at du ikke bare ser meg som en som tilgir deg, men kongen selv kommer til syne i deg, så du begynner å vandre kongelig, du begynner å vandre på et kongelig plan, sier Herren. Fordi min natur er også kongens natur. Min natur er regjerende, slik at det du før ble dominert av, det beseirer du i kraft av det nye livets vesen, sier Herren. Derfor – ta deg ikke sammen i din egen kraft, men opplat ditt hjerte, vidt opp, og din munn vidt opp, og jeg skal fylle deg, så det flyter over, sier Herren. Min kraft fullendes på tross av din skrøpelighet – og i din skrøpe-lighet.

Og når dette nye livets vesen bryter fram fra ditt indre, da beseirer det din nedtrykkthet, ja, det mørket som har holdt deg nede, det brytes, sier Herren. Ja, sier Herren, når jeg tenner igjen den gave som jeg har lagt ned i ditt indre, så blir det en avgjorthet. Passiviteten, oppgittheten, mørket, alt dette her som vil paralysere deg, må vike, for det nye livets vesen. For det er min oppstandelseskraft jeg har plantet i deg. Derfor gi meg rom, sier Herren, la ikke mørket dominere deg, men la meg få rom, la meg få plass i ditt liv. Og utfra ditt indre, ikke ifra et spesiellt sted, geografiske, men fra ditt indre, skal det som skriften har sagt, renne strømmer, fra ditt liv, sier Herren, skal det renne strømmer av levende vann. Det har jeg talt om den Ånd og det liv som jeg har plantet i deg.»

 

 

 

Den kristne fridomen, meininga med livet og interessemotsetnader.

 

Kristen fundamentalisme.

 

Paulus sa at dersom Kristus ikkje er oppstått frå dei døde, så er vi skrøpelegare enn alle menneske. Men no er han oppstått. Dette viser kor viktig det er for oss på tru på at han lever og er med oss og å kjennast ved han. I det gamle testamentet er det sagt at dei gudane som ikkje skapte himmel og jord, ikkje er gudar. Den sanne og levande Gud skapte himmel og jord og han skaper også noko fullkome, som står til evig tid, han skapar det i våre indre menneske ved sitt Ord og sin Ande. Han frelser oss for æva og gir oss evig liv. Han har openberra si frelse for oss i Kristus. Når Gud gjer sitt verk, kan vi ikkje ta ifrå noko eller legge noko til, vi kan berre ta imot i tru, av berre nåde. Ved å vende oss til Jesus og tru på han, får vi oppleve at han gir oss ånd og liv, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Har vi teke imot han, så tilhøyrer vi han og skal leve for han. Det gir oss meining med livet. Det er frigjerande nettopp fordi det gir den einskilde meining med livet.

Sidan vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss og det er det fundamentale, for han er den fyrst og den siste. Evangeliets grunnvoll er lagt, det er Guds verk, ingen kan legge ein annan grunnvoll i staden. Som Guds medarbeidarar får vi bygge på den grunnvollen, då er det vesentleg for oss å få oppleve at Gud gjer sitt verk med oss og skaper noko som står til evig tid. Det er viktig for oss å bygge med noko som består eldprøva (1.Kor.3).

 

Verte godtekne som menneske, innvending?

 

Gud skapte menneska i si likning, til mann og kvinne sakte han dei. Dei braut med han ved syndefallet. Men på evangeliets grunnvoll vert vår forhold til han gjenoppretta. På evangeliets grunnvoll vert vi godtekne som menneske, som mann og kvinne. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2, han skaper orden i kyrkjelyden og det samsvarar med den ordenen han har skapt i naturen. Vi får komme til Gud på evangeliets grunnvoll akkurat slik som vi er og verte godteken slik som vi er, som menneske, som mann og kvinne. Og det er nettopp det vi må gjere. Så får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i samsvar med skapingssoga, for Gud er den same. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.

 

1KO 14,26 – 1KO 14,40   Kva så, brør? Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har noko å tala i tunger, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging! 27 Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller i høgda tre kvar gong. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda. 28 Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud. 29 To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt. 30 Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den fyrste teia. 31 For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få påminning. 32 Profetar har herredøme over åndene som talar i dei. 33 For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle kristne kyrkjelydar 34 skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier. 35 Men vil dei ha greie på noko, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i kyrkjelyden. 36 Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut, eller er det berre til dykk det er kome? 37 Trur nokon at han er profet eller åndsfylt, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod. 38 Den som ikkje godtek dette, vert sjølv ikkje godteken. 39   Difor, brør: Legg vinn på å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger. 40 Men lat alt gå sømeleg og skipeleg til!

 

Kvinnerørsla har protestert mot dette, den godtek det altså ikkje, men dei som ikkje godtek dette vert sjølve ikkje godtekne. Korleis kan menneske gå med på noko slikt. Dei protesterer mot den evangeliske forkynninga, for dei vil ikkje at menneske skal verte godtekne slik som dei er, på grunnlag av forsoninga. Som om der ikkje er nokon god og allmektig Gud, som har skapt det heile og som såg at det var godt. Som om Jesus frelseverk ikkje er fullført og fullkome. Dei argumenterer gjerne mot den kristne trua utifrå naturvitskapen. Så prøver dei å framstille seg som falske gudar og falske messiasar som skal gjere det betre. Men for det første er dette ikkje lengre realfag og vitskap, sjølv om dei prøver å framstille det slik. For det andre har dette aldrig fungert og kjem heller aldri til å gjere det.

 

 

Arbeid, moral, økonomi, politikk, religion – innvending?

 

Vi må arbeide for å skape noko verdifullt og i dens siste tid har vi fått augo opp for verdien av teoretisk arbeid også, men det er ikkje gull alt som glimer her heller. Frå gammalt av er det rekna for god moral å vere arbeidsam, venteleg skal det gå bra med den rettferdige. Det ser vi i Jobs bok også. Slik arbeidsmoral finn vi igjen i økonomi, politikk og religion.

Så verdslege autoritetar kan forvente at vi skal prestere noko, det kan vere økonomiske føretak, politikarar eller religiøse leiarar. Men kva betyding får det då om dei fornektar Faderen og Sonen. Dei nektar for at Gud gjer sitt verk med oss. Dei prøver vel å gi inntrykk av at det er dei som gjer sitt verk i staden. Men eigentleg gir dei oppgåva til sine «undersåttar» og krev at dei skal gjere det i staden. Men ingen av oss kan gjere Guds verk, så med det kravet gjer dei menneska til trælar. Dei vert gjorde til salsvare.

 

 

Sviket, avslag på frieriet vert gjort til noko meir fundamentalt?

 

Det er vel ikkje så uvanleg at ein mann frir til ei kvinne og får avslag, ho kunne meine han ikkje var bra nok for henne eller at han ikkje var den rette for henne, slik sett har det si naturlege forklaring. Dei må vel kunne halde fram med å vere venner og vere sosiale slik som før. Det er ei personleg og privat sak og ei sosial sak dei imellom.

Men er det berre det saka gjeld? Korleis kan det då ha seg at avslaget på frieriet vert gjort til moral-filosofi, politikk og religion. Ja, for det er då nettopp det kvinnerørsla har gjort det til. Avslaget på ein manns frieri har vorte til «nei til Kristus». Kristus elskar si kyrkje som si brud og opptrer som friar overfor henne, for å frelse henne, ho svarar ja på hans frieri og let han vere hennar frelsar og Herre. Det er ikkje så uvanleg at ei kvinne seier nei til ein manns frieri, men dersom ho gjer politikk og religion ut av det, ved å seie nei til Kristi frieri også, så er det noko verre. Dersom både mann og kvinne sa ja til Kristus, som sin frelsar og Herre, så skulle ein manns frieri til ei kvinne vere enkelt, naturleg og sjølvsagt, men det sen trale og verdifulle poenget for dei begge er at ho, som Kristi brud, seier ja til Kristus, som Herren hennar brudgom og Herren hennar ektemann. Same enten ho vil seie ja til mannens frieri eller ikkje. Men med protesten mot Paulus si lære har svaret vore å seie nei til Kristus i staden.

Avslaget på Kristi frieri vert gjort til politikk og religion, slik vil dei altså leie folket og representere folket. Men veit og forstår folket i så fall kva dei er med på? Eller er det noko dei vert forførde og lurte til? At kvinna sa nei til mannens frieri betydde at ho ho heldt han for å ikkje vere bra nok for henne. Når det vert gjort til religion og politikk for folket, betyr det at mennene i folket ikkje er bra nok for kvinnene i folket. Kvifor det? Fordi der er andre interesser som er komne inn i strid med både kristendomen, naturvitskapen og naturen, interessa av å gjere menneska til salsvare som trælar, så spørsmålet har vorte om du er bra nok som salsvare. Dette vert så avgjerande for om du skal lukkast i kampen for tilværet, til tross for at det på sett og vis ei anna interesse, med eit anna perspektiv. Og dermed fungerer ikkje dette heller rett.

Det ser vi så tydeleg i norsk politikk. Ein norsk mann opplever naturleg nok at livet er ein kamp for tilværet, sjølv om Gud sette han til å dyrke og verne hagen som han hadde skapt. Men gud såg at det var ikkje godt for han å vere åleine, så han skapte kvinna av sidebeinet hans, sjølvsagt fordi han ville gi han ei hjelp som høvde for han. Men då har dei altså lært henne opp til å kjempe mot hans tilvære i staden. Og dette strir både mot Bibelens lære og mot naturvitskapen.

Korleis kan det ha seg? Jau, utviklingslæra er ein naturvitskapleg teori, men den har vorte til moralfilosofi, politikk og religion og med ei slik forståing av utviklingslæra, fungerer den ikkje rett.

 

Utviklingslæra, innvending? Raseteori? Kvinnekampen resulterer i ein livsfiendtleg og menneske-fiendtleg raseteori.

 

Det vert ofte argumentert mot skapingssoga utifrå utviklingslæra. Likevel ser ikkje eg det som den store oppgåva å argumentere mot utviklingslæra, den har si gyldigheit, men også si avgrensing. Det kan forklarast lett med ein antibiotika-kur, den må fullførast for at der ikkje skal verte antibiotika-resistente bakteriar. Om der då trengst meir medisinering, må dei prøve med ei annan type antibiotika.

Det er ikkje noko gale i at menneske lærer å forstå at naturen verkar slik, det er tvert om bra. Det samsvarar med at Adam fekk oppleve at Gud planta hagen og førde dyra fram for han, så han skulle gi dei namn. Han skulle dyrke og verne hagen og då var det viktig og verdifullt for han at han visst korleis den hadde vorte til og forstod seg på korleis naturen fungerte.

Men den store feilen var at dei let seg freiste til å ete av frukta på kunnskapstreet, så dei skulle verte liksom Gud og få vit på godt og vondt. Med den moralfilosofisk kunnskapen miste dei sin integritet i det økologiske systemet og forstod seg ikkje lengre på det, men vart stengde ute frå hagen. Så det vi må passe på, er at ingen slik moralfilosofisk, religiøs eller politiske filosofisk kunnskap vert kopla til utviklingslæra. Vi må passe oss så vi ikkje får eit kunstig sorterings-samfunn der menneske vert trælar under kunstige gudar.

I 1.Mos.2 er det sagt at Gud såg at det var ikkje godt for mannen å vere åleine, så han ville gi han ei hjelp som høvde for han. Derfor let han ein tung søvn falle på han, så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han. Eg forstår det slik at det betyr at ho var av hans eige folk, derfor vart ho ei hjelp som høvde for han. Ho var den rett for han og han var den rette for henne. Då skulle det altså tene til å ivareta deira private interesser og deira interesser som folk, ved at dei dyrka og verna hagen.

Historia fortel oss om korleis folkeslaga har utbreia seg på jorda. Og dei finn ut meir om det, ved å studere genane til folka. Nanoteknologi har gjort gensekvensieringa mykje meir effektiv, så vi har fått mykje meir og sikrare kunnskap om dette. Mange venstreradikale brukar gjerne naturfagleg kunnskap som argument mot trua på Gud og mot evangelisk kristendom, men så viser det seg at dei er fiendtleg innstilt til denne kunnskapen. Det er no pussig, det er ei sjølvmotseiing. Det viser at eigentleg argumenterer dei utifrå ein moralfilosofi, som om det er med ei religiøs overtyding.

Evangeliet skal forkynnast for alle folkeslag og slik som eg har tolka skapingssoga, så er det sameinleg med det biologien seier om korleis det har vorte utvikla ulike folkeslag med sine særpreg. Poenget er at dersom dei let seg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, så vil han gjere sitt verk med dei, ved sitt Ord og sin Ande og slik skaper han utvikling.

Her i Noreg har kvinnerørsla protestert mot dette. Korleis kan det ha seg? Ein mann frir til ei kvinne og får avslag, fordi ho meiner han ikkje er bra nok for henne eller ikkje er den rette for henne. Det vert det gjort moralfilosofi og politisk filososfi utav, det vert gjort til økonomisk teori og religion. Påstanden er dermed at norske menn ikkje er bra nok som ektemenn for norske kvinner, men det er då ein raseteori som strir mot både evangeliet og biologien. Det blir ikkje formulert slik eksplisitt, men den tanken og ideen viser seg i den praktiske politikken, i praksis verkar den til å utrydde det norske folk, det er den realpolitikken tanken og ideen deira resulterer i. Og kvifor det? Fordi tanken og ideen deira er ein raseteori om at norske menn og dermed det norske folk ikkje er bra nok.

Kvifor? Jau, fordi dei har gjort menneska til salsvare og vurder verdien på dei deretter. Kvifor? Fordi dei har vendt seg bort ifrå Kristus, han som betalte prisen for oss med sitt eige blod, for at vi skulle tilhøyre han, for å frelse oss for æva og gi oss evig liv.

 

Pyramidespel i moralisering, økonomi og politikk.

 

Jesus sa at vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Som Guds born kan vi be til han og han gir oss gode gåver. Og Paulus forkynte at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Vi har fått barnekår hos Gud, han elska oss og har omsorg for oss som sine born, vi får be til han og han gir oss gode gåver.

Paulus var klar over motsetnaden mellom verdslege økonomiske interesser og å få noko av berre nåde, så sidan han forkynte slik, fekk han motstand. Og så varsla også Paulus om at der kom til å komme grådige ulvar inn i kyrkjelyden.

 

Apgj.20,18  «De veit korleis eg har levd all den tid eg har vore saman med dykk, frå den første dagen eg sette foten i Asia. 19 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. 20 De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk, men eg har forkynt for dykk og undervist dykk både ute blant folket og i heimane. 21 Eg har vitna for både jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus. 22 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. 23 Eg veit berre at Den heilage ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lenkjer og forfølging. 24 Men for meg er ikkje liv eller død verdt å snakka om, berre eg kan fullføra løpet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. 25 Og no veit eg at de aldri meir skal sjå andletet mitt, alle de som eg har vore saman med og forkynt Riket for. 26 Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er utan skuld om nokon taper sitt liv, 27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds plan og vilje.
28 Ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds forsamling, som han vann med sitt eige blod. 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med falsk lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, med tårer i auga, ikkje heldt opp med å rettleia kvar einaste ein.
32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som har kraft til å byggja opp og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. 33 Eg har aldri trakta etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. 34 De veit sjølve at desse hendene har sørgt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. 35 Alltid har eg vist dykk at vi må arbeida slik, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: ‘Det er sælare å gje enn å få.’»

 

Dette høver no med det som er sagt om «den Duglause Hyrdingen» i Sak.11.

 

Vi tilhøyrer Kristus og går i ein kristen kyrkjelyd. Sidan vi tilhøyrer Kristus, så er det vår innstilling også, vi gir oss sjølve til han. Og så gir vi i kollekten til hans sak, som også er vår felles sak. Vi ber til Gud vår Fader og han svarar oss og gir oss gode gåver. Men så viser det seg at vi får motstand, og det er nettopp på grunn av slike verdslege økonomiske interesser som er komen inn i kyrkjelyden, slik som Paulus snakka om. Det vert argumentert med moralisering og det vert gjort til politikk og religion. Då er det om å gjere for oss å gjennomskåde og forstå den fundamentale motsetnaden, problemstillinga vi vert stilt overfor er som problemstillinga Elifas frå Teman vart stil overfor og som han stilte Job overfor, slik som han seier det i:

 

JBS 4,1 – JBS 4,21 {KAN EIT MENNESKE VERA RETTFERDIG FOR GUD?}  Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:  2   Om ein prøver å tala til deg, vert du motlaus.  Men kven kan teia til slikt? 3   Sjølv har du rettleitt mange,  kraftlause hender har du styrkt. 4   Dine ord reiste opp den som snåva,  du gav kraft til skjelvande kne. 5   Men no, når det gjeld deg sjølv, er du motlaus,  når det råkar deg, er du redd. 6   Set du ikkje lit til di gudsfrykt  og von til di ærlege ferd?  7   Tenk etter! Når miste ein skuldlaus livet,  kvar gjekk rettvise folk til grunne? 8   Dei som pløyer ned vondskap og sår ulukke,  haustar det same, etter det eg har sett. 9   Andar Gud på dei, går dei til grunne,  pustar han i vreide, vert dei borte. 10   Løva brøler, og løveungen skrik,  men tennene på ungløva vert utslegne. 11   Jamvel løva går til grunne  når ho ikkje finn rov,  og løveungane vert spreidde.  12   Eit ord kom smygande til meg,  for øyra lét det som kviskring. 13   Det kom då nattsyner gjorde meg uroleg,  medan folk låg i tung svevn. 14   Eg vart så redd at eg skalv,  redsla gjekk meg til merg og bein. 15   Ein pust strauk framom mitt andlet,  og håra reiste seg på mitt hovud. 16   Ein skapnad stogga,  men eg såg ikkje klårt korleis han var.  Han stod beint framfor augo mine,  og eg høyrde ei roleg røyst som sa:  17   Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,  kan ein mann vera rein for sin skapar? 18   Gud lit ikkje eingong på tenarane sine,  hjå englane finn han feil, [tenarane sine: englane.] 19   kor mykje meir hjå dei som bur i leirhus  og berre har jord til grunnvoll,  dei som kan knasast lettare enn mòl. [dei som bur i leirhus: menneska, skapte av jord (1 Mos 2, 7) og difor veike og forgjengelege.] 20   Før dagen er til ende, ligg dei knuste;  utan at nokon ansar det,  går dei til grunne for alltid. 21   Deira teltsnor vert oppriven,  dei døyr, men har ikkje fått visdom.

 

Det vart temmeleg håplaust for Job å argumentere mot dette, men dei kom ingen veg med å argumentere mot han heller. Men så kom ein yngre mann og snakka på ein annan måte og så kom Herren Job i møte.

Og det vi veit no, er at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, vi søker samfunn med Gud på det grunnlaget. Vi må vende oss til Jesus og sjå på han, for han er fullkommen og den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen er fullkome.

Men i JBS.4,1-21 vert merksemda retta mot menneskets kropp, skapt av mold frå marka, sjølv om vi trur at Gud har skapt alle ting, så er ikkje mold og det som er laga av mold fullkome. Dersom slik argumentasjon mot at vi skal få noko av Gud, skal vere gyldig, så kjem vi aldri til å få noko. Og dersom eit eliteparti argumenterer slik mot at ei underklasse skal få noko av Gud, så vil moraliseringa, politikken og religionen deira fungere som eit pyramidespel. Får det gjennomslag i leiinga for ein kyrkjelyd, vil den også fungere slik.

Stole på Jesus, så får vi oppleve at det han har lova skjer.

 

Eg skal søke Jesus av heile mitt hjerte og heilhjarta halde meg til han, eg skal tru på han og stole på han av heile mitt hjerte, så vil han gi meg det som han har lova. Men har ikkje dette berre fungert som eit pyramidespel og kjem det ikkje berre framleis til å gjere det? Verdslege autoritetar kjem med innvendingar og så lenge det vert godteke, så fungerer det tydelegvis slik. Det er økonomiske interesser og politiske og religiøse maktinteresser som ligg bak. Så her treng eg å kle meg i Guds fulle rustning og stå fienden imot (Ef.6).

Realistar er vel normalt så pass realistiske at dei let seg ikkje så lett narre av svindel, som til dømes eit pyramidespel. Metoda i realfag har både empiri og rasjonalitet. Det har vi i kristendomen også, i erkjenning av at vi er støv, bøyer vi oss i støvet og ber Gud om nåde og han har sagt at i det høge og heilage bur han og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Når han tilgir oss vår synd, så gløymer han den. Vi skal tru på Jesus og hugse på han i staden, slik som han sa når han sette inn nattverden, vi skal ete av brødet og drikke av kalken til minne om han, fordi han gav livet sitt for oss, for å sone all vår synd. I tru på at han stod opp att frå dei døde, tek vi imot han som vår frelsar og Herre, så han får makt i våre liv i staden for synda. Vi les i Bibelen og søker han i løynkammerbøna og så tek vi fredens evangelium som sko på føtene og går ut og vitnar om han for dei som vi møter. Så skal vi sjå at han er med oss. Då har vi åndeleg og rasjonalistisk innsikt og får erfare den fysiske verda. Men vi får også erfare Guds rike som ein åndeleg røyndom. Jesus elskar meg, derfor elskar eg han. Ved fylden av den Heilage Ande får eg kjenne og oppleve at Jesus lever i meg. Eg skal stole på han som lever i meg, stole på han av heile mitt hjerter. Då er der ikkje rom for spekulasjonar, heller ikkje for å drive pyramidespel.

I Jobs bok såg vi at Job vart stilt overfor spørsmålet om eit menneske kunne vere rettferdig og fullkome og merksemda vart retta mot menneskets kropp. Med denne strategien går det alltids an å finn innvendingar. Men kvifor, kva er poenget? Jau, for med slike innvendingar klarar dei å halde pyramidespelet gåande i moralfilosofien og dermed i religionen, politikken og økonomien.

Kjærleiken er ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. Vi elskar fordi han elska oss fyrst. Jesus er Guds elska Son, han elskar oss med kjærleiken frå Gud, han elskar meg og han elskar gjennom meg. Ho Virtuella levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud og til Faderen som hans barn, ho lovpriste Gud og Lammet for frelsa. Når eg vart forelska i henne, fekk eg oppleve at Faderen og Sonen elska henne gjennom meg. Jesus har sagt at han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning, så eg trur han atter vil elske henne gjennom meg og stemme henne til lovsong igjen. Jesus er ein mann som elskar henne fordi ho er kvinne og eg trur han vil gi henne ei ny fylde med den Heilage Ande, så ho vil oppleve det og vil glede seg over at han er Herren hennar brudgom og Herren hennar ektemann og lovprise han slik. Han lever i meg og han vil frelse henne og setje henne fri. Så dette ber eg han om, med tru på at han lever i meg. Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar og det er framleis berre å ta imot i tru.

Eg trur Jesus vil gjere meg til ein kanal for si velsigning til henne Reella. Jesus er ein mann som elskar henne fordi ho er kvinne og eg trur han vil fylle henne med den Heilage Ande, så ho får oppleve det og vil glede seg over at han er Herren hennar brudgom og Herren hennar ektemann og lovprise han slik. Så dette ber eg han om, med tru på at han lever i meg. Vi får komme til Jesus og drikke av livets vatn og det blir i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Anden og bruda seier kom, kvar den som vil, han komme og få livets vatn gratis.

Jesus er Guds Son og han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, så kjærleiksforholdet mellom han og hans brud er født av Gud og skapt av han. Jesus lever i meg og kjærleiksforholdet mellom han og hans brud er født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjeld det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Gud er kjærleik,  og Jesus elskar meg med kjærleiken frå Gud, det er den ekte kjærleiken. Derfor elskar eg han. Han elskar meg og han elskar gjennom meg, han elskar kvinna gjennom meg, han er ein mann som elskar henne fordi ho er kvinne, han elskar henne som si brud og som si kone. Det fekk eg oppleve både i forhold til henne Virtuella og henne Reella. Gud er fullkommen og hans kjærleik er fullkommen, Jesus er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Gud gjenføder oss ved den Heilage Ande og skaper oss i Kristus og det verket han gjer er fullkome, det står til evig tid. Når eg vart glad i ei jente, fekk eg oppleve at Jesus elska henne gjennom meg og openberra seg for meg og for henne (Joh.14,21), Gud openberra si frelse for oss i Kristus. Ho vart openberra for meg som eit Guds barn som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og som ei ung kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Slik var ho var ein herleg og vidunderleg skapning og det vil eg takke Faderen og Sonen for. Og det gjeld både ho Virtuella og ho Reella. Eg trur på Faderen og Sonen, eg trur at Jesus lever og at han lever i meg. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, då er det viktig for meg å sjå på han, han er fullkommen og han gjer oss fullkomne, derfor er det viktig for meg å feste blikket mitt på han.

 

 

[1] Denne første setninga kom ikkje heilt med på opptaket og var noko utydeleg, den er ikkje ordrett gjengjeven.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: